Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Skomakarmeister Rasmus Andersen (1818-1886) og kona Marie (1817-1893) frå Bergen via Solvorn, Hafslo til Chicago, IL - nok ei utfordring?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden har ingi direkte tilknytting til Luster kommune, men dei budde i Solvorn kring 10 år før dei kring 1855 utvandra til Chicago, IL.  Opplysningane mine om dei frå Amerika er heller "tunne", so om nokon kan hjelpa meg til fleire detaljar, ville eg setja kjempestorpris på det!

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Rasmus Tønnesson Andersen, frå Bergen, var son av skreddarmeister Tønnes Abrahamson Andersen i Bergen, opphavleg frå Kristiansand, og kona Caroline Benedicte Torkildsdotter Rasmussen frå Bergen og f. i Bergen 5.2.1818.  Han gifte seg i Bergen 27.2.1842 med Bertha Marie, kjend som Maria Rasmusdotter, òg frå Bergen.  Ho var dotter av dagarbeidar Rasmus Rasmusson Bruland i Bergen, opphavleg frå Bruland i Utvik, Innvik, og kona Anna Sirene Mikkelsdotter frå Bergen og f. i Bergen 5.4.1817.

Rasmus Andersson var skomakarmeister, og han og Maria budde først i Walckendorffsgaten i Bergen fram til kring 1845.

Men kring 1845 flytte Rasmus og Maria til Solvorn.  Dei busette seg i Solvornstrondi, og me trur det var dei som rydda denne bustaden i almenningi.  Rasmus heldt fram som skomakar, og huslyden budde i strondi til kring 1855.

Rasmus og Mary Andersen utvandra kring 1855 til Amerika og busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der Rasmus heldt fram som skomakar (”shoemaker”).  Rasmus d. i Chicago, Ill. 3.4.1886, medan Mary Andersen d. same staden 6.5.1893.

Rasmus og Maria fekk fire born i lag:

 1. Thora Benedicte Rasmusdotter, f. i Bergen 11.4.1842,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

 2. Reinholdt Andreas Rasmusson, f. i Bergen 15.4.1844,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

 3. Rassemine Marie, kjend som Maria Rasmusdotter, f. i Hafslo 22.6.1847,

 

     ¤¤¤¤¤ (married August Amunson, born Norway 1852 – carpenter Chicago 1870 – ch. incl:

            – Josephine, IL 1866

            – Reinholdt August, Chicago, IL June 8, 1870 – witn.: Johan and Antonette Davidson!)

 

 4. Anton Rasmusson, f. i Hafslo 22.3.1850,

 

     ¤¤¤¤¤ (Anthony Anderson – sailor, lived 1880 Chicago, IL with parents, married to Sarah, born NY 1862 (parents both born Prussia)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg gjer rekning med at borni i Amerika har skrive seg for Anderson, men ein kan sjølvsagt aldri vera 100% sikker...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Finner  Thora Benedicte Andersen gift i Finnås 8. november 1862, med Odd Svendsen Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Finnås, Ministerialbok nr. A 7 (1850-1862), Ekteviede 1862, side 240.
Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8271&idx_id=8271&uid=ny&idx_side=-234
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070221640236.jpg

 

I 1865 bor de i Horten http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038103003826

 

Det var vel hun som døde i Oslo 31 år gammel i 1873 https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/NWPL-QMD

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for ein framifrå og overraskande attendemelding på dette emnet!

 

Det var ei stor overrasking for meg å sjå at Thora vart att i Noreg då resten av huslyden ser ut til å ha utvandra til Amerika, og etter dette må eg stilla meg spørsmålet om ikkje foreldri utvandra noko seinare enn det eg til no har trutt?

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt for huslyden der eg òg har teke med opplysningar om to ekstra born etter Odd og Thora fødde i Horten.  Elles er det underleg at ikkje Odd Svendsen er å sjå i folketeljingane frå 1875 eller nyare.  Eg finn forresten heller ikkje dåpen til den eldste sonen i Lavik...

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Rasmus Tønnesson Andersen, frå Bergen, var son av skreddarmeister Tønnes Abrahamson Andersen i Bergen, opphavleg frå Kristiansand, og kona Caroline Benedicte Torkildsdotter Rasmussen frå Bergen og f. i Bergen 5.2.1818.  Han gifte seg i Bergen 27.2.1842 med Bertha Marie, kjend som Maria Rasmusdotter, òg frå Bergen.  Ho var dotter av dagarbeidar Rasmus Rasmusson Bruland i Bergen, opphavleg frå Bruland i Utvik, Innvik, og kona Anna Sirene Mikkelsdotter frå Bergen og f. i Bergen 5.4.1817.

