Gå til innhold
Arkivverket
Dag Arne Danielsen

Er det mulig å finne aner til Lars Larsson Bergum (født 1710) i Bergum i Vågå ?

Recommended Posts

Dag Arne Danielsen

Er det mulig å finne aner til Lars Larsson Bergum (født 1710) i Bergum i Vågå ? 

Lars ble ca. 1730 gift med Inga Gregoriusdotter (1715-1733), også hun fra Gudbrandsdalen. 
Lars og hans første kone bodde trolig de første par årene etter de giftet seg i Gudbrandsdalen. Men de dro like etter (før 1733) til Luster i Sogn, der Inga døde i 1733 på gådren Bjørk i Fortun i Luster. 

Lars var gift tre ganger: 
1) 1710 giftet Lars seg med Inga som døde i barselseng sommeren 1743. Barnet som ble født da - gutten Ingvald - døde første leveåret. 
2) 13.januar 1744 giftet Lars seg med Britha Johannesdotter som døde i juni 1754. 
3) 1.juni 1755 giftet Lars seg med enken Maria Andersdotter som døde i juni 1770 - mens Lars døde 25 mars 1771 på gården Bergheim, Nes, Luster

 

Alt dette iht. opplysninger i bygdebøkene fra Luster.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Statsarkivet i Kongsberg

Til Dag Arne

 

Vågå i Oppland er en del av distriktet til Statsarkivet i Hamar, og vi setter derfor emnet ditt over til dem.

 

Vennlig hilsen

Statsarkivet i Kongsberg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag Arne Danielsen

Til Statsarkivet i Kongsberg

 

Tusen takk for det !

 

Vennlig hilsen Dag Arne

Endret av Dag Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Det var berre heilt tilfeldig at eg oppdaga dette emnet, og då her tydeleg ligg føre ein par mistolkingar av teksten frå Gards- og Ættesoga for Luster, bd. III, garden Bergheim (1987), tillet eg meg å attgje teksten slik han er prenta:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Larsson Bergum, som me trur må vera komen frå Gudbrandsdalen, men som elles er av ukjent opphav, var truleg f. kring 1710 og gifte seg første gongen i 1730-åri med ei Inga Gregoriusdotter, som sikkert òg må ha vore frå Gudbrands­dalen.  Ho var f. kring 1715.

 

Lars og Inga budde truleg ei tid i Gudbrandsdalen etter at dei vart gifte.

 

Men kring 1742 fekk dei hand om ein husmannsplass i Bjørkehaugen under Bjørk og flytte dit.  Inga d. der på barselseng sommaren 1743, og 13.1.1744 gifte Lars seg att med ei Britha Johannesdotter, som truleg var f. kring 1710.  Dei vart trulova i Hafslo, men gifte seg i Luster.  So vart Britha visstnok gravlagd 6.7.1754 under tilnamnet "den dårlege Britha", og 1.6.1755 gifte Lars seg tredje gongen med enkja Maria Andersdotter, opphavleg frå Søvde i Dale.  Ho var f. kring 1710 og hadde før vore gift to gonger, først med husmann Ole Iverson på Talsete under Flahammar (1709-1740) og so med husmann Østen Olson, òg på Talsete under Flahammar (1710-1754).  Lars Larsson flytte med andre kona si frå Bjørkehaugen til ein plass i Yttrishaugen under Yttri, men då han gifte seg tredje gongen, flytte han inn hjå kona på Talsete under Flahammar.  Der vart han og Maria buande like til dei 2.6.1768 fekk bygsel på dette bruket på Bergheim og flytte hit.  Herifrå vart Maria gravlagd 19.10.1770, medan Lars vart gravlagd same staden 25.3.1771.  Me kjenner til i alt tre born etter Lars Larsson på Bergheim; ein son var frå første ekteskapet, medan andre kona Britha var mor til dei to yngste:

 

 1. Ingvald Larsson (1743-1743).

 

 2. Inga Larsdotter (1744-1817), vart gift med husmann Erik Rognaldson på Volden under Holmestad (1740-1788).

 

 3. Ole Larsson, døypt 4.8.1748, vart konfirmert frå Talsete i 1767.

Kring 1770 må Ole Larsson vera faren frå Luster, men diverre har me førebels ikkje vore i stand til å finna ut noko om den seinare lagnaden hans.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

At Lars og Inga truleg er komne frå Gudbrandsdalen, byggjer eg mellom anna på farsnamnet hennar.  Gregorius finst ikkje som førenamn i indre Sogn på den tidi, mens det derimot vart nytta i øvre Gudbrandsdalen, ikkje minst både i Lom og i Skjåk, og me veit det var noko flytting over Sognefjellet på den tidi, kanskje særleg mellom Fortunsdalen (der garden Bjørk ligg) og Bøverdalen.  Lars og Inga vart heller IKKJE vigde i indre Sogn.

