Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Svend Svendson (Holsæth) (1720-1809) - første kona Anna Rochling - omstreifande folk i Sogn og Fjordane - opphavet og omfanget av denne ætti?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

I samband med skrivingi av band II av Gards- og Ættesoga for Luster på 1980-talet "snubla eg over" denne omstreifarætti som mot slutten av 1700-talet vart ein viktig del av miljøet i Luster.  Den gongen fanst korkje databasar eller datahandsama kjelder, og lite prenta materiale låg føre om omstrefarættene.  Eg laut difor i all hovudsak nøya meg med kva eg kom over, meir eller mindre tilfeldigt, ved blaing i kyrkjebøkene for andre prestegjeld i Sogn.

 

Svend Eliasson, hesteskjerar (ifølgje Kjell Arne Brudvik ein son av Elias Svendson og Else Amundsdotter - http://genealogy.brudvik.org/pedigree.php?personID=I60&tree=fosse&parentset=0&display=vertical&generations=10), og kona Anna Olsdotter, skal opphavleg vera komne frå Bergen, men budde sidan mange år i Kaupanger i Sogndal til dei kring 1743 flytte derifrå.  Kvar dei då gjorde av seg, veit eg ikkje.  Eg kjenner til fire born etter dei:

 

~~~~~

 

A. Daniel Svendson, fødd kring 1712, gifte seg kring 1733 med ei Martha Pedersdotter.  Daniel var hesteskjerar, og parfolket hadde i alle fall delar av tidi opphald i Høyeimsviki eller Kvasshilleren i Luster, men dei forsvinn herifrå kring 1749-1750 etter å ha fått desse fem borni:

 

* Anders Danielson, døypt i Dalesokni i Luster 30.9.1736, døydde truleg kort etter fødsli.

 

* Svend Danielson, døypt i Bergen 9.10.1737, ukjend lagnad.

 

* Hans Danielson, døypt i Hafslo 24.6.1740, ukjend lagnad.

 

* Maria Danielsdotter, fødd kring 1742, uvisst kvar, vart gravlagd i Luster 24.1.1748.

 

* Maria Danielsdotter, døypt i Nessokni i Luster 3.11.1748, ukjend lagnad.

 

No ser eg at ein Daniel Svendson og ei Anna Andersdotter gifte seg i Askvoll 9.7.1750 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8596&idx_id=8596&uid=ny&idx_side=-12), og dette parfolket fekk i alle fall to søner:

 

* Isak Danielson, døypt i Askvoll 30.5.1751.

 

* Svend Danielson, døypt frå Øyri i Innvik 5.1.1755.

 

Truleg er dette den same Daniel Svendson som ovanfor!?

 

~~~~~

 

B. Dortha Svendsdotter, fødd kring 1716, flytte i 1744 til Austlandet, men budde sidan dels på Voss og dels i Sogndal.  Ho var gift med ein Ole Olson og fekk med han seks born, mellom anna:

 

* Ragnhild Olsdotter, døypt i Luster 25.3.1752.

 

* Ole Olson, døypt på Voss 26.12.1753.

 

Før ho vart gift fekk Dortha ein son:

 

* Anders Andersson, fødd kring 1742, nemnd 1768 som hesteskjerar, kjeleflikkar og kammakar.

