Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Dødsmeldingar Gaular 1910 og 1937 (Aarnæs)

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Gjert Larsson Aarnæs døydde på Haugen, Kvammen i Gaular 17.10.1910

 

Anna Pernille Olsdotter Aarnæs, enkja hans, døydde under opphald i Holla i Telemark 5.8.1937

 

Er det mogeleg å finna dødsmeldingane deira for å få oversyn over ervingane, særleg dei som var i Amerika - med adresser?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Da Gjert døde var det "Fælles barn, hvorav 1 umyndig." Enken fikke uskiftebevilling.

 

Det er ikke ført inn dødsmelding etter Anna Pernille i august-september 1937. Det er rimeligvis i Telemark det har vært registrert.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for kjapt svar og til Sven for kommentar!  Eg beklager eg hadde ikkje notert meg dette svaret frå 2009, men orsaki er at problemet ikkje vart løyst!  Problemet er å finna lagnaden til eldste sonen Lars Olai Gjertson Aarnes, fødd 9.4.1878, som utvandra til Amerika i 1901.  I 1910 var han visstnok jarnbanearbeidar i St. Louis Co., MN, men i 1930 er han komen på eit sjukehus (institusjon) i Skagit Co., WA.  Seinare lagnad er ukjend...  Broren Ole er spora opp før...

 

Eg lyt freista Statsarkivet på Kongsberg for ei dødsmelding etter Anna Pernille...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Fleten

Har studert samme familie, men finner ikke mer om Lars Olai f.09.04.1878, enn utvandringen i 1901

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000700528

 

Dette skal ha vært omtalt som en meget intellektuell familie. De andre søskene er:

Ole Laurentius  f.20.08.1879, d.__.__.1879, Døde som spebarn

Brita Monsine   f.08.10.1880, d.11.10.1970, Nome i Telemark, gm Eivind Straume

1900 Ft i Seljord            http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037177001354

1910 Ft i Drangedal       http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036522003842

1970 Gravminne            http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=2846441

Ole Martinus          f.26.03.1882, d.02.07.1967, USA, Iowa 52175, West Union, gm. Rosa Mathilda May

1900 Ft i Bergen            http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037335059800

1906 Emigrert                http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000715320

Nils Jakob              f.15.12.1884, d.08.04.1966, Melhus i Sør-Trøndelag, gm. Karen Vighals

1910 Gift i Trondheim    http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000001251649

1910 Ft i Aure                http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036801003152

1966 Gravminne            http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=2499982

Nelle Johanna        f.12.07.1886,                        har ikke funnet noe på henne etter ft 1900

Ft 1900                          http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037355000914

Hanna Thomasine f.21.04.1888,                        gm.John Guttormsen Vaagesar

1910 Jordmor-eksamen, http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/47/pl00000000007534

1910 Ft i viksdalen,        http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036729001294

1915 Gift i Lom              http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000001411938

Gjertrud Andrea      f.19.10.1893, d.04.03.1981,  i viksdalen

 

Brita var mor til Gisle Straume, alias Lektor Tørrdal i Stompa serien.

 

Hva sier dødsmeldingen til Gjertrud Aarnes i 1981, kanskje den kan fortelle litt om søsken og nevøer. ??

 

 

 

Endret av Jostein Fleten

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jostein for spennande og interessant innlegg!

 

Eg har pr. i dag so å seia "komplette" opplysningar om denne huslyden frå Årnes i Gaular og tillet meg å leggja dette inn her:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Pernille Olsdotter, f. 15.3.1847,

Anna Olsdotter gifte seg i Hafslo 20.7.1877 med Gjert Larsson frå Årnes i Gaular.  Han var son av gardbrukar Lars Nilsson på Årnes øvre og kona Nelle Gjertsdotter frå Årnes og f. i Gaular 7.7.1854.  Gjert Aarnæs var folkeskulelærar, og han og Anna budde først heime på Årnes øvre i Gaular, men var frå 1883 gardbrukarar på Haugen, Kvammen i Gaular der Gjert d. 17.10.1910.  Anna Aarnes flytte som enkje med dotteri Brita til Holla i Telemark der ho d. 5.8.1937.  Dei fekk ti born i lag:

a. Lars Olai Gjertson Aarnes, f. i Gaular 9.4.1878, sidan kjend som Lewis Orness, utvandra til Amerika i 1901 og

 

