Gå til innhold
Arkivverket

Ingeborg Christophersdotter Svad/Havnen/Sjøthun, fødd Hafslo 1840 - utvandra 1870 - eller kanskje ikkje? - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ingeborg Christophersdotter Svad eller Havnen eller Sjøthun var fødd i Hafslo 23.6.1840 og var eldst av i alt sju born fødde av foreldri Christopher Petterson (Kilden) og kona Christi Olsdotter, plassfolk på Svad eller Hamni under garden Sjøtun i Solvorn, Hafslo.

 

I 1870 henta Christopher utflytteattest hjå soknepresten for å ta kona og fire born med seg til Amerika (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6870&idx_id=6870&idx_listetype=uf&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-72).  Eine barnet var nettopp Ingeborg!

 

Men ser me på passasjerlista for Mercator frå 1870 (#235-239) (http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=1219), so manglar Ingeborg på denne lista!

 

Eg har funne att heile denne huslyden i Buffalo Co., WI, men INGEN har høyrt gjete Ingeborg, og etter denne siste oppdagingi er eg meir og meir overtydd om at ho aldri utvandra!  Ho hadde elles to søstrer som heller ikkje utvandra:

 

* Johanna Christophersdotter, fødd i Hafslo 21.9.1845, flytte i 1860 med sorenskrivar Krebs til Berg i Austfold og forsvinn der!

 

* Anna Christophersdotter, fødd i Hafslo 22.3.1848, flytte i 1865 til Bergen og gifte seg der i 1867 med Halvor Hansson frå Kuven på Os.  Dei vart buande i Bergen der Anna døydde 18.7.1926.

 

So er spørsmålet:  Kva skjedde med Ingeborg Christophersdotter?  Noko dødsfall er ikkje registrert i Hafslo.

 

** Døydde ho kan henda i Bergen i 1870? 

 

** Gifte ho seg kan henda i Bergen (eller ein annan stad) og vart att?

 

** Kanskje finn me Ingeborg att i Bergen som ugift?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når jeg sjekker skipslister for Bergen-Quebec (Cananda) 1865-1873 i Digitalarkivet, ser jeg heller ikke Ingeborg:

 

Christoffer sr. http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/194/pe00000000347730

Christi http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/194/pe00000000347731

Christine http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/194/pe00000000347732

Kjerstine http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/194/pe00000000347733

Christoffer jr. http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/194/pe00000000347734

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Leif for nye innlegg!

 

Ingeborg Christophersdotter Sogndalsfjæren frå FT1875 frå Bergen kunne nok godt ha vore "vår" Ingeborg, men det var ei Ingeborg Christophersdotter fødd i Sogndalsfjøra i Sogndal 15.6.1837.  Ho var dotter av Christopher Aamundson Sogndalsfjøra og Martha Ellingsdotter...  Eg har nok ein sterk mistanke om at det er denne Ingeborg som "gøymer" seg attom tukthusfangen frå 1875...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk ogso til Randi for nytt innlegg som kom, medan eg arbeidde med mitt siste!

 

Ingeborg Christophersdotter Bolstad var fødd på Bolstad i Luster i 1836 og var spedalsk då ho døydde i Bergen i 1884.  So diverre er heller ikkje ho den me leiter etter...

 

Men takk igjen for freistaden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingeborg bor ikke sammen med foreldrene i 1865:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1425&kenr=004&bnr=0028&lnr=000

 

Hvor er hun i ft 1865?

 

Det er en Ingeborg Kristofersdatter som tjener på Bolstad i Luster kommune i 1865, men alder stemmer ikke med den Ingeborg som etterlyses.

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1426&kenr=001&bnr=0012&lnr=000

 

Redigert. Da er det ikke hun f. i 1836.

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi og Kurt for nye innlegg!

 

Ingeborg Christophersdotter som tente på Bolstad i 1865 er den same Ingebrg som eg nemnde ovanfor og som sidan vart spedalsk.

