Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Synneva (1820-1871) og Jens Bloch Helmers (1825-1898) - Florø - huslyden deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Mari Aamundsdotter frå Sogndal (1796-    ) var gift to gongar i Hafslo.  Andre ekteskapet hennar er drøfta i eit anna tema, medan eg her vil drøfta huslyden til den einaste dotteri hennar frå første ekteskapet, Synneva gift Helmers i Florø.

 

Denne huslyden har vore drøfta fleire gongar før, men noki fullstendig framstilling har eg ikkje funne so langt.  Her følgjer utdrag frå manuskriptet mitt med kva eg har samla for bygdeboki for Luster:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Synneva Olsdotter, f. 24.10.1820,

Synneva Olsdotter flytte i ung alder til Florø i Kinn der ho 5.1.1847 gifte seg med Jens Bloch Helmers Pederson frå Florø, kjend som Jens Bloch Helmers.  Han var son av gardbrukar Peder Jensson Helmers i Florø, opphavleg frå Batalden i Kinn, og kona Øllegaard Amle Paulsdotter Jæger frå Voss og f. i Kinn 6.8.1825.  Jens og Synneva var gardbrukarar i Florø der Synneva d. 17.2.1871.  Jens Helmers d. same staden 14.8.1898.  Dei fekk ni born i lag:

a. Oleane Margrethe Jensdotter Helmers, f. i Florø 18.2.1847, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar?)

 

     6.8.1919.  Oleane gifte seg i Florø 2.5.1878 med Marcus Olson Skaaden frå Skåden i Innvik, f. i Innvik 4.10.1840.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)

 

     Marcus Skaaden var handelsmann, og han og Oleane budde i

 

     ¤¤¤¤¤ (bustaden deira? – budde 1885 i Florø – Marcus i Florø 1900! – sidan kvar??)

 

     Dei var barnlause.

b. Petrine Ølgine Jensdotter Helmers, f. i Florø 15.11.1848, d. ugift i Florø 17.5.1867.

c. Peder Jensson Helmers, f. i Florø 3.1.1851, d. i Florø 10.1.1851.

d. Marie Helene Jensdotter Helmers, f. i Florø 20.1.1852, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar?)

 

     14.6.1915.  Marie gifte seg i Florø 12.6.1874 med enkjemannen Carl Henrik Edvard Jensson Schmidt frå Helleland, men f. i Skjervøy, Troms 25.4.1829.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans?)

 

     18.5.1920.  Carl var dyrlækjar og hadde tidlegare m.a. vore busett i Molde, men flytte med Marie til Kongsberg og sidan til Moss. 

 

     ¤¤¤¤¤ (kan me seia det slik? – 1900: kommunal dyrlækjar, busette Dronningens gade 19e, Moss!)

 

     Me kjenner til ti born etter Carl Schmidt; av dei var fire frå andre ekteskapet med Marie Helmers.

e. Bolette Malene Jensdotter Helmers, f. i Florø 5.12.1854, d. i Florø 23.4.1929.  Bolette gifte seg i Florø 21.6.1887 med Carl Olsen frå Lærdalsøyri i Lærdal, f. i Lærdal 14.8.1855.  Han d. i Florø 24.3.1894.  Carl Olsen var dampskipsrestauratør og sidan hotelleigar i Florø der han og Bolette budde levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

f. Peder Olaus Jensson Helmers, f. i Florø 22.5.1857, d. i Florø 9.12.1933.  Peder Helmers gifte seg i Lærdal 11.11.1886 med Ragnhild Olsen frå Lærdalsøyri i Lærdal.  Ho var f. i Lærdal 3.3.1860 og d. i Florø 23.1.1945.  Peder Helmers var gardbrukar, hamnefut, skipsførar og losoldermann, og han og Ragnhild budde i Florø levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

g. Øllegaard Amalia Jensdotter Helmers, f. i Florø 16.2.1859, d. i Florø 15.4.1867.

h. Jens Bloch Severin Jensson Helmers, f. i Florø 26.1.1861, d. i Florø 12.5.1904.  Jens gifte seg første gongen i Florø 10.10.1881 med Anna Elisa Statiusdotter Strømstedt frå Tromsø, f. i Vadsø 6.6.1860.  Men Anna d. i Florø alt 29.12.1881.  So gifte Jens seg att i Florø 20.4.1896 med Hanna Constance, kjend som Constance Conradsdotter Gärtner.  Ho var f. i Trondheim 1.9.1867 og d. i Drøbak 4.11.1930.  Jens var sagbrukseigar, medan andre kona Constance var bilethoggar.  Dei budde i Florø.  Jens fekk i alt fem born, eitt frå første ekteskapet og fire frå det andre.

i. Lorents Andreas Jensson Helmers, f. i Florø 29.10.1863, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – Narvik?)

