Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Iver Olson Solvorn, fødd Hafslo 1855 - ?alias? Iver Iversen, død Brooklyn 1929 - merkeleg skyldskap?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ein noko underleg "familiekonstellasjon" er bakgrunn for denne problemstilingi:

 

Ole Iverson Solvorn, fødd på plassen Hensbakken under Hen i Vang, Valdres 25.1.1826 som son av Iver Simonson Hen frå Søyne og Anna Olsdotter frå Gjevre, kom i ung alder til Solvorn i Hafslo der han 28.3.1855 gifte seg med Britha Mortensdotter Solvorn, fødd i Solvorn i Hafslo 21.6.1829 som dotter av husmann Morten Olson Solvorn frå Sjøtun og Anna Olsdotter frå Årvoll i Sogndal.  Ole døydde i Solvorn 10.5.1894, medan Britha døydde same staden 24.1.1888.  Av sju born voks berre tre opp, og to utvandra til Amerika.  Dette emnet drøftar eldste sonen:

 

Iver Olson Solvorn, fødd i Solvorn, Hafslo 26.1.1855, var i 1875 dreng i Gjestgjevargarden i Solvorn, men skal so ha utvandra til Amerika.

 

Medan broren Ole Olsen (1862-1919) og kona Hansine heilt konsekvent nytta namnet OLSEN i Amerika etter at dei utvandra frå Bergen i 1894 (jmf. m.a. FT1900, 1905, 1910, 1915 og 1920), har eg funne Iver under namnet IVERSEN i teljingane frå 1905, 1910, 1915 og 1920, alle stader busett hjå Ole og Hansine, men medan aldrene og utvandringsår er ganske so konstante og korrekte for Ole og Hansine, er opplysningane for Iver ganske so "svingande":

 

1905 Brooklyn, Kings Co., NY (http://interactive.ancestry.com/7364/004296314_00522/169232?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fdb%3dGeneral-7364%26h%3d169232%26indiv%3dtry%26o_vc%3dRecord%253aOtherRecord%26rhSource%3d7602&ssrc=&backlabel=ReturnRecord) oppgjev Iver M. Iversen som "brother-in-law", "fireman" og 41 år gamal.

 

1910 Brooklyn, Kings Co., NY (http://interactive.ancestry.com/7884/4449711_00809/102518069?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fdb%3d1910USCenIndex%26h%3d102518069%26indiv%3dtry%26o_vc%3dRecord%253aOtherRecord%26rhSource%3d7364&ssrc=&backlabel=ReturnRecord) oppgjev Ivor M. Ivorsen som "boarder", "factory engineer" og 48 år gamal med utvandringsår 1890.

 

1915 Brooklyn, Kings Co., NY (http://interactive.ancestry.com/2703/32848_B094155-00128/10827721?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fdb%3d1915NYStateCensus%26h%3d10827721%26indiv%3dtry%26o_vc%3dRecord%253aOtherRecord%26rhSource%3d7884&ssrc=&backlabel=ReturnRecord) oppgjev Iver Iversen som "boarder", "rigger" og 52 år gamal med 30 år i Amerika (utvandra 1885).

 

1920 Minneapolis, Hennepin Co., MN (http://interactive.ancestry.com/6061/4312181-00717/26882483?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fdb%3d1920usfedcen%26h%3d26882483%26indiv%3dtry%26o_vc%3dRecord%253aOtherRecord%26rhSource%3d7364&ssrc=&backlabel=ReturnRecord) oppgjev Iver Iversen som "´cousin" (av Hansine), no occ. og 56 år gamal med utvandringsår 1896.

 

Truleg er det han den Iver Iversen som døydde i Kings Co., NY 7.5.1929 med oppgjeven alder 65 år!

 

Merkeleg nok ser eg ikkje noko til Iver i FT1900!

 

Eg var for fleire år sidan i kontakt med barneborn av Ole og Hansine Olsen, og dei hevda at Iver Iversen var BROR av Ole Olsen, men då er det underleg kor avvikande opplysningar som kjem fram i dei uike kjeldene...  Ein skulle nesten tru at Iver hadde noko å skjula?

 

Det som kjem fram som eit HOVUDproblem i denne huslyden, er å finna UTVANDRINGI til Iver Olson.  Eg finn ikkje nokon som høver i skipslistene for Bergen.  Kan han vera reist over Christiania?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Olaf Larsen

Hei Lars.

Du bruker linker til ancestry.com som krever innlogging, så de er til liten nytte!

 

Du skulle ikke være overrasket over at han brukte etternavnet Iversen, dette var jo en brytningstid med hensyn til etternavn her i Norge også. Noen tviholdt på patronymikon, mens andre brukte slektsnavn.

 

Jeg har sett så mye rart fra de som samlet inn data til folketellingene i USA at jeg ikke forundres over noe som helst! De som ble spurt hadde jo ofte ikke rare engelskkunnskapene de heller, så hvis en italiener som snakker dårlig engelsk skal ha opplysninger fra en nordmann som snakker like dårlig engelsk, så kan man jo forstå at resultatet kunne bli underlig av og til! (eller som en østerriker som skal tyde sognamaul... :D )  Enda verre ble det hvis innsamleren ikke forsto hva de sa, og ba dem skrive navnet sitt isteden; den tolkingen av kråketær i ettertid byr på mye rart!

