Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Vigsel i Oslo i 1954 - Kirkengen-Schiølner - er det mogeleg å finna ein dato?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter ei vigsle i Oslo frå kring 1954 der ingen hugser nøyaktig dato eller stad:

 

* Kristian Severinson Kirkengen, fødd i Skiptvet 11.3.1932

* Tove Einarsdotter Schiølner, fødd i Oslo 30.1.1931

 

Er det mogeleg å finna denne vigsli, nøyaktig dato og stad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn

I følgje Aftenposten 26/2 vart dei forlova 25/2 1954. Begge budde i Oslo.

Edited by Torbjørn Igelkjøn

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne-Lise Hansen

Einar Schiølner bor i Bestumveien 33 i 1950:
Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo Adressebok, Bok , 1950-1950, oppb: Riksarkivet.
Merknader: 72. årgang. Demontert eksemplar, Riksarkivet
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49280/1313/

I 1955 er Einar Schiølner i kompaniskap med Kristian Kirkengen i firmaet Kirkengen & Co.
Adressen er Vækerøveien 36B, Bestun og lenger ned står det at Kr. Kirkengen, bor i Ståviveien i Bærum (ved Vøyenenga):
Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo Adressebok, Bok , 1955-1955, oppb: Riksarkivet.
Merknader: 77. årgang. Demontert eksemplar, Riksarkivet
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49288/892/

.

Disse adressene skulle tilsi at de ble viet vest i Oslo eller i Bærum. Jeg har sett på lysninger i Ullern, Vestre Aker, Vor Frelsers/Domkirken, Østre - og vestre Bærum et par år framover fra forlovelsesdatoen uten å finne dem. De kan være borgerlig viet og kanskje Statsarkivet i Oslo kan gjøre oppslag i protokollene til Oslo byfogd og Aker sorenskriveri etter dem?

Edited by Anne-Lise Hansen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn og Anne-Lise for spennande innlegg.  Eg trur me kan slå fast at ekteskapet fann stad i 1954, og eg er forundra over at ikkje sjølve vigsli vart kunngjort i Aftenposten.  Men eg vil freista eit innlegg til Statsarkivet i Oslo.  Takk for tipset, Anne-Lise!

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum

Har du en epostadresse jeg kan nå deg på,Lars?Regner med at meldingsboksen din fortsatt er full?

 

 

Fant en adresse nå,så da sender jeg noen opplysninger til deg på denne e-postadressen:

 

 

lars.e.oyane@sdsl.no

Edited by Ann-Mary Engum

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum
Gravnr Navn Gravlund Fødsel Død Kristian Kirkengen Vestre gravlund 1932-03-11
 
2012-08-17

 

 

 

Men jeg tror ekskona Tove lever .Se mailer jeg har sendt deg.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for siste innlegg og for direkte meldingar.  Som eg nettopp skreiv til deg i eit direkte svar, er det ikkje mogeleg å få svar på dette spørsmålet hjå nolevande familiemedlem, so me lyt vona på at Statsarkivet kan hjelpa oss om ikkje nokon skulle "snubla over" eit svar i andre kjelder...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn

Vigselen kan ha vore annonsert i Aftenposten sjølv om ein ikkje greier å finne den ved søk. Teksten i eit skanna dokument vert laga ved hjelp av ocr (optisk teikn attkjenning), og dette er ikkje perfekt. Det er difor mykje som ikkje er søkbart. Elles er det ein del stoff (annonsar osv.) som ikkke er med i Aftenposten sitt eige søk. Nasjonalbiblioteket har ocr-skanna heile teksten, men røpar ikkje søkjeteksten i trefflista, så der må ein gjette seg til kva for utgåver som kan vere relevante å bla seg fram i.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn

Det ser diverre ut til at Statsarkivet ikkje kunne hjelpe oss i denne saka.

 

Eg har lagt merke til at det er eit treff på "Kristian Kirkengen" i Norsk Lysingsblad 11/2 1955, så om nokon har tilgang kan kanskje løysinga ligge der?

Redigert: Frasen "Tove Schølner" gjev treff i Norsk Lysingsblad 3/9 1954. Også dette ville ha vore verdt å undersøkje.

Edited by Torbjørn Igelkjøn

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for spennande innlegg!  Etter at Statsarkivet i Oslo ikkje kunne hjelpa oss, kan eg berre støtta oppmodingi om å sjekka ut Norsk Lysingsblad og kva som der står om dei!  Kanskje ein eller annan har tilgjenge til dei nummeri det gjeld?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil gjerne få henta fram att dette emnet frå i fjor, som me ikkje enno har finne noki løysing på!

 

Eg har snakka fleire gonger med eldste dotteri til Kristian og Tove.  Ho er fødd i juni 1955 og har freista få ut opplysningar hjå mor si, men enkelt er det ikkje.  Alt ho (mori) seier er at vigsli fann stad på Oslo tinghus sommaren 1954, men Statsarkivet i Oslo finn ikkje noki slik vigsle!  So kva skal me gjera?

 

Torbjørn nemner eit par funn i Norsk Lysingsblad i september 1954 (Tove Schiølner) og i februar 1955 (Kristian Kirkengen).  Det hadde jo vore spennande å få vita kva som stod der...?

 

Eg takkar elles nok ein gong for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for eit godt forlag!  Eg har følgt opp forslaget i dag med denne meldingi til Nasjonalbiblioteket:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hei!

Er det mogeleg å få gjort eit par oppslag i Norsk Lysingsblad?

Kristian Kirkengen, fødd i Skiptvet 11.3.1932 og

Tove Schiølner, fødd i Oslo 30.1.1931

skal vera vigde i Oslo tinghus sommaren 1954.  Eg ønskjer å finna den nøyaktige vigselsdatoen.

Dei vart trulova 25.2.1954 (jmf. Aftenposten 26.2.1954).  Båe var då busette i Oslo, men dei flytte snart etter til Bærum.

Tove Schiølner er nemnd i Norsk Lysingsblad av 3.9.1954

Kristian Kirkengen er nemnd i Norsk Lysingsblad av 11.2.1955

Vigsli deira bør vera kunngjort i Norsk Lysingsblad, og eg lurer på om ein av desse referansane kan syna til ein vigselsdato eller -stad?

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So får me halda fingri krossa og vona på eit positivt resultat!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Og der har eg alt fått svar fråm Naskonalbiblioteket!  Dette seier mellom anna følgjande:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

"Eneste som finnes i Lysningsbladet er en Lysning for de som akter å inngå ekteskap, denne var i Norsk Lysningsblad nr. 203 3.09.1954, sies ikke noe om når de hadde tenkt å gifte seg.

I Aftenposten 26.12. 1953, kunngjøres det at de inngikk forlovelse 25.12.1954

Det er dessverre alt jeg finner, ingenting om når bryllupet stod."

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har no etter oppfordring frå Statsarkivet i Oslo skrive til Ullern kyrkje for å be om hjelp til å finna datoen...!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.