Gå til innhold
Arkivverket

Sorenskrivar Christian August Krebs (1808-1892) - Hafslo i Sogn og Berg/Halden - huslyden hans - nokre detaljar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Røa var jo i Aker til 1948, og 'utenfor byen', men adressebøkene for Aker ligger ikke ute og byarkivet holder stengt til 6. august.. Kanskje Statsarkivet har adressebøkene og kan finne det ut?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Antoinette Lill Maresca, fra Aftenposten 09.03.1978

Kate, fra Aftenposten 27.03.1946
Kathrine Roll, fra Aftenposten 12.06.1957

 

Lars: Har sendt deg en mail

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise for interessant innlegg!

 

Då er altso Vidargruppen eit kjent begrep ogso her til lands (les: i Noreg!), men når eg les i Maresca-biografioen om at Francesco reiste mykje kringom i Noreg, so må jo det ha vore delvis i krigsåri, og ein kan jo spekulera på korleis det den gongen var med reisingi om ein sat på "feil side" av bordet, slik Francesco ser ut til å ha gjort i høve Qvisling...  Italienar og motstandsmann i Noreg?  Dette må det jo finnast litteratur om...

 

Spennande er det i alle fall å forska på denne huslyden!

 

Vidargruppen er et velkjent navn for lærerne og andre knyttet til Steinerskolen. Personlig kjenner jeg noen av dem, til stross for at det er 30 år siden mine barn gikk der. Noen av de eldste lever fortsatt og kan muligens supplere med biografiske opplysninger rundt Maresca. Jeg kan ta en telefonrunde (de eldste har nok ikke erfaring med noe som heter e-post).

JanM

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aftenposten 28 juni 1941 :

 

Christian August Krebs

døde 24 juni 88 år gammel

Han blev kremert idag

 

p.t.Oslo 27 juni 1941

Antoinette Krebs

f.Stang

Harriet Krebs Kate Krebs

Lill Maresca Francesco Maresca

.

Christian August Krebs er ført i dødsfallprotokollregister for Aker som død i Østre Aker med henvisning til nr. 162:

Kildeinformasjon: Akershus fylke, Aker kriminaldommer, skifte- og auksjonsforvalterembete, Dødsfallsprotokollregister 4 (Hbg 0004), 1941-1947, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Merknader: Det alfabetiske regeisteret gjelder for hele perioden 1941-1947.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27401/96/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090520320537.jpg

(Øverst)

.

Kanskje et oppslag i selve dødsfallprotokollen kan gi nærmere adresse for hvor han døde?

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise, Sven, Egil og Jan for mange spennande innlegg om denne huslyden!

 

Til Sven:  Dødsannonsene gav meg fleire viktife dødsdatoar og andre opplysningar som eg sårt har sakna!

 

Til Egil:  Alt eg treng av opplysningar om Kathrine Anker og mann hennar, er talet på born som dei fekk i lag.  Eg har gått ut ifrå at dei hadde fire døtrer, men kanskje du kan stadfesta dette?

 

Til Jan: Jau, eg ville ha interesse av å høyra om nokon av dei eldre medlemmane av Vidargruppen kan supplera med opplysningar om Maresca, som til dømes kvar Lill og Francesco budde mellom 1938 og 1948?

 

Til Anne-Lise:  Eg har lagt inn spørsmål i Arkivforum til Statsarkivet i Oslo om dødsmelding etter Christian August Krebs.  Eg er spent på kva den seier...

 

Redigert:  Det oppdaterte manuskriptet som vart innlagt her i aftes, er no teke bort og erstatta med eit nytt i innlegg #44; dette er gjort for å gjera bot på eventuelle mistydingar og for å gjera emnet meir oversiktleg!

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil eg berre nok ein gong få takka for kjempebra "teamwork" som har gjort dette manuskriptet mogeleg!

 

PS: Eg lurer forresten på, Harriet Krebs ovanfor, som var student i 1909 og sidan foredragshalder i Sverige, finst det ikkje noko meir å lesa om ho?  Studentbøker?  Stemmer dødsdatoen hennar?