 

     11.6.1911.  Han gifte seg i Bergen 3.12.1900 med Anne Helene Birgitte, kjend som Helene Arntsdotter Johannessen frå Enge i Etne, f. i Etne 2.4.1880.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Lorents var styrmann, og han og Helene budde

 

     ¤¤¤¤¤ (bustaden deira? – 1900: losjerande i Strandgaten 106 i Bergen – sidan kvar?? – dotter Solfrid Lovise f. i Narvik 1908 – til Oslo 1929)

 

     Dei fekk ei dotter i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er ikkje so mange detaljane som mangar her, men eg vonar på hjelp til å fylla ut so mange som mogeleg av dei og takkar so mykje på førehand!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Markus Olsen Skodden, nummer 5:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Florø i Kinn, Ministerialbok nr. C 2 (1895-1916), Døde og begravede 1911, side 115.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2063&idx_id=2063&uid=ny&idx_side=-106
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050811010544.jpg


Olianna Skodden FT1910:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036709001117

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Aftenposten 7/8 1919:

 

post-77-0-13488400-1404343204_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Markus Olsen Skodden, nummer 5:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Florø i Kinn, Ministerialbok nr. C 2 (1895-1916), Døde og begravede 1911, side 115.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2063&idx_id=2063&uid=ny&idx_side=-106

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050811010544.jpg

Olianna Skodden FT1910:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036709001117

 

Det må understrekast at dødsåret er 1910. (Sida gjeld døde og gravlagde i 1910 og 1911).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Aftenposten 16/6 1915 m. fl.:

 

post-77-0-01774600-1404344104_thumb.jpg

 

Og Nordre Bergenhus Amtstidende (laurdag) 19/6 1915:

 

post-77-0-43442600-1404344243_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Aftenposten 19/5 1920:

 

post-77-0-74178200-1404344563_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

hei Lars!

Berre ein liten ting til det du skriv om Peder Jensson Helmers, far til Jens Block Helmers:

 

Peder vart fødd i Furesundet, gjestgjevarstaden som foreldra Jens Janson Helmers og Malene Pedersdtr. dreiv. Det var Jens Janson som var frå Batalden.

Som ung flytta Peder med foreldra frå Furesundet til øya Flora (og kjøpte garden Nedre Flora). Dei selde gjestgjevarstaden til bergensaren Jens Lind i 1789.

 

Mvh Torbjørn

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe, Sven, Torbjørn I., Egil og Torbjørn H. for mange gode innlegg og fine opplysningar om Helmers-ætti!   Dette er jo berre heilt fantastisk!  Eg oppdagar at det no er berre detaljane om Lorentz og kona hans som manglar!  Her følgjer ei oppdatering:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Synneva Olsdotter, f. 24.10.1820,

Synneva Olsdotter flytte i ung alder til Florø i Kinn der ho 5.1.1847 gifte seg med Jens Bloch Helmers Pederson frå Florø, kjend som Jens Bloch Helmers.  Han var son av gardbrukar Peder Jensson Helmers i Florø, opphavleg frå Furesundet i KinnBatalden i Kinn, og kona Øllegaard Amle Paulsdotter Jæger frå Voss og f. i Kinn 6.8.1825.  Jens og Synneva var gardbrukarar i Florø der Synneva d. 17.2.1871.  Jens Helmers d. same staden 14.8.1898.  Dei fekk ni born i lag:

a. Olianne Margrethe Jensdotter Helmers, f. i Florø 18.2.1847, d. som enkje i Florø 6.8.1919.  Olianne gifte seg i Florø 2.5.1878 med Marcus Olson Skodden frå Skåden i Innvik, f. i Innvik 4.10.1840.  Han d. som sersjant på Solnes i Florø 29.7.1910.  Marcus og Olianne dreiv manufakturhandel i Florø der dei budde levetidi ut.  Dei var barnlause.

b. Petrine Ølgine Jensdotter Helmers, f. i Florø 15.11.1848, d. ugift i Florø 17.5.1867.

c. Peder Jensson Helmers, f. i Florø 3.1.1851, d. i Florø 10.1.1851.

d. Marie Helene Jensdotter Helmers, f. i Florø 20.1.1852, d. i Christiania 15.6.1915.  Marie gifte seg i Florø 12.6.1874 med enkjemannen Carl Henrik Edvard Jensson Schmidt frå Helleland, men f. i Skjervøy, Troms 25.4.1829.  Han d. som enkjemann i Christiania 17.5.1920.  Carl var dyrlækjar og hadde tidlegare m.a. vore busett i Molde, men flytte med Marie til Kongsberg og sidan til Moss.  Siste åri som pensjonistar budde dei so i Christiania.  Me kjenner til ti born etter Carl Schmidt; av dei var fire frå andre ekteskapet med Marie Helmers.