 

Den gongen manuskriptet mitt for band III skulle klargjerast for publikasjon, hadde eg ikkje lett tilgjenge til kjeldemateriale frå Gudbrandsdalen.  No er dette heilt snudd på hovudet, og ved litt leiting i kyrkjebøkene for Lom finn eg følgjande:

 

Soldat Lars Larsson og Inger Gregoriusdotter gifte seg i Lom 18.6.1736 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9240&idx_id=9240&uid=ny&idx_side=-25), og her har me òg trulovingi deira frå 6.11.1735 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9240&idx_id=9240&uid=ny&idx_side=-18), der Lars heiter "GIEDSER" og Inger heiter "HAGE".

 

Son deira, Gregorius, vart døypt i Lom 8.11.1735 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9240&idx_id=9240&uid=ny&idx_side=-15), men fleire born finn eg ikkje før dei flytte til Luster!  Og sidan me ikkje ser noko til Gregorius i Luster, lyt me tru han døydde før dei flytte over fjellet...

 

Både Gjedser og Hage er matrikkelgardar i Lom prestegjeld, so neste skrittet vil då vera å sjå kva bygdebøkene for Lom har å fortelja om desse folki?  Held meg gjerne orientert om kva de finn ut...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag Arne Danielsen

 

Hei Lars.

 

Tusen takk for veldig oppklarende hjelp !

Så snart jeg har fått tilgang til bygdebøkene for Lom, skal jeg selvsagt gi deg en tilbakemelding her på hva jeg finner ut om de to.

Igjen tusen takk !

 

Vennlig hilsen Dag Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Statsarkivet i Hamar

Her har du allerede fått tilbakemeldinger, men vi kan legge til at matrikler og tinglysningsmateriale er tilgjengelig på digitalarkivet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag Arne Danielsen

Tusen takk for det!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag Arne Danielsen

Hei Lars.

 

Jeg har prøvd å finne ut noe mer om ditt tips om "soldat Lars Larsson og Inger Gregoriusdotter" gift i Lom 18.6.1736.

Yngste sønnen deres Gregorius, ble som du og skrev døpt i Lom 8.11.1735 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000002151575)

Jeg har nå fått tak i alle bygdebøkene for Lom og sjekket disse to opp mot det som står der.

 

I "Bygdebok for Lom" bind 4 står følgende på side 438 under Kvanndalsvollan (119/1) i Runningsgrendi i Lom:

"

Ca 1738 -?

Lars Larsson f. ca 1702, d. 1777 i Rusti. Gift 1736 med

Ingrid Gregorsdotter. Dei er nemnde brukarar her i 1738

og husm.folk i 1742. Bom:

1. Gregor f. 1735. Sjå Øvre Haugen gnr 68-5.

2. Lars f. 1738. Sjå Søre Sæterdalen gnr 101-2.

3. Serkve f. 1742, d. 1742.

Det ser elles ut til at det var fleire familiar samstundes

her på denne tida, men somme av dei kan ha vore i

Kvanndalen eller på Flekken. Lars gift 2. gong 1742

med Elisabet Sevaldsdotter f. ca 1700, d. 1786 i Rusta-

haugen.

"

 

(Se vedlagt klipp.)

 

Og her er et utdrag av det samme på FamilySearch (https://histfam.familysearch.org//getperson.php?personID=I22037&tree=Lom)

For meg ser dette ut å være de samme to som gifte seg i Lom 18.6.1736.

Er det det, vil du se at det i Bygdeboken for Flom oppgis at Lars Larsson døde på Rusti i Lom i 1777.

I så fall kan dette ikke være de to som dro til Luster og rundt 1742 fikk hånd om husmannsplassen i Bjørkehaugen under Bjørk og flytte dit.

 

Er du enig i dette Lars ?

Kanskje du har andre tips på hvor jeg bør lette etter opphavet til disse to som dro til Luster?

