Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Sorenskrivar Carl Paul Caspari Skaar (1860-1929) - kona Betty - endeleg lagnad og huslyden deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

So var det nok ein sorenskrivar i indre Sogn som eg ønskjer å skriva litt meir om, og særleg om borni hans.  Eg kjenner namni på nokre av dei, men det kan ha vore fleire...

 

Her er kva eg veit so langt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Carl Paul Caspari Johannesson Skaar, opphavleg frå Nord-Aurdal i Valdres, men dels oppvoksen i Skien, var son av biskop Johannes Nilsson Skaar i Trondheim, opphavleg frå Skår i Kvam, Hardanger, og kona Cathinca Wilhelmine Pauline Trulsdotter Hansen frå Moss.  Carl var f. i Nord-Aurdal 16.12.1860 og gifte seg første gongen i Tromsø 18.3.1891 med Emma Therese Fredriksdotter Clodius frå Tromsø.  Ho var dotter av kjøpmann og dampskipsekspeditør Fredrik Henrik Ludvig Henrikson Clodius i Tromsø, opphavleg frå Tromsø, og kona Martine Anette Marcusdotter Buck frå Øksfjord i Loppa og f. i Tromsø 16.7.1867.  Men Emma d. i Tromsø 28.11.1893, og Carl gifte seg 6.9.1894 att i Moss med Betty Gyda Smith Fredriksdotter Clodius, ei søster av første kona og likeins frå Tromsø.  Ho var òg dotter av kjøpmann og dampskipsekspeditør Fredrik Henrik Ludvig Henrikson Clodius i Tromsø, opphavleg frå Tromsø, og kona Martine Anette Marcusdotter Buck frå Øksfjord i Loppa og f. i Tromsø 25.11.1865.

Carl Skaar vart student i 1878 og vart cand.jur. i 1886.  Han vart deretter konstituert som politimeister i Tromsø og fut og sorenskrivar i Vardø, men praktiserte deretter som sakførar, først i Vardø og frå 1893 i Tromsø.  Han vart i 1906 utnemnd til politimeister i Tromsø, men flytte i 1909 på ny til Vardø der han var sorenskrivar fram til 1915.  Frå 1911 var han dessutan administrerande direktør i Vardø sparebank.

Carl Skaar vart 1.9.1915 utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn og flytte på same tidi med huslyden sin til Christianeslyst.  Her vart Carl og Betty buande fram til 1922.

Carl og Betty Skaar flytte i 1922 til Moss der Carl same året vart utnemnd til sorenskrivar.  Parfolket vart sidan buande i Moss levetidi ut, men Carl d. under ei vitjing i Tønsberg 18.9.1929.  Betty Skaar d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Born:

 1. Fritz Clodius Carlson Skaar, f. i Upsala, Sverige 3.5.1895, gifte seg i Dalekyrkja i Luster 30.12.1921 med Johanna Harbitz Jensdotter Landmark frå Kvale i Luster.  Ho var f. i Luster 14.9.1894.

Fritz Skaar var militærutdanna og hadde frå 1946 grad av oberstløytnant.  Han og Johanna busette seg frå 1922 i Christiania (Oslo)

 

##### (stemmer dette?)

 

der Fritz sidan òg var direktør for Hærmuseet, medan Johanna var tannlækjar.  Fritz d. i Oslo 5.5.1952, medan Johanna Skaar d. i Oslo 31.1.1982.  Dei fekk ei dotter i lag:

a.

 

     ##### (fullt namn og dato og stad for fødsel og død – døydde heilt ung!)

 

 2. Johannes Clodius Carlson Skaar, f. i Tromsø 21.10.1896,

 

     ##### (døydde 3.5.1971 – gift med Gudrun (Johansdotter Rian frå Ranheim i Strinda?), fødd (i Strinda?) 15.5.1900, døydde 5.8.1981 – gravlagde Dolstad i Vefsn! – biografi?)

 

 3. Elsa Clodius Carlsdotter Skaar, f. i Tromsø 8.11.1899,

 

     ##### (døydde 23.6.1984 – gift med Karl Meyer, fødd 10.5.1888, døydde 18.12.1971 – gravlagde Bekkelaget, Oslo – biografi?)