 

~~~~~

 

C. Svend Svendson, òg kjend som Svend Svendson Holsæth, fødd kring 1720, gifte seg første gongen kring 1742 med ei Anna ROCHLING, som truleg òg var fødd kring 1720.  Ogso Svend var hesteskjerar, og han og Anna må ha vandra vide ikring til dei i 1770-åri ser ut til å ha teke vinterbustad i Luster, først under Flahammar og sidan på Slottet under nabogarden Skildeim.  Anna døydde kring 1780, for 27.1.1784 gifte Svend seg att i Luster med Ragnhild Pedersdotter av bondeætt, fødd på plassen Årstu under Dale prestegard og døypt i Luster 6.10.1748.  Foreldri hennar var Peder Iverson og Anna Ørjensdotter.  Kring 1805 flytte Svend og Ragnhild til Vikøyri i Vik der Svend vart gravlagd 23.1.1809.  Ragnhild døydde som legdelem same staden 24.1.1821.  Svend fekk mange born; me kjenner til åtte av dei, fem frå første ekteskapet og tre frå det andre:

 

* Daniel Svendson, døypt i Gulen 15.4.1743, gifte seg i Luster 4.3.1778 med enkja Martha Olsdotter av bondeætt, fødd på Salbuneset under Talle i Luster og døypt i Luster 8.7.1736.  Desse fekk seg ein heim i Trondviki under Høyeim, på ein plass som til dagleg gjekk under namnet "Fanteplassen", men Daniel var hesteskjerar, og han og Martha var omstreifarar.  Martha er kalla strandsitjarkone då ho døydde på Nes i Luster 9.2.1824.  Daniel døydde i Båsen under Hellebø i Lavik 29.7.1832.  Dei fekk ein son Johannes, som òg var hesteskjerar og som tok over Fanteplassen etter foreldri sine.

 

* Gunnhild Svendsdotter d.e., døypt i Jølster 13.1.1745, budde på Flahammar i 1777, men den seinare lagnaden er ukjend.  Kanskje døydde ho kort tid etter, for i 1886 fekk Svend med andre kona si ei ny dotter med same namnet?

 

* Sara Svendsdotter, fødd kring 1752, uvisst kvar, gifte seg i Luster 11.6.1783 med Jens Christenson av bondeætt, fødd på Joranger nedre i Hafslo og døypt der 2.8.1761.  Dette parfolket busette seg etter kvart på Tvingeborgneset under Sandvik i Luster, men har tydeleg òg vore "reisande", i alle fall tidvis.  Jens døydde i Solvorn i Hafslo 25.12.1820.  Kvar det vart av Sara, er førebels uvisst.  Sara fekk to døtrer og har stor etterslekt!

 

* Christopher Svendson, fødd kring 1760, uvisst kvar, gifte seg kring 1783, uvisst kvar, med Anna Thorsdotter frå Land i Oppland, dotter av "Prim-Thore" og fødd i 1759.  Christopher var hesteskjerar, og han og Anna streifa mykje, men hadde for det meste tilhald i Sogn.  Dødsfalli deira er ukjende, men me veit dei fekk i alle fall sju born.  Yngst av dei var Axel Christopherson, døypt i Sør-Aurdal 2.5.1799, han som sidan reiste med fasteri Gunnhild d.y. (sjå nedanfor).

 

* Ole Svendson, fødd kring 1763, uvisst kvar, gifte seg første gongen i Årdal 7.3.1790 med ei Martha Henriksdotter, som kanskje òg var av "reisande", fødd kring 1770. uvisst kvar.  Etter ei kort tid som "reisande" slo dette parfolket seg ned som strandsitjarar på ein plass under Hovland i Årdal der Martha døydde 22.11.1806.  Ole gifte seg sidan att to gongar, men vart buande i Årdal der han døydde 21.12.1844.  Han fekk i alt ni born.  Fleire av dei flytte til Askvoll.

 

* Anna Svendsdotter, fødd i Årdal 9.9.1784, veit me diverre lite om.  Ho budde framleis i Luster i 1801, men fekk ei dotter i Bolsøy i 1811, Inger Marie Pedersdotter, med ein Peder Christianson Dahle.  Ho var truleg òg mor til ei Gunnhild fødd kring 1825, som sidan reiste med halvsøsteri Inger Marie og mann hennar, Mons Pederson frå Solvorn, ein dotterson av ovannemnde Sara Svendsdotter!

 

* Gunnhild Svendsdotter d.y., døypt i Luster 17.3.1786, reiste i mange år i lag med brorsonen Axel Christopherson, fødd 1799.  Dei fekk i alle fall fire born i lag, men Gunnhild hadde òg ein son frå før.  Gunnhild døydde på Tukthuset i Bergen 27.2.1835.

 

* Elias Svendson, døypt i Vik 20.5.1790, gifte seg i Vik 31.5.1812 med ei Britha Andersdotter frå Vikøyri, kan henda òg av "reisande", fødd kring 1785.  Elias og Britha har kjanskje tidvis vore "resainde", men busette seg etter kvart på Vikøyri i Vik der Elias døydde 20.3.1858.  Britha døydde same staden 7.1.1861.  Me kjenner til fem born etter dei.

 