 

Når det gjeld dei to søstrene frå Mercator-lista 1870, so var dei verkeleg søstrer:

 

* Ingeborg Henriksdotter alias Emma Erickson Knoble (1853-1917)

 

* Ingeborg Marie Henriksdotter alias Mary Erickson Fredrickson (1855-1939)

 

voks opp i Vernon Co., WI og er omskrivne i band I av bygdebøkene våre.

 

Elles var eg ikkje merksam på at Ingeborg Christophersdotter manglar i FT1865; d.v.s. ho er ikkje nemnd i lag med foreldri sine i Hamni under Sjøtun.  No veit me at FT1865 ikkje er 100% påliteleg, og særleg tenestefolk kan vera uteletne.  Uansett; eg TRUR nok at Ingeborg var til stades då huslyden utvandra i 1870, men kvar ho gjorde av seg, er altso framleis eit mysterium, på same vis som søsteri Johanna forsvinn frå Berg i Austfold ti år før (sjå tema: http://forum.arkivverket.no/topic/191621-johanna-christophersdotter-svadsj%C3%B8tunhavnen-f%C3%B8dd-i-hafslo-1845-flytt-1860-til-halden-kvar-kan-ho-ha-vorti-av/)!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande innlegg!

 

Tanken om at Ingeborg kan vera kommi bort på vegen til Bergen, har vel aldri streifa meg, men umiogeleg er det jo ikkje.

 

Det fanst knapt nok vegar på den tidi me her snakkar om, i alle fall ikkje over fjelli, so dei fleste som reiste frå Solvorn til Bergen på den tidi, gjekk nok om bord i ei skute i Solvorn og siglde heile vegen til Bergen.  MEN, dei har sjølvsagt gjort ymse stopp undervegs...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det meldes utflytting på henne i forbindelse med emigrasjonen i 1870 så hun var i live da, må vi anta. Hva er ellers siste 'livstegn' for Ingeborg ?

Det er vel hun som blir konfirmert her som 15 åring i 1855. Etternavnet er skrevet med K.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 12 (1852-1885), Konfirmerte 1855, side 20-21.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6864&idx_id=6864&uid=ny&idx_side=-14

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070111360327.jpg

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for siste innlegg!

 

Du reiser ein svært so spennande "synsvinkel" på dette problemet.  No har ikkje eg studert fadderlistene for Hafslo i nokon særleg grad for 1800-talet, men spørsmålet er relevant, og tankane mine fell først og fremst på den søsteri som var gift og budde i Bergen!  Kanskje det kunne vera verd å undersøka fadrane til borni hennar?  Me har jo ogso problemet med hi søsteri Johanna Christophersdotter, som forsvann frå Berg i Austfold først på 1860-talet!

 

Eg har i kveld sjekka ut fadrane til alle dei sju borni som Anna fekk i Årstad sokn i Bergen mellom 1867 og 1880.  Ingeborg er ikkje fadder for nokon av dei, MEN eg fann ei Johanna Christophersdotter Solheim som fadder til eldste dotteri Ingeborg Gerhardine Christine i 1867: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8367&idx_id=8367&uid=ny&idx_side=-174  Kan dette vera søsteri som forsvann frå Berg i Austfold?  Spørsmålet vert oppatteke under emnet kring Johanna!

 

Men spørsmålet om lagnaden til Ingeborg står framleis utan løysing...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Som det går fram av emnet om Hans Christian Halvorsen og lagnaden hans i Amerika (http://forum.arkivverket.no/topic/193320-hans-christian-halvorsen-f%C3%B8dd-i-bergen-1869-budde-i-brooklyn-ny-fr%C3%A5-1906-truleg-gift-med-emma-lagnadane-deira/page-2#entry1640497), har det synt seg at mosteri Ingeborg Christophersdotter gøymer seg attom Inga Jacobson i denne huslyden frå Chicago, IL i 1880:

 

Edward Jacobson 36  Nor  Nor  Nor

Inga Jacobson 40  Nor  Nor  Nor

Christine Jacobson 11  IL  Nor  Nor

Emilie Jacobson 9  IL  Nor  Nor

Casper E. Jacobson 8  IL  Nor  Nor

Thomas Jacobson 7  IL  Nor  Nor

Anker Jacobson 6  IL  Nor  Nor

 

Eg forstår ikkje korleis Ingeborg kan ha born i Illinois so tidleg som 1869 om ho ikkje utvandra til Amerika før i 1870.  Men no veit me at ho manglar, ikkje berre i FT1865 for Hafslo, men òg i passasjerlista frå 1870, so kanskje ho reiste på eigi hand FØR 1870?

