Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils Olson Walaker (1854) og kona Søgni Johnsdotter (1849) - flytte frå Hafslo i 1909, kom sidan attende, men kvar er dei ved FT1910?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Nils Olson Walaker, fødd i Hafslo 7.10.1854 og kona

Søgni Johnsdotter (Walaker), fødd på Byrknes i Gulen 15.3.1849

 

var gardbrukarar på ein parsell av Valaker i Hafslo til dei i 1909 selde bruket.

 

Det vert fortalt at dei "flytte til by'n" (Bergen eller omland) der Nils ville freista å livnæra seg som handelsmann.  Men dette mislukkest, og parfolket flytte attende til Solvorn.  Det er uvisst kor lenge dei var borte frå Hafslo, men truleg var det berre ei kort tid!  Nils døydde i Solvorn 6.1.1934, medan Søgni døydde under eit nytt opphald i Bergen 21.8.1934.

 

Dei hadde fire born i lag:

 

* Olaf Nilsson Valaker, fødd i Hafslo 8.11.1881, flytte til Bergen i 1905, gifte seg i Bergen 25.2.1906 med Juliane Petrine Nordahlsdotter, fødd i Øksnes 25.12.1875.  Hadde ei dotter Judith Oliva, fødd i Bergen 17.2.1907.  Desse vart buande i Bergen, men fins heller ikkje i FT1910!!)

 

* Einar Johan Nilsson Walaker, fødd i Hafslo 15.4.1884, flytte til Bergen (flytteår ukjent), men gifte seg i Bergen 21.9.1908 og vart buande i Bergen (1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708068245).

 

* Øllegaard "Ella" Nilsdotter Walaker, fødd i Hafslo 11.12.1886, utvandra til Amerika i 1908 og vart buande der.

 

* Kristian Nilsson Valaker, sidan Walaker, fødd i Hafslo 21.7.1889, flytte til Bergen i 1906, men gifte seg i Haus 30.5.1909.  Dei vart buande i Bergen (1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708001790).

 

Det er svært so underleg at både Nils og kona og likeins sonen Olaf og kona hans ikkje er å sjå ved FT1910.  Kan dei ha butt i lag ein eller annan stad?

 

Alle tips om kvar Nils med kone og Olaf med kone er å finna i 1910 vert ønskt velkomne med opne armar, og eg takkar so mykje på førehand!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Dette har du vel forlengst, Lars, men jeg ser at skomaker Olaf Walaker er fadder når broren Einar Johans datter døpes i Korskirken 26.11.1911...

 

Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. B 10 (1909-1923), Fødte og døpte 1911, side 81. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=313&idx_id=313&uid=ny&idx_side=-83
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050513010388.jpg

 

Og det stemmer jo med at Olaf bodde i Bergen....!

 

Jeg finner heller spor av Olaf i f.t. 1910. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for kommentar til dette problemet.

 

Som det går fram av eit anna beslekta emne (http://forum.arkivverket.no/topic/191046-folketeljingi-bergen-1912-innflytting-og-manglande-personar/?hl=%2Bwalaker#entry1616695), manglar både far Nils og son Olaf i FT1910.  Olaf skal ha vore i Bergen dette året, og me mistenkjer ogso Nils for å ha vore der, men dei er altso ikkje å sjå nokon stad!  Men me finn heller ikkje adressen som i 1912 er oppgjeven for Olaf frå 1910 - Ladegaardsg. 28g.  Berre ettersyn i originaltellingi i Riksarkivet vil kunna "avsløra" om lista manglar...., eller vart oversett ved dataregistreringi...?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.