På forhånd tusen takk for alle hjelp så langt !

 

Vennlig hilsen Dag Arne

 

PS: Søk i Lom hos FamilySearch, ga meg heller ingen andre aktuelle Lars Larsson som var født rundt det aktuelle tidspunktet:

https://histfam.familysearch.org//search.php?mybool=AND&nr=50&tree=Lom&mylastname=Larsson&lnqualify=contains&myfirstname=Lars&fnqualify=contains&mygender=M&gequalify=equals&order=birth

post-2520-0-27825600-1402585288_thumb.jpg

Endret av Dag Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Dette var eit svært so spennande innlegg, Dag Arne!  Eg har lese med stor interesse kva du har funne i bygdeboki frå Lom, og hjå FamilySearch.

 

Opplysningane hjå FamilySearch er ganske ordrett avskrivne frå bygdeboki for Lom, so me talar her om same kjelde.

 

Men eg trur at bygdeboki for Lom her inneheld ein feil:

 

* Ved barnedåpen i 1738 av Lars Larsson Kvandesvolden står faren berre oppgjeven som Lars Kvandesvolden utan namn på mori.

 

* Trulovingi med Elisabeth Sevaldsdotter fann stad i februar 1741 med vigsel i januar 1742.  Eg ser ikkje noko merknad om at Lars då var enkjemann, noko som var ganske so vanleg på den tidi at presten tok med...

 

* Eg finn ikkje nokon dåp for Serkve Larsson, berre gravferdi hans "et lite barn"...

 

* Eg finn ikkje noki gravferd for Inger Gregoriusdoter i Lom!

 

Går me so attende til Luster og kyrkjeboki der, ser me ved dåpen av Ingvald 23.6.1743 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-20) at foreldri er oppgjevne som Lars Larsson og Inger Gregoriidotter, og mellom fadrane finn me ein Ole Andersson Lomb og dessutan ein Lars Johnson og ei Bertha Larsdotter, som for dei siste sine vedkommande, KAN vera far og søster til barnefaren...

 

Gravferdi hennar Inger er ikkje innført i kyrkjeboki i Luster, men eg vil tru at Ingvald er oppkalling etter ho, og då Lars Larsson gifte seg att i Luster i januar 1744 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-153), er han kalla enkjemann i Bjørkehaugen!

 

Lars Larsson døypt frå Kvandesvolden i Lom i 1738, har nok vore son av Lars Kvandesvolden, men han KAN òg høyra til Lars Larsson og Inger Gregoriusdotter...?  Og det er jo spennande å sjå at ein Gregorius Larsson, fødd 1735, vart buande i Lom.  Kanskje vart borni etter Inger Gregoriusdotter oppalne hjå skyldfolk i Lom?

 

Eg gler meg til kommentarar og er særleg spent på kva Arnfinn Kjelland har å seia...?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag Arne Danielsen

Hei Lars

 

Takk for ditt raske og spennende svar!

 

Her er Ingeborg (Ingrid ?) sin gravferd i Lom i 1741: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000422090 - Kan vi tro at det er "vår" dame ?

Her er Lars sin gravferd i Lom i 1777 i Lom: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000676973 - Alder stemmer bra her.

Her Elsebye sin gravferd i Lom i 1786: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000677261 - Alder stemmer bra her.

 

Alder mangler dessverre for Ingeborg (men dødsår virker rett i forhold til Lars andre giftermål i 1742).

Men med forlovelse mellom Lars og Elisabeth Sevaldsdotter i februar 1741 og vigsel i januar 1742, er det noe som ikke stemmer med denne damen.

 

Men derimot stemmmer både alder og dødsår veldig bra med det "Lom Bygdebok" angir for de to siste (Lars og Elsebye), så langt jeg har klart å sjekke.

 

Jeg ser og fram til andre kommentarer og til på hva Arnfinn Kjelland har å si til dette?

 

Vennlig hilsen Dag Arne

Endret av Dag Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Eg kan ikkje gå så mykje i djupna nett no, men eg kan kommentere litt av det ovanforståande:


 


Lars - svara i feite typar:


* Ved barnedåpen i 1738 av Lars Larsson Kvandesvolden står faren berre oppgjeven som Lars Kvandesvolden utan namn på mori. Heilt rett, og som det elles var vanleg for skrivaren - dimed må ein berre gå ut ifrå at bornet var eit produkt av ekteskapet til Lars, med Ingrid Gregorsdotter Hågå. 