Rasmus Andersson var skomakarmeister, og han og Maria budde først i Walckendorffsgaten i Bergen fram til kring 1845.

Men kring 1845 flytte Rasmus og Maria til Solvorn.  Dei busette seg i Solvornstrondi, og me trur det var dei som rydda denne bustaden i almenningi.  Rasmus heldt fram som skomakar, og huslyden budde i strondi til kring 1855.

Rasmus og Mary Andersen flytte kring 1855 til

 

##### (kvar flytte dei? – Bergen? – Mosterhamn i Finnås??)

 

men utvandra kring 1865 til Amerika og busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der Rasmus heldt fram som skomakar (”shoemaker”).  Rasmus d. i Chicago, Ill. 3.4.1886, medan Mary Andersen d. same staden 6.5.1893.

Rasmus og Maria fekk fire born i lag:

 1. Thora Benedicte Rasmusdotter, f. i Bergen 11.4.1842,

Thora Andersen flytte

 

##### (kvar flytte ho og kva tid? – budde Mosterhamn 1862!)

 

men gifte seg i Moster, Finnås 8.11.1862 med Odd Svendsen frå Vettestø i Etne.  Han var son av

 

##### (gardbrukar eller husmann?)

 

Svend Oddson på Vettestø, opphavleg frå Jåstad i Ullensvang, og kona Britha Olsdotter frå

 

##### (kva gard i Granvin)

 

og f. på Jåstad i Kinsarvik, Ullensvang 4.11.1836.  Han flytte med foreldri til Etne i 1847.  Odd var lærarutdanna

 

##### (kan henda frå Stord?)

 

##### (bustader? – inkl. Horten 1865!)

 

men Thora d. i Christiania 15.9.1873, og Odd

 

##### (seinare lagnad til Odd Svendsen?)

 

Born:

a. Svend Løget Oddson Svendsen, f. i Lavik

 

     ##### (1863 – n. 1865! – lagnad?)

 

b. Rasmus Emanuel Oddson Svendsen, f. i Etne 4.5.1865,

 

     ##### (n. 1865! – lagnad?)

 

c. Bertha Marie Oddsdotter Svendsen, f. i Horten 21.11.1867,

 

     ##### (lagnad?)

 

d. Reinholt Andreas Oddson Svendsen, f. i Horten 27.2.1870,

 

     ##### (lagnad?)

 

 2. Reinholdt Andreas Rasmusson, f. i Bergen 15.4.1844,

 

     ##### (lagnad? – kan henda avliden kring 1869?)

 

 3. Rassemine Marie, kjend som Maria Rasmusdotter, f. i Hafslo 22.6.1847,

Marie Anderson utvandra til Amerika med foreldri sine kring 1865 og gifte seg

 

##### (date and place of her marriage? – prior to 1870!)

 

med August Amundson frå

 

##### (opphavet hans?)

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (fødd i Noreg kring 1852! – sjekka årstalet?)

 

##### (occupation and place of residence? – 1870 carpenter Chicago, IL!)

 

##### (their deaths?)

 

Born:

a. Josephine Amundson, f. i Chicago, Ill.

 

     ##### (1866 – n. 1870 – destiny?)

 

b. Reinholdt August Amundson, f. i Chicago, Ill. 8.6.1870,

 

     ##### (bapt. witnesses Johan and Antonette Davidson – destiny?)

 

 4. Anton Rasmusson, f. i Hafslo 22.3.1850,

Anthony Anderson utvandra til Amerika med foreldri sine kring 1865 og gifte seg

 

##### (date and place of his marriage? – 1879?)

 

med Sarah

 

##### (info? – born NY 1862 – parents from Prussia!)

 

##### (sailor – lived 1880 with his parents in Chicago, IL – later?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det finst ei god bygdebokserie for Etne i Sunnhordland, og sidan Odd Svendson har tilknytting der, vil eg ta oppå som eige eige tema eit spørsmål om å få undersøkt kva opplysningar som kjem fram der om denne ætti.  Om Carsten Schanche kan leggja til nokoom Odd som skulemann, står òg att å spørja om...