 

Sidan Ingeborg no er funni, og sidan ho er emigrant frå Hafslo i Luster kommune, ønskjer eg detaljopplysnngar både om Edward og om alle borni hennar.  Eg må setja meg ned og granska alle tilgjengelege kjelder, men noko har eg alt på plass:

 

Dødsfallet til Edward Jacobson:

 

Name: Edward J. Jacobson

Event Type: Death

Event Date: 22 Dec 1907

Event Place: , Cook, Illinois, United States

Address: 818 N Rockwell St.

Gender: Male

Age: 63

Marital Status: Married

Ethnicity: American

Race: White

Occupation: Shoemaker

Birth Year (Estimated): 1844

Birthplace: Norway

Burial Date: 26 Dec 1907

Burial Place: Chicago, Cook, Ill.

Cemetery: Mt. Olive

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

 

Eg ser at ein etterkomar etter sonen Casper har oppretta eit stamtre på ancestry.com, men dette er heller mangelfullt...  Eg vil skriva til vedkommande med von om at han eller ho sit på fleire detaljar...

 

Elles har Ann-Mary finne desse to dødsfalli (jmf. emnet om Hans C. Halvorsen):

 

Anker W. Jacobson

birth: 1876 Chicago

death: 14 February 1915 , Cook, Illinois, United States

burial: 18 February 1915 Rosehill

residence:   826 Milwaukee Ave., Chicago, Cook, Illinois

father: Edw. Jacobson

mother: Ingsbor Christofherson

 

Casper Jacobsen

birth: 13 January 1872 / 1872 Chicago, IL

death: 12 December 1939 Chicago, Cook, Illinois

burial: 15 December 1939 Chicago, Cook, IL

residence: 12 December 1939 Chicago, Cook, IL

father: Edward Jacobsen

mother: Ingeb...

spouse: Fannie

 

Her er kona til Casper:

 

Name: Fannie Jacobsen

Event Date: 26 Feb 1943

Event Place: Chicago, Cook, Illinois

Gender: Female

Age: 65

Birth Year (Estimated): 1878

Father's Name: Hugh Gallagher

Mother's Name: Isabella Finnegan

 

Eg set punktum her for i kveld, men veit kva eg vil jobba med i morgon...

 

Elles vil eg setja stor pris på alle gode tips om opphavet til Edward Jacobson, fødd i Noreg kring 1844, vigsli hans med Ingeborg og utvandringi deira til Amerika...  Eg er sjølvsagt ogso interessert i fleire opplysningar om dei andre borni i denne huslyden, Emilie og Thomas...

 

PS: Eg har sett litt nærare på FT1880 for Chicago, IL og ser at Edward og Inga budde i same huset som:

 

Erik Jacobson 51  Nor  Nor  Nor

Anna Jacobson  65  Nor  Nor  Nor

 

Både Edward og Erik var skomakarar, og vil gissa på at dei var brør!?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det har vore ein spennande dag med ein del "graving" i denne ætti, både i Noreg og i Amerika.  Eg fann huslyden ogso i FT1870 for Chicago, IL slik:

 

