Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

John Ingvaldson (1727) og Karen Andersdotter (1733) - frå Solvorn i Hafslo til Bergen i 1780-åri - lagnad til dotter deira? - Stamnes sokn i Haus?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

John Ingvaldson (Melheim), døypt i Hafslo 19.1.1727, gifte seg i Hafslo 28.6.1759 med Kari/Karen Andersdotter (Sie), døypt i Hafslo 3.4.1733.  Dette parfolket var først plassfolk under Øygarden i Hafslo og sidan i Hamni under Sjøtun i Solvorn, men flytte i 1780-åri til BERGEN.  Me kjenner til tre born etter dei, men to av dei døydde i ung alder før dei flytte frå Hafslo.  Berre ei dotter ser ut til å ha vakse opp:

 

* Inga Johnsdotter, døypt i Hafslo 27.4.1760

 

~~~~~

 

Me finn John og Karen i 1801 i 5. rode nr. 148 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=53&filnamn=f18011301&gardpostnr=432&personpostnr=3003&merk=3003#ovre)

 

Karen døydde 7.12.1803 og budde då i 5. rode nr. 82 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=14&filnamn=bedo1668&gardpostnr=65936&merk=65936#ovre)

 

John døydde 26.2.1806 og budde då i 5. rode nr. 95 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=19&filnamn=bedo1668&gardpostnr=66232&merk=66232#ovre)

 

~~~~~

 

** Er det mogeleg å finna ut noko om dotteri Inga og lagnaden hennar?  Er det ho me finn att på Straume i Stamnes sokn i Haus (sjå nedanfor)?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Det finnes ei på Strømme gard i Haus prestegjeld som kan vere verdt å kikke litt nærmare på. Ho er gift i 1788, og er 40 år i 1801. Eg finn ingen sikre kandidater fødde i Haus prestegjeld.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=hausvgd&gardpostnr=2152&merk=2152#ovre
http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f18011250&personpostnr=2793&merk=2793
 
Ho døyr som enke på Strømme i 1848, 89 år gamal. Dessverre manglar fødestad.
Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Haus, Ministerialbok nr. A 16 II (1848-1857), Døde og begravede 1848, side 321.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1912&idx_id=1912&uid=ny&idx_side=-56
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050823010056.jpg 
 
mvh Egil

Edited by Egil Russøy - Førde

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for eit skikkeleg spennande innlegg!

 

Dette er ei Inga Johnsdotter som det absolutt er verd å sjå nærare på.  Finst det kan henda ei bygdebok for dette området som kan bidra med noko?  Eller kanskje ein eller annan er lokalkjend?

 

PS: Eg endrar no i kveld tittelen på emnet for å kalla merksemd til Stamnes sokn i Haus!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grete Jøraas

Dette står i Vaksdal BB under garden Straume b nr 5: Olav Jonsson f 1758 d 1804 g med Inga (Inger) Jonsdtr 1758-1848. 6 barn som vokste opp.

Det står ingenting om hvor Inga var født.

Inga giftet seg 2 med Mons Larsson Verpelstad. Ingen barn.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Det andre giftemålet i kyrkjeboka, men dessverre ikkje noko opplysningar om faren til bruda eller fødestad.

Øverst høgre side

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Haus, Ministerialbok nr. A 11 (1796-1816), Ekteviede 1805, side 161.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11482&idx_id=11482&uid=ny&idx_side=-157
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070508660159.jpg

For ordensskuld kyrjebokregistreringa av det første giftemålet også (nr. 2 under Stamnes), men ingen utfyllande opplysningar der heller.

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Haus, Ministerialbok nr. A 10 (1782-1796), Ekteviede 1788, Fødte og døpte 1788, side 127.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11481&idx_id=11481&uid=ny&idx_side=-125
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070508650579.jpg


mvh Egil

Edited by Egil Russøy - Førde

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grete Jøraas

Åpenbart er f.år 1758 på Inga (som står i BB'en) feil - alt for gammel til å få alle barna hun fikk!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Åpenbart er f.år 1758 på Inga (som står i BB'en) feil - alt for gammel til å få alle barna hun fikk!

 

Eg fann BB Vaksdal på NB si nettside. Så vidt eg les det, så var yngstedottera Marta fødd i 1801.

 

I så fall ville Inga vere 43 år på det tidspunktet (evt 41 om vi det er den same Inga som Lars leiter etter). Med god tru og fersk sengehalm burde det vel kunne gå bra.

 

mvh Egil

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grete Jøraas

Men de giftet seg jo i 1805??

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Men de giftet seg jo i 1805??

