Gå til innhold
Arkivverket

Hans Christian Halvorsen, fødd i Bergen 1869, budde i Brooklyn, NY frå 1906 - truleg gift med Emma - lagnadane deira?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Uttrykket 'cousin' brukes veldig bredt i dagligtale. Det korrekte uttrykket er i stigende rekkefølge fra søskenbarn: cousin, cousin once removed, cousin twice removed.

Så får lete litt videre etter Hans og fru Krogh.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En enkefru Krogh med datter i passende alder ...... men de bor fortsatt uten ektemaker i census for 1930 og 1940.

Census for 1920:

Name: Christina Krogh [Christina Kragh]

Age: 49

Birth Year: abt 1871

Birthplace: Illinois

Home in 1920: Chicago Ward 15, Cook (Chicago), Illinois

Street: Pierce Ave

Race: White

Gender: Female

Relation to Head of House: Head

Marital Status: Widowed [Widow]

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

Able to Speak English: Yes

Home Owned or Rented: Rent

Able to Read: Yes

Able to Write: Yes

Household Members: Name Age

Christina Krogh 49 (født i Illinois)

Mildred Krogh 24 (faren født i Norge)

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for eit skikkeleg spennande innlegg!

Denne Christina Krogh synest høva svært so godt, og dotteri Mildred er i "rett alder".  Denne huslyden treng nærare "analyse"!

Eg finn Mildred B. Krogh, fødd i Illinois 2.9.1894, døydde i San Diego, CA 18.7.1980.  Ho vart aldri gift og fekk nok heller ikkje born.

Men kvar budde Christina og Mildred i 1900 og 1910?  Og kvar vart det av Christina etter 1940?

Kan dette vera vigsli til Christina?

Name: Bernhard A. Krogh Age: 27

Birth Year (Estimated): 1865

Spouse's Name: Christine J. Jacobsen

Spouse's Age: 24

Spouse's Birth Year (Estimated): 1868

License Type: Marriage

Event Date: 28 Dec 1892

Event Place: Cook, Illinois

Her er dødsfallet til Bernard Krogh:

Name: Bernard Arnold Krogh

Geburtsdatum: ca. 1865

Geburts­ort: Norway

Sterbedatum: 21. May 1909

Sterbeort: Chicago, Cook, Illinois

Bestattungsdatum: 23. May 1909

Bestattungsort: Chicago, Cook, Illinois

Friedhof: Rose Hill

Sterbealter: 44

Rasse: White

Zivilstand: Married

Geschlecht: Male

Wohnort: Chicago, Cook, Illinois

Geburtsort des Vaters: Norway

Geburtsort der Mutter: Norway

Her er utvandringi hans frå Bergen 1882:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=12174&merk=12174#ovre

Likevel ikkje noko å sjå til dei i FT1900 eller FT1910, men Bernard A. Krogh var i 1900 busett i Chicago, IL (re: city directory)

Her er kan henda Christina Jacobson i FT1880 i Chicago, Cook Co., IL:

Edward Jacobson 36  Nor  Nor  Nor

Inga Jacobson 40  Nor  Nor  Nor

Christine Jacobson 11  IL  Nor  Nor

Emilie Jacobson 9  IL  Nor  Nor

Casper E. Jacobson 8  IL  Nor  Nor

Thomas Jacobson 7  IL  Nor  Nor

Anker Jacobson 6  IL  Nor  Nor

Men Edward og Inga Jacobson kan eg ikkje dra kjensel på...  Kanskje er det feil huslyd?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anker Jacobson

Son

United States Census, 1880

birth: 1874 Illinois, United States residence: 1880 Chicago, Cook, Illinois, United States father: Edward Jacobson mother: Inga Jacobson other: Christine Jacobson, Emilie Jacobson, Casper E Jacobson, Thomas Jacobson  

Anker W. Jacobson

Illinois, Cook County Deaths, 1878-1939, 1959-1995

birth: 1876 Chicago death: 14 February 1915 , Cook, Illinois, United States burial: 18 February 1915 Rosehill residence:   826 Milwaukee Ave., Chicago, Cook, Illinois father: Edw. Jacobson mother: Ingsbor Christofherson

Casper Jacobsen

Illinois Deaths and Stillbirths, 1916-1947

birth: 13 January 1872 / 1872 Chicago, IL death: 12 December 1939 Chicago, Cook, Illinois burial: 15 December 1939 Chicago, Cook, IL residence: 12 December 1939 Chicago, Cook, IL father: Edward Jacobsen mother: Ingeb... spouse: Fannie

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ikkje til å tru!  Hjarteleg takk til Kurt og ikkje minst til Ann-Mary for eit kjempemessig innlegg!

Dødsmeldingi til Anker Jacobson fortel oss at mori heitte "Ingsbor Christofherson".  Dette MÅ vera ei forvansking av Ingeborg Christophersdotter, mosteri til Hans Halvorsen som var fødd i Hafslo 23.5.1840 og som skal ha utvandra med foreldri sine i 1870 (sjå tema: http://forum.arkivverket.no/topic/193170-ingeborg-christophersdotter-svadhavnensj%C3%B8thun-f%C3%B8dd-hafslo-1840-utvandra-1870-eller-kanskje-ikkje-lagnaden-hennar/?p=1634863).

No då denne kusinen til Hans Halvorsen er funni, vil eg ta opp att det andre emnet og arbeida vidare med ætti hennar der.

Det vart altso aldri noko ekteskap mellom Hans Halvorsen og kusina Christine Krogh, og spørsmålet om lagnaden hans står framleis som eit stort mysterium!  Kvar skal me no leita vidare?

Nok ein kjempetakk til Kurt som oppdaga Christine Krogh, og til Ann-Mary for identifikasjonen av Ingeborg Christophersdotter!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for interessant innlegg!  Eg visste ikkje at FT1891 var komen so langt i "nettpresentasjon"!

Hans Christian Halvorsen har nok vore ein skikkeleg fagarbeidar innanfor maskinmekanikk.  Me veit han arbeidde ei tid i Sør-Afrika før han i 1908 fór til Amerika.  Hadde han berre ikkje gøymt seg so godt i dei amerikanske kjeldene...!

Eller kan eg ha finne eit nytt spor?

Ein Henry Christian Halvorsen med adresse 379 21st Avenue, Milwaukee, WI, fødd i Noreg 15.10.1869, søkte i 1926 om amerikansk borgarskap og sa då at han hadde komme til New York 28.6.1906.  Som vitne er skrivne Ernest W. Neitzke og Albert Hansen.

Me hadde ein liknande søknad frå 1918, men det var ikkje uvanleg at personar søkte fleire gongar, og på denne siste søknaden står det til og med at søknaden vart avvist, fordi mannen ikkje møtte fram!  Elles er jo fødselsdatoen ei veke feil, og utvandringsåret to år feil!  Men likskapen i namn og alder er påfallande...!  Og Kurt fann jo ut (innlegg #19 ff) at Hans kom fram til Boston, MA nettopp 28.6., men i 1908!  Nærmar me oss ei løysing?

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hans C Holversen

Head

United States Census, 1930

birth: 1869 Norway residence: 1930 Milwaukee (Districts 251-337), Milwaukee, Wisconsin, United States immigration: 1908  

Han var single i 1930.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Kurt for nye flotte innlegg!

Dette er mannen!  Ny stadfesting er komen frå ein amerikanar som har studert "naturalization"-papiri nærare i detalj.  Hans