 

Nok ein gong ein skikkeleg stor takk til Lars J. for denne oppdagingi!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Solveig R Håklev

Dødsfallet til Thora Benedicte, nr 419

Ser ut som det er mannen og datteren Berte Marie som lever

Kildeinformasjon: Akershus fylke, Aker sorenskriveri, Dødsfallsprotokoll 5 (Haa 0005), 1873-1876, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Merknader: Inneholder også diverse notatsider, blant annet Registry Book of the Names & Particulars of distressed Seamen relived by Her Majesty Consul General at Christiania og diverse utbetalingslister.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27360/47/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090519330455.jpg

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Dødsfallet til Odd Svendsen, nummer 50. Datteren Berta Marie Svendsen er eneste arving

 

Kildeinformasjon: Akershus fylke, Aker sorenskriveri, Dødsfallsprotokoll 6 (Haa 0006), 1876-1886, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27361/94/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090519330675.jpg

 

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Svend Løgit  døpt 24. januar 1864 i Lavik Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lavik i Lavik, Klokkerbok nr. A 1 (1854-1881), Fødte og døpte 1864, side 31.
Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11562&idx_id=11562&uid=ny&idx_side=-33
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511620004.jpg

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Solveig, Sven og Lars J. for tilleggsopplysningane om Svendsen-ætti som vart innlagde her.  Gjennom ein heilt fantastisk "dugnad" er Svendsen-ætti no på det næraste heilt løyst som eige tema, men eg vil gjerne få leggja inn ei oppdatering av heile huslyden til Rasmus Andersen her.  Det er framleis problem med å finna att den delen av ætti som utvandra til Chicago...:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Rasmus Tønnesson Andersen, frå Bergen, var son av skreddarmeister Tønnes Abrahamson Andersen i Bergen, opphavleg frå Kristiansand, og kona Caroline Benedicte Torkildsdotter Rasmussen frå Bergen og f. i Bergen 5.2.1818.  Han gifte seg i Bergen 27.2.1842 med Bertha Marie, kjend som Maria Rasmusdotter, òg frå Bergen.  Ho var dotter av dagarbeidar Rasmus Rasmusson Bruland i Bergen, opphavleg frå Bruland i Utvik, Innvik, og kona Anna Sirene Mikkelsdotter frå Bergen og f. i Bergen 5.4.1817.

Rasmus Andersson var skomakarmeister, og han og Maria budde først i Walckendorffsgaten i Bergen fram til kring 1845.

Men kring 1845 flytte Rasmus og Maria til Solvorn.  Dei busette seg i Solvornstrondi, og me trur det var dei som rydda denne bustaden i almenningi.  Rasmus heldt fram som skomakar, og huslyden budde i strondi til kring 1855.

Rasmus og Mary Andersen flytte kring 1855 til

 

##### (kvar flytte dei? – Bergen? – Mosterhamn i Finnås??)

 

men utvandra kring 1865 til Amerika og busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der Rasmus heldt fram som skomakar (”shoemaker”).  Rasmus d. i Chicago, Ill. 3.4.1886, medan Mary Andersen d. same staden 6.5.1893. 

 

Rasmus og Maria fekk fire born i lag:

 1. Thora Benedicte Rasmusdotter, f. i Bergen 11.4.1842,

Thora Andersen flytte

 

##### (kvar flytte ho og kva tid? – til Bergen? – budde Mosterhamn 1862!)

 

men gifte seg i Moster, Finnås 8.11.1862 med Odd Svendsen frå Vettestø i Etne.  Han var son av gardbrukar og smed Svend Oddson på Vettestø, sidan på Teigland i Etne, opphavleg frå Jåstad i Ullensvang, og kona Britha Olsdotter frå Røynstrand i Granvin og f. på Jåstad i Kinsarvik, Ullensvang 4.11.1836.  Han flytte med foreldri til Etne i 1847.  Odd gjekk lærarskulen, truleg på Stord, og arbeidde som lærar mellom anna i Lavik og i Horten til han kring 1871 vart lærar ved Storo skule i Vestre Aker der Thora d. 15.9.1873.  Odd Svendsen d. som lærar og enkjemann same staden 30.3.1879.  Dei fekk fire born i lag:

a. Svend Løget Oddson Svendsen, f. i Lavik 5.8.1863, d. i Vestre Aker 11.8.1872.

b. Rasmus Emanuel Oddson Svendsen, f. i Etne 4.5.1865, d. i Vestre Aker 8.4.1872.

c. Bertha Marie, kjend som Marie Oddsdotter Svendsen, f. i Horten 21.11.1867, voks opp hjå besteforeldri sine på Teigland i Moster, Finnås men d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ho gifte seg i Moster, Finnås 18.11.1893

 

     ##### (eller skal det vera 1894? – kyrkjeboki uklar!?)

 

     med Theodor Bertinius Jacobson Kjelland frå Stavanger, kjend som Theodor Michaelsen.  Han var f. i Stavanger 9.11.1864 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Theodor var bøkkersvein i Stavanger der han og Marie budde levetidi ut.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – FT1910 nemner sju stk., men ein son d. òg ung!)

