Gå til innhold
Arkivverket
Bente Borgen

Prestegården i Lavik og husmannsplasser under den ?

Recommended Posts

Bente Borgen

Er det noen her som har kjennskap til husmannsplassen eller gården Hatleli i Lavik?

Og om denne kan være den samme som plassen Sponadungen/Dalen under prestegården i Lavik i 1910?

 

I 1865 er Hans Johannessen (f. ca. 1808 i Lavik) og Gjertrud Jørgensdatter (f. c.a 1810 i Lavik) husmannsfolk på plassen Hatlelid i Lavik sogn og prgj.

 

I 1900 bor deres sønn, Lasse Hansen Lavik (1850 - 1925) og hans kone Ingeborg Monsdatter Rinde (1851-1938) her, under gnr. 4/1.

Lasse og Ingeborg får 9 barn og alle flyttet ut av kommunen unntatt Gjertrud Lassesdatter Lavik f. 1884. Hun forblir ugift i Lavik.

 

I 1910 bor Lasse og Ingeborg på plassen Sponadungen/Dalen under prestegården (om jeg har forstått dette riktig).

 

Siden jeg ikke er kjent i området, og kommunegrenser gjerne har endret seg, hadde det vært et ønske å få vite om disse plassene var de samme, eller hvor de lå?

 

Legger ved et bilde av stedet, kanskje det kan hjelpe?

 

mvh

Bente Borgen

post-969-0-23696000-1403592036_thumb.jpg

Endret av Bente Borgen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Er det noen her som har kjennskap til husmannsplassen eller gården Hatleli i Lavik?

Og om denne kan være den samme som plassen Sponadungen/Dalen under prestegården i Lavik i 1910?

 

I 1865 er Hans Johannessen (f. ca. 1808 i Lavik) og Gjertrud Jørgensdatter (f. c.a 1810 i Lavik) husmannsfolk på plassen Hatlelid i Lavik sogn og prgj.

 

I 1900 bor deres sønn, Lasse Hansen Lavik (1850 - 1925) og hans kone Ingeborg Monsdatter Rinde (1851-1938) her, under gnr. 4/1.

Lasse og Ingeborg får 9 barn og alle flyttet ut av kommunen unntatt Gjertrud Lassesdatter Lavik f. 1884. Hun forblir ugift i Lavik.

 

I 1910 bor Lasse og Ingeborg på plassen Sponadungen/Dalen under prestegården (om jeg har forstått dette riktig).

 

Siden jeg ikke er kjent i området, og kommunegrenser gjerne har endret seg, hadde det vært et ønske å få vite om disse plassene var de samme, eller hvor de lå?

 

Legger ved et bilde av stedet, kanskje det kan hjelpe?

 

mvh

Bente Borgen

 

Noko som kunne hjelpe ville vere lenkjer til folketeljingane. Då ville vi sett at det var Lavik i N. Bergenhus (Sogn og Fjordane) det var snakk om.

 

Husstand Hans Johannessen m.fam. i 1865 http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01038252000502

Dette er lenkja til bustaden,"Hatlelien". Blar vi fram, finn vi presten på løpenr. 154, bakover finn vi ein innerst (bur i huset til nokon annan), og så kjem ein brukar på løpenr. 155.

For Hans (og innersten) er det ikkje noko løpenr. (dvs. at plassen ikkje er matrikulert). Plasseringa (rett etter prestegarden) tilseier at Hans er plassemann under prestegarden.

 

Går vi til matrikkelen 1886  (der gnr./bnr. avløyste løpenr.) http://www.rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=1415&gnr=4

ser vi at lnr.154, 155 og 156 var under matrikkelgarden Lavik (Prestegarden, frå 1886 gnr.4)

 

Så var det Lasse i 1900: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01037340000020

Han bur i Hatlelid, plassemann, gnr. "under 4" (altså Lavik) og bnr. 1 (prestegarden).

 

 

og i 1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01036714000133

No bur han i "Sponadungen (Dalen)", framleis plass under gnr.4, bnr.1.

Førre hushald er presten, og neste hushald er gnr.4/bnr.4 - altså eit anna bruk enn prestegarden.

Sjølv om eg blar litt fram og bakover, finn eg berre denne plassen under bnr.1.

Det kan tyde på at Sponadungen/Dalen er det same som Hatlelid - men det kan vi ikkje vite sikkert frå desse innførslene.

 

I Panteregisteret burde det stå noko om festesetlar for plassen (-ane), http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=12818&uid=ny&idx_side=-117

Men det einaste vi ser er at Hans Johannesen pakta prestegarden for eitt år i 1839.

Kjøpmannen Jens Kvam sytte også for å få tinglest festesetelen (nr. 4) for hustomta si, og enkja fekk påteikningar (nr. 8 og 9) om at festet var fornya.

 

Punkt 12 i registeret: Bruket Dalen vart skyldsett i 1916 og fekk bnr.8. Det kan vere den same "(Dalen)" som i FT1910.

 

I www.norgeskart.no kan du zome deg inn på Lavik (ytre Sogn) og finne dagens gnr.4/bnr.8. (Du må på nest største forstørring, og det ser ut til at gnr.4 har fått nytt gnr. 73 (same bruksnr.).) Bruket kan vere noko mindre enn i 1916, dersom det er frådelt tomter).

Gnr.73/bnr.8 ligg eit stykke oppe i dalen langs elva som renn ut ved kyrkja. (bruket ser ut til å vere kalla "Basel" på kartet, men det kan vere ei mistyding.)

 

 

Lokalkjende kan sikkert supplere/rette; likeins ei bygdebok.

