Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils Pederson Njøs, fødd i Leikanger 1876, utvandra til Amerika 1897, var på veg heimatt kring 1946, men døydde undervegs, kan henda i ein hotellbrann

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Nils Pederson Njøs, ogso kjend som Nels Peterson og Nels Njos, var fødd i Leikanger 27.9.1876. men utvandra til Amerika i 1897.  Han skal i 1904 vera faren til Saskatchewan og farma framleis der i 1943.  Noko seinare, truleg kring 1946, skal Nils ha bestemt seg for å dra attende til Noreg, truleg i lag med broren Thomas Pederson Njøs (fødd i Leikanger 12.8.1878, døydde i Ørsta på Sunnmøre 5.1.1957).

 

Det har før vore hevda av slekt i Amerika at Nils miste livet i ein hotellbrann, truleg i Chicago, IL, FØR han siglde over Atlanterhavet, men det er no kome fram opplysningar om at Nils miste livet først ETTER AT han var reist frå Amerika, rimelegvis i Bergen eller ei anna hamn i Noreg (Oslo?).  Soga om hotellbrannen kjem att stadig vekk, so då er spørsmålet:

 

* Kjenner ein til ein hotellbrann i ei av dei norske anlaupshamnene for amerikabåtane i tidi like etter andre verdskrigen som kosta menneskeliv?

 

Det skal ha vore halde skifte etter Nils der arv kom til søskeni hans, men ingen fleire detaljar om dette er kjent.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bente L. Skjager

Slettet

Endret av Bente L. Skjager

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ser av kyrkjebøkene for Leikanger at det var TO personar med namnet Nils Njøs som var fødde same dagen i 1876, 27. september.  Attåt den Nils Pederson, som eg leiter etter, var det òg ein Nils Sjurson (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6909&idx_id=6909&uid=ny&idx_side=-35), men sistnemnde vart buande i Leikanger der han døydde i 1958.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Mamen

Er du kjent med en amerikansk presteslekt som heter Njus? Den er fra Njøs i Sogn. Det var en Nils Njus som var prest.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon og Sven for spennande innlegg!

 

Njøs er ein stor gard, ein av dei folkerikaste i Leikanger prestegjeld, og her finn me mange ætter som nyttar Njøs (i ulike variasjonar) som namn.  Eg er klar over presteætti, men dei har, so vidt eg veit, ikkje noko med "min" Njøs-familie å gjera.

 

Svaret til dette problemet synest gøyma seg godt, men eg vonar framleis på ei løysing...  De har løyst værre utfordringar før!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Nok ein kjempetakk til Sven for denne spennande oppdagingi!  Problemet er heilt løyst!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.