 

 4. Inger Clodius Carlsdotter Skaar, f. i Tromsø 21.4.1906,

 

     ##### (biografi?)

 

##### (fleire born i denne huslyden?? – biografi?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om tilleggsopplysningar som kan gjerast tilgjengelege.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Studentene fra 1917, utgitt 1947:

 

Fritz Clodius Skaar, major, Oslo, f. 3-5-1895 i Uppsala, sønn av sorenskriver Carl Paul Caspari Skaar, f. 6-12-1860 i N. Aurdal, død 18-9-1929, og Betty Guida Smith Clodius, f. 25-11-1864 i Tromsø, død 16-2-1939. Gift 30-12-1921 med tannlege Johanna Harbitz Landmark, f. 14-9-1894 i Luster, datter av lensmann Jens Landmark, Luster (d. 1906) og Karen Magdalene, f. Harbitz (d. 1914).

 

Krigsskolen. Stipendium 1931 av Forsvarsdept. for studium av militære museer i Danmark og Tysklandm, av Bommens legat 1939 for arkivundersøkelser i Danmark og Sverige, av Borrefondet 1945.

 

Ulønn. sek-løytnant 1921, ass. Akershus Forrådsmagasiner 1922, ulønn. pr.løytnant 1923, midl. forvalter Hærens Kornmagasin i Oslo 1931-33, ulønn. kaptein 1931, ass. Hærens Furasje- og Kornmagasiner i Oslo 1933, bestyrer av Intendanturmuseet 1928. Brigadeintendant ved 6. Feltbrigade 1940 og distriktskommandointendant i Nord-Norge, midl. bestyrer av Hærmuseet 1940, avskjediget 1941-45, major 1945, dir. for Hærmuseet 1946.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Studentene fra 1914, utgitt 1939:

 

Johannes Skaar, kaptein, Mosjøen, gift 23-3-1921 i Trondheim med Gudrun Rian, f. 15-5-1900 på Ranheim pr. Trondheim, dtr. av kjøbmann Johan R. og Laura f. Kvam. 4 barn: 1) Rigmor, f. 15-5-1922, 2) Carl, f. 3-2-1924, 3) Betty, f. 24-8-1925, 4) Bodil, f. 6-11-1927, alle på Vardø.

 

Eksamen fra Krigsskolens nederste avd. 1916. Studerte en kort tid veterinærmedisin. Krigsskolens øverste avd. 1920. Etter artium 1 år ansatt som sorenskriverkontorist. 2 års tjeneste som ulønnet officer i nøitralitetsvernet 1917-18. Garnisonsløytnant Vardøhus festning 1920-23. Kaptein i infanteriet siden 1923.

 

Siden 1937 garnisonerende kaptein ved Sør-Hålogaland inf.reg.. 1920-24 lærer ved Vardø middelskole og bestyrer av den tekniske aftenskole. Privat forretningsvirksomhet 1924-37 og red. av bladet "Vardø Tidende" 1933-37.

 

9 år medl. av Vardø bystyre og formannskap. Medl. av Vardø herreds adm.styre og forskj. komm. tillitshverv i Vardø, 1928-37 form. i Vardø sykehusstyre og fra 1924-37 revisor i Vardø Sparebank.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Brynjulf LANGBALLE:

Inger Clodius Skaar

(Inger Skaar)




  • Født den 18. april 1906 - Tromsø
  • Død - Eidsvoll
Foreldre Giftermål og barn Søsken Halvbrødre/halvsøstre/halvsøsken Fra s slektside Carl Paul Caspari Skaar , politimester i Tromsø 1860-1929

http://gw.geneanet.org/brynjulf?lang=no;pz=tor;nz=langballe;ocz=0;p=inger;n=skaar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Betty Skaar og datteren Inger

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten, Ann-Mary og Sven for kjempeflotte innlegg som har hjelpt meg langt på veg med å komplettera denne huslyden!  Eg har til og med oppdaga ein tidlegare korrespondent mellom etterkomarane i Mosjøen, og eg vonar kanskje å få tak i han for meir hjelp!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript!

