Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Anna Pauline Fredrikke Pedersen (Sjøtun) - fødd i Steigen 1832 - budde i Hammerfest 1900 - lagnaden hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Anna Pauline Fredrikke, til dagleg kjend som Pauline, var fødd i Steigen i Nordland 24.6.1832 som dotter av omreisande gjørtlar og hesteskjærar Pedet Eliassen og kona Anna Sophie Pedersdotter (Holmberg), sidan busette fast i Bukti i Talvik/Alta.

 

Pauline var gift tre gonger, siste gongen i Hammerfest 7.3.1880 med Hermund Pederson frå Hafslo i Sogn, fødd der 2.5.1836.

 

Hermund Pedersen, òg kjend som Hermund Sjøtun, var fiskar, men miste livet ved drukning nær Hammerfest 23.2.1893.

 

FT1900 syner Pauline Pedersen Sjøtun som enkje, fødd 1817(!) i Lesja(!) busett i ei gamme i Hammerfest (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=f02001&gardpostnr=233&personpostnr=2238&merk=2238#ovre).  Ho livnærte seg då med strikking og offentleg understøtting!

 

Eg har bladd (kjapt) igjennom kyrkjebøkene for avlidne i Hammerfest gtå 1900 og fram til 1930-talet, både bysokni og landsokni, men eg har ikkje funne dødsfallet hennar der!  Eg kan sjølvsagt ha oversett det...?  Eg finn ho heller ikkje i Hammerfest i 1910!  Kan ho vera bortflytt?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden hennar!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ville berre leggja til at Pauline fekk ein son, som var frå første ekteskapet, Andreas Johannesson, fødd i Alta 1854 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=19&filnamn=f62001&gardpostnr=31&personpostnr=223&merk=223#ovre).

 

Truleg er det han me finn i Hammerfest i 1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036971000912

 

Men dette bringer oss jo ikkje noko nærare mor hans...

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Pauline Pedersen Sjøtun døde 4. april 1906 på St. Vincents hospital i Hammerfest.

 

Nummer 8: Pauline Pedersen

 

Kildeinformasjon: Finnmark fylke, Bysoknet i Hammerfest, Ministerialbok nr. 14 (1906-1916), Døde og begravede 1906, side 159.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=114&idx_id=114&uid=ny&idx_side=-163
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050217010382.jpg

 

 

Nummer 14:

 

Kildeinformasjon: Finnmark fylke, Hammerfest by, Dødsfallsprotokoll 211 (SATØ/S-0064/J/L0211), 1887-1907, oppb: Statsarkivet i Tromsø.

Merknader: Med register

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/49507/72/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20111003320166.jpg

 

 

 

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Det er nok på tide at eg skaffar meg nye briller!  Eg skumma gjennom dødsfallsprotokollane for Hammerfest, men fann IKKJE dette dødsfallet.  Men det er jo ingen tvil.  Du Sven har funne rett person, og problemet mitt er med eitt 100% løyst!  Hjarteleg takk til deg!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for eit spennande innlegg!

 

Nei, denne hadde eg ikkje fått med meg, men no er saki notert!

 

Nok ein kjempetakk for at du er merksam, Ivar, og fangar opp interessante detaljar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.