 

Då forstår eg skepsisen din litt bedre. Ja, ho gifta seg i 1805, men det var hennar andre ekteskap. Det endte barnlaust. Barna var frå hennar første ekteskap, og då gifta ho seg i 1788

 

mvh Egil

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ottar Eliassen

Siste barn h.s. oppe: Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Haus, Ministerialbok nr. A 11 (1796-1816), Fødte og døpte 1804, side 150.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11482&idx_id=11482&uid=ny&idx_side=-146

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070508660148.jpg

 

BB: http://www.vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Straume#BRUK_6

 

Tror ikke Anna f.1789 er rett.

 

Oppkallings regelen passer? nesten?

 

Har enda ikke funnet hennes foreldre som faddre.

 

 

mvh Ottar

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grete, Egil og Ottar for kjempeflotte innlegg!

 

Det synest ganske so sikkert at Inga Johnsdotter på Straume IKKJE kan vera derifrå.  Det næraste synest vera ei Inga Johnsdotter på Litun i Gjerstad sokn i Haus, fødd i 1764, og som ætteboki for Haus ikkje kan fortelja noko meir om.

 

Inga Johnsdotter frå Solvorn vart IKKJE konfirmert i Hafslo, men det var på den tidi ikkje uvanleg at born reiste ut for å ta teneste FØR dei kom i konfirmasjonsalder, særleg frå husmanns- og strandsitjarhuslydar, so då er spørsmålet:

 

* Finst det konfirmasjonslister frå Haus som kan hjelpa oss på veg?

 

Med omsyn til oppkalling, synest ikkje Inga Johnsdotter på Straume å passa so altfor godt, men eg har òg sett døme på at born som på dette viset flytte heimefrå i so ung alder, ikkje alltid var so nøye med oppkallingi!  Søskeni hennar som døydde ung, heitte forresten Anders og Gro.

 

Eg er framleis svært oppglødd over denne spennande oppdagingi på Vaksdal og vonar på gjennombròt...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Tror ikke Anna f.1789 er rett.

 

Oppkallings regelen passer? nesten?

 

Har enda ikke funnet hennes foreldre som faddre.

 

 

mvh Ottar

 

Ottar: Eg reknar med at du har lett etter dåpen til Anna, og heller ikkje har funne den. Men kva legg du i at det ikkje er rett. Er det fødselsåret som du tror er feil, eller tror du at Anna ikkje er barn av Ole og Inga.

 

Vi finn ho som 13 år blant dei fem barna dei hadde i FT 1801. Kan ho vere fødd ein annan stad?

 

mvh Egil

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hatvik

Ottar: Eg reknar med at du har lett etter dåpen til Anna, og heller ikkje har funne den. Men kva legg du i at det ikkje er rett. Er det fødselsåret som du tror er feil, eller tror du at Anna ikkje er barn av Ole og Inga.

 

Vi finn ho som 13 år blant dei fem barna dei hadde i FT 1801. Kan ho vere fødd ein annan stad?

 

mvh Egil

 

Det er _ingen_ Anna døypt i 1789 i Stamnes sokn av Hougs (Haus) prestegjeld med Ole Strømme

(Straume) som far. Der imot finn vi ei Anna, døypt 27. desember 1789 i Stamnes, der faren heiter Ole Wiig. - Men Ole Strømme då? Jau, han Ole døyper dottera _Ingeborg_ den 8. februar 1789 i Stamnes,

sjå nederst på denne sida:

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?urnread_imagesize=gigant&info=ingen&hode=nei&show=146&uid=36811&js=j

 

For meg verkar det difor som om dei som føretok FT 1801 for dette soknet har blanda saman desse to

døtrene til høvesvis Ole Straume og Ole Vik, og at vedkomande som seinare skreiv bygdasoga diverre vidareførte akkurat denne feilen. Og i så fall heitte faktisk den eldste dottera i denne huslyden _Ingeborg_, - og ikkje Anna.

Edited by Terje Hatvik

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ottar Eliassen

Olav og Olav som du Terje nemner i dåpene var svogre. :rolleyes:

 

BB her er fra 1965, og litt feil kan nok forekomme.

 

Ottar

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil, Terje og Ottar for nye spennande innlegg.

 

Eg har sett litt nærare på slektningane til Inga Johnsdotter (1760) frå Hafslo og finn følgjande:

 

* Faren John Ingvaldson hadde ei søster som flytte frå Hafslo i ung alder og som "forsvinn":  MARTHA Ingvaldsdotter, døypt i Hafslo 8.9.1723, siste gong nemnd i Hafslo ved skiftet etter far sin i 1735.  Eg ser hjå FamilySearch at ei Martha Ingvaldsdotter gifte seg i Bremanger 14.9.1749 med ein John Monsson, men eg ser òg at Ingvald-namnet var litt i bruk i Bremanger på den tidi, so truleg er denne Martha eit "villspor"...