~~~~~

 

D. Elias Svendson, fødd kring 1723, gift kring 1748 med ei Anna Ellefsdotter (stundom kalla Isaksdotter).  Elias var hesteskjerar, og parfolket budde stort sett i Sogndalsfjøra i Sogndal, men dei ser ut til å vera flytte derifrå etter 1768(?).  Elleve born er nemnde:

 

* Svend Eliasson, fødd kring 1749, gravlagd i Sogndal 14.5.1752.

 

* Boel Eliasdotter, døypt i Sogndal 1.2.1751.

 

* Gunnhild Eliasdotter, døypt i Sogndal 1.5.1752.

 

* Kari Eliasdotter, døypt i Sogndal 25.3.1754.

 

* Inger Eliasdotter, døypt i Sogndal 20.2.1756.

 

* Synneva Eliasdotter, føypt i Sogndal 26.1.1758.

 

* Svend Eliasson, døypt i Sogndal 14.5.1759.

 

* Anna Eliasdotter, døypt i Sogndal 1.5.1761.

 

* Christopher Eliasson, døypt i Sogndal 19.6.1763.

 

* Kirstina Eliasdotter, døypt i Sogndal 16.2.1765.

 

* Elias Eliasson, døypt i Sogndal 19.4.1768.

 

Eg har ikkje freista følgja lagnaden til denne barneflokken.

 

~~~~~

 

Eg finn òg ei Maria Svendsdotter som kring 1817 fekk ei dotter "på fantestien", fødd i Marifjøra i Hafslo og konfirmert på tukthuset i Bergen i 1837, med namn Anna Malena (sidan gift med Anders Thorson Florvaag og omstreifande i Sunnhordland - ho døydde i Fjelberg 2.2.1896).  Barnefaren var ein Nils Marcusson, som visstnok skal ha vore frå Vik.  Barnedåpen er ikkje innført i Hafslo!  Eg veit ikkje noko meir om denne Maria, men det skulle ikkje overraska meg mykje om ho ogso høyrer til denne "Svends-ætti" - på eitt eller anna vis...?  Kan ho vera identisk med Anna Svendsdotter og at namnet hennar retteleg var Anna Maria Svendsdotter??

 

~~~~~~~~~~

 

Dei som først og fremst interesserer meg i denne huslyden, er tilknytingi til Luster og dei som i kortare eller lengre tid budde her.  Og då lyt eg nemna særskilt første kona til Svend Svendson "Holsæth" (1720-1809), Anna ROCHLING.  Etter alderen å dømma KAN ho godt vera ei dotter av ein av desse Rochling'ane som i 1701 budde på Dale i Fjaler:

 

1567 Mathies Christian Rochlenge* 19 s fendrich under Bergenhus regiment Dahle Dahle Holmedahls

1568 Peder Nicholaj Rochlenge* 15 s corporal under Bergenhus regiment Dahle Dahle Holmedahls

1569 Johan Jørgen Rochlenge* 14 s corporal under Bergenhus regiment Dahle Dahle Holmedahls

1570 Uldrich Friderich Rochlenge* 10 s corporal under Bergenhus regiment Dahle Dahle Holmedahls

 

Eg har leitt på nettet, men eg finn ikkje nokon oversikt over denne Rochling-ætti.  Kanskje sit det nokon med kunnskap som de kan dela med meg?