     ##### (biography in America? – 1910: Louis Hornes, single, station (railroad) worker at  Normanna township, St.Louis Co., MN – 1930: Lewis Ornes, single, inmate at Northern State Hospital for Insane at Sedro Wooley, Skagit Co., WA)

 

b. Ole Laurentius Gjertson Aarnæs, f. i Gaular 20.8.1879, d. i Gaular 21.8.1879.

c. Brita Monsine Schanke Gjertsdotter Aarnæs, f. i Gaular 2.10.1880, d. i Holla 11.10.1970.  Ho gifte seg i Gaular 31.7.1909 med Eivind Saamundson Straume frå Strømme under Kragenes i Vrådal, Kviteseid, f. i Kviteseid 28.1.1881.  Han d. i Holla 4.12.1961.  Brita og Eivind tok båe lærareksamen i Seljord i 1902, og medan Brita var lærar i Sparbu til 1903, på Vossestrand til 1905 og på Fevik i Fjære til 1909, arbeidde Eivind som lærar i Holla til 1905 og i Gjerpen til 1909.  Sidan var han lærar i Tørdal, Drangedal til han og Brita i 1914 kom attende til Holla som lærarar.  Eivind vart òg skulestyrar og klokkar, og han og Brita budde på Klovdal i Holla.  Dei fekk fire born i lag.

d. Ole Martinus Gjertson Aarnes, sidan kjend som Ole Orness, f. i Gaular 26.3.1882, utvandra til Amerika i 1906 og fór då til Duluth, St. Louis Co., Minn., men farma sidan i Grand Rapids township, LaMoure Co., N.D.  So gifte han seg i Allamakee Co., Ia. 17.12.1924 med enkja Rosa Mathilda Rothermel May, f. i Allamakee Co., Ia. 29.5.1882.  Ole og Rosa Orness slo seg ned som farmarar i French Creek township, Allamakee Co., Ia. der Rosa d.

 

     ##### (place of her death? – Lansing, IA!?)

 

     11.3.1963.  Ole d.

 

     ##### (exact place of his death? – West Union, Fayette Co., IA?)

 

     2.7.1967.  Dei fekk ikkje born i lag, men Rosa hadde ein son frå første ekteskapet sitt.

e. Nella Henriette Gjertsdotter Aarnæs, f. i Gaular 9.9.1883, d. i Gaular 9.10.1883.

f. Nils Jakob Gjertson Aarnes, f. i Gaular 15.12.1884, d. på sjukehuset i Trondheim 8.4.1966.  Han gifte seg i Domkyrkja i Trondheim 14.9.1910 med Karen Hansdotter Vighals frå Vighals i Aure, f. i Aure 17.7.1888.  Ho d. på sjukehuset i Trondheim 5.1.1963.  Nils tok lærarskuleeksamen på Stord i 1907 og var først lærar i Aure til 1911 og deretter lærar og klokkar i Gaular til han i 1913 fekk same stillingi i Rennebu.  Frå 1919 var han lærarskulelærar på Stord til han i 1923 vart lærar og klokkar i Melhus, og huslyden busette seg på Elverhøy i Melhus.  Der vart dei buande levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

g. Nilla Johanne Gjertsdotter Aarnæs, f. i Gaular 12.7.1886, d. i Gaular 5.8.1907, ugift sjukepleiar.

h. Hanna Thomasine Gjertsdotter Aarnæs, f. i Gaular 21.4.1888, d. i Lom 1.9.1963.  Hanna gifte seg på Lillehammer 14.7.1915 med John Guttormson Kvamme frå Kvamme i Lom, f. på Vågesar i Lom 11.2.1890.  Han d. i Lom 31.10.1941.  John og Hanna tok først over som gardbrukarar på heimebruket hans på Kvamme i Lom, men flytte i 1926 til Stamstadbakken, Stamstad i Lom der John heldt fram som gardbrukar, medan Hanna var jordmor.  Dei fekk ei dotter i lag.

i. Gjertrud Andrea Gjertsdotter Aarnes, f. i Gaular 25.2.1890, d. i Gaular 26.2.1890.

