Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Margit Johannessen/Larsen, fødd i Talvik, Finmark 1901 - via Høyanger til Oslo - lagnaden hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i fleire år freista finna lagnaden til denne jenta, men ser ut til å måtta gje det opp, eller...  Kanskje Aftenposten kan hjelpa meg på veg?

 

Margit, dotter av Ole Andersen, var fødd i Talvik i Finmark 17.9.1901, fekk utdanning som sjukesøster og arbeidde på Hagavik i Os då ho vart kjend med Håkon Marinius JOHANNESSEN, fødd i Hafslo i Sogn 9.11.1905.  Dei gifte seg hjå byfogden i Bergen 23.11.1946 og flytte til Høyanger der Håkon døydde 28.11.1952.

 

Som enkje flytte Margit til Oslo, og ho skal ha vorti attgift i Oslo med ein LARSEN, men lagnaden hennar er elles ukjend.

 

Me reknar med at Margit vart buande i Oslo, men er det mogeleg å finna den endelege lagnaden hennar, d.v.s.:

 

* Dato og stad for dødsfallet hennar?

 

Kanskje er det ikkje so altfor mange dødsfall i Oslo for ei Margit Larsen??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Dette gir ikke svar på spørsmålet ditt og det kan også være et bomskudd, men i adressebok for Oslo 1955 finner jeg en enkefru Margit Johannesen med adresse Platousgate 18. 

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo Adressebok, Bok , 1955-1955, oppb: Riksarkivet.

Merknader: 77. årgang. Demontert eksemplar, Riksarkivet

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49288/808/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-db10061211135661.jpg

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne-Lise Hansen

Gravferdsetaten i Oslo har nå nylig tatt vekk informasjon om gravlagte i minnelunder, med unntak av navnet deres. Jeg fant tre Margit Johannesen hvorav to hadde feil fødselsdato og en sto uten ytterligere opplysninger. Ved å prøve søk på navnet og å variere kirkegårdene, kom navnet opp igjen på Vestre gravlund. Det stemmer at det er minnelund på Vestre og ikke alle har navneplate, men er anonymt gravlagt.

http://www.begravdeioslo.no/resultat/name/Margit%20Johannessen/cemetery/20/year_of_death_uncertainty/1/sort_by_column/last_name/sort_order/1

 

Jeg synes det er helt unødvendig av Gravferdsetaten å utelate opplysninger om gravsted, fødsels- og dødsdato i disse tilfellene og synes en kanskje skulle forsøke å gjøre noe med det.

 

I alle fall er det gravferdskontor Vest, som kanskje er villig til å se etter om denne Margit er født 17.09.1901.

Kontaktopplysninger: http://www.gravferdsetaten.oslo.kommune.no/article185182-6180.html

Endret av Anne-Lise Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein sein, men like hjarteleg takk til Grethe og Anne-Lise for dei siste spennande innleggi om dette emnet!

 

Eg trur eg har funne svaret på dette problemet.  Eg oppdaga at ei Margit Johannessen døydde på Skedsmo 10.10.1975, og hjå sokneprestkontoret fekk eg opplyst at vedkommande var fødd i ALTA 13.9.1901.  Ho hadde tydeleg ikkje slekt etter seg.

 

Fødselsdatoen avviker med fire dagar, og fødestaden med ein kilometer.  Det finst derimot ikkje nokon andre Margit i Talvik eller Alta som kan høva, so eg er ganske so overtydd om at dette er rett person!

 

Eller er det naudsynt å freista finna ei DØDSANNONSE etter ho?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.