 

* Mori Kari Andersdotter hadde ei søster ANNA Andersdotter som i 1770-åri flytte til Njøs på Leikanger.

 

Inga Johnsdotter kan, for alt det me veit, godt vera oppali hjå ei av desse...?

 

Ein ny stor takk for stort engasjement!  Eg vonar me finn sanningi om denne jenta!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hatvik

Om ein ser på dette med namngjevinga på borna, så er det freistande å tru at namnet på den første jenta, Ingeborg, er ei oppkalling frå mora si side. Kan hende Inga Johnsdotter hadde ei fostermor som heitte Ingeborg? Eller kan det vera farfaren hennar, Ingvald, som på dette viset vert oppattkalla?? To blad Jon er grei når det var to stk Jon som skulle oppattkallast.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hatvik

Løftar denne tråden opp og fram i ljoset.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for spekulasjonar kring dette problemet.

 

Eg har ikkje sett noko meir på spørsmålet kring inga Johnsdotter sidan emnet var framme i vår, og det er ikkje komme opp nye element som kan hjelpa oss vidare.  Eg er ikkje framand til tanken om at Ingeborg kan vera ei oppattkalling av Ingvald, MEN so vidt eg kan forstå, var Anna eldste dotteri i denne huslyden, medan Ingeborg var neste dotter.  Ifølgje FT1801 heitte farmori Martha, og ho er tydeleg ikkje oppattkalla, og kvifor er då ikkje Kari, mor til "vår" Inga, oppattkalla?  Båe bestefedrene (2 x John) er jo dei to eldste sønene!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hatvik

Nei, den eldste dottera i huslyden heitte _ikkje_ Anna, ho heitte _Ingeborg_. Anna var dotter av ein annan Ole/ Olav på Stamnes, Vik og ikkje Straume. - Gløym difor Anna, jfr. innlegga 13 til 15 her om nett dette. Sjå ogso lekkja til bygdeboka i innlegg # 10 med oversynet over denne huslyden.

Edited by Terje Hatvik

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for ny kommentar!

 

Eg hadde ikkje henta fram lekkja frå innlegg #10 då eg skreiv det føregåande innlegget mitt.  Eg hugste debatten kring Anna, men sidan FT1801 syner ei Anna i denne huslyden, var eg ikkje so sikker...

 

Elles ser det jo ut til at dei følgjer oppkallingsreglane ganske so "blindt", og sidan andre dotter heitte Martha (etter mor hans), vil eg tru at mor til denne Inga Johnsdotter må ha hatt namnet Ingeborg!?

 

I innlegg #11 ovanfor nemner eg følgjande:

 

"Det næraste synest vera ei Inga Johnsdotter på Litun i Gjerstad sokn i Haus, fødd i 1764, og som ætteboki for Haus ikkje kan fortelja noko meir om."

 

Kan denne Inga Johnsdotter vera ho me finn att på Straume i Vaksdal?  Eg har ikkje bygdebøkene frå Haus med meg i Tyskland!  Kva heitte mor hennar?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ottar Eliassen

Hei Lars.

 

Mor til Inga(Inger) het Marie.

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Haus, Ministerialbok nr. A 8 (1754-1769), Fødte og døpte 1764, side 84.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11479&idx_id=11479&uid=ny&idx_side=-84

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070508650084.jpg

 

Ser ikke at dette navnet går igjen i familien, så denne er vel lite sannsynlig.

 

mvh Ottar

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ottar for nytt interessant innlegg.

 

Då kan me med andre ord utelukka Inga Johnsdotter frå Haus som lite sannsynleg.  Hmmm.  Ikkje noki lett sak dette.  Det manglar liksom det siste avgjerande provet på at dette er den "rette" Inga Johnsdotter...  Eg liker ikkje at eldste dotteri heitte Ingeborg...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hatvik

Hjarteleg takk til Ottar for nytt interessant innlegg.

 

Då kan me med andre ord utelukka Inga Johnsdotter frå Haus som lite sannsynleg. Hmmm. Ikkje noki lett sak dette. Det manglar liksom det siste avgjerande provet på at dette er den "rette" Inga Johnsdotter... Eg liker ikkje at eldste dotteri heitte Ingeborg...

Kan det vera at ei Ingeborg var fostermora hennar? Eller ein annan nærskyld slektning av Inga? Eller er det slik at namnet Ingeborg berre kjem i frå ektemannen si side ...?

Edited by Terje Hatvik

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.