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etterkommere fra Kristian Roll og Kathrine Anker:

 

1. Kirsten Helene (1891-1914)

2. Signe (1894-1980)

3. Harriet (1898-1947)

4. Nini (1900-1901)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har vel dette fra før, Lars, men sakser dette og legger det inn: 

 

I boka som ble utgiftt i forbindelse med 25-årsjubileet i 1934 for studentene i 1909, står det om Harriet Krebs at hun tok artium ved Frogner skole og reiste deretter til utlandet og etter 1918 oppholdt hun seg mest i Sverige. I 1934 opplyses det at hun var svensk medborger og svensk filosofisk kandidat og bosatt i Stockholm. "Hun har gitt undervisning og holdt foredrag og skrevet til aviser, tidsskrifter o.l. Er siden 1912 medlem av Antroposofisk Selskap."

 

I Aftenposten fra 22.11.1918 fant jeg en liten annonsen med Nye Bøker. Her finner jeg Harriet Krebs: Vårbrudd. Digte. 3 kroner. I Aftenposten 29.11.1918, side 6 står det en anmeldelse av Nye bøker og her er det en omtale av blant annet Harriet Krebs diktsamling Vårbrudd. Det kan vel ikke være så mange andre med det navnet på dette tidspunktet...?? 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for kjapt og avklarande svar!

 

Elles har eg òg fått svar frå Statsarkivet i Oslo når det gjeld dødsmeldingi etter Christian August Krebs i 1941 (http://forum.arkivverket.no/topic/191659-l%C3%B8yst-d%C3%B8dsmelding-austre-aker-1941-krebs/?p=1621470).  Denne meldingi kom svært overraskande på meg, men so svært mykje endrar ikkje desse opplysningane manuskriptet mitt.  Det synest underleg at opphaldsstadene til dei tre døtrene var ukjende, men me får i det minste ei forklaring på kvifor enkja hamna på Ringsaker!  Bustaden hennar (Ringen rekreasjonshjem) vart jo bygd av antroposoffar på 1930-talet!

 

PS: Redigert: Kan nokon fortellja meg KVAR i Austre Aker Dedickens asyl låg?

 

Eg takkar ogso Grethe for interessante opplysningar!  Eg tolkar dette slik som at Harriet har vore vekt av den antroposofiske rørsla og at ho livnærte seg som forfattar attåt foredrag om antroposofi(?).  At ho var student i filosofi, heng jo sikkert saman med antroposofien...?  Det at ho ikkje flytte til Sverige før i 1918, får meg til å spekulera...  Kan huslyden før den tid ha butt ein annan stad i utlandet?  Me veit jo at fleire av dei var i København kring 1918, men antroposofien kan vera eit stikkord...; kva med SVEITS?  Kan heile huslyden ha vore der?

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det eneste jeg kan bekrefte om Harriet Krebs, er at hun er innflyttet Dyne i Hogdal 23/11-1927 fra Göteborgs Wasa församling. Imidlertid har jeg ikke funnet henne utflyttet fra Göteborgs Wasa, så jeg har ikke funnet ut hvor hun bodde i Göteborg. Det er ingen Krebs på Dyne i perioden 1900-1911.

.

Når det gjelder Ellen Margrethe kom hun fra Norge til søsteren Harriet i Dyne 2/2-1931 og døde her tre dager senere. Jeg har ikke funnet henne her før dette tidspunktet, så det er ikke holdepunkter i disse kildene for at hun har bodd her.

.

Tanten Henriette står heller ikke oppført i døds- og begravelsesboken for Dyne eller i manntallslisten. Opplysningene om at hun døde her, må ha stått i en annen kilde.

.

Tilbake til Harriet, så er det bare lagt ut flyttelister for Engelbrekts församling, slik at jeg ikke har sett manntallsoppføring for henne i Stockholm.

 

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise for siste innlegg!

