Gå til innhold
Arkivverket

Sorenskrivar Thomas Henrik Hammer i Solvorn, Hafslo i Sogn (1815-1897) - opphavet hans på Toten - born i Christiania og i Egersund m.m.?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Her innførselen på Klara, født 1891, med litt flere opplysninger om foreldrene - adresser mv.

 

Bergen fylke, Fødselsstiftelsen, Ministerialbok nr. A 2 (1884-1900), Fødte og døpte 1891, side 85. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7145&idx_id=7145&uid=ny&idx_side=-84
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061122030664.jpg

 

Hun var datter av ugift skipper Baard Henriksen Thuestad,  Haugesund, født 1857 pr Haugesund og ugift butikkjomfru Amalie Petra Brovold, født 1865 i Molde, adresse Walkendorfsgate 4, Domkirkesognet. 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og nyttig oppdaging!

 

Med funnet av mori og vigsli hennar har du stadfest at Clara ganske sikkert IKKJE har vokse opp hjå rette mor si, men at ho mest sannsynleg er kommi i ein fosterheim hjå ein eller annan Hansen, som nok har hatt tilhaldet sitt i Bergen.

 

Dette var før adopsjon vart legalisert i Noreg, so konkrete papir på dette vert det sikkert ikkje so lett å finna, men som eg nemnde ovanfor, kanskje kan me finna ein KONFIRMASJON til Clara der det går fram kven ho vart oppfostra hjå...

 

Kanskje Sigurd Neumann kan vera ein "clu"?

 

Var det nokon som hevda at ættegransking var kjedelig?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er dødsfallet til Georgine Jensen, som Clara bodde hos i 1910. Georgine døde i oktober 1911 og hvis det riktig Clara vi har funnet, så ankom hun Ellis Island i januar 1911. Men hvis Clara emigrerte så tidlig som i 1907 fra Stavanger, kan hun ikke ha vært gamle jenta! 

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 9 , 1910-1915, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27859/114/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090611330114.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Klara ble konfirmert i Nykirken 30.09.1906. Foreldrene er de samme som er oppgitt ved dåpen. Men det står en bopelsadresse som kanskje kan være et spor: 

 

Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. C 7 (1887-1913), Konfirmerte 1906, side 129. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2018&idx_id=2018&idx_listetype=kf&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-131
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050815020134.jpg

 

Jeg lurer på om adressen kan være Halvkandebakken som i så fall tilhører Domkirkesoknet, jf. gateregisteret til 1900-tellingen: http://www.bergen.folkebibl.no/lokalhistorie/folketelling.html

 

Jeg har sjekket listene over røysteføre både ved kommunevalget i 1904 og stortingsvalget 1906 i Bergen på adressen Halvkandebakken, men ingen med etternavn Hansen der. 

 

Men i folketellingen 1900 finner jeg to ugifte damer, antakelig søstre, som bor i Halvkandebakken: Marie Hansen og Martha Hansen: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037335052540. 

 

Marie er lærerinne, født 1873 og ugift. Og det er antakelig den samme Marie vi finner i husstanden til Georgine Jensen, som Clara Hansen bodde hos i 1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708032001

 

Kan det forklare noe??

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er dåpen til de to søstrene Hansen: 

 

Dorothea Marie Clausine, 1873: 

 

Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. B 4 (1870-1884), Fødte og døpte kvinner 1873, side 56. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7149&idx_id=7149&idx_listetype=dp&idx_kjonn=k&uid=ny&idx_side=-52
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061122050285.jpg

 

Martha Rebekka, 1876

Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. B 4 (1870-1884), Fødte og døpte kvinner 1876, side 105. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7149&idx_id=7149&idx_listetype=dp&idx_kjonn=k&uid=ny&idx_side=-101
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061122050334.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande og utfordrande innlegg!