 

d. Reinholt Andreas Smith Oddson Svendsen, f. i Horten 27.2.1870, d. i Horten 13.8.1871.

 2. Reinholt Andreas Rasmusson, f. i Bergen 15.4.1844,

 

     ##### (lagnad? – kan henda avliden kring 1869?)

 

 3. Rassemine Marie, kjend som Maria Rasmusdotter, f. i Hafslo 22.6.1847,

Marie Anderson utvandra til Amerika med foreldri sine kring 1865 og gifte seg

 

##### (date and place of her marriage? – prior to 1870!)

 

med August Amundson frå

 

##### (opphavet hans?)

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (fødd i Noreg kring 1852! – sjekka årstalet?)

 

##### (occupation and place of residence? – 1870 carpenter Chicago, IL!)

 

##### (their deaths?)

 

Born:

a. Josephine Amundson, f. i Chicago, Ill.

 

     ##### (1866 – n. 1870 – destiny?)

 

b. Reinholdt August Amundson, f. i Chicago, Ill. 8.6.1870,

 

     ##### (bapt. witnesses Johan and Antonette Davidson – destiny?)

 

 4. Anton Rasmusson, f. i Hafslo 22.3.1850,

Anthony Anderson utvandra til Amerika med foreldri sine kring 1865 og gifte seg

 

##### (date and place of his marriage? – 1879?)

 

med Sarah

 

##### (info? – born NY 1862 – parents from Prussia!)

 

##### (sailor – lived 1880 with his parents in Chicago, IL – later?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har framleis ei kjensle av å "trampa i blinde" når det gjeld dei to yngste borni i Amerika.  Kanskje er det ikkje noko meir enn at eg enno ikkje har leitt på rette staden?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hei Lars!

 

Jeg har sittet og sett litt på opplysningene om Rassemine og mannen August Amundsen. Hvis de fikk en datter Josephine i 1866, ville August bare ha vært 16 år gammel - født ca. 1852. Det er kanskje litt tidlig? Kan han være født i omkring 1842??? - eller på 1840-tallet?


Og her ser at det står fødselsår 1841-42 på August i f.t. 1870:

 

August Amunson in household of Rasmus Anderson

United States Census, 1870

 

 

Rasmus Anderson   M 52 Norway Marg Anderson   F 53 Norway August Amunson   M 28 Norway Marg Amunson   F 23 Norway Josephine Amunson   F 4 Illinois Armstrong Anderson   M 20 Norway

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for interessant og nyttig innlegg!

 

Du har sjølvsagt heilt rett med omsyn til alderen på August Amundson.  Han må vera fødd kring 1842 og ikkje 1852.  Men han skal vera fødd i Noreg, og det er ikkje so mange alternativ for kven han kan ha vore!  Ser me på FamilySearch, er det i grunnen berre desse fem alternativi som er aktuelle:

 

* August Amundson, fødd i Trysil 14.1.1841, døypt 18.4.1841 av foreldri Amund Pederson og Siri Olsdotter

 

* August Christian Amundson, fødd i Orkdal 3.8.1842, døypt 19.9.1842 av foreldri Amund Brokken og Regine Brokken Pedersen

 

* Augustinus Amundsen, fødd på Elverum 27.2.1843, døypt 7.5.1843 av foreldri Amund Amundson og Bertha Christensdotter

 

* Christian August Amundsen, fødd i Christiania 1.8.1841, døypt 12.9.1841 av foreldri Amund Pederson og Kirstina Einersdotter

 

* Lars August Amundsen, fødd i Krosskyrkja, Bergen 3.8.1841, døypt 22.8.1841 av foreldri Amund Olson Sculstad og Synneva Larsdotter

 

Det kan sjølvsagt finnast andre som ikkje er registrerte hjå FamilySearch, men kanskje kan ein i utgangspunktet freista "plassera" desse fem?

