Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Oppslag i sorenskrivarverket for Ryfylke 1840-1870?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det finst biografiar over so mangt, lækjarar, lærarar, geistlege, militæroffiserar, sorenskrivarar på landsbygdi m.m., men kva med oversyn over dei som har vore BYFOGDAR i dei ulike byane våre?

 

Eg strever med å finna ut KVA TIDSROM denne karen var byfogd i Stavanger:

 

Morten Henrik Magnus BAADE (1806-1869)

 

Eg går ut ifrå at han sat i embetet då han døydde i 1869, men kva tid fekk han stillingi?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Redigering:  Etter at Grete kom med avklarande opplysningar i innlegg #2, har eg endra titelen på dette emnet (sjå nedanfor i innlegg #3) for å få gjort eit oppslag i "Noregs sorenskrivarar", og takkar so mykje for hjelpi med eit slikt oppslag!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har en herlig liten bok som heter 'Fra det gamle Stavanger' av Harald Storm, utgitt 1946. Dette er en biografi om en deilig barndom, og boken starter med dette:

Det gamle Byfogedhus på Torget

 

Min morfar, Halvor Olaus Christensen, var byfoged, magistrat, skifteforvalter og auksjonarius - til og begynne med også politimester - i Stavanger fra 1832 til 1890. Med fast hånd styrte han disse embeter med sin stab av dyktige kontorfolk i det gamle, nå lengst nedrevne byfogedhus på Torget'.

 

Christensen var en godt likt byfogd som ikke gjorde forskjell på fattig og rik. Fra boken: 'Nå bør De se konen som De ga penger for en liten stund siden'. Vi gikk til vinduet og fikk se et tragikomisk syn. Ført av to politibetjenter gikk konen syngende og skrålende: 'Skål byfoged!'

 

Boken gir inntrykk av at Christensen bodde i huset 1832-1890, men hvor riktig dette er, vet jeg ikke. Baade er ikke nevnt i Storms bok.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grete for svært interessant innlegg!

 

Eg søkte etter Halvor Christensen i FT1865, og eg fann han, som "byfoged" i Stavanger (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1103&kenr=0130&bnr=0130&lnr=000)

 

So såg eg litt nærare på Morten Baade i FT1865, og han er "berre" "foged" i Stavanger (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1103&kenr=0906&bnr=0905&lnr=000)

 

Og so er det at eg ser Lisa attgjev frå ei gamal ættebok for Kielland-ætti i Stavanger (http://www.nb.no/nbsok/nb/e0902b6856b22a607aa3081bb254e3e6?index=7#107) at Morten Baade var "fogd i Ryfylke".

 

AHA!  Morten Baade var altso fogd (sorenskrivar) i Ryfylke, men budde i Stavanger!  Det endrar jo saki, men like fullt er eg sjølvsagt interessert i kva tidsrom Morten var fogd i Ryfylke...?

 

Etter dette funnet endrar eg titelen på dete emnet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Ja, du har jo fått svar, for i siste link står det jo 1858, og det stemmer. Han var fogd (ikkje sorenskrivar) i Ryfylke i perioden 1858-1869.

 

 

Mvh

Jan Alsvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Berit og Jan for spennande og nyttige innlegg!  Eg seier meg lei for begrepsforvirringi med omsyn til sorenskrivar og fut.  Hovudsaki her er at problemet vart løyst so kjapt og utan ytterlegare vanskar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.