Gå til innhold
Arkivverket

Johanna Christophersdotter Svad/Sjøtun/Havnen - fødd i Hafslo 1845 - flytt 1860 til Halden - kvar kan ho ha vorti av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei oppfølgjing av tema #7553 frå det gamle Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/93507-7553-johanna-christophersdotter-fraa-hafslo-til-berg/?hl=%2Bchristian+%2Bkrebs#entry771721), eit tema som enno ikkje er vorte løyst.

 

Utgangspunktet er dette:

 

Johanna Christophersdotter Svad eller Sjøtun eller Havnen, dotter av husmann Christopher Petterson og kona Christi Olsdotter på plassen Svad eller Havnen under garden Sjøtun, var fødd i Hafslo 21.9.1845.

 

Då den dåverande sorenskrivaren i indre Sogn, Christian August Krebs og huslyden hans i 1860 flytte til Halden i samband med at han vart utnemnd til sorenskrivar i Id og Marker, flytte Johanna med dei, rimelegvis som tenestejente eller barnejente for dei mindreårige borni til sorenskrivaren.

 

Her er innflyttingi hennar til Halden 1860 (ført i 1862, post #67): http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=385&idx_id=385&uid=ny&idx_side=-120

 

I 1864 skal Krebs ha kjøpt garden Fridheim i Berg, men me ser ikkje noko til Johanna i FT1865, korkje på Fridheim eller andre stader i distriktet.  Eg har ogso blatt gjennom vigselsprotokollar for Halden og Berg med hovudvekt på åri fram til 1866, men so langt utan resultat!

 

Dei fleste søskeni til Johanna utvandra til Amerika, men der borte er det ingen som har høyrt gjete ho.

 

MEN; ein eller annan stad må jo ogso denne jenta ha gjort av seg.  Hadde me berre greidd å leita på "rette staden"...

 

Eg vil vera evig takksam for kvart einaste vetle spor etter ho som kan finnast!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

I samband med etterlysingi av Ingeborg Christophersdotter frå Hafslo (sjå tema: http://forum.arkivverket.no/topic/193170-ingeborg-christophersdotter-svadhavnensj%C3%B8thun-f%C3%B8dd-hafslo-1840-utvandra-1870-eller-kanskje-ikkje-lagnaden-hennar/?p=1634863) vil eg gjerne få løfta opp att dette problemet som gjeld søsteri Johanna.  Ein eller anna stad må desse søstrene ha teke vegen, men dei MÅ ikkje ha butt same staden!

 

Eg ville verta svært so glad for det minste vesle tipset om lagnaden til Johanna!

 

Kan ho vera flytt til Sverige?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johanna hadde ei søster Anna som var gift og budde i Bergen.  Anna fekk sju born fødde mellom 1867 og 1880, og det syner seg at eldste dotteri Ingeborg Gerhardine Christine i 1867 hadde ein fadder Johanna Christophersdotter Solheim (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8367&idx_id=8367&uid=ny&idx_side=-174)!

 

Kan dette vera den "bortkomne" Johanna Christophersdotter?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

So er det endeleg komme nye opplysningar om denne Johanna Christophersdotter!

 

Då søsteri Ingeborg døypte andre barnet sitt, Anna Petrine Emilie Jacobsen, i Chicago, IL hausten 1870, var dei fleste fadrane nære slektningar av foreldri, og ein av dei var:

 

Johanna Christofersen.

 

Då kan me altso slå fast at Johanna innan august 1870 var kommi fram til Amerika!

 

Men framleis står det sjølvsagt att å finna lagnaden hennar der borte...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

??????