 

Nei, det er neiggu ikkje enkelt å finna ut av denne Clara Hansen, men kan henda er det eit samband mellom søstrene Hansen og ho!?  Me ser at Marie Hansen (1873) var lærar, og eg stiller meg følgjande spørsmål:

 

* Kan det tenkjast at Clara er kommi til fostring hjå Marie og søsteri då ho kom i ein 10 års alder?  Kan henda var Marie Hansen vel ansett som lærar, og kommunen (eller kanskje det var fattigvesenet?) gjekk med på ei slik ordning for vesle Clara?  På eitt eller anna tidspunkt er dei so utflytte frå Halvkandebakken 1 og inn som leigebuarar hjå enkjefru Georgine Jensen der jo både Marie og Clara bur i 1910?  Dette er sjølvsagt ikkje noko meir enn rein gissning frå mi side, men eg har vanskar med å sjå noki anna forklaring...

 

Me skal elles leggja merke til eit anna faktum:  I motsetning til nesten alle dei andre Clara'er som på den tidi budde i Bergen, skreiv "vår" Clara namnet sitt med "C".  EG trur det var "vår" Clara som alt i 1907 utvandra etter å ha vorte "lokka" av sjømannen Christian som lovde ho ekteskap, og som det den gongen ikkje vart noko av.  Clara er framleis i Chicago, IL i juni 1910 (jmf. FT frå USA), då ho vert sagt ha utvandra i 1908.  Det var fleire norske motebutikkar i Chicago. IL på den tidi, og Clara kan ho vore innom ein slik før ho på seinsommaren 1910 reiste attende til Bergen for å ta jobb i ein liknande butikk der?  Den norske teljingi frå 1910 er jo frå slutten av året, om eg ikkje hugsar heilt feil?  Men som sagt, meir enn gissning vert ikkje dette...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for den siste fine oppdagingi!  Eg er imponert over kva du og dykk andre greier å grava fram av gamle kyrkjebøker.  Kunsten er jo å leita på "rette staden", og du Carsten er ein av dei som har skikkeleg "teften" når det gjeld nettopp dette!

 

Her kjem ein ny og oppdatert versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Thomas Henrik Abrahamson Hammer, opphavleg frå Austre Toten, var son av landhandlar Abraham Falck Olson Hammer på Austre Toten, opphavleg frå Glemminge, og kona Cathrine Marie Hansdotter Nimb frå Land og f. på Austre Toten 10.7.1815.

Thomas Hammer vart student i 1834 og cand.jur. i 1839.  Han gifte seg første gongen i Egersund 1.5.1846 med Gerhardine Henriette Abigael Elisa Reiner Børgesdotter Thorsen frå Egersund.  Ho var dotter av prokurator og byfogd Børge Weding Thorsen i Egersund, opphavleg frå Stavanger, og kona Ingeborg Kielland Taraldsdotter Bæhr frå Egersund og f. i Egersund 13.12.1816.  Men Gerhardine d. i Egersund alt 13.1.1851.  Thomas Hammer var i mange år sorenskrivarfullmektig og budde med huslyden sin i Egersund fram til 1860.

Thomas gifte seg att i Egersund 26.5.1852 med Christiane Severine, kjend som Severine Jørgensdotter Hansen frå Farsund.  Ho var dotter av tollbetjent Jørgen Fredrik Ambrosiusson Hansen i Farsund og kona Christiane Severine Gabrielsdotter Lund frå Farsund og f. på Skjeme øvre i Vanse 1.2.1824.

Men 3.3.1860 vart Thomas Hammer utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn, og han og Severine flytte same året inn i tenestebustaden på Christianeslyst.  Her vart huslyden buande fram til 1869.

For 6.2.1869 fekk Thomas Hammer stillingi som sorenskrivar i Dalene, og same våren flytte han og Severine til Egersund der Thomas likeins vart politimeister og magistrat.  Severine d. i Egersund 6.12.1877, medan Thomas Hammer d. same staden 31.12.1897.