j. Gjertrud Andrea Gjertsdotter Aarnes, f. i Gaular 19.10.1893, d. på sjukehuset i Skien 4.3.1981.  Gjertrud tok lærarskuleeksamen i Levanger i 1917 og arbeidde sidan som lærar i Rennebu til 1918 og so i Holla til ho i 1921 vart lærar i Porsgrunn.  Der budde ho sidan levetidi ut.  Gjertrud var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Som du ser, er det berre nokre detaljar som manglar frå Amerika om Lars og om Ole og kona hans.  Ole og kona reknar eg med å få tak i innan få dagar (med mindre DU veit svari?), men når det gjeld Lars, bør nok ein slektning av han (DU?) kontakta sjukehuset i Sedro Wooley, WA for å be om fleire opplysningar. Han er nok avliden der ein eller annan gong etter 1930...  Kanskje vil du freista telefon: 001-360-856-4222

 

Høyrer elles gjerne frå deg att om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Fleten

Flott Lars,

 

Du ga meg info om 2 stk som jeg manglet.

 

Gikk inn og sjekket klokkerboken i Lom 1915, og fant henvisning til Lillehammer på ekteskapet til Hanna,

Litt morsomt at hun kom fra Kvamen i Gaular og giftet seg til Kvamme i Lom.

 

Det samme kan og sies om Eivind Straume som var Lærer i Tørdal i Drangedal.

Og fikk en sønn som spilte lektor Tørdal i Stompa.

 

Så leste jeg svaret fra Statsarkivet i Kongsvinger om at om Anna som døde på Holla i Telemark ble gravlagt i Gaular.

http://forum.arkivverket.no/topic/192779-d%C3%B8dsmelding-holla-i-telemark-1937-d%C3%B8dsstader-fr%C3%A5-kyrkjeb%C3%B8kene-i-holla-1961-og-1970/

Finner ikke henne i DIS Gravminner, og kirkebøkene for Gaular 1937 er ikke lagt ut på nettet.

 

... men jeg fant datteren Gjertrud Aarnes som døde i Skien 04.03.1981, ble gravlagt i Viksdalen i Gaular, 23.10.1981.

siden det ikke er lagt ut bilde av gravminne klarer jeg ikke å lage link, med det er bare skrive navnet på denne link

http://www.disnorge.no/gravminner/global1.php

Det er mer en 7 måneder fra hun døde til begravelse, så det må være en urne nedsettelse.

...men siden hun var den siste av søskenflokken som døde, og ingen av de andre var bosatt i Gaular.

Hvilke relasjoner hadde hun da i Gaular, utenom morens grav.??

 

Så var det amerikafarerne..

 

Har funnet:

Ole Arness        i USA Ft 1910, Stationworker, Normanna, St Louis, Minnesota, USA (samme telleliste som broren Lars "Louis")

Ole Mertinus Orness       1924, Gift i Iowa,  (født Vikadalen, Norway)

Ole M Orness,  i USA Ft 1930,  Farmer, French Creek, Allamakee, Iowa, USA

Ole M Orness,  i USA Ft 1935,  Farmer, French Creek, Allamakee, Iowa, USA

Ole M Orness,  i USA Ft 1940,  Farmer, French Creek, Allamakee, Iowa, USA (her er han oppført med stesønn og 4 stebarnebarn)

Ole M Orness,                 1967,  Død, i West Union, Iowa 52175, USA,   Gravlagt i Oak Hill Cemetery, Iowa, USA

http://www.myheritage.no/research/collection-10002/trygdeordningens-dodsfallsregistre-i-usa-ssdi?s=62197591&itemId=69639891-&action=showRecord

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gsr&GSfn=ole&GSmn=m&GSln=orness&GSbyrel=in&GSby=1882&GSdyrel=in&GSdy=1967&GScntry=0&GSst=0&GSgrid=&df=all&GSob=n

 

 

Louis Hornes i USA Ft 1910, Stationworker, Normanna, St Louis, Minnesota, USA (samme telleliste som broren Ole)

Louis Ornes   i USA Ft 1920, Pasient, Northern State Hospital, Skagit, Washington, USA

Louis Ornes   i USA Ft 1935, Pasient, Northern State Hospital, Sedro Woolley Ward 2 C Prec 2, Skagit, Washington, USA

Louis Ornes   i USA Ft 1940, Pasient, Northern State Hospital, Sedro Woolley Ward 2 C Prec 2, Skagit, Washington, USA

Louis Ornes, Død i USA 08.03.1949, Sedro Woolley, Skagit, Washington

http://www.myheritage.no/research/collection-30019/dodssertifikater-washington-1907-1960?s=62197591&itemId=527101-&action=showRecord

 

Dette er nesten 12 år etter moren døde, så hvorfor han ikke var med i antallet myndige etterkommere, er vel at han var umyndiggjort.