Jacobson, Eric  50  Nor  shoemaker

Jacobson, Anna  54  Nor  keeping house

Jacobson, Peter S  23  Nor  sailor

~~~

Jacobson, Jacob(!)  26  Nor  shoemaker

Jacobson, Ingebor  27  Nor  keeping house

Jacobson, Christiana  2  IL

 

og med desse opplysnigane i "bagasjen" finn eg gjennom FamilySearch at:

 

Erik Jacobsen, skomakarmeister, og kona Anna Petrine Sørensen (Sørensdotter?) i alle fall hadde desse to borni:

 

* Edvard Joachim, fødd i Bergen 11.9.1842, døypt 9.10.1842

 

* Petter Severin Albert, fødd i Vik i Sogn 1.1.1847, døypt 8.8.1847

 

Soleis har me finne opphavet til Edward Jacobson, men eg finn framleis ikkje utvandringi til denne huslyden, og heller ikkje finn eg dei i Noreg i 1865!  Kan dei ha utvandra før?

 

Eg finn heller ikkje vigsli til foreldri, og det er soleis òg eit godt spørsmål kvar dei kan vera komne ifrå?

 

Eg vil leggja dette problemet kring opphavet til Edvard Jacobson inn som eige tema for å vekka merksemdi til kljeldekunnige personar som kanskje vil oversjå dette emnet om Ingeborg.

 

Eg kjem attende sidan...

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Erik Jacobsen, skomakarmeister, og kona Anna Petrine Sørensen (Sørensdotter?) i alle fall hadde desse to borni:

 

* Edvard Joachim, fødd i Bergen 11.9.1842, døypt 9.10.1842

 

* Petter Severin Albert, fødd i Vik i Sogn 1.1.1847, døypt 8.8.1847

 

Jeg ser at Erik Jacobsen var ungkar da sønnen Edvard ble døpt i DK i Bergen:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007460774

 

Det ser nesten ut som samme Edvard Joachim døde i 1843, 7 måneder gammel:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007460774

 

Dåpen til Peter - da var foreldrene gift:

Sogn og Fjordane fylke, Vik, Ministerialbok nr. A 8 (1846-1865), Fødte og døpte 1847, side 11. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8416&idx_id=8416&uid=ny&idx_side=-15
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306620134.jpg

 

Peter Severin ble konfirmert i Vik i 1862:

Sogn og Fjordane fylke, Vik, Ministerialbok nr. A 8 (1846-1865), Konfirmerte 1862, side 238. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8416&idx_id=8416&uid=ny&idx_side=-210
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306620329.jpg

 

Her er utflyttingen til Erik, kona Anna og sønnen Peter - se høyre side nr. 31-32-33 (venstre liste):

 

Sogn og Fjordane fylke, Vik, Ministerialbok nr. A 8 (1846-1865), Inn- og utflyttede 1863-1864, side 400. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8416&idx_id=8416&uid=ny&idx_side=-318
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306620437.jpg

 
 
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for det spennande innlegget, som sidan vart oppatteke i emnet om Edvard Jacobsen.

 

Spørsmåli kring opphavet til Edward Jacobsen er løyste, og eg freister no å fylla dei "hòli" som står att kring ekteskapet til Ingeborg og om dei fem borni deira.  Dette vert nok ikkje nok ikkje lett, men det er lov å vona, og dersom nokon har tips å komma med, ville det vore svært so gildt!  Her følgjer ei oversikt over kva eg veit, og kva som manglar...:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Christophersdotter, f. {i Hafslo} 23.6.1840,

Ingeborg Christopherson utvandra til Amerika i

 

##### (year of her emigration?)

 

og gifte seg

 

##### (date and place of her marriage? – 1867 or 868?)

 

med Edvard Joachim Erikson frå Vikøyri i Vik, i Amerika kjend som Edward J. Jacobsen.  Han var son av skomakarmeister Erik Jacobson på Vikøyri, opphavleg frå Bergen, og kona Anna Petrine Petersdotter Sørensen frå Halden og f. på Lyktebø i Lavik 16.3.1844.  Han utvandra til Amerika i 1862.  Edward var skomakar (”shoemaker”), og han og Ingeborg vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der Edward d. 22.12.1907.  Ingeborg Jacobson d. same staden 25.6.1918.  Dei fekk fem born i lag:

 