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Carl Paul Caspari Johannesson Skaar, opphavleg frå Nord-Aurdal i Valdres, men dels oppvoksen i Skien, var son av biskop Johannes Nilsson Skaar i Trondheim, opphavleg frå Skår i Kvam, Hardanger, og kona Cathinca Wilhelmine Pauline Trulsdotter Hansen frå Moss, var f. i Nord-Aurdal 16.12.1860.

Carl Skaar gifte seg første gongen i Tromsø 18.3.1891 med Emma Therese Fredriksdotter Clodius frå Tromsø.  Ho var dotter av kjøpmann og dampskipsekspeditør Fredrik Henrik Ludvig Henrikson Clodius i Tromsø og kona Martine Anette Marcusdotter Buck frå Øksfjord i Loppa og f. i Tromsø 16.7.1867.  Carl vart student i 1878 og cand.jur. i 1886.  Han var for ei tid konstituert politimeister i Tromsø og fut og sorenskrivar i Vardø, men praktiserte deretter som sakførar, først i Vardø og frå 1893 i Tromsø.  Han vart i 1906 utnemnd til politimeister i Tromsø, men flytte i 1909 på ny til Vardø der han var sorenskrivar fram til 1915.  Frå 1911 var han dessutan administrerande direktør i Vardø sparebank.  Første kona Emma d. i Tromsø 28.11.1893.

Carl gifte seg 6.9.1894 att i Moss med Betty Gyda Smith Fredriksdotter Clodius, ei søster av første kona og likeins frå Tromsø.  Ho var òg dotter av kjøpmann og dampskipsekspeditør Fredrik Henrik Ludvig Henrikson Clodius i Tromsø, opphavleg frå Tromsø, og kona Martine Anette Marcusdotter Buck frå Øksfjord i Loppa og f. i Tromsø 25.11.1865.  Carl Skaar vart 1.9.1915 utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn og flytte på same tidi med huslyden sin til Christianeslyst.  Her vart Carl og Betty buande fram til 1922.

Carl og Betty Skaar flytte i 1922 til Moss der Carl same året vart utnemnd til sorenskrivar.  Parfolket vart sidan buande i Moss levetidi ut, men Carl d. under ei vitjing i Tønsberg 18.9.1929.  Betty Skaar flytte sidan til Oslo der ho d. 16.2.1939.

Carl Skaar fekk i alt fem born, eitt frå første ekteskapet og fire frå det andre:

 1. Emma Clodius Carlsdotter Skaar, f. i Tromsø 7.11.1893, d. i Tromsø 15.2.1894.

 2. Fritz Clodius Carlson Skaar, f. i Upsala, Sverige 3.5.1895, gifte seg i Dalekyrkja i Luster 30.12.1921 med Johanna Harbitz, kjend som Lillemor Jensdotter Landmark frå Kvale i Luster.  Ho var f. i Luster 14.9.1894.

Fritz Skaar gjekk krigsskulen og steig i gradane til han i 1946 vart oberstløytnant.  Han vart i 1922 tilsett som assistent ved Akershus Forrådsmagasiner og var frå 1928 styrar for Intendanturmuséet.  Frå 1931 var han so mellombels forvaltar av Hærens Kornmagasin til han i 1933 vart assistent ved Hærens Furasje- og kornmagasin.  Han vart i 1940 tilsett sommellombels styrar for Hærmuséet, men var so ute av teneste til han i 1946 kom attende som direktør for Hærmuséet.  Lillemor var tannlækjar.  Dei budde levetidi ut i Oslo der Fritz d. 5.5.1952.  Lillemor Skaar d. same staden 31.1.1982.  Dei fekk ei dotter i lag:

a. Brita Fritzdotter Skaar,

 

     ##### (dato og stad for fødsel og død – døydde heilt ung!)

 

 3. Johannes Clodius Carlson Skaar, f. i Tromsø 21.10.1896,

Johannes Skaar gifte seg i Trondheim 23.3.1921 med Gudrun Johansdotter Rian frå Ranheim i Strinda, f. i Strinda 15.5.1900.  Johannes gjekk krigsskulen og fór i 1920 som garnisonsløytnant til Vardø der han frå 1923 hadde grad av kaptein.  Han var frå 1920 til 1924 dessutan lærar ved middelskulen i Vardø og styrar for den tekniske kveldsskulen, men i 1924 tok han til med eigi forretning. 