* Trulovingi med Elisabeth Sevaldsdotter fann stad i februar 1741 med vigsel i januar 1742.  Eg ser ikkje noko merknad om at Lars då var enkjemann, noko som var ganske so vanleg på den tidi at presten tok med... Kvifor Lars på Kvanndalsvollane vart kopla til Elseby her, skal eg ikkje seia sikkert. Her er det mogleg det er nytta skifte som kjelde, utan at desse er nemnt i sjølve teksten, eller at det er ei feilkopling. Det er unekteleg ein mogleik at Lars Larsson som du har på Bergheim/Bjørkehaugen, kan vera den same som Lars på Kvanndalsvollane - og dimed er det òg mogleg at Elseby fann seg ein annan Lars Larsson. Her må skifta framfinnast, trur eg. 


* Eg finn ikkje nokon dåp for Serkve Larsson, berre gravferdi hans "et lite barn"... Dåpen finn du her: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=dp05141733&gardpostnr=644&personpostnr=4932&merk=4932#ovre


* Eg finn ikkje noki gravferd for Inger Gregoriusdoter i Lom! Det er merkeleg at Ingrid ikkje finst att i nokor gravferdsliste - dei skulle vera fullstendige for Lom i perioden - er dei det for Lyster? Kan ho ha "falle utanom" ved lov og dom, og/eller av sjølvmord?


 


Dag Arne: 


* Ingeborg Skrinde, som vart gravlagt i 1741, er nok jenta som vart døypt 27.11.1740 frå Skrinde: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=36&filnamn=dp05141733&gardpostnr=565&personpostnr=4370&merk=4370#ovre 


Elles har du nok funne dei rette, eller i alle høve dei same som er kopla saman i bygdaboka. 


 


Gregor, dpt. 8.11.1735 i Lom, vart nok døypt ein stad på Botilstronda (Hågån-Andberg-Øy), og det artige her er at siste fadderen kan hinte mot eit samband mellom Ingrid Gregorsdotter og Skrindefolket: Synne Tostensdotter er eit typisk Skrindenamn (slik Gregor er òg), og syster til Gregor Tostensson Skrinde (f. kring 1708) åtte nett det namnet, og levde då Gregor Larsson vart døypt. (Eikerhuus er feil for Eilersens - kona til løytnanten) - http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&gardpostnr=190&personpostnr=1523&sidenr=45&filnamn=dp05141733&hjelp=fjernMen: Ingrid er ikkje nemnt som arving etter Gregor Jakopsson Skrinde i 1708 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/25155/73/), så sambandet kan vera lenger uti slekta (og dimed vanskeleg å finne ut av, då eg ikkje har sett nokon teori på opphavet til Gregor Jakopsson til no). Dette vart no mest ein digresjon, er eg redd.


Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag Arne Danielsen

Hei Atle.

 

Tusen takk for veldig oppklarende hjelp Atle!

Jeg ser fram til andre kommentarer og håper som Lars at Arnfinn Kjelland som er forfatter av Bygdebøkene for Lom har noe å bidra med her.

Og jeg har derfor i går sendt en epost til Arnfinn med spørsmål om dette.

 

Dag Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Han er nok oppteken for tida, då eg fekk spørsmålet vidaresendt frå honom. 

Endret av Atle Brandsar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag Arne Danielsen

Hei Atle.

 

Tusen takk for at du opplyste dette og beklager så mye at jeg skrev direkte til Arnfinn Kjelland som er forfatter av bind 4 av Bygdebøkene for Lom.

Jeg var da dessverre ikke klar over at du hadde fått spørsmålet videresendt fra Arnfinn, men nå er dette greit oppklart.

Men fortsatt står det for meg som er stort ubesvart spørsmål : "Hvem er anene til Lars Larsson Bergum (født 1710) og hans første kone Inga Gregoriusdotter ?

Mitt utgangspunkt for spørsmålet var som beskrevet ovenfor det Lars skrev i Gards- og Ættesoga for Luster, bd. III, garden Bergheim tilbakei 1987:

"Lars Larsson Bergum, som me trur må vera komen frå Gudbrandsdalen, men som elles er av ukjent opphav, var truleg f. kring 1710 og gifte seg første gongen i 1730-åri med ei Inga

Gregoriusdotter, som sikkert òg må ha vore frå Gudbrands­dalen. Ho var f. kring 1715. Lars og Inga budde truleg ei tid i Gudbrandsdalen etter at dei vart gifte.