a. Christine

 

     ##### (middle name?)

 

     Jacobsen, f. i Cook Co., Ill.

 

     ##### (exact date of her birth? – 1868?)

 

     ##### (date and place of her death? – after 1940! – Rosehill cemetery?)

 

     Ho gifte seg i Chicago, Ill. 28.12.1892 med Bernhardus Arnoldus Hansson Krogh frå Bergen, i Amerika kjend som Bernard A. Krogh.  Han var son av skipstømmermann Hans Christian Tørup Bernhardusson Krogh i Bergen, opphavleg frå Sandeid, Vikedal, og kona Hanne Elisabeth Johannesdotter frå Vanse og f. I Bergen 20.2.1865.  Han utvandra til Amerika i 1882 og d. i Chicago, Ill. 21.5.1909.  Bernard Krogh var

 

     ##### (his occupation?)

 

     og han og Christine budde i Chicago, Cook Co., Ill.  Dei fekk ei dotter i lag.

 

b. Emilie

 

     ##### (middle name?)

 

     Jacobsen, f. i Cook Co., Ill.

 

     ##### (exact date of her birth? – fall of 1870?)

 

     ##### (her destiny? – possibly married in Chicago, IL June 18, 1888 to Frank Shay, born 1869?)

 

c. Casper E.

 

     ##### (middle name?)

 

     Jacobsen, f. i Cook Co., Ill. 13.1.1872, d. i Chicago, Ill. 12.12.1939.  Han gifte seg i Chicago, Ill. 11.10.1897 med Frances A.

 

     ##### (middle name?)

 

     kjend som Fannie Gallagher, f.

 

     ##### (exact date and place of her birth? – Scotland! – parents Hugh Gallagher and Isabella Finnegan married at Barony, Lanark, Scotland July 14, 1871)

 

     .4.1876.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1881 og d. i Chicago, Ill. 26.2.1943. 

 

     ##### (occupation? – 1900: stor cutter – 1910: tobacco merchant – 1930: department store clerk – 1939: laborer)

 

     Dei budde levetidi ut i Chicago, Cook Co., Ill. og fekk seks born i lag.

 

d. Thomas

 

     ##### (middle name?)

 

     Jacobsen, f. I Cook Co., Ill.

 

     ##### (exact date of his birth? – 1874?)

 

     ##### (listed 1880 – his destiny?)

 

e. Anker W.

 

     ##### (middle name?)

 

     Jacobsen, f. i Cook Co., Ill.

 

     ##### (exact date of his birth? – fall of 1875?)

 

     d. i Chicago, Ill. 14.2.1915. 

 

     ##### (biography?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ikkje noko ville gle meg meir enn at fleire av desse detaljane kjem på plass, og eg vil gjerne på ny få takka so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke lett å finne henne, fant en Ingeborg Jacobsen, 60 år, married, i census for 1900, men det står Sweden og ikke Norge. Hun er pasient på Cook County Insane Asylum.

 

Name:Ingeburg Jacobsen [ingeberg Jacobsen]

Age: 60

Birth Date: abt 1840

Birthplace: Sweden

Home in 1900: Norwood, Cook, Illinois

Race: White

Gender: Female

Marital Status: Married

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for eit svært spennande innlegg!

 

Eg har i ettermiddag motteke fleire vigsels- og dødsattestar som gjeld denne huslyden, og eg har kunna fastslå at den Ingeborg Jacobsen som døydde i Chicago, IL 25.6.1918, IKKJE er den me leiter etter.  Denne Ingeborg vart gravlagd på ei anna kyrkjegard, og informanten hennar var ein son John Jacobsen.  Og eg har sett ei Ingeborg Jacobsen i FT1910 som høver med denne "andre", so me lyt gå ut ifrå at du, Kurt, har oppdaga "den rette" Ingeborg.  Diverre er mentalsjukehusi i Illinois sperra for alt innsyn, so me lyt hjelpa oss på anna vis...  Kanskje kan denne "svenske" Ingeborg Jacobsen finnast att i FT1910 og kanskje i dødsregisteri for Chicago, IL?

 