 

##### (kva slag forretning?)

 

i Vardø der han nokre år òg var redaktør for lokalavisa til han i 1937 vart utnemnd til garnisonerande kaptein ved Sør-Hålogalands infanterrigiment, og huslyden då flytte til Mosjøen i Vefsn

 

##### (bustad og lagnad etter 1938? – vart oberst!!)

 

Johannes d.

 

##### (dødsstaden hans? – gravlagd Dolstad i Vefsn)

 

3.5.1971, medan Gudrun Skaar d.

 

##### (dødsstaden hennar?)

 

5.8.1981.  Dei fekk fire born i lag.

 4. Elsa Clodius Carlsdotter Skaar, f. i Tromsø 8.11.1899,

Elsa Skaar gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

med Karl

 

##### (fleire namn? – farsnamnet hans?)

 

Meyer frå

 

##### (kvar voks han opp?)

 

##### (fødestaden hans?)

 

10.5.1888. 

 

##### (yrke og bustad? – gravlagde Bekkelaget i Oslo!)

 

Karl d.

 

##### (dødsstaden hans? – Oslo?)

 

18.12.1971, medan Elsa d.

 

##### (dødsstaden hennar?)

 

23.6.1984. 

 

##### (talet på søner og døtrer?)

 

 5. Inger Clodius Carlsdotter Skaar, f. i Tromsø 21.4.1906,

Inger Skaar gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

med enkjemannen

 

##### (hadde vore gift før med ei Dagny, men var han enkjemann eler skild?)

 

Johnny Johanson Abrahamsen Brendel frå Mælum på Biri,

 

##### (voks han opp der?)

 

f. på Biri 9.5.1880.  Johnny var farmasøyt,

 

##### (yrke og bustad? – 1910: farmasøyt i Oslo – sidan apotekar på Strømmen, Lillestrøm?)

 

Johnny d.

 

##### (dødsstaden hans? - Strømmen?)

 

5.8.1947, medan Inger d. på Eidsvoll

 

##### (stemmer dødsstaden?)

 

13.10.1993.  Dei fekk ein son i lag.

 

##### (born frå første ekteskapet hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar igjen for framifrå hjelp so langt!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Skorpen

Hei! Eg forsøkte å ringe deg, men kom ikkje fram.

 

Brita Fritzdotter Skaar døydde like etter fødselen.

 

Johannes Skaar var offiser på Vardøhus, men då tenestetida vart redusert (nedbygging av forsvaret?) starta han agentur i Vardø. Som som du har skrive, kom han til Mosjøen som kaptein. Var kaptein til krigen, i fangenskap 1943-45, utnemnt til major kort tid etter freden. Han var oberstløytnant i 1948, les eg i ei bok om IR14, det står ikkje når han vart utnemnt. Sidan vart han oberst, men årstalet har eg ikkje klart for meg. Truleg var det i 1954, jf Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Sør-Hålogaland_regiment 

Johannes og Gudrun døydde i Mosjøen/Vefsn, og dei er begge gravlagde på Dolstad kyrkjegard.

 

Karl Meyer var forretningsmann i Vardø, og kom frå ein handelsfamilie der.

 

 

Endret av Knut Skorpen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Skorpen

Hei! Eg fann ikkje posten din, men send gjerne ei melding til knut.skorpen@vefsn.kommune.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for nye meldingar og opplysningar via direkte kontakt!

 

Eg har no vore i kontakt med etterkomarar etter fleire greiner i denne huslyden, og manuskriptet er so å seia komplett; berre detaljar står att!  Her følgjer ei oppdatering:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Carl Paul Caspari Johannesson Skaar, opphavleg frå Nord-Aurdal i Valdres, men dels oppvoksen i Skien, var son av biskop Johannes Nilsson Skaar i Trondheim, opphavleg frå Skår i Kvam, Hardanger, og kona Cathinca Wilhelmine Pauline Trulsdotter Hansen frå Moss, var f. i Nord-Aurdal 16.12.1860.