 

Elles vonar eg at nokon kan bidra med supplerande opplysningar om denne huslyden.  Særleg er eg interessert i fleire detaljar om dei første generasjonane og om det er mogeleg å finna litt meir konkrete opplysningar om borni til Daniel (1712) og Svend (1720) Svendsøner?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg har oppdaga nok eit barn etter Dortha Svendsdotter og Ole Olson "hesteskjerar" på Voss:

 

* Christopher Olson, døypt i Vinje sokn på Voss 20.4.1755 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7089&idx_id=7089&uid=ny&idx_side=-33)

 

Denne Christopher må vera hesteskjerar og omstreifar Christopher Olson som vart gift med ei Mari Pedersdotter og budde dels på Voss og dels på Leikanger, og som i 1801 var komne til Fodnes i Lærdal!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hagen

Kven var så fyrste kona til Ole Svendsen?

Marta Henriksdatter som døydde i Årdal 1806.

 

Eg trur dette er dotter til Henrik Johannessen Glithaug Raa i Lærdal BB II s. 359.

 

Marta og Ole vart mest gift i Årdal, 'caut' frå Årdal.

 

Når ein leser Lærdal BB II så fekk denne Marta Raa eit uekte barn i 1812 og som

vart døypt Anne Marie og at faren kom frå Sverige, kan dette vere feil i BB Lærdal?

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 4 (1805-1821), Fødte og døpte 1812, side 94-95. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11596&idx_id=11596&uid=ny&idx_side=-49
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620580.jpg

 

Det eg skjønar av KB så kom desse folki frå Akershus stift.

Eg tvilar på at denne er frå Glithaug under Raa.

 

I følge BB så hadde Marta ei syster Randi som vart gift 1784 med ein enkemann Ole Anderssen frå Luster.

 

Eg vil heller tru at denne Marta Raa frå BB i Lærdal kom til Årdal og døydde der.

I følge KB så var Marta tvilling og fødd i 1768.

 

Mvh. Terje Hagen.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for spennande innlegg!

 

Det er ein spennande teori du har om opphavet til Martha Henriksdotter, at ho er frå Glithaug under Rå i Lærdal.  Ho høver godt, men korleis kan me prova det?

 

Eg ser forresten at Bygdeboki for Lærdal har feil når det gjeld omtalen av søsteri Randi Henriksdotter frå Glithaug.  Den Randi Henriksdotter (1747-1835), som var gift med husmann og enkjemann Ole Andersson på Trulsberg under Talla i Luster (1750-1813), var dotter av husmann Henrik Tørrisson på Nygard under Rikheim (sjå BB Lærdal, bd. II, s. 443)!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Trine Kristin Grøthe

 Eg har diverre ikkje noko meir å koma med, men Anna og Svend er mine 4x tippoldeforeldre :-)

Tusen takk til deg som så flittig arbeider med slekt- og bygdehistorier. Eg har visst om omstreifarslekta nokre år, men har ikkje funne så mykje som det du skriv her. Eg tykkjer det er spanande. 

Venleg helsing Trine Kristin Grøthe.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Trine Kristin for koseleg innlegg.  Eg har inntrykk av at Svend og Anna har svært mange etterkomarar som er interesserte i å få vita meir om ætti.  Men kan du fortelja meg kva grein - kven av Svend og Anna sine born/barneborn - du ættar ifrå?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Trine Kristin Grøthe

Hei .

Min oldefar Mons Grøthe f 1864 i Lærdal,kom til Kvam i Nord-Fron som jernbanearbeidar. Far hans heitte Ole Svendsen f 1831. Han var son av Svend Olsen f 1798.   Hans far var Ole Svendsen f. 1763.  Hans far var Svend Svendsen Holsæth .

For nokre år sidan fekk eg kontakt med ei som heiter Rita Grøtte. Ho bur i Bergen. Ho hadde leitt etter bestefarens bror "som reiste austover"  Dette synte seg å være min oldefar Mons. Av henne fekk eg veta mykje. Ho nemnde deg som ein ressursperson :-)

Eg fekk svar på mykje då eg skjøna at eg var av taterslekt. Far min likte ikkje å høyre det, men han var oppvaksen i ei anna tid.

 

Trine

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hagen

Hei Trine,

Du skriver at Anna og Svend er dine 4x tippoldeforeldre.