e. Bolette Malene Jensdotter Helmers, f. i Florø 5.12.1854, d. i Florø 23.4.1929.  Bolette gifte seg i Florø 21.6.1887 med Carl Olsen frå Lærdalsøyri i Lærdal, f. i Lærdal 14.8.1855.  Han d. i Florø 24.3.1894.  Carl Olsen var dampskipsrestauratør og sidan hotelleigar i Florø der han og Bolette budde levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

f. Peder Olaus Jensson Helmers, f. i Florø 22.5.1857, d. i Florø 9.12.1933.  Peder Helmers gifte seg i Lærdal 11.11.1886 med Ragnhild Olsen frå Lærdalsøyri i Lærdal.  Ho var f. i Lærdal 3.3.1860 og d. i Florø 23.1.1945.  Peder Helmers var gardbrukar, hamnefut, skipsførar og losoldermann, og han og Ragnhild budde i Florø levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

g. Øllegaard Amalia Jensdotter Helmers, f. i Florø 16.2.1859, d. i Florø 15.4.1867.

h. Jens Bloch Severin Jensson Helmers, f. i Florø 26.1.1861, d. i Florø 12.5.1904.  Jens gifte seg første gongen i Florø 10.10.1881 med Anna Elisa Statiusdotter Strømstedt frå Tromsø, f. i Vadsø 6.6.1860.  Men Anna d. i Florø alt 29.12.1881.  So gifte Jens seg att i Florø 20.4.1896 med Hanna Constance, kjend som Constance Conradsdotter Gärtner.  Ho var f. i Trondheim 1.9.1867 og d. i Drøbak 4.11.1930.  Jens var sagbrukseigar, medan andre kona Constance var bilethoggar.  Dei budde i Florø.  Jens fekk i alt fem born, eitt frå første ekteskapet og fire frå det andre.

i. Lorents Andreas Jensson Helmers, f. i Florø 29.10.1863, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans?)

 

     11.6.1911.  Lorentz utvandra til Amerika som hyresøkjande styrmann i 1895, men kom snart attende til Bergen der han 3.12.1900 gifte seg med Anne Helene Birgitte, kjend som Helene Arntsdotter Johannessen frå Enge i Etne, f. i Etne 2.4.1880.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Lorents var styrmann, og han og Helene budde

 

     ¤¤¤¤¤ (bustaden deira? – 1900: losjerande i Strandgaten 106 i Bergen – 1910 Narvik! – dotter Solfrid Lovise f. i Narvik 1908 – til Oslo 1929)

 

     Dei fekk ei dotter i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nok ein gong ein stor takk for kjempebra teamwork!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Nummer 14: Lorentz Andreas Helmers, død 11.06.1912, gravlagt 17.06.1912 i Narvik

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Narvik i Ofoten, Ministerialbok nr. 871A16 (1902-1925), Døde og begravede 1912, side 41.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39670&idx_id=39670&uid=ny&idx_side=-43
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10041103228044.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for kjempebra innlegg!

 

Då var med andre ord dødsåret hans Lorentz feil, men no er dette retta opp, og det einaste som no manglar, er dødfallet til enkja hans.  Kvar kan ho ha teke vegen?  Eg var for fleire år sidan i kontakt med eterslekti etter dotteri deira, men dei visste INGEN TING om lagnaden til bestemori!  Sannsynleg er det likevel at ho hamna i Oslo...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Helene Helmers kom nok ikke så langt som til Oslo.....

Hun giftet seg på ny 04.04.1914 hos byfogden i Narvik  og døde 30.09.1916 i Narvik.

 

Par nummer 5 fra toppen:

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Narvik i Ofoten, Ministerialbok nr. 871A15 (1902-1917), Borgerlig viede 1911-1915, side 100.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39669&idx_id=39669&uid=ny&idx_side=-102
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10041103227103.jpg

 

 

Nummer 15:

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Narvik i Ofoten, Ministerialbok nr. 871A16 (1902-1925), Døde og begravede 1916, side 55.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39670&idx_id=39670&uid=ny&idx_side=-57
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10041103228058.jpg

 

 

Da datteren Solfrid Lovise ble konfirmert 06.05.1923 hadde hun adresse på barnehjemmet.