 

 

Johanna Christoffersen
mentioned in the record of Iversen

Name: Iversen

Event Type: Birth

Event Date: 23 Jul 1878

Event Place: Chicago, Cook, Illinois, United States

Registration Place: , Cook, Illinois

Gender: Male

Father's Name: Andrew Iversen

Mother's Name: Johanna Christoffersen

 

 

 

Andrew Iverson
Illinois Deaths and Stillbirths

Name: Andrew Iverson

Event Date: 01 Mar 1929

Event Place: Chicago, Cook, Illinois

Gender: Male

Age: 82

Birth Year (Estimated): 1847

Birth Date: 03 Apr 1846

Birthplace: Oslo, Norway

Father's Birthplace: Nass, Norway

Mother's Birthplace: Oslo, Norway

Spouse's Name: Johanna

Burial Date: 04 Mar 1929 Burial Place: Chicago, Cook, Illinois

Cemetery: Mt. Olive

 
Spouse's Name: Johanna Christianson
License Type: Marriage
Event Date: 24 May 1873
Event Place: Chicago, Cook, Illinois

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande innlegg!

 

Eg la ogso merke til denne Johanna Christophersen som var gift med Andrew Iverson, og har søkt etter ho i ulike kjelder.  Det syner seg at ho òg kalla seg Jennie, og her er dødsfallet hennar:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name: Jennie Iverson

Event Type: Death

Event Date: 20 Nov 1910

Event Place: , Cook, Illinois, United States

Address: 4948 W.Ohio St. Ward 35th

Gender: Female

Age: 63

Marital Status: Married

Ethnicity: American

Race: White

Occupation: Housewife

Birth Date: 20 Dec 1846

Birth Year (Estimated): 1847

Birthplace: Norway

Burial Date: 24 Nov 1910

Burial Place: Mt. Olive

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

Record Number: 47

Source Reference: cn29447

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Foreldri er ikkje oppgjevne, meg eg tykkjer kanskje fødselsdatoen er litt for langt unna den me leiter etter...?  Likevel vil eg skriva og be om ein skanna kopi av denne attesten!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg motteke den originale dødsattesten til Jennie Iverson, men den har diverre ikkje fleire opplysningar enn den versjonen som er attgjeve ovanfor.  Foreldri er ukjende...

 

Eg har ogso motteke ei melding frå kyrkjearkivet i Chicago, IL som fortel meg følgjande:

 

Andrew Iverson og Johanna Christianson gifte seg 24.5.1873 i Trinity Lutheran church, og i same kyrkja vart dotteri Ida Caroline døypt med fødselsdato 2.6.1876.  Ogso der er ho kalla Johanna f. Christianson, og alle fadrane er ukjende for meg: Anna Løkke, Sophie Olsen, Johan Johansen og Martin Rikholsen.

 

Eg trur IKKJE denne Johanna er den me leiter etter, og kanskje let seg gjera finna ei Johanna med denne fødselsdatoen 20.12.1846 som kan høva?

 

So me lyt nok "back to square #1"...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Etter at me for snart eit halvt år sidan kunne slå fast at Johanna Christophersdotter i 1870 var busett i Chicago, IL, er me diverre ikkje komne noko vidare i å finna lagnaden hennar der borte, men ser me på FT1870 for Chicago, IL, finn me fleire Johanna'er om lag på same alder, men eg har "sjekka ut" dei fleste, og eg trur ikkje ho er ei av dei.  Dessutan ser det ut som om ho enno ikkje var gift i august 1870!

 

Derimot finn eg fleire spennande innførsler i fødselsregisteret for Chicago, IL (frå FamilySearch/ancestry.com):

 

KLEINSCHMIDT, female

born: Aug. 29, 1872

father: Julius KLEINSCHMIDT

mother: Johanna CHRISTOPH

 

MASEN, Emma and Albert (twins?)

born: June 15, 1878

father: Hans MASEN

mother: Johanna CHRISTOFSON

 

McCARTHY, Margaret E.

born: Jan. 15, 1872

father: Thomas McCARTHY

mother: Johanna CHRISTOPHER

 

Merkeleg nok har eg vanskar med å finna att desse huslydane i FT1880 eller seinare.  Særleg denne MASEN-huslyden synest spennande..., men er det "vår" Johanna?

 

Elles er det framleis eit stort "mysterium" kva tid Johanna utvandra?  Det må ha vore mellom hausten 1867 og sommaren 1870!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.