 

Jeg ser at Iver er født 2 måneder før foreldrene giftet seg, kan han ha hatt en annen far eller mor? Kan det være en grunn til et eller annet?

 

Kan Iver ha brukt etternavnet Olsen inntil han kom til USA? Det er en Iver Olsen f 1855 som kommer til Philadelphia i 1876, er det for tidlig? https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/QV9Y-GFGB

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Åsbjørg Susort

Har du sjekka om han kan ha reist ut som sjømann?

I alt det kjekke sjøinnrullerings-materialet som er lagt ut frå SA Stavanger nå har eg funne ein av mine som "rømte" to gonger, først i Brunswick og eit par år seinare, 1889, i New York. Døydde i Amerika 1890...

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
Ivor M Ivorsen in household of Ole Olsen

United States Census, 1910

 

 

Name: Ivor M Ivorsen Event Type: Census Event Year: 1910 Event Place: Brooklyn Ward 8, Kings, New York, United States Gender: Male Age: 48 Marital Status: Single Race: White Race (Original): White Relationship to Head of Household: Boarder Relationship to Head of Household (Original): Boarder Birth Year (Estimated): 1862 Birthplace: Norway Immigration Year: 1890 Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Household Role Gender Age Birthplace Ole Olsen Head M 47 Norway Hansine Olsen Wife F 40 Norway Edith S Olsen Daughter F 13 New York Ivor M Ivorsen Boarder M 48 Norway Alice C Johnson Boarder M 23 Norway Nels E Olsen Boarder M 21 Norway

 

Hvor kommer Iver inn i bildet? Hadde han et dobbeltnavn? 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg sakser for øvrig følgende fra nettsidene til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:

 

"Utvandring og slektsforsking"

Utvandring

Fylkesarkivet har ein eigen database med amerikabrev, med om lag 3000 registrerte dokument. Det er i hovudsak tale om korrespondanse USA-Noreg, men det finst òg brev frå andre land.

Fylkesarkivet har i tillegg bygd opp ei amerika-samling, US-Collection, som inneheld slektstavler og anna informasjon om utflytte sogningar og fjordingar.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Olaf, Åsbjørg og Grethe for nye spennande kommentarar om dette problemet!

 

Det er i utgangspunktet ikkje alltid like enkelt å gissa kva namn emigrantane har nytta etter dei kom til Amerika.  Eg har sett mange til dels "hårreisande" døme på forvanskingar, og at faren sitt paronymikon kjem att i Amerika, er ikkje uvanleg.  Eldste bror til bestefar min var til dømes fødd i 1872 på garden Bjørk i Luster (før huslyden flytte til nabogarden Øyane).  Namnet hans var Nils Larsson, men etter at han utvandra til Amerika på 1890-talet skreiv hans seg for "Nels N. Burke" der mellombokstaven kjem frå faren sitt patronymikon, Nilsson!

 

I tilfellet med Iver Olson, so heitte faren Ole Iverson, medan mori var Britha Mortensdotter.  Eg TRUR at Iver, etter at han tok Iverson som ættenamn, henta fram denne "M"'en frå mori sitt patronymikon, Morten.  Eller kanskje heitte han verkeleg oppatt etter båe bestefedrane Iver og Morten?  Eg har sett døme på før at berre eitt førenamn er medteke i dåpsprotokollen. medan barnet det gjaldt i røyndi hadde to førenamn!  Sikkert er det i alle fall at foreldri aldri hadde nokon son med namnet Morten!

 

Det som synest særleg underleg i denne huslyden, er at Ole Olsen heilt konsekvent nytta Olsen-namnet, og dei to brørne budde i lag det meste av tidi i Amerika!  Underleg er også Ole sin konsekvente bruk av tilnærma riktig fødselsår.  Iver er òg konsekvent med omsyn til fødelsår, men det avviker frå det rette med nesten 10 år!  Elles kan eg leggja til at då Ole Olsen døydde i Minneapolis, MN i 1919, er foreldri sine namn oppgjevne til IVER OLSON og Britha Mortensdotter (faren skulle jo ha vore Ole Iverson!!)!

 

Du Olaf skriv om ein Iver Olson, fødd 1855, som i 1876 kom til Philadelphia.  Eg vil tru det godt KAN vera ein kandidat til "vår" Iver M. Iversen, men er det mogeleg å få han identifisert noko nærare?

 

Elles er du Åsbjørg inne på eit godt punkt!  Det er ikkje utruleg at Iver Olson er reist ut som sjømann.  Hafslo er ei jordbruksbygd, men nettopp mange av desse strandsitjarane som budde i Solvorn, livnærte seg dels som fiskarar og dels som sjøfolk.  Eg trur vel neppe at Iver er reist over Stavanger, men eg vil leggja ut eit spørsmål i Arkivforum om å få han sjekka mot sjømannsrullane i Bergen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.