 

Når det gjeld Henriette Krebs, var ho busett i Vestre Aker då ho døydde på Dyne i 1930, og ifølgje dødsmeldingi hennar frå Vestre Aker var broren då busett der!  Eller kanskje ogso han berre hadde mellombels opphald der på den tidi?

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Henrik Dedichen kjøpte Trosterud gård hvor han anla denne institusjonen i 1901: http://nbl.snl.no/Henrik_Dedichen

.

Trosterud ligger langs Tvetenveien mellom Tveita/Hellerud og Lindeberg og hovedveien på Trosterud er oppkalt etter ham: http://1881.to/bHwSA3

.

Bilde av Nordre Trosterud gård: http://www.oppdaggroruddalen.no/Omraader/Trosterud-og-Haugerud/Trosterud-nordre-gaard-Hovedhus

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Henriette:

Kildeinformasjon: Akershus fylke, Aker kriminaldommer, skifte- og auksjonsforvalterembete, Vestre Aker tinglag, Dødsfallsprotokoll 3 (Hba 0003), 1928-1930, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27371/139/

 

Konsulen har i allfall ikke blitt registrert i manntallet der. Jeg tror det er bedre om du skriver at Henriette døde under et opphold hos brordatteren Harriet og ikke Ellen, siden Ellen flyttet inn senere.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det står i studentbiografien at Harriet var svensk medborger - det må vel bety at hun hadde svensk statsborgerskap. Jeg tok for ordens skyld et søk i Rotemannsarkivet som folkeregister ført av rotemennene (rote = rode) i Stockholm 1878-1926. Men ingen Harriet Krebs der:

 

http://www.ssa.stockholm.se/Anvand-arkiven/Folkbokforing-och-mantalsskrivning/Rotemansarkivet/

 

I Oslo finnes en Dr. Dedichens vei, oppkalt etter Dedichen som det vises til i innlegg 39. Riksarkivet har privatarkivet etter Dr. Dedichens klinikk. 

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise og Grethe for nye spennande innlegg!  Det er ikkje alltid like lett å halda tunga beint i munnen, særleg når det er tale om so mange ulike huslydar og alternative løysingar.  Men no har eg sett opp eit nytt forslag til manuskript for denne huslyden og reknar med eg ikkje ligg so altfor langt ifrå sanningi...

 

Eg har skrive eit innlegg til Riksarkivet og bede om oppslag i Dr. Dedichens arkiv.  Kanskje der finst noko av interesse som kan endra manuskriptet på ny...

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Mons Simon Christian August, kjend som Christian August Andreasson Krebs, frå Christiania (Oslo), var son av oberst Andreas Samuel Ditlevson Krebs i Christiania, opphavleg frå Halmsbøl i Sønderjylland, Danmark (no Neugalmsbüll i Schleswig-Holstein, Tyskland), og kona Else Thyrholm Justsdotter Gude frå Moss og f. i Moss 11.5.1808.  Han gifte seg i Moss 23.9.1837 med Henriette Elisabeth Christiansdotter Scheel frå Moss.  Ho var dotter av skipsførar Christian Fredrik Hansson Scheel i Moss og kona Sophie Cathrine, kjend som Cathrine Iversdotter Hesselberg frå Larvik og f. i Moss 9.1.1810.

Christian Krebs vart student i 1824 og cand.jur. i 1833.  Han vart tilsett i Justisdepartementet der han mellom anna var byråsjef til han sist hamna som sjef for vegkontoret og sivilkontoret.  Han og Henriette budde i Christiania (Oslo) fram til 1847.

Christian Krebs vart 22.12.1846 utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn, og han og Henriette flytte hit i 1847.  Christian fekk 19.4.1847 skøyte på Christianeslyst og vart den siste sjølveigande sorenskrivaren, men alt 4.9.1849 skreiv Christian skøyte på eigedomen til Staten ved Justisdepartementet.  Han heldt sidan fram som sorenskrivar til 1859.