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Her står m.a. litt om kommunehistoria for tidlegare Lavik kommune.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Ættebok for Lavik, side 51:

 

test.pdf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bente Borgen

Takker så mye, Ivar og Torbjørn!

Nå har jeg et bedre utgangspunkt.

Jeg er ikke så flink med å legge ut linker til folketellingene.

Men Hans sin far, Johannes Hansen, er en av tre skattebønder på gården Lavik i 1801.

Den gang hadde gården 2 husmannsplasser.

 

mvh

Bente Borgen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Takker så mye, Ivar og Torbjørn!

Nå har jeg et bedre utgangspunkt.

Jeg er ikke så flink med å legge ut linker til folketellingene.

Men Hans sin far, Johannes Hansen, er en av tre skattebønder på gården Lavik i 1801.

Den gang hadde gården 2 husmannsplasser.

 

mvh

Bente Borgen

 

Ifl. soknehistorikken (sjå skanna kyrkjebøker på Digitalarkivet) http://www.arkivverket.no/arkivverket/Bruk-av-arkiv/Slekt/Hovedkilder/Kirkeboeker/Soknehistorikk/Sogn-og-Fjordane

vart Prestegjeldet Lavik oppretta i 1808 (skilt ut frå Eivindvik). Då måtte dei ha prestegard, og Lavik kan ha vore eit opplagd val (sidan kyrkja stod der). Men det vil seie at i 1801 var (garden) Lavik ikkje prestegard. Då var det nok plass til 2-3 bønder (+ evt. plassemenn) på garden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Dette stemmer, og eg ser at det er same slekta som hadde prestegarden. Eg skannar eit par sider til frå bygdeboka:

 

test.pdf

 

Garden Fusketun vart i 1807 prestegard

for Lavik prestegjeld og slekta
flytte til ein større husmannsplass
framme i Dalen der slekta held fram
med dei 2 nemnde.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bente Borgen

Takker igjen, Ivar og Torbjørn!

Neste spørsmålet som dukker opp er jo da hvem som bestemte at Fusketun skulle bli prestegård?

Tilhørte gården Kirken ?

Ble det salg? Var skattebøndene der leilendinger?

Og hvorfor flyttet slekten til en husmannsplass?

 

mvh

Bente Borgen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Takker igjen, Ivar og Torbjørn!

Neste spørsmålet som dukker opp er jo da hvem som bestemte at Fusketun skulle bli prestegård?

Tilhørte gården Kirken ?

Ble det salg? Var skattebøndene der leilendinger?

Og hvorfor flyttet slekten til en husmannsplass?

 

mvh

Bente Borgen

 

 

I eksaminasjonsprotokollen frå matrikkelutkastet frå 1723 er "Ladvig" (nr. 72) delt mellom Eivindvik prestebord  og Lavik kyrkje. http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39184/362/

I 4. kolonna står lutane som  2 laup 2 pd 6 mk og 1 laup 18 mk (og reknar med at 1 laup = 3 pund = 72 mk).  Det skulle verte 4 laupar til saman.

Men ute til høgre står "taxt efter gamle matrikul" som 1-1-3 for det første og 1-0-13,5 for kvart av dei to andre bruka. Denne summen vert berre 3-2-6,

altså 18 mk mindre enn det prestebord og kyrkje skal eige til saman.  Dette har vel ei forklaring....

 

I matrikkelen 1838, er den gamle skylda oppgjeven til 1-1-3 for prestegarden og 1-0-13,5 for kvart av dei to andre bruka; (sum: 3-2-3)

http://arkivverket.no/URN:db_read/db/35486/59/  Altså det same som dei tre bruka etter det som var "gamle matrikul" i 1723.

(Prestegarden har meir enn det ætteboka seier; 1-1-3 (= 1-0-27) mot 1-0-18).

 

Det er ikkje klart om éin brukar bygsla av kyrkja, éin av prestebordet, og éin av begge; eller om alle tre hadde bygsel både av prestebordet og kyrkja. Ein kyrkjerekneskap, dersom han finst, kan svare på dette.

 

Før prestar fekk fast løn i pengar (i løpet av 1800-talet), var bygselinntekta av gardar som prestebordet (også kalla prestebolet; = prestebustaden) åtte ein viktig del av løna hans. Det var altså stillinga, ikkje personen, som åtte desse gardane. Ein del av (garden) Lavik (også kalla Fusketun) høyrde til Eivindvik prestebord . Då embetet vart delt, måtte den nye prestestillinga (i Lavik prg.) få ein del av prestebordsgodset frå Eivindvik. Og så måtte stillinga ha ein embetsgard. Sidan prestebordet åtte ein del av garden Lavik, der kyrkja stod, var det naturleg å ta dette til prestegard. Avgjerda var det i prinsippet kongen som tok. På dei andre to bruka heldt tydelegvis brukarane fram som før, og betalte bygsel til kyrkjeeigaren og til presten. Det nye var at no var presten granne.

 

Ein bygselmann sat ganske trygt på ein gard. Det einaste var om han mislegheld bygselavgifta - eller at eigaren hadde bruk for garden til eige bruk. Slik sett var det endå tryggare å bygsle av kyrkje og prestebord.... heilt til prestestillinga vart delt og det kom eit nytt embete som hadde bruk for garden. Då kunne bygslaren seiast opp. Her fekk han ein (ser det ut til) relativt stor husmannsplass under prestegarden som kompensasjon. Alternativet kunne ha vore bygsel på ein annan gard  - dersom noko var ledig. Eller kjøp - om han hadde råd og noko var til sals.

 

 

 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bente Borgen

Tusen takk igjen, Ivar !

Dette var jo veldig opplysende, så nå forstår jeg det !

 

mvh

Bente Borgen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×