Thomas Hammer fekk fire born, to frå kvart av ekteskapi:

 1. Abraham Christian Hjalmar Frithjof, kjend som Hjalmar Thomasson Hammer, f. i Egersund 16.11.1846,

Hjalmar Hammer flytte kring 1863 som student til Bergen, men gifte seg i Christiania 12.5.1872 med Ingeborg Regine Carlsdotter Belling frå Bergen.  Ho var dotter av snikkarmeister og restauratør Carl Daniel Augustson Belling i Bergen og kona Serene Andrine Torkildsdotter frå Fanakrå i Fana og f. i Bergen 23.12.1848.  Hjalmar og Ingeborg var båe skodespelarar og vart buande i Christiania, men Hjalmar vart sjuk kring 1890 og flytte då heimatt til Egersund der han d. 29.5.1896.  Ingeborg Hammer vart buande i Christiania til ho i 1909 utvandra til Amerika.  Ho budde der visstnok i

 

¤¤¤¤¤ (bustaden hennar i Amerika? – Chicago, IL?)

 

men flytte kring 1922 til Bergen der ho d. på ein gamleheim 22.4.1927.  Dei fekk fem born i lag:

a. Bjørn Hjalmarson Hammer, f. i Christiania 20.7.1872, d. i Christiania 2.3.1876.

b. Sigrid Hildegard Hjalmarsdotter Hammer, f. i Christiania 13.8.1873, utvandra til Amerika 1892 og arbeidde nokre år som tenestejente (”servant”) i Chicago, Cook Co., Ill., men gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of her marriage? – about 1905?)

 

     med Johannes Brun Johanson Møller, opphavleg frå Ramsø i Osen, Bjørnør, i Amerika kjend som Johannes B. Moller.  Han var son av handelsmann Johan Moses Peterson Møller på Ramsø, opphavleg frå Trondheim, og kona Julie Fredrikke Marie Johannesdotter Brun, òg frå Trondheim, og f. i Bjørnør 7.7.1868, men utvandra til Amerika i 1889.  Johannes Moller var fotograf (”photographer”), og han og Sigrid budde i Oakland, Alameda Co., Cal. der Johannes d. 1.10.1944.  Sigrid Moller d. same staden 13.4.1947. 

 

     ¤¤¤¤¤ (vart dei skilde? – kva år? – born: Thordis, Rolf, Yarl og Norman)

 

     Dei fekk fire born i lag.

c. Borghild Hjalmarsdotter Hammer, f. i Christiania 13.11.1874, var ei tid skodespelar i Christiania, men utvandra i 1909 til Amerika.  Ho busette seg i Chicago, Cook Co., Ill., men vart sjuk og budde mange år på ein sjukeheim i Bremen, Cook Co., lll. der ho d. ugift 5.6.1942.

d. Finn Hjalmarson Hammer, f. i Christiania 18.6.1876, var nokre år songar og skodespelar i Christiania, men utvandra til Amerika i 1904.  Han busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der han 5.7.1919 gifte seg med Paula Alida Pedersdotter Andersen frå Christiania, i Amerika kjend som Paula A. Andersen.  Ho var dotter av skomakarmeister Peder Andersen i Christiania, opphavleg frå Nerhagen under Ellefsrud i Gran, og kona Anna Mikkelsdotter frå Dieseneiget i Vang, Hedmark og f. i Christiania 28.8.1879, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1891.  Finn arbeidde som bokhaldar ved jarnbanen (”railroad accountant”), medan Paula dreiv syforretning (”milliner”).  Dei vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der Finn d. 11.5.1940.  Paula Hammer d. i Glenview, Ill. 17.7.1961.  Dei fekk ei dotter i lag.

e. Eyvind Uhrenhorn Hjalmarson Hammer, f. i Christiania 8.3.1883,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1900 sjømann – lagnaden hans? – finn ikkje 1910! – d. før 1927!)