Christian Krebs vart 29.10.1859 tilsett som sorenskriver i Ide og Marker og flytte våren 1860 med huslyden sin til Halden og i 1864 vidare til Fridheim i Berg, Austfold.  Henriette d. på Fridheim 21.4.1890, og Christian fekk 1.11.1890 avskil som sorenskrivar.  Han d. på Fridheim 22.2.1892.

Christian og Henriette Krebs fekk fem born i lag:

 1. Louise Christiansdotter Krebs, f. i Christiania 21.7.1838,

Lovise Krebs flytte i 1860 med foreldri sine til Halden, men gifte seg i Christiania 22.9.1861 med Ferdinand Nicolai Jacobson Roll frå Trondheim.  Han var son av assessorog seinare justitiarius Jacob Nilsson Roll i Trondheim, opphavleg frå Spydeberg, og kona Nicoline Brog Sigismundsdotter Selmer frå Strinda, Trondheim og f. i Trondheim 28.5.1831.  Ferdinand vart cand.jur. i 1852 og var frå 1858 fullmektig i justisdepartementet.  Han og Louise budde i Christiania den korte tidi dei fekk vera i lag.  Louise d. i Christiania etter barselseng alt 6.11.1862, og Ferdinand gifte seg att i Christiania 8.7.1871 med Sophie Nicoline Christiansdotter Knudtzon frå Trondheim, eit søskenbarn av Louise.  Sophie var dotter av korpslækjar Christian Fredrik Nicolaison Knudtzon i Trondheim, opphavleg frå Kristiansund, og kona Anette Sophie Augusta Christiansdotter Scheel frå Moss og f. i Trondheim 4.6.1845.  Ferdinand heldt fram som departementsfullmektig til han i 1870 vart utnemnd til sorenskrivar i Romsdalen og busette seg i Molde.  Han og Sophie flytte i 1895 attende til Christiania der Ferdinand var høgsterettsassessor til han tok avskil i 1912.  Ferdinand d. på Vinderen i Vestre Aker 28.2.1921, medan Sophie Roll d. same staden 6.7.1928.  Ferdinand Roll fekk i alt fem born; av dei var einaste sonen frå første ekteskapet med Louise Krebs:

a. Kristian Fougstad Ferdinandson Roll, f. i Christiania 29.10.1862, d. på Fridheim i Berg 17.8.1904.  Han voks dels opp hjå besteforeldri sine i Berg og gifte seg der 21.6.1890 med Cathrine Christine, kjend som Kathrine Petersdotter Anker frå Lundestad i Berg, f. i Berg 27.1.1866.  Ho d. på eit sjukehus i Oslo 10.6.1957.  Kristian Roll vart cand.jur. i 1884 og arbeidde som sorenskrivarfullmektig, dels i Molde og dels i Berg, til han i 1887 tok til som overrettssakførar i Halden.  Han tok i 1892 over garden på Fridheim etter besteforeldri sine og budde der med huslyden sin, men som enkje flytte Kathrine Roll til Christiania (Oslo).  Dei fekk fire døtrer i lag.

 2. Elinor Sophie Christiansdotter Krebs, f. i Christiania 17.1.1842,

Elinor Krebs flytte òg med foreldri i 1860 til Halden og vidare til Fridheim i Berg der ho var heimeverande til ho i 1890-åri som rentenist flytte med søsteri Henriette til Stabæk i Bærum.  Der d. Elinor 28.3.1899.  Ho var ugift.

 3. Anette Wilhelmine Christiansdotter Krebs, f. i Christiania 9.3.1846,

Anette Krebs flytte likeins i 1860 med foreldri til Halden og vidare til Berg der ho 11.7.1866 gifte seg med Christian August Peterson Anker frå Rød i Berg.  Han var son av grosserar og gardbrukar Peter Martin Nilsson Anker på Rød, opphavleg frå Halden, og kona Cathrine Olave Nicoline Christiansdotter Gløersen frå Berg og f. i Berg 9.8.1840.  Christian Anker var grosserar og budde på Remmen i Berg, men Anette d. etter barselseng i Halden 30.5.1867.  Christian gifte seg sidan att to gonger og d. på Remmen 30.9.1912.  Han fekk i alt ti born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Anette Krebs:

a. Anette Christiansdotter Anker, f. i Halden 15.5.1867, d. på Remmen i Berg 21.1.1883.