Nummer 26:

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Narvik, Ministerialbok nr. 871A20 (1921-1932), Konfirmerte 1923, side 21.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39674&idx_id=39674&uid=ny&idx_side=-23
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb1004110

 

Datteren Solfrid døde i Oslo 26.05.1964

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for det siste flotte innlegget under dette emnet frå tidlegare i dag!  Eg er imponert over at du fann dødsfallet so kjapt, men det er ei glede for meg å seia at problemet no er heilt løyst og at huslyden til Synneva Helmers no ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Synneva Olsdotter, f. 24.10.1820,

Synneva Olsdotter flytte i ung alder til Florø i Kinn der ho 5.1.1847 gifte seg med Jens Bloch Helmers Pederson frå Florø, kjend som Jens Bloch Helmers.  Han var son av gardbrukar Peder Jensson Helmers i Florø, opphavleg frå Furesundet i KinnBatalden i Kinn, og kona Øllegaard Amle Paulsdotter Jæger frå Voss og f. i Kinn 6.8.1825.  Jens og Synneva var gardbrukarar i Florø der Synneva d. 17.2.1871.  Jens Helmers d. same staden 14.8.1898.  Dei fekk ni born i lag:

a. Olianne Margrethe Jensdotter Helmers, f. i Florø 18.2.1847, d. som enkje i Florø 6.8.1919.  Olianne gifte seg i Florø 2.5.1878 med Marcus Olson Skodden frå Skåden i Innvik, f. i Innvik 4.10.1840.  Han d. som sersjant på Solnes i Florø 29.7.1910.  Marcus og Olianne dreiv manufakturhandel i Florø der dei budde levetidi ut.  Dei var barnlause.

b. Petrine Ølgine Jensdotter Helmers, f. i Florø 15.11.1848, d. ugift i Florø 17.5.1867.

c. Peder Jensson Helmers, f. i Florø 3.1.1851, d. i Florø 10.1.1851.

d. Marie Helene Jensdotter Helmers, f. i Florø 20.1.1852, d. i Christiania 15.6.1915.  Marie gifte seg i Florø 12.6.1874 med enkjemannen Carl Henrik Edvard Jensson Schmidt frå Helleland, men f. i Skjervøy, Troms 25.4.1829.  Han d. som enkjemann i Christiania 17.5.1920.  Carl var dyrlækjar og hadde tidlegare m.a. vore busett i Molde, men flytte med Marie til Kongsberg og sidan til Moss.  Siste åri som pensjonistar budde dei so i Christiania.  Me kjenner til ti born etter Carl Schmidt; av dei var fire frå andre ekteskapet med Marie Helmers.

e. Bolette Malene Jensdotter Helmers, f. i Florø 5.12.1854, d. i Florø 23.4.1929.  Bolette gifte seg i Florø 21.6.1887 med Carl Olsen frå Lærdalsøyri i Lærdal, f. i Lærdal 14.8.1855.  Han d. i Florø 24.3.1894.  Carl Olsen var dampskipsrestauratør og sidan hotelleigar i Florø der han og Bolette budde levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

f. Peder Olaus Jensson Helmers, f. i Florø 22.5.1857, d. i Florø 9.12.1933.  Peder Helmers gifte seg i Lærdal 11.11.1886 med Ragnhild Olsen frå Lærdalsøyri i Lærdal.  Ho var f. i Lærdal 3.3.1860 og d. i Florø 23.1.1945.  Peder Helmers var gardbrukar, hamnefut, skipsførar og losoldermann, og han og Ragnhild budde i Florø levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

g. Øllegaard Amalia Jensdotter Helmers, f. i Florø 16.2.1859, d. i Florø 15.4.1867.

h. Jens Bloch Severin Jensson Helmers, f. i Florø 26.1.1861, d. i Florø 12.5.1904.  Jens gifte seg første gongen i Florø 10.10.1881 med Anna Elisa Statiusdotter Strømstedt frå Tromsø, f. i Vadsø 6.6.1860.  Men Anna d. i Florø alt 29.12.1881.  So gifte Jens seg att i Florø 20.4.1896 med Hanna Constance, kjend som Constance Conradsdotter Gärtner.  Ho var f. i Trondheim 1.9.1867 og d. i Drøbak 4.11.1930.  Jens var sagbrukseigar, medan andre kona Constance var bilethoggar.  Dei budde i Florø.  Jens fekk i alt fem born, eitt frå første ekteskapet og fire frå det andre.

i. Lorents Andreas Jensson Helmers, f. i Florø 29.10.1863, d. som styrmann i Narvik 11.6.1912.  Lorentz utvandra til Amerika som hyresøkjande styrmann i 1895, men kom snart attende til Bergen der han 3.12.1900 gifte seg med Anne Helene Birgitte, kjend som Helene Arntsdotter Johannessen frå Enge i Etne, f. i Etne 2.4.1880.  Ho gifte seg att som enkje, men d. i Narvik 30.8.1916.  Lorents var styrmann, og han og Helene budde først ei tid i Bergen og sidan i Narvik.  Dei fekk ei dotter i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

No er det å vona at halvsøskeni til Synneva kan sporast opp like greit som denne huslyden... (http://forum.arkivverket.no/topic/191518-mari-aamundsdotter-1796-fr%C3%A5-hafslo-til-flor%C3%B8-med-barn-og-barneborn-ei-skikkeleg-utfordring/)

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×