Men kring 1742 fekk dei hand om ein husmannsplass i Bjørkehaugen under Bjørk og flytte dit. Inga d. der på barselseng sommaren 1743, og 13.1.1744 gifte Lars seg att med ei Britha

Johannesdotter, som truleg var f. kring 1710. "

Og det er vel nå slik jeg tolker debatten så lang fastslått at disse to ikke er de samme folkene som de to som er nevnt i Bygdeboken for Lom i bind 4 på side 438 under Kvanndalsvollan

(119/1) i Runningsgrendi i Lom og som også er nevnt her : https://histfam.familysearch.org//getperson.php?personID=I22037&tree=Lom

Så spørsmålet som forsatt står ubesvart slik jeg tolker innleggene til nå er: Hvem er da aner til Lars Larsson Bergum og hans første kone Inga Gregoriusdotter ?

Er det feil oppsummeringen at dette kanskje ikke lar seg besvare ?

 

Dag Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Du skal ikkje orsake at du sende e-post direkte til Arnfinn, det gjer nok ikkje så mykje :) 

 

Det opprinnelege spørsmålet ditt står nok ope litt enda, ja. Det eg ser som utfordringa no, er å få klårlagt om Lars Larsson som vart gift med Ingrid Gregoriusdotter er den same som den Lars Larsson som vart gift med Elisabet/Elseby Sevaldsdotter, for det er nok høgst truleg det fyrste paret ein ser på Bjørkehaugen i Lyster. Ei hypotese er dimed at det her er prat om to Lars Larssonar som har vorte til éin i bygdaboka for Lom. Men alt dette er berre gissingar fram til ein finn noko som stør det.

 

Lars: Kor har du opplysinga om at Gregoriusdottera vart "f. kring 1715"? Dette lyt vel seia at du har vore borti alderen hennar ein stad? Du nemner i tillegg at du ikkje har funne gravferda til Ingrid - korleis veit du då at ho "d. der på barselseng sommaren 1743, og 13.1.1744 gifte Lars seg att med ei Britha

Johannesdotter (...)" 

 

Dag Arne: "Hvem er da aner til Lars Larsson Bergum og hans første kone Inga Gregoriusdotter?" Eg leitte litt ikring i går, og meiner det kan vera hint om opphavet hennar ikring. Gregornamnet finn me fyrst og fremst på Skrinde i Skjåk, og ein finn jamvel ei frå Skrinde som fadder ved dåpen til fyrste barnet deira: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=dp05141733&gardpostnr=190&personpostnr=1523&merk=1523#ovre - Synne Tostensdotter  kan vera frå Skrinde, og syster til ein Gregor Tostensson Skrinde, som sidan vart gardbrukar på Sygard Skrinde. Eg leitte opp skiftet etter bestefar deira, Gregor Jakopsson, frå 1708 - men her nemnest berre tre born (Jakop, Brit og Tosten) som dimed heller ikkje bringer oss nærare Ingrid - men ho kan vera av denne ætta. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Denne saki vert jo meir og meir spennande.

 

Eg stør tanken til Atle om at me talar om to ulike Lars Larssonar, men noko meir kan eg ikkje seia om opphavi deira.  Finst det kanskje soldatlister frå Lom som kan bida med svar?  Kva med skifte?

 

Eg er meir og meir overtydd om at Inger Gregoriusdotter er ho som sommaren 1743 vart mor til Ingvald Larsson på Bjørkehaugen i Fortun.  Dødslistene frå Luster er etter måten gode på denne tidi, men Inger manglar.  Alderen hennar er rein spekulasjon frå mi side, men truleg ligg ikkje fødselsåret hennar so langt frå 1715!  Og at ho døydde etter barselseng synest opplagt av to orsaker:

 

* Barnet fekk namnet Ingvald, rimelegvis oppkalla etter Inger.

 

* Det gjekk ikkje meir enn eit knapt halvår før Lars gifte seg att.

 

Det finst elles svært gode kommunikantprotokollar frå Luster frå denne tidi som eg i si tid analyserte, men desse ligg ikkje føre i digitalisert form.

