Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Remi-Andre Hellevik

Hvor kom min mormor Ingebjørg Hovland (Født Helland) fra?

Recommended Posts

Remi-Andre Hellevik

Min Mormor Ingebjørg Hovland ble født 1.Desember 1926 og døde i August 2007. Men har alltid lurt på mer om slekten hennes og hvor hun kom fra. Har lett etter info men greier ikke å finne noe. Mest sannsynlig fordi jeg ikke vet hvordan jeg skal gå frem.

 

Noen som kunne hjulpet meg?.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Rune Bergesen

Gift 23/7-1949 i KK Alf Henry Hovland 30/5-1921 gm Ingebjørg Helland 1/12-1926 født på Myking Lindås, far Gårdbr. Alfred Jørgensen Hovland og Bonde Ingvald Helgesen Helland. Iflg BB for Modalen Nipen gard, var Ingvald Gjertin Helgesen Helland f. 1882 g 1912 med Bertina Andersdtr. Stusdal f. 1885, 2 barn Helga 1814 og Anders 1915, i 1924 flyttet Ingvald til Askelandsvåg, Myking sokn Lindås. I BB Myking Sokn under Søre Askeland bruk nr 2 og 7 Askelandsøya finner jeg Ingvald Helgesen Helland f. 1882-1966 g 1912 med Bertina Andersdtr. Stusdal f. 1885-1966, barn Helga 1914, Anders 1915, Svein 1917 og Ingeborg 1926. Du finner fam på garden Nipen i Modalen herred i 1910.

Edited by Rune Bergesen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn

Velkommen som ny forumbrukar. Du har funne deg ein spennande hobby. Eg vil tru at du får betre hjelp dersom du postar i Brukernes eget forum. Eg legg ut lenke til sida i kyrkjeboka for Korskirken (KK) som Rune har funne fram til ovanfor:

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. D 7 (1938-1952), Ekteviede 1949, side 120b-121a. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=43687&idx_id=43687&uid=ny&idx_side=-126

 

(Du finn lenke til dei skanna kyrkjebøkene på framsida til Digitalarkivet).

 

Eg har ein følelse av at Remi-Andre er nybyrjar på dette feltet, og ynskjer eit grunnleggjande "kurs" i slektsgransking og kjeldebruk. Er det nokon som veit om gode sider på nettet som kan anbefalast?

 

Eg får vel prøve litt sjølv: Grunnleggjande kjelder er kyrkjebøkene og folketeljingar. Kyrkjebøkene inneheld personopplysningar i samband med dåp, konfirmasjon, vigslar eller dødsfall. I nyare tid har ein to sett med kyrkjebøker, nemleg ministerialbøker (ført av presten) og klokkarbøker (ført av klokkaren). Årsaka til at det er dobbelt opp er at dersom den eine skulle komme vekk vil opplysningane vere tekne vare på dersom den andre er bevart. Kyrkjebøkene byrjar vanlegvis på 1600- eller 1700-talet (ulikt frå stad til stad), og var ofte lite detaljerte til å byrje med. Ein del kyrkjebøker er transkriberte (søkbare).

 

Ein har bevarte landsdekkande folketeljingar frå m.a. 1801, 1865, 1875, 1891, 1900, 1910 osv., og desse er (med unntak av 1875 og 1891) gjort søkbare for heile landet på Digitalarkivet. Søk i folketeljingane er ein fin måte å lokalisere folk dersom ein er usikker på kvar dei budde, og ein finn også familiemedlemmar eller andre som dei budde hos. Opplysningane i folketeljingane er unøyaktige, men gjev eit godt grunnlag for å finne fram til dei rette kyrkjebøkene å slå opp i.

 

Ein har massevis av andre kjelder å bruke i slektsforsking. Skal ein følgje slekta bakover i tida før ein byrja å bruke kyrkjebøker treng ein andre kjelder, og dette vert litt for den "vidarekomne". Likeeins er kyrkjebøker (med unntak av vigslar), folketeljingar og mykje anna sperra for innsyn frå før midten av 1900-talet og fram til våre dagar på grunn av omsynet til personvern. Skal ein finne levande slektningar må ein difor vere kreativ, og kjeldene kan vere meir usikre. Nyttige "kjelder" er skattelistene, telefonkatalogen eller gravminnedatabasen til DIS. Bygdebøker er (som Rune var inne på) nyttige, og gjer det lett å følgje slekta. Bygdebøker er ofte "inngangsporten" når ein byrjar å interessere seg for slekta, men ein må vere merksam på at desse inneheld mange feil.

 

Det er viktig å vere klar over usikkerheit i kjeldene. Dersom ein tek snarvegar kan ein bruke mykje tid på å forske på "slekt", for så å finne ut at det er feil og ikkje slekt likevel. Kyrkjebøkene vart skrivne kort tid etter hendingane fann stad, og er difor svært nøyaktige. Ein kallar desse for primærkjelder. Ei søkbar kyrkjebok på Digitalarkivet vil vere eksempel på ei avskrift, og vil kunne innehalde feil som ikkje er i primærkjelda. Ei avskrift er eksempel på ei sekundærkjelde, og bør (skal) alltid sjekkast opp mot den opprinnelege kyrkjeboksida når ein har mogelegheit til det. Folketeljingane er basert på munnlege kjelder lenge etter hendingane (dåp, vigsel), og kan vel også reknast som sekundærkjelder. Bygdebøkene inneheld mange slags kjelder, også munnlege. Også forfattaren kan ha gjort feil. Slike kjelder vert difor meir usikre, og ein bør om mogeleg sjekke med den/dei opprinnelege kjeldene. Dersom ein ikkje har mogelegheit til å sjekke primærkjelder (f. eks. på grunn av personvernomsyn) bør ein kryssjekke fleire kjelder med ulik opprinnelse. På internett florerer det med slektstre fulle av feil, og det er også folk som med vilje legg ut opplysningar som er feil, f. eks. slik at det skal framstå som om dei er "finare" enn dei er. Slike slektstre kan difor knapt reknast som "kjelder", og ein må sjå på desse meir som hypoteser enn som kjelder.

 

Ein bør uansett notere kva kjelder ein har brukt for å finne fram til slektsopplysningane, slik at du slepp å sitje på eit seinare tidspunkt og lure på "kvar fann eg den opplysninga" osv.

Edited by Torbjørn Igelkjøn

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.