Carl Skaar gifte seg første gongen i Tromsø 18.3.1891 med Emma Therese Fredriksdotter Clodius frå Tromsø.  Ho var dotter av kjøpmann og dampskipsekspeditør Fredrik Henrik Ludvig Henrikson Clodius i Tromsø og kona Martine Anette Marcusdotter Buck frå Øksfjord i Loppa og f. i Tromsø 16.7.1867.  Carl vart student i 1878 og cand.jur. i 1886.  Han var for ei tid konstituert politimeister i Tromsø og fut og sorenskrivar i Vardø, men praktiserte deretter som sakførar, først i Vardø og frå 1893 i Tromsø.  Han vart i 1906 utnemnd til politimeister i Tromsø, men flytte i 1909 på ny til Vardø der han var sorenskrivar fram til 1915.  Frå 1911 var han dessutan administrerande direktør i Vardø sparebank.  Første kona Emma d. i Tromsø 28.11.1893.

Carl gifte seg 6.9.1894 att i Moss med Betty Gyda Smith Fredriksdotter Clodius, ei søster av første kona og likeins frå Tromsø.  Ho var òg dotter av kjøpmann og dampskipsekspeditør Fredrik Henrik Ludvig Henrikson Clodius i Tromsø, opphavleg frå Tromsø, og kona Martine Anette Marcusdotter Buck frå Øksfjord i Loppa og f. i Tromsø 25.11.1865.  Carl Skaar vart 1.9.1915 utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn og flytte på same tidi med huslyden sin til Christianeslyst.  Her vart Carl og Betty buande fram til 1922.

Carl og Betty Skaar flytte i 1922 til Moss der Carl same året vart utnemnd til sorenskrivar.  Parfolket vart sidan buande i Moss levetidi ut, men Carl d. under ei vitjing i Tønsberg 18.9.1929.  Betty Skaar flytte sidan til Oslo der ho d. 16.2.1939.

Carl Skaar fekk i alt fem born, eitt frå første ekteskapet og fire frå det andre:

 1. Emma Clodius Carlsdotter Skaar, f. i Tromsø 7.11.1893, d. i Tromsø 15.2.1894.

 2. Fritz Clodius Carlson Skaar, f. i Upsala, Sverige 3.5.1895, gifte seg i Dalekyrkja i Luster 30.12.1921 med Johanna Harbitz, kjend som Lillemor Jensdotter Landmark frå Kvale i Luster.  Ho var f. i Luster 14.9.1894.

Fritz Skaar gjekk krigsskulen og steig i gradane til han i 1946 vart oberstløytnant.  Han vart i 1922 tilsett som assistent ved Akershus Forrådsmagasiner og var frå 1928 styrar for Intendanturmuséet.  Frå 1931 var han so mellombels forvaltar av Hærens Kornmagasin til han i 1933 vart assistent ved Hærens Furasje- og kornmagasin.  Han vart i 1940 tilsett sommellombels styrar for Hærmuséet, men var so ute av teneste til han i 1946 kom attende som direktør for Hærmuséet.  Lillemor var tannlækjar.  Dei budde levetidi ut i Oslo der Fritz d. 5.5.1952.  Lillemor Skaar d. same staden 31.1.1982.  Dei fekk ei dotter i lag, som d. kort etter fødsli.

 3. Johannes Clodius Carlson Skaar, f. i Tromsø 21.10.1896,

Johannes Skaar gifte seg i Trondheim 23.3.1921 med Gudrun Johansdotter Rian frå Ranheim i Strinda, f. i Strinda 15.5.1900.  Johannes gjekk krigsskulen og fór i 1920 som garnisonsløytnant til Vardø der han frå 1923 hadde grad av kaptein.  Han var frå 1920 til 1924 dessutan lærar ved middelskulen i Vardø og styrar for den tekniske kveldsskulen, men i 1924 tok han til med eigi agenturforretning i Vardø der han nokre år òg var redaktør for lokalavisa til han i 1937 vart utnemnd til garnisonerande kaptein ved Sør-Hålogalands infanteriregiment, og huslyden då flytte til Mosjøen i Vefsn.  Etter siste krig vart han først major og i 1948 oberstløytnant, men frå 1956 var han oberst og regimentssjef same stad.  Johannes d. i Mosjøen 3.5.1971, medan Gudrun Skaar d. same staden 5.8.1981.  Dei fekk fire born i lag.