Me veit at Ole Svendsen fødd 1763 vart gift tre gonger, 1. Marta Henriksd. 2. Anna Nilsd. 3. Margrete Jørgensd.

 

Spørsmål: Kem er Anna som vart gift med Svend?

 

Er det meg som blingsa litt?

 

Sorry, eg var i feil generasjon.

 

Mvh. Terje Hagen

Edited by Terje Hagen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hagen

Hei igjen,

 

Var det muleg å få namni på ungane til Mons? Sia mor has kom frå Seimsdalen i Årdal.

 

Mvh. Terje Hagen.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Trine Kristin Grøthe

Ja, det kan du sjølvsagt få.

Mons Olsen Grøthe kom til Kvam som jerbanearbeidar. Han vart gift med Oline Hansdatter Røssummoen f 7. juni i 1872.  D 11.januar 1938 i Kvam, Nord-Fron.

Dei hadde to born. Karen f 27 januar 1896 d 16 august 1950 Kvam, Nord-Fron.

Oskar , min farfar  f 19 juni 1898 d. 22 mai 1948.  Oskar vart gift med Karen Johansdatter Slåen (Resset) f 3. juni 1896 d 26 desember 1972 . Kvam, Nord-Fron.  

Min far heitte Magnus Grøthe f 18 mars 1928 d 2 november 2009, Kvam, Nord-Fron.

 

Venleg helsing Trine Kristin Grøthe

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hagen

Hei Trine,

 

Tusen takk for svaret ditt!

Det eg ser no at den jenta frå Seimsdalen var farmor til Mons.

Då eg ba om namni på ungane has Mons så vart dei for nær vår tid utan å ha vore fødd eller busett i Årdal.

Då blir det, kva tid døydde Mons?

 

Ett anna spørsmål? Har me diskutert Ole Svendsen og familien has i gamle forum her?

Ole Svendsen er nemnd med 5 ungar i Lærdal BB III s.159.

Når det gjelder unge #5 har eg gjort ein merknad at denne høyrer ikkje til i Ole sin familie.

 

Dette vart feil, Ole Svendsen hadde ein son Ole, men at den historia som er nemnd om denn Ole i BB er forveksla med ein annan Ole.

 

Mvh. Terje Hagen.

Edited by Terje Hagen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Trine Kristin Grøthe

Mons vart fødd 4. april 1465 og døydde 14. nov 1937. Eg kan ikkje hugse om vi har diskutert familien her tidlegare.

Kva heiter den 5. ungen til Ole Svendsen ?

 

Veleg helsing Trine Grøthe

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars !

 

Arnfried spyr i DA, Statsarkivet i Bergen, etter Svend Svenson som døyr 84 år gamal i Vik i Sogn den 23. januar 1809.

Dette må væra han som er fødd 1723 eller kva ?

 

Diverre er det umogelig å kopyera innlegget frå Arnfried 2. mars 2014, av ein eller anna grunn.

Dvs å kopyera var NULL PROBLEM.  Å lima inn, var det værre med.  Særlig for meg som ikkje kan engelsk, som UNDO, PASTE etc.

_______________________

Har sdu sett at DIS Slektsforum har mange opplysningar om folk på vidvanke - Strays ? 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Trine Kristin, Terje og Jon for diverse innlegg!

 

Til Jon:  Eg har ikkje sett innlegget til Arnfrid frå mars, so eg vil senda ho ei melding på nemnde innlegg, so kanskje svarer ho...

 

Elles er eg framleis like spent på om nokon har kjennskap til Rochling-ætti og om denne Anna, første kona til Svend Svendson, verkeleg var av den ætti?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Arnfrid Dommersnæs Mæland

#1: "Svend Eliasson, hesteskjerar (ifølgje Kjell Arne Brudvik ein son av Elias Svendson og Else Amundsdotter - http://genealogy.bru...&generations=10), og kona Anna Olsdotter, skal opphavleg vera komne frå Bergen, men budde sidan mange år i Kaupanger i Sogndal til dei kring 1743 flytte derifrå."