 

* August frå Trysil budde 1865 framleis heime hjå mor si i Trysil og kan vel utelukkast (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0428&kenr=005&bnr=0040&lnr=00).  Dessutan ser eg at han gifte seg i Trysil i 1868...

 

Dei andre ser eg ikkje i FT1865 eller mellom vigde hjå FamilySearch.  August Christian frå Orkdal tykkjer eg ser særleg spennande ut... (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2393&idx_id=2393&uid=ny&idx_side=-22)

 

Kanskje nokon har tips å komma med?

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi for avklaring av den eine "kandidaten" for August Amundson eg hadde funne frå Orkdal.

 

Tja, om det ikkje er han, kven kan det då vera?  Kanskje Augustinus frå Elverum?

 

Eller kanskje ein som me ikkje enno har oppdaga...?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Finner Augustinus Amundsen i stamrullen for østerdalske kompani: 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/44/pp00000000170345

 

Og her vel samme mannen i f.t. 1865 - bosatt hjemme hos foreldrene, tømmerhogger:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038045004034

 

Og her er han i 1875: https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/X7NQ-PS7

 

Det er en Augustinus Amundsen som utvandrer, men det er i 1873 og han er gift. Jeg finner ham innført som både far og fadder ved barnedåper i Vestre Toten i årene før han utvandret. Så han kan du se bort fra. 

 

Kanskje August hadde et annet farsnavn i Norge og at Amundsen er farsnavnet/etternavnet til faren hans? Hvis faren for eksempel het Peder Amundsen, så har sønnen vært registrert som Amund Pedersen? Er det en umulig tanke??

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande bidrag til denne debatten!

 

So var det altso heller ikkje Augustinus Amundson frå Elverum!

 

Då er det ikkje godt å seia kven dette kan ha vore.  Eg er samd med deg, Grethe, i at August kan ha hatt eit anna patronymikon i Noreg, men barnedåpen frå 1870 som eg har frå ei kyrkjebok i Chicago, IL, oppgjev August Amundson som namn, og kyrkjebøkene pla vera ganske so "korrekte" med namni...

 

Eg vil freista forska noko meir i kyrkjebøker i Chicago, IL, men noki enkel oppgåve er ikkje det med so mange norske kyrkjelyder...

 

Det er elles svært so underleg at huslyden til August and Rassemine Marie ikkje skal vera å sjå spor etter i det heile i FT1880!

 

Eg takkar på ny for alle nyttige innspel!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil gjerne få henta fram att denne huslyden som delvis "forsvinn" i Chicago, IL.  Dei kanskje mest spennande spørsmåli gjeld det norske opphavet til svigersonen AUGUST AMUNDSON og lagnaden til sonen ANTON?

 

Eg attgjev ein oppdatert versjon:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Rasmus Tønnesson Andersen, frå Bergen, var son av skreddarmeister Tønnes Abrahamson Andersen i Bergen, opphavleg frå Kristiansand, og kona Caroline Benedicte Torkildsdotter Rasmussen frå Bergen og f. i Bergen 5.2.1818.  Han gifte seg i Bergen 27.2.1842 med Bertha Marie, kjend som Maria Rasmusdotter, òg frå Bergen.  Ho var dotter av dagarbeidar Rasmus Rasmusson Bruland i Bergen, opphavleg frå Bruland i Utvik, Innvik, og kona Anna Sirene Mikkelsdotter frå Bergen og f. i Bergen 5.4.1817.

Rasmus Andersson var skomakarmeister, og han og Maria budde først i Walckendorffsgaten i Bergen fram til kring 1845.

Men kring 1845 flytte Rasmus og Maria til Solvorn.  Dei busette seg i Solvornstrondi, og me trur det var dei som rydda denne bustaden i almenningi.  Rasmus heldt fram som skomakar, og huslyden budde i strondi til kring 1855.

Rasmus og Mary Andersen flytte kring 1855 til Sogndalsfjøra i Sogndal, men utvandra derifrå i 1862 til Amerika og busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der Rasmus heldt fram som skomakar (”shoemaker”).  Rasmus d. i Chicago, Ill. 3.4.1886, medan Mary Andersen d. same staden 6.5.1893.

