Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Paul Gustav Josefson Pisani, fødd i Bergen 17.11.1883, gifte seg i Bergen 4.5.1908 med Elina "Ella" Christophersdotter Hillestad, fødd i Hafslo 12.6.1878.

 

FT1910 syner parfolket i Lille Øvregate 36c i Bergen (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708063638).  Paul er då bakarsvein.

 

Ella Pisani døydde under eit opphald på Rå i Fana 19.7.1918, men bustaden var i Nygårdsgt. 43 i Bergen (http://arkivverket.no/URN:sk_read/27861/10/?size=full&mode=0). Paul var den gongen kommunearbeidar.  Parfolket budde i lag med både søster hennar og far hennar!

 

Eg har frå ei ukjent kjelde fått opplysning om at Paul Pisani skal vera avliden 13.2.1959, men kan ikkje sjå at han døydde i Bergen.

 

* Er det mogeleg å følgja Paul gjennom til dømes Folkeregisteret i Bergen for å følgja lagnaden hans?

 

* Var Paul kan henda attgift?  Kan denna datoen (og staden) finnast?

 

* Er det mogeleg å finna dødsstaden hans?  Eventuelt ei dødsmelding?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.