 

Opplysningen om at Svend Svendsens far var en Svend Eliassen, og at hans foreldre var Elias Svendsen og Else Amundsdotter, har Kjell Arne Brudvik og jeg fra Jonny Mydland, som igjen oppgir Arnvid Lillehammer som kilde. Jeg har tilskrevet Lillehammer for en god stund siden vedr dokumentasjon for dette, men han har ikke svart.

 

Forøvrig kjenner jeg ikke til Anna Rochling. Hva er kilden til at Svend Svendsens første kone var Anna Rochling?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jan Kåre Larsen
www.myheritage.com/research?...Rochling... -
 

Results 1 - 20 of 90825 - Anna (fredrichdatter) Svendson (born Rochling)

 

"Finner dette ved nettsøk" Stemmer det, peker vel det kanskje på Uldrich Friderich Rochlenge f. ca 1691 som far  til Anna ??

 

Vh. Jan Kåre

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnfrid, Åsbjørg og Jan Kåre for dei siste innleggi i denne debatten.

 

Anna Rochling er eit problem som opptek mange av oss, og om det finst dokumentasjon på at ho har vore ei Fredriksdotter, so er det svært so spennande!  Men kvar har du Jan Kåre dette ifrå?  Eg har ikkje noko abonnement hjå "My heritage", so eg finn ikkje noko meir om dette problemet der...

 

Elles er det jo svært so "påfallande" kor godt denne Rochling-ætti "gøymer seg" i dei gamle kjeldene våre...  Kan Anna ha vore ei "uekte" dotter av ein av Rochling-brørne?

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jan Kåre Larsen

Hvis det stemmer at Anna er Fredricdatter kan vel dette være en kandidat til far ??

 

Ulrik Fredrik Frederich de Roklenge

 

Ulrik Fredrik de Roklenge, f. 1687, 1709 Sekondløitnant ved sjæll.gevorbne Reg. i Brabant, deltog i slaget ved Malplaquet og i Indtagelsen af Mons,, s.A.Premierløitnant, deltog 1712 i Intagelsen af Quesnoy, 1714 afsk. med Kaptains Karakter.

Andre plasser står det at han er født 1891 i Dale i S&F.

 

Vh. Jan Kåre

 

Edited by Jan Kåre Larsen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jan Kåre for siste innlegg!

 

Kronologisk høver denne Ulrik Fredrik de Rochlenge SVÆRT GODT som far til Anna, men eg vert styrkt i trui mi på at Anna må vera fødd utanfor ekteskap.  Kanskje Ulrik Fredrik har vore heime ein tur på "permisjon"...?

 

Uansett, det må vera eit mål å slå fast at Anna verkeleg var ei Fredriksdotter...?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jan Kåre Larsen

  Er Anna ei Fredrichdatter er vel dette en aktuell kandidat ?? About Ulrik Fredrik Frederich de Rochlenge

Ulrik Fredrik de Roklenge, f. 1687, 1709 Sekondløitnant ved sjæll.gevorbne Reg. i Brabant, deltog i slaget ved Malplaquet og i Indtagelsen af Mons,, s.A.Premierløitnant, deltog 1712 i Intagelsen af Quesnoy, 1714 afsk. med Kaptains Karakter.

 

Han er annen plass nevnt født 1691, Dale, S&F

 

Edited by Jan Kåre Larsen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hei igjen, Jan Kåre!

 

Me er vel ganske so samde om at Ulrik Fredrik de Rochlenge er ein høveleg kandidat som far til Anna Rochling, men BERRE dersom me kan finna prov for at Anna var ei Fredriksdotter!  So spørsmålet mitt er framleis:

 

Kva er kjelda for at Anna var ei Fredriksdotter?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jan Kåre Larsen

Hei Lars!

 

Jeg googlet på Anna Rochling og fant henne som tidligere nevnt som Anna Fredrichdatter Svendson, f. Rochling på sidene til myheritage.

Jeg fant administrator til den siden, og har sendt henne mail. Fikk svar at hun skulle se på dette til helgen, så da får vi se om vi kommer til noen kilder

 

Vh. Jan Kåre

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.