Elles har eg kan henda finne spannande opplysningar om dotteri Emilie.  Ho ser ut til å ha gift seg første gongen i Chicago, IL 18.6.1.1888 med ein Frank Shay, fødd i Chicago IL kring 1869.  Men dette ekteskapet vart anten annulert eller avslutta på anna vis, for 1.11.1890 synest Emilie å ha gift seg (att) med ein Christian Hansen, fødd i Noreg i august 1860.  Christian var skomakar, og i 1900 budde parfolket framleis i Chicago, IL, men dei synest vera flytte til CALGARY, AB der E. Hansen "of Calgary" var næraste pårørande til sonen Clarence Hanson då han vart "drafta" til første verdskrigen i 1918!  Emilie og Christian fekk i alle fall desse fire borni, medan dei budde i Chicago, IL:

 

* Clarence Louis Hanson, fødd i Chicago, IL 12.11.1891

 

* Elmer Hanson, fødd i Chicago, IL ?.12.1893

 

* Alice Hanson, fødd i Chicago, IL ?.5.1896

 

* Walter Hanson, fødd i Chicago, IL ?.3.1899

 

Kvar det vart av desse, kan eg i dag ikkje seia noko meir om...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for kjempeflotte innlegg!

 

Eg hadde ein mistanke om at "mi" Emilie Jacobsen ikkje kunne vera gift med Christian Hansen utifrå oppgjevne fødestad og utvandringsår, MEN Christian var skomakar (liksom svigerfaren og svogeren), og alderen var ganske so lik!  No har du finne dette slektstreet på FamilySearch som heilt klart gjev prov for at mistanken var grunna, og eg kan sjå bort ifrå Christian og Emilie Hansen som del av huslyden til Ingeborg Christophersdotter!

 

Eg trur likevel det er "mi" Emilie som 18.8.1888 gifte seg med Frank Shay!  Kunne eg berre finne dei att i seinare kjelder...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her har vi vel sønnen Casper Jacobson i census for 1900. Han bor hos svigerfamilien.

 

Name: Kasper Jacobsen

Age: 28

Birth Date: Jan 1872

Birthplace: Illinois

Home in 1900: Chicago Ward 13, Cook, Illinois

Race: White

Gender: Male

Relation to Head of House: Son in Law [son-in-law]

Marital Status: Married

Marriage Year: 1896

Years Married: 4

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

Occupation:

 

Household Members: Name Age

H* Gallagher 53

Isabella Gallagher 46

Mary Gallagher 28

Fannie Jacobsen 34

James Gallagher 22

Isabella Gallagher 18

William Gallagher 17

Annie Gallagher 14

Roy Jacobsen 2

Isabella Jacobsen 1/12

Kasper Jacobsen 28

 

Kona til Casper:

Name: Fannie Jacobsen [Fannie Gallagher]

Age: 34

Birth Date: Apr 1866

Birthplace: England

Home in 1900: Chicago Ward 13, Cook, Illinois

Race: White

Gender: Female

Immigration Year: Unkn

Relation to Head of House: Daughter

Marital Status: Married

Marriage Year: 1896

Years Married: 4

Father's Name: H* Gallagher

Father's Birthplace: Ireland

Mother's name: Isabella Gallagher

Mother's Birthplace: England

Mother: number of living children: 2

Mother: How many children: 2

post-38-0-90409300-1419096581_thumb.jpg

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Name: Frances Jacobsen Event Type: Census Event Year: 1910 Event Place: Chicago Ward 14, Cook, Illinois, United States Gender: Female Age: 34 Marital Status: Married Race: White Race (Original): White Relationship to Head of Household: Wife Relationship to Head of Household (Original): Wife Birth Year (Estimated): 1876 Birthplace: Scotland Father's Birthplace: Scotland Mother's Birthplace: Ireland Household Role Gender Age Birthplace

 

Casper E Jacobsen

Head M 38 Illinois

 

Frances Jacobsen

Wife F 34 Scotland

 

Isabella Jacobsen

Daughter F 10 Illinois

 

Marie Jacobsen

Daughter F 7 Illinois

 

Marguerette Jacobsen

Daughter F 3 Illinois

 

https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/MKC5-G9W

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.