 

Noko som eg tykkjer er litt underleg innanfor denne huslyden, er dei to borni Gregorius og Lars fødde i 1730-åri i Lom.  Dersom dei båe var born av Lars og Inger, har dei nok følgt foreldri til Fortun, men det kan sjå ut som om dei flytte attende til Lom før dei vart vaksne.  Vaks dei kanskje opp hjå skyldfolk til mori (eller til faren)?  Finst dei KONFIRMERTE i Lom?  Eller finst det andre opplysningar om dei som kan kasta ljos over huslyden elles?  Har dei til dømes kalla opp mor deira?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Soldatlister? Jau, men ikkje som eg har for handa nett no. Skifte? Eg såg etter skiftet etter Lars Larsson som døydde i Rusta i 1777, men fann ikkje noko. Neste steg er å sjekke skiftet etter Elisabet. 


 


Lars: Har du vore borti skiftet etter Lars på Bjørkhaugen? Der skulle i så fall alle borna hans vera nemnt. "Eg er meir og meir overtydd om at Inger Gregoriusdotter er ho som sommaren 1743 vart mor til Ingvald Larsson på Bjørkehaugen i Fortun." Ja, ho står jamvel nemnt på dåpen hans, som du lenka til. Elles er eg samd i at det er sannsynleg at ho døydde i barseng, då intervallet mellom dåp og vigsel er så stutt. 


 


Om kor Gregor og Lars vaks opp, kan me ikkje vita, og diverre ikkje noko om konfirmasjonane deira heller, då det er eit glopp mellom 1749 og 1800 me ikkje får vita noko om konfirmantane i Lom. Eg veit ikkje med Gregor (har ikkje det bandet [3] av bygdaboka her, og i kyrkjebøkene finn eg berre ein uekte son som fekk namnet Lars), men Lars kalla oppatt nestyngste dotter si etter mora: Ingrid - http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=dp05141749&gardpostnr=2530&personpostnr=18526&merk=18526#ovre. I tillegg ser eg at Jon Hansson Helstad går att som fadder, og at "Greg: Helstad" er fadder for andre sonen til Lars Larsson d.y. (og som "Gregorius Larsen" ved dåpen til neste barn) - det er tydelege band mellom Lars og denne Jon, truleg budde broren Gregor ei tid på Helstad hjå honom òg. Foreldra hans heitte Hans Larsson og Marit Jonsdotter Bakken - så det kan vera mogleg at Hans er farbror til Lars og Gregor - men nok ein gong: berre gissingar og lause trådar. 


 


Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag Arne Danielsen

Hei.

 

Helt enig med Lars at denne saken blir mer og spennende.

Siden Atle skriver at "Eg veit ikkje med Gregor (har ikkje det bandet [3] av bygdaboka her" - har jeg tillatt meg å legge ved en kopi av det som står i Lom Bygdebøker ombåde Lars Larsson og hans tre sønner.

Dette er hentet fra hhv. bind 4 side 438 (Runningane) , bind 3 side 435 (Andvord)og fra bind 2 side 93 (Botten - Sæterdalen).

Kanskje dette kan bidra noe ?

 

Dag Arne

LarsLarsson.pdf

Endret av Dag Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Medan eg leitte etter Skrindefolk i militære lister, trur eg eg fann Lars Larsson: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/51357/469/: Liste | Over det Mandskab, som paa Sessionerne 1737, 1739 og 1742 ere Demitterede, og bortfløtte samt bortReiste, af mit allernaadigste anfortroede Compagnies Districte, Neml: […] 86 | Lars Larsen Giedser … Disse ere begge huusmænd i Sogn i Bergenhuus Lehn, og der bruger pladser. – (nemnt saman med Arne Eistensson Marlo) – datert Gaukstad den 26.5.1743, signert av kaptein Printzen. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag Arne Danielsen

Hei Atle.

 

Veldig spennende innspill Atle!

 

1) Om Inger Gregoriusdotter "HAGE":

 

Skrinden:

Du skrev i går:

"Gregornamnet finn me fyrst og fremst på Skrinde i Skjåk, og ein finn jamvel ei frå Skrinde som fadder ved dåpen til fyrste barnet deira."

I "Ættebok for Skjåk" er gården Skrinden vist på side 227 til 232: (http://www.nb.no/nbsok/nb/a7eaeb96c1b4a3d7ffcf26d930dccdd5?index=1#243) Jeg har lest over dette, men finner ikke noen Inger Gregoriusdotter som passer inn. Du har en Gregorius på side 229 på Skrinden II, men han døde i 1708 og ingen Inger er heller ikke nevnt der.