 

 2. Udøypt Thomasdotter Hammer, f. og d. i Egersund 3.8.1849.

 3. Gerhardine Elisa Marie Abrahamine Thomasdotter Hammer, f. i Egersund 18.11.1854,

Gerd Hammer flytte med foreldri sine i 1869 attende til Egersund der ho 5.2.1878 gifte seg første gongen med Ludvig Emil Ludvigson Jensen frå Sarpsborg.  Han var son av handelsbetjent Ludvig Christian Christianson Jensen i Sarpsborg, opphavleg frå Moss, og kona Elen Andrea Halvorsdotter frå Brønnerød i Våler og f. i Våler 30.3.1855.  Ludvig var lærar, og han og Gerd budde i Egersund, men Ludvig Emil d. under opphald i LeHavre i Frankrike 3.1.1890.  Gerd gifte seg so att i Egersund 1.4.1890 med enkjemannen Søren Fredrikson Tybring frå Bindalen.  Han var son av sokneprest Georg Fredrik, kjend som Fredrik Sørenson Tybring i Bindalen, opphavleg frå Drammen, og kona Fredrikke Sophie Louise Josephsdotter Scherffenberg frå Bergen og f. i Verdalen 18.2.1835.  Søren Tybring gifte seg første gongen i Egersund 14.10.1862 med Thora Andreasdotter Lund frå Egersund.  Ho var dotter av konsul Andreas Faye Peterson Lund i Egersund og kona Theresa Tønnesdotter Houge, òg frå Egersund, og f. i Egersund 3.4.1839.  Ho d. i Egersund 29.4.1884.  Søren Tybring var kjøpmann, skipsreiar og konsul i Egersund og budde der levetidi ut.  Han d. i Egersund 26.12.1909, medan Gerd Tybring d. same staden 24.6.1928.  Søren fekk visstnok ti born i første ekteskapet sitt, medan Gerd i alt fekk desse fire sønene, tre frå første ekteskapet og ein frå det andre:

a. Thomas Henrik Hammer Ludvigson Jensen, f. i Egersund 13.3.1878, d. i Egersund 15.8.1878.

b. Thomas Henrik Hammer Ludvigson Jensen, kjend som Thomas Hammer, f. i Egersund 4.10.1880, d. i Egersund

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka dødsstaden hans?)

 

     25.5.1950.  Thomas gifte seg i Kristiansand 11.11.1906 med Theodora Marie, kjend som Marie Bergtorsdotter Thorkildsen frå Kristiansand, f. i Kristiansand 24.9.1885.  Ho d. i Egersund

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka dødsstaden hennar?)

 

     11.4.1967.  Thomas var tannlækjar, og han og Marie budde levetidi ut i Egersund.  Dei fekk elleve born i lag.

c. Ludvig Christian Hammer Ludvigson Jensen, kjend som Christian Hammer, f. i Egersund 4.6.1884, d. i New Orleans, La. 7.9.1949.  Christian var ei tid maskinist i Egersund, men utvandra i 1911 til Amerika og gifte seg første gongen i Chicago, Ill. 18.11.1911 med Klara Baardsdotter Thuestad, kjend som Clara Hansen frå Bergen.  Ho var dotter av skipper Baard Henrikson Thuestad frå Haugesund og ugift butikkdame Amalie Petra Brovald frå Molde og f. i Bergen 3.7.1891.  Ho utvandra visstnok til Amerika alt i 1907, men kom heim att og reiste so på ny våren 1911.  Kring 1913 flytte Christian og Clara attende til Noreg, først til Lysaker i Bærum og i 1915 vidare til Egersund.  I 1917 flytte dei so til Damsgård i Bergen der Cristian livnærte seg som maskinarbeidar til han i 1920 nok ein gong utvandra til Amerika.  Kona Clara og son deira følgde i 1922, og parfolket busette seg på ny i Chicago, Cook Co., Ill.  So flytte dei frå kvarandre kring 1926, og truleg vart dei formelt skilde i 1931. 