 4. Elsa Clodius Carlsdotter Skaar, f. i Tromsø 8.11.1899,

Elsa Skaar gifte seg i Mariakyrkja i Bergen 14.5.1921 med Karl Sørenson Meyer frå Vardø, f. i Vardø 10.5.1888.  Karl og Elsa var kolonialhandlarar i Vardø der dei budde til dei etter evakueringi i 1944 flytte til Oslo.  I Oslo dreiv dei sidan ei tobakksforretning.  Karl d. i Oslo 18.12.1971, medan Elsa Meyer d. på eit sjukehus same staden 23.6.1984.  Dei fekk fem born i lag.

 5. Inger Clodius Carlsdotter Skaar, f. i Tromsø 21.4.1906,

Inger Skaar utdanna seg til jordmor og arbeidde som overjordmor i Oslo, men gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hennar? – truleg i Oslo kring 1934?)

 

med enkjemannen Johnny Johanson Abrahamsen Brendel frå Mælum på Biri,

 

##### (voks han opp der?)

 

f. på Biri 9.5.1880.  Johnny var farmasøyt og budde ei tid i Oslo, men vart sidan apotekar på Strømmen i Skedsmo der han d. 5.8.1947.  Som enkje flytte Inger først til Oslo der ho var apotekarbeidar til ho som pensjonist busette seg på Råholt i Eidsvoll.  Ho d. på Råholt 13.10.1993.  Dei fekk ein son i lag, men Johnny hadde òg to søner frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje er det mogeleg å finna vigsli til Inger og Johnny Brendel gjennom Aftenpostens kunngjeringar?

 

Eg takkar på ny for kjempeflott innsats so langt!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for kjempeflott innlegg!  Du fann vigsli!!

 

Då er dette problemet etter kvart løyst, bortsett ifrå følgjande:

 

* Eg har funne at mor hans Johnny Brendel døydde i Christiania i 1882, so kan henda kan me gå ut ifrå at Johnny voks opp der?  Men kan dette stadfestast?

 

* So ser eg at Johnny er kalla "generalsekretær" då han gifte seg i 1932.  Han var jo farmasøyt og vart sidan apotekar på Strømmen...  Kan han ha vore tilknytt ein eller annan organisasjon eller eit politisk parti?

 

Ein ny stor takk for glimrande hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Utdrag fra "Apotekbøkene":

 

Hans far døde i Christiania 21-8-1886 og hans mor sst. 13-5-1882.

 

Etter å ha tatt middelskoleeksamen i Christiania, disiplinerte han der ved Elefantapoteket og Rikshospitalets apotek 1897-1900 og tok farmasøytisk medhjelpereksamen med godt høsten 1900. I sammenlagt 1 år var han medhjelper ved Rikshospitalet apotek og apoteket Hjorten i Christiania og ved Toten apotek, Lena, og tok apotekereksamen med godt høsten 1907.

 

I januar 1908 til 1. juli 1915 var han ansatt ved apoteket Nordstjernen i hovedstaden. 1. juli 1915 til 30. juni 1919 var han kontorsjef i A/S Apotekernes Fællesindkjøp.

 

16. august 1920 ble han ansatt som generalsekretær i N.A.F. og redaktør av N.A.T. Fra samme tid representerte han N.A.F. ved apoteker- og farmasøytmøter i Danmark, Sverige, Finnland og Norge.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for kjempeflott innlegg.  Du har svart på dei spørsmåli som stod att, og no ser eg på dette problemet som heilt løyst!

 

Teamarbeid har på ny gjeve full klaff!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.