Gå til innhold
Arkivverket

Christian Nilsson Solvorn eller Fet - fødd Hafslo 1864 - til Stavanger 1879 - seinare lagnad? - sjømann? - Amerika??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I ei bygdebok er det alltid "lause trådar" som synest vonlause å finna att, og denne Christian er kanskje ein slik..., men ikkje desto mindre!  Ein eller annan stad må jo ogso han ha vorte av...:

 

Christian Nilsson, fødd i Solvorn i Hafslo, Sogn 17.11.1864, var son av jekteskipper Nils Larsson Borlaug frå Leikanger og Synneva OIlsdotter Fet som skilde lag berre månader etter at sonen var fødd.  Mori flytte attende til foreldri sine på garden Fet, og der voks Christian opp.

 

Mori døydde i 1878, og i juli 1879 flytte Christian til Stavanger.  Attesten fekk han hjå soknepresten i Hafslo i 1881.  Her er han kalla berre Christian Nilsson (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6870&idx_id=6870&idx_listetype=uf&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-93).

 

Eg ser berre ei forklaring på denne flyttingi:  Mori hadde ein bror Ole, og biografien til Ole talar for seg sjølv:

 

Ole Olson, f. 5.1.1838,

Ole O. Feet gjekk i ung alder inn i forsvaret som yrkesoffiser, og han budde mellom anna ei tid i Haugesund, men gifte seg i Sand i Ryfylke 20.9.1867 med Johanna Larsdotter frå Mosaviki under Valaker i Hafslo.  Ho var f.  Hafslo 17.10.1833, men flytte òg tidleg heimefrå.  Ho vart uteksaminert jordmor og budde mellom anna hjå lensmann Landmark på Hegrenes i Jølster før ho flytte til Ryfylke.  Ole og Johanna Feet flytte i 1869 vidare til Stavanger der Ole arbeidde som politibetjent, men han vart kalla føreverande kommandersersjant då han d. i Stavanger 26.3.1913.  Johanna Feet d. same staden 30.10.1921.  Dei var barnlause.

 

Christian er nok flytt inn hjå Ole og Johanna som ein "son i huset", men so er altso spørsmålet:  Let det seg gjera finna ut noko meir om lagnaden til Christian Nilsson?  Vart han buande i Stavanger?  Reiste han til sjøs?  Utvandra han til Amerika?

 

Eg tek imot alle gode tips med stor takksemd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for interessant innlegg!

 

Eg vil då nytta høvet til å introdusera ein "dobbeltgjengar" til den første Christian Nilsson Solvorn.  Den som Grethe har funne, er denne:

 

Christian Nilsson Solvorn, fødd i Solvorn, Hafslo 8.5.1861 som son av krambosvein og fiskar Nils Olson Solvorn (1817-1883) og kona, jordmor Kari Jensdotter (1822-1906).  Denne Christian utvandra til Amerika i 1879 og reiste då i lag med svogeren Isak Christopher Huun frå Lærdal (1842-1909) til Waupaca Co., WI der Isak arbeidde som tinnsmed.  Christian gjekk der oi tinnsmedlære og er nemnd i FT1880, men vert sidan borte for oss.  Me veit han framleis levde i 1906 då mori døydde i Solvorn, men diverre er det ikkje oppgjeve noki adresse...!

 

Ein mogeleg "kandidat" til denne siste Christian er ein Christian Nelson, fødd i May 1860, som i 1900 var gift og budde i Marathon Co., WI med fleire born, men han var kokk, so då stemmer vel ikkje det...

 

Eg ville sjølvsagt verta overlukkeleg om ogso denne Christian kunne oppsporast!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil berre kort nemna at eg har sjekka ut dødsmeldingane etter kommandersersjanten Ole Olson Feet som døydde i Stavanger i 1913, men fann diverre ikkje noko anna enn eit testament.  Og då enkja hans døydde i 1921 var ei brordotter hennar innsett som eineerving!

 

Ein er nesten frista til å tru at søstersonen hans døydde tidleg eller reiste bort i ung alder...

 

Det veft nok ikkje lett å løysa dette problemet, og heller ikkje spørsmålet om namnebroren i Amerika, men eg har liksom ikkje heilt lyst til å sleppa taket i desse folki riktig endå...  Kanskje sit det nokon der ute med ein joker i ermet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordringi frå i fjor!

 

Namnebroren i Amerika har eg ikkje greidd å finna att, og heller ikkje Christian Nilson som flytte til Stavanger!  Finst det kan henda tilgjengelege manntalslister frå Stavanger, som kan bidra med noko?

 

Eg står "bom fast" og takkar so mykje for kvart einaste vesle tips som kan bidra tiol å løysa denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for nytt innlegg frå i aftes og likeins til Lisa for direkte e-post med dødannonsene til Ole og Johanne Feet.

 

Eg har dei opplysningane eg treng om Ole og Johanne, men funnet frå 1885-teljigi er interessant.  Det at søstersonen Christian Nilsson ikkje er nemnd i lag med dei i 1885 synes heilt klart å peika på at:

 

* Christian var avliden før 1885, eller

 

* Christian var flytt frå Stavanger att, kan henda til Amerika?

 

Eg har i kveld blatt igjennom kyrkjebøkene for Stavanger:

 

* Domkyrkja avlidne 1884-1885, utflytte 1880-1885

 

* St, Johannes avlidne 1885, utflytte 1886

 

* Stg. Petri avlidne 1884-1885, utflytte 1880-1885

 

men utan å finna spor etter Christian Nilsson.  Kanskje eg har oversett noko - utflyttelistene er dels uoversiktlege å lesa...?

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips om lagnaden til Christian Nilsson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lisa for ny direkte melding og rapport frå den kommunale teljingi for Stavanger frå 1894.  Altso var det ingen Christian Nilsson å sjå der heller!

 

Det er vel ikkje so usannsynleg å tru at Christian har utvandra til Amerika.  Eg har alt leitt etter han der borte, men so langt utan hell...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Emigrantprotokollene for Stavanger i den periode som Christian kan ha utvandret, mangler, så da har vi vel et problem. Jeg har også tenkte på at kanskje han finnes i "nabolaget" til Stavanger, eller kanskje han ikke kom så langt i det hele tatt? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt interessant innlegg

 

Eg syner til innlegg #1 om Christian og flyttingi hans frå Hafslo.  Der går det fram at han flytte alt i 1879, men attesten vart ikkje skriven før våren (april?) 1881, som forsovidt godt kunne ha vore eit aktuelt tidspunkt for å springa på ei emigrantskute til Amerika.

 

Elles har eg saumfare innflyttngslistene for Domkyrkja og St. Petri for 1879-1884, men utan å finna Christian nemnd der heller!

 

Kvar kan no denne guten ha vorte av?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg etter mykje leiting endeleg finna att det gamle notatet som eg gjorde frå eit skifte i indre Sogn i 1884.  Der heiter det heilt klart og tydeleg at Christian Nilsson då var busett i AMERIKA.  So han bør vera på ei eller anna skipsliste frå Stavanger til Amerika mellom 1881 og 1884!

 

Kanskje Norway Heritage kan hjelpa oss??

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.