 

Hage:

Lars skrev den 10. juni: Soldat Lars Larsson og Inger Gregoriusdotter gifte seg i Lom 18.6.1736, og her har me òg trulovingi deira frå 6.11.1735 der Lars heiter "GIEDSER" og Inger heiter "HAGE".

I "Ættebok for Skjåk" er gården Hage nevnt på side 83-84 (http://www.nb.no/nbsok/nb/a7eaeb96c1b4a3d7ffcf26d930dccdd5?index=1#99) men der fant jeg ingen Gregorius eller Inger.

Men på side 130 i samme bok (http://www.nb.no/nbsok/nb/a7eaeb96c1b4a3d7ffcf26d930dccdd5?index=1#147) er også "Hage" nevnt (Kjekehagen, "Hage") der er angitt en Gregorius med rett alder med tre sønner, men ingen Inger.

Men kan dette allikevel være Inger "HAGE" sin far ?

I Hagen (6/11) i Lom (Bind 1 for Lom på side 108) finner jeg ingen Gregorius.

 

2) Om Lars Larsen Giedser:

Du skrev i dag:

"Medan eg leitte etter Skrindefolk i militære lister, trur eg eg fann Lars Larsson: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/51357/469/

Liste | Over det Mandskab, som paa Sessionerne 1737, 1739 og 1742 ere Demitterede, og bortfløtte samt bortReiste, af mit allernaadigste anfortroede Compagnies Districte, Neml: […] 86 | Lars Larsen Giedser … Disse ere begge huusmænd i Sogn i Bergenhuus Lehn, og der bruger pladser.

 

Mens Lars skrev den 10. juni:

Soldat Lars Larsson og Inger Gregoriusdotter gifte seg i Lom 18.6.1736, og her har me òg trulovingi deira frå 6.11.1735, der Lars heiter "GIEDSER" og Inger heiter "HAGE".

 

Betyr dette at du og Lars har funnet samme Lars "GIEDSER" ? Og er vi dermed nærmere en løsning for Lars "GIEDSER" ?

 

Dag Arne

Endret av Dag Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Ingrid Gregorsdotter Hågån

- denne er ikkje god å plassere slik det er no, nei - eg har ingen plass til henne utanom ein på særs vaklande grunn: Gregor Larsson Kjekahågån vart i 1699 dømt for lauslivnad med Mari Tjøstolvsdotter, som var nærskyld kona hans, som døydde året før (Lisbet Amundsdotter frå Kvålheim - dotter til Amund Jakopsson frå Kvålheim og Jøron Tjøstolvsdotter frå Tofte - Jøron og Mari er nok ikkje systre, men ein soneson til Jøron -kan- vera faren hennar: Tjøstolv Olsson, f. kring 1652, som eg diverre ikkje veit meir om enda). Hypotese: Ingrid kan vera barnet Gregor og Mari avla i 1699, og som Gregor eigentleg laut gå frå gard og grunn for (men som han søkte kongen si nåde for - og fekk). Artig me støytte på desse, for desse nemner eg i masteroppgåva mi om lauslivnad (og andre lovbrot) i Lom og Skjåk 1664-1800 :) Dette kan vera ei plassering for Ingrid, men eg held det for reine spekulasjonar, så ikkje fest lit til det. Om Ingrid skulle vera dotter til Gregor Kjekahågån, men likevel ikkje står nemnt mellom sønene Lars, Amund og Lars, er det nok fordi me har berre ei kjelde til deira eksistens: Skiftet etter mor deira - Lisbet: http://arkivverket.no/URN:sk_read/25155/49/ 

- Hågånamnet kan vera både Kjekahågån, som tett opp til Skrinde i same grend i Skjåk, eller det kan vera Hågån i Lom hovudsokn, som ligg i same grend som Øy, Andberg og forsåvidt Helstad og Geisar - som alle er representerte som fadrar i Lars&Ingrid-huslyden. 

 

Lars Larsson Geisar/Kvanndalsvollane/Bjørkhaugen/Bergheim

- då Lars og Ingrid trulova seg (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=vi05141733tr&gardpostnr=49&personpostnr=195#nedre), var fyrste trulovaren Ola Øy - som i tillegg opptrer som trulovar då Lars Larsson trulova seg med Elisabet Sevaldsdotter i 1741 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=vi05141733tr&gardpostnr=138&personpostnr=551#nedre), det kan nok vera eitt av indisia som resulterte i at Ingrid-Lars vart kopla saman med Elisabet-Lars. 