Siden brødrene var i lag i 1910 ft, Må Ole ha vært klar over hvor Lars ble av.

 

Northern State Hospital var Mental sykehus, som nå er nedlagt

Omtrent 1.500 mennesker er begravet i Northern State Cemetery mens det bare er en gravstein.
Siden sykehuset ble stengt, er steinene som identifiserte de avdøde pasienter med initialer blitt fjernet.
De fleste poster knyttet til begravelser gikk tapt når sykehuset stengt. 
Et krematorium var i bruk fra 1913 til ca 1955, hvorpå sykehuset kontrakt med lokale krematorier og anlegget på sykehuset ble demontert.
Når NSH ble stengt, var det 204 beholdere med kremerte rester lagret i likhuset.
Likhuset attendant hadde aldri rukket å begrave dem, den uavhentete aske ble begravet på Hawthorne kirkegården i Mount Vernon.
 
Kilder:
 
mvh
Jostein

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jostein for spennande nye opplysningar!

 

Eg var forundra over ikkje å ha finne dødsfallet til Louis Ornes i 1949, me eg ser det ligg i stavemåten!  Eg freista Lars og Lewis, og tenkte ikkje på Louis!

 

Då er denne ætti etter kvart "komplett" for mitt føremål, bortsett frå dei par detaljane m dødsfalli til Ole og Rosa i Iowa.  Eg ventar svar frå gravferdsbyrået innan slutten av veka...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg veit ikkje om Jostein Fleten følgjer med på dette emnet, men i dag har eg endeleg motteke nekrologane til Ole og Rosa Orness frå Iowa.  Desse lyder slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Orness, 85, passed away Sunday evening at the West Union Hospital following a series of strokes. He was born in Norway and came to Edgly, N.Dak. area when a young man. He came to Allamakee county in the early 1920's, working on farms around Mays Prairie. He was married to Rosa May who preceded him in death. He has lived at a retirement home for about five years. He leaves two sisters in Norway.
Services were held at 2:00 p.m. Wednesday afternoon at Our Saviors Lutheran Church with Rev. Brugger officiating. Burial was in Oak Hill Cemetery.

Allamakee Journal, Lansing,IA July 5,1967, page 8, column 1
 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

The death of Mrs. Ole Orness, 80, occurred Monday, March 11th at 12:30 a.m. at the Cresco hospital where she had been taken on Sunday evening the night before at ten o'clock for an emergency operation. Services were held last Wednesday at 2 p.m. at the Burke Funeral Chapel in Lansing with Pastor David Vaaler of Waukon officiating.

Rosa Mathilda, daughter of John and Julia Ann "Schwarzhof" Rothermel, was born May 29th, 1882 in French Creek township. She was united in wedlock with John E. May, deceased in 1898. One son, Harold E. May, was born to this union and he passed away suddenly on December 2nd, 1956. On December 1th she was united in marriage to Ole Orness, who survives and is a bed-patient at the Good Samaritan Home in Cresco. Other survivors include four grand-children: Mrs. Andrew J. Martin (Louise) Prairie du Chien, Wis.; Mrs. Kevin Paul (Betty) Omaha, Nebr.; Mrs. Marvin Wolf (Adeline) Cuba City, Wis.; Carl O. May, rural Lansing; one sister, Mrs. Elizabeth Simensen, Waukon; ten great grandchildren and three great great grand-children.
Mrs. Orness was a member of Our Savior's Lutheran Church, of Lansing and pall bearers were Dewey and Howard Leppert, John and Lawrence Weber, Herbert Fritz and Herbert Feuerhelm.

Allamakee Journal, March 20, 1963 Page 5

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Med desse opplysningane er manuskriptet mitt for denne huslyden heilt komplett!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Fleten

Takk for det, Lars

 

Jeg hadde barnebarna, men ikke ektefellene.

 

Og så fikk jeg vite at første mannen til Rosa, døde i 1898 og sønnen er født i 1899.

Ergo var hun enslig mor, før hun giftet seg med Ole i 1924.

 

Vi kan da konkludere med at ingen av Amerika farerne fikk egne unger.

 

Ole ble i 1924 stefar til en 25 år gammel person som på samme tid startet egen familie.

 

Mvh

Jostein

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.