 

     ¤¤¤¤¤ (seinare lagnad for Clara?)

 

     Christian flytte kring 1926 på ny til Bergen; han vart so kring 1927 sambuande og gifte seg att hjå byfogden i Bergen 17.10.1931 med Ingeborg Halsteinsdotter Andersen frå Årstad, Bergen,

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka at ho voks opp der!?)

 

     f. på Dale i Bruvik 18.6.1905.  Ho d. i Bergen 8.1.1984.  Christian Hammer var maskinist og budde i Bergen levetidi ut.  Han fekk i alt tre born, eitt frå første ekteskapet og to frå det andre.

d. Søren Sørenson Tybring, f. i Egersund 18.1.1894, d. på Bekkestua i Bærum 20.7.1938.  Søren gifte seg i Ullern kyrkje i Aker

 

     ¤¤¤¤¤ (vigselsdatoen hans?)

 

     1918 med Gudrun Rasmusdotter Høydahl-Ohme frå Christiania, f. i Christiania 5.1.1895.  Ho d. på Stabæk i Bærum 14.12.1941.  Søren reiste i ung alder til sjøs som jungmann og vart sidan styrmann, men var frå kring 1919 tollassistent og sidan tollkontrollør.  Han og Gudrun budde på Lilleaker i Aker, men flytte sdan til Bekkestua i Bærum.  Dei fekk tre døtrer i lag.

 4. Jørgen Fredrik Hansen Thomasson Hammer, f. i Egersund 14.3.1858,

Jørgen Hammer flytte òg i 1869 med foreldri sine til Egersund og livnærte seg sidan som dampskipsførar og sjøkaptein.  Han budde mellom anna på Fjeldsted i Egersund, men flytte sidan til Skjoldnes i Vanse, Farsund der han d. ugift 13.6.1929.

 

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar sjølvsagt at ogso nokre av desse siste detaljane vil dukka opp, som til dømes opplysningar om yngste sonen til skodespelaren, men kan henda har han rett og slett gøymt seg "for godt"...

 

Nok ein kjempetakk til dykk alle for godt "teamwork"!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På side 1, innlegg 13 har jeg lagt inn lenke til folketellingen 1910 for Bruvik med Ingeborg Halsteinsdatter og familie. Legger inn lenken her på nytt:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036695003282

 

I Bergen adressebok for 1920 finner jeg en baker Halstein Andersen med adresse Nordnesgaten 15a:

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=adressebok&sideid=61&storleik=

 

Hvis dette er faren til Ingeborg, som også var baker i 1910, skulle vel det bety at familien må ha flyttet til Bergen en gang mellom 1910 og 1920. 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bergens adressebok 1924-1925: Bakersvend Halstein E Andersen i Nordnesgt. 15a

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgadr&sideid=69&storleik=

 

Det er ikke helt sikkert at dette er den riktige Halstein, for det finnes en annen Halstein Andersen i Bergen, født 1907, og i liste over røysteføre ved kommunevalet i Bergen i 1934, opptrer Halstein, født 1907, som bakersvend. Men jeg finner også bakermester Halstein Espendal Andersen, født 1875 med familie bosatt i Nygård, Årstad og faren til Ingeborg var iflg f.t. 1910 født i 1875 på Espedal, Dale i Sunnfjord.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=mt12011934&gardpostnr=5872&personpostnr=41360&merk=41360#ovre

 

I 1920 ville Halstein, født 1907, vært bare 13 år gammel og i 1925 ville han ha vært 18. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for interessante opplysningar om Halstein Andersen og huslyden hans!

 

Om du ser på FT1910, så vil du sjå at Halstein Andersen jr var fødd i 1907, so det er nok bakarsveinen....

 

Etter funni dine kan me slå fast at Ingeborg var oppvaksi i Bergen, og eit nyttt spørsmål er elominert frå manuskriptet mtt!  Kjempebra!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.