- opplysingane i militærlistene skulle stadfeste ein gong for alle at Lars Larsson Geisar = Lars Larsson Bjørkhaugen. 

 

Men framleis er me ikkje så mykje nærare opphavet til Lars, er eg redd. Om ikkje denne Ola Rolvsson Øy er ein joker her, då - det får eg koma attende til sidan :)

Endret av Atle Brandsar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Lars Larsson Geisar/Kvanndalsvollane/Bjørkhaugen/Bergheim

- då Lars og Ingrid trulova seg (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=vi05141733tr&gardpostnr=49&personpostnr=195#nedre), var fyrste trulovaren Ola Øy - som i tillegg opptrer som trulovar då Lars Larsson trulova seg med Elisabet Sevaldsdotter i 1741 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=vi05141733tr&gardpostnr=138&personpostnr=551#nedre), det kan nok vera eitt av indisia som resulterte i at Ingrid-Lars vart kopla saman med Elisabet-Lars. 

- opplysingane i militærlistene skulle stadfeste ein gong for alle at Lars Larsson Geisar = Lars Larsson Bjørkhaugen. 

 

Men framleis er me ikkje så mykje nærare opphavet til Lars, er eg redd. Om ikkje denne Ola Rolvsson Øy er ein joker her, då - det får eg koma attende til sidan :) 


- Hågånamnet kan vera både Kjekahågån, som tett opp til Skrinde i same grend i Skjåk, eller det kan vera Hågån i Lom hovudsokn, som ligg i same grend som Øy, Andberg og forsåvidt Helstad og Geisar - som alle er representerte som fadrar i Lars&Ingrid-huslyden. Det kan i tillegg vera Hågån ved Skamsar lenger nord (aust) i Skjåk, men det trur eg er litt mindre sannsynleg grunna avstanden til hovudsoknet i Lom. 

 

Det er mogleg noko av dette kjem dobbelt opp, då eg ikkje fekk opp heile meldinga eg skreiv dei fyrste gongane eg la dei inn - slik er det når ein skriv litt langt... 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag Arne Danielsen

Hei Atle.

 

Igjen to veldig flotte innspill fra deg.

 

Ingrid/Inger Gregorsdotter Hågån

Spennende hypotese om at Ingrid kan være barnet Gregor og Mari fikk i 1699.

Da Gregor Larsson Kjekahågån i 1699 ble dømt for dette, er det mulig å finne ut om barnet het Ingrid/Inger ? (http://arkivverket.no/URN:rg_read/28795/2/)

Er det kun skiftet etter Lisbet og ikke etter Gregor?

Ser ellers på side 130 i Ætteboken for Skjåk at Gregor der blir kalt Gregorius Larsen HAGE, akkurat som Ingrid/Inger også ble kalt HAGE da hun og Lars ble forlovet.

(http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=vi05141733tr&gardpostnr=49&personpostnr=195#nedre)

 

 

Lars Larsson Bergum

Flott at opplysningene i militærlistene bør stadfeste en gang for alle at Lars Larsson Geisar = Lars Larsson Bergum i Gards- og Ættesoga for Luster, bd. III, garden Bergheim (1987).

Enig med deg at Ola Rolvsson Øy (1700-1752) er en joker her. Ser at han er nevnt på side 289 under Øy og på side 319 under Hågan i Bind 3 i Lom Bygdebok, og under Sperstad II Søndre på side 236 i Ættebok for Skjåk. Men ut fra det som står der, klarer jeg dessverre ikke finne noen lenke til Lars Larsson Geisar.

 

Dag Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Det er berre skiftet etter Lisbet me kjenner til så langt, ja - det er mogleg Gregor sitt finst òg, men då må det leitast ;) 

 

Hypotesa om Gregor + Mari = Ingrid er særs veik, og det vert ikkje nemnt noko om noko avkom i korkje prest, skrivar eller fut sine dokument om saka - diverre, så hypotesa kan nok ikkje stadfestast. 

 

Om det er Hågån i Lom eller Skjåk Ingrid budde på ved trulovinga, kan me vel heller ikkje vita sikkert.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×