Rasmus og Maria fekk fire born i lag:

 1. Thora Benedicte Rasmusdotter, f. i Bergen 11.4.1842,

Thora Andersen flytte kring 1861 til Mosterhamn i Finnås og gifte seg i Moster, Finnås 8.11.1862 med Odd Svendsen frå Vettestø i Etne.  Han var son av gardbrukar og smed Svend Oddson på Vettestø, sidan på Teigland i Etne, opphavleg frå Jåstad i Ullensvang, og kona Britha Olsdotter frå Røynstrand i Granvin og f. på Jåstad i Kinsarvik, Ullensvang 4.11.1836.  Han flytte med foreldri til Etne i 1847.  Odd gjekk lærarskulen på Stord og arbeidde som lærar mellom anna i Lavik og i Horten til han kring 1871 vart lærar ved Storo skule i Vestre Aker.  Thora d. der som lærarkone 15.9.1873, medan Odd Svendsen d. som lærar og enkjemann same staden 30.3.1879.  Dei fekk fire born i lag:

a. Svend Løget Oddson Svendsen, f. i Lavik 5.8.1863, d. i Vestre Aker 11.8.1872.

b. Rasmus Emanuel Oddson Svendsen, f. i Etne 4.5.1865, d. i Vestre Aker 8.4.1872.

c. Bertha Marie, kjend som Marie Oddsdotter Svendsen, f. i Horten 21.11.1867, voks opp hjå besteforeldri sine på Teigland i Moster, Finnås, men d. i Stavanger 21.4.1959.  Ho gifte seg i Moster, Finnås 18.11.1893 med Theodor Bertinius Jacobson Kjelland frå Stavanger, kjend som Theodor Michaelsen.  Han var f. i Stavanger 9.11.1864 og d. i Stavanger 2.7.1944.  Theodor var bøkkersvein, men han og Marie vart sidan kolonialhandlarar i Stavanger der dei budde levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag.

d. Reinholt Andreas Smith Oddson Svendsen, f. i Horten 27.2.1870, d. i Horten 13.8.1871.

 2. Reinholt Andreas Rasmusson, f. i Bergen 15.4.1844,

Reinholt Anderson utvandra til Amerika med foreldri sine i 1862, men

 

##### (probably died in Chicago, IL about 1869?)

 

 3. Rassemine Marie, kjend som Maria Rasmusdotter, f. i Hafslo 22.6.1847,

Marie Anderson utvandra òg til Amerika med foreldri sine i 1862 og gifte seg

 

##### (date and place of her marriage? – prior to 1870!)

 

med August Amundson frå

 

##### (opphavet hans?)

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (fødd i Noreg kring 1842! – sjekka årstalet?)

 

##### (occupation and place of residence? – 1870 carpenter Chicago, IL!)

 

##### (their deaths?)

 

Born:

a. Josephine Amundson, f. i Chicago, Ill.

 

     ##### (1866 – n. 1870 – destiny?)

 

b. Reinholdt August Amundson, f. i Chicago, Ill. 8.6.1870,

 

     ##### (bapt. witnesses Johan and Antonette Davidson – destiny?)

 

 4. Anton Rasmusson, f. i Hafslo 22.3.1850,

Anthony Anderson utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1862 og gifte seg

 

##### (date and place of his marriage? – 1879?)

 

med Sarah

 

##### (info? – born NY 1862 – parents from Prussia!)

 

##### (sailor – lived 1880 with his parents in Chicago, IL – later?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips for å komma vidare med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi frå Chicago, IL der eg oppfordrer særskilt å sjå på dei to yngste borni:

 

Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av desse søskeni i Amerika?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

3. Rassemine Marie, kjend som Maria Rasmusdotter, f. i Hafslo 22.6.1847,

Marie Anderson utvandra òg til Amerika med foreldri sine i 1862 og gifte seg

 

##### (date and place of her marriage? – prior to 1870!)

 

med August Amundson frå

 

##### (opphavet hans?)

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (fødd i Noreg kring 1842! – sjekka årstalet?)

 

##### (occupation and place of residence? – 1870 carpenter Chicago, IL!)

 

##### (their deaths?)

 

Born:

a. Josephine Amundson, f. i Chicago, Ill.

 

     ##### (1866 – n. 1870 – destiny?)

 

b. Reinholdt August Amundson, f. i Chicago, Ill. 8.6.1870,

 

     ##### (bapt. witnesses Johan and Antonette Davidson – destiny?)

 

 4. Anton Rasmusson, f. i Hafslo 22.3.1850,

Anthony Anderson utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1862 og gifte seg

 

##### (date and place of his marriage? – 1879?)

 

med Sarah

 

##### (info? – born NY 1862 – parents from Prussia!)

 

##### (sailor – lived 1880 with his parents in Chicago, IL – later?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.