 4. Christian August Christianson Krebs, f. i Hafslo 16.5.1852,

Christian Krebs flytte i 1860 med foreldri sine til Halden og vidare til Berg, men gifte seg i Halden 21.2.1884 med Antoinette Petronelle Nilsdotter Stang frå Halden.  Ho var dotter av grosserar Nils Anker Thomasson Stang i Halden og kona Cathrine Andrea Andreasdotter Faye, òg frå Halden, og f. i Halden 25.11.1863.  Christian vart tidleg konsul og livnærte seg i mange år som trelasthandlar og sidan òg som steinbrottseigar.  Han og Antoinette budde for det meste i Christiania, men i 1904 selde Christian seg ut av alle verksemdene han då eigar eller medeigar av og flytte visstnok snart etter til Dyne i Högdal, Bohuslän i Sverige der han budde store delar av restlevetidi si.  Christian vart sjuk på 1930-talet og flytte inn på eit sjukehus på Trosterud i Austre Aker der han d. 24.6.1941.  Antoinette Krebs flytte på same tidi inn på ein gamleheim på Moelv i Ringsaker der ho d. 5.6.1948.  Dei fekk fem born i lag:

a. Ellen Margrethe Christiansdotter Krebs, f. i Christiania 1.11.1885, d. på Dyne i Högdal, Bohuslän i Sverige 5.2.1931.  Ellen var lærar ved ulike privatskuler, uvisst kvar, men mest truleg var det i og kring Christiania.  Nokre dagar før ho d. i 1931 flytte ho frå Noreg og inn hjå søsteri Harriet på Dyne i Högdal, Bohuslän i Sverige.  Ellen var ugift.

b. Samuel Andreas Christianson Krebs, f. i Christiania 26.2.1889, d. i Christiania 20.12.1889.

c. Harriet Christiansdotter Krebs, f. i Christiania 6.12.1890, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1941! – kanskje 18.4.1968, men i so fall kvar?)

 

     Harriet vart student i 1909 og var svensk filosofisk kandidat og lyrikar.  Ho budde ei tid i Göteborg i Sverige, men flytte i 1927 derifrå til Dyne i Högdal, Bohuslän i Sverige.  Frå 1933 var ho so for det meste busett i Stockholm, Sverige.  Harriet var ugift.

d. Kathrine Andrea, kjend som Kate Christiansdotter Krebs, f. i Vestre Aker 8.5.1892, d. i Locarno, Kanton Tessin i Sveits 25.3.1946.  Kate tok sjukepleieutdanning i Danmark og arbeidde sidan som sjukepleiar i Sveits, truleg i Locarno i Kanton Tessin.  Ho var ugift.

e. Louise Antoinette, kjend som Antoinette, sidan som Lill Christiansdotter Krebs, f. i Austre Aker 18.8.1893, d. i Oslo 6.3.1978.  Lill budde tydeleg ei tid i Sverige, men flytte i 1917 til København og sidan til Italia.  Ho gifte seg i Milano, Italia 11.6.1931 med Francesco Maresca, f. i Assisi, Italia 12.7.1903.  Han d. i Dornach, Kanton Solothurn i Sveits 19.11.1969.  Francesco var målar og bilethoggar, og han og Lill budde ei tid i Milano, Italia, men flytte 1933 til Dornach i Kanton Solothun i Sveits der Francesco var kunstlærar til dei i 1938 busette seg på

 

     ¤¤¤¤¤ (bustad nær Oslo? – Lill budde på Røa i Oslo 1960-1970)

 

     Francesco heldt fram som kunstlærar i Oslo, men i 1948 vart dei skilde, og Francesco flytte på ny til Dornach, Solothurn i Sveits.  Han gifte seg att med ei anna norsk kvinne og fekk ein son med ho, men Lill og Francesco fekk ingen born i lag.

 5. Henriette Christiansdotter Krebs, f. 26.9.1854,

Henriette Krebs flytte òg med foreldri sine i 1860 til Berg og var heimeverande på Fridheim til ho på 1890-talet med søstefi Elinor som rentenist flytte til Stabæk i Bærum.  Sidan budde Henriette ei tid på Bygdøy i Christiania og likeins i Vestre Aker, men ho d. under eit opphald hjå brordotteri Harriet på Dyne i Högdal, Bohuslän i Sverige 25.7.1930, ugift.

 

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle bidragi i denne debatten so langt.  De er berre heilt fantastiske!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjelder ditt spørsmål om hvad Vidargruppen driver med, les på nettet "Vidargruppen gjennom 100 år" av Oddvar Granly.

Her fortelles hele historien, alle indre motsetningene og splittelsene òg alle de som var delaktige. Men navnet Maresca forekommer ikke.

Jeg tok en prat med den gamle steinerskolelærerinne Liv Breidvik (88 år) som var min sønn's klasseforstander. Hun gjenkjente ikke navnet Maresca, men kjente noen av personene som stod i dødsannonsen til Lill Krebs, gift med og skilt fra Maresca, i 1978. En av disse, Signe Roll Wikberg var lærerinne på Oslo Steinerskolen (på Smedstad) rett etter krigen.

Det som er interessant er at blant de som nevnes i annonsen var også Lill's "konkurrent", Maresca's andre hustru, Ingeborg Maresca og sønnen hennes, Alexander. Det må ha hersket en god tone mellom disse to kvinner i hans liv.

 

Liv Breidvik's mann, den avdøde maleren Arne Breidvik, bodde under sine studiedager på Kunstakademiet på hybel hos Dorothea Wiese, der hvor Maresca under sitt andre opphold i Oslo hadde sitt atelier. Dette atelier var forresten det samme rom som Rudolf Steiner brukte under sine besøk til Norge. Huset må ha ligget langs Mosseveien, før den ble Autobahn.

 

Jeg har to navn igjen på listen:
Forlaget Antropos' leder Arne Møller. Men han må være på ferie; svarer i hvert fall ikke på telefon.
Og Oddvar Granly.
 

Fortsatt god sommer

JanM

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jan for nytt spennande innlegg om denne huslyden.  Eg seier meg lei for seint svar, men eg er vorten råka av "sommarinfluensa" og er berre nøydd til å ta det "litt med ro"...

 

I mellomtidi er det òg kome svar frå Riksarkivet på spørsmålet eg sendte dit om opphaldet til konsul Christian August Krebs på Dedichens klinikk:

 

"På registerkortet for Christian August Krebs er han oppgitt som hjemstavnsløs. Han ble innlagt 09.04.1940."

 

Dette var heller skuffande, og det er og vert eit "mysterium" dette spørsmålet om KVAR denne huslyden heldt til etter at dei forlet Berg i Austfold i 1904, og ogso kvar denne første bustaden til Frencesco Maresca og første kona Lill var, frå 1938 og utover.  Eller kan det tenkjast dei budde på same staden som du Jan referer til, hjå Dorothea Wiese?

 

Kunne kanskje Ingeborg Maresca vera ei kjelde?  Eg trur ho framleis lever og bur i Sveits...

 

PS: For fleire år sidan råka eg borti ein annan huslyd av det meir "velståande slaget" som hadde basis på Lillehammer.  Kontaktpersonen i familien var ein mann i 80-åri som pendla mellom Tessin i Sveits og Lillehammer.  Eg hugsar han snakte om fleire andre som levde på "same vis", og eg sat att med inntrykk av at dette var ein "tradisjon" innanfor "overklasse-Noreg" anno 1920...

 

Me veit at den eine dotteri Kate var sjukepleiar og døydde i Locarno i Tessin; kanskje ho slett ikkje var der åleine frå først av og at foreldri hennar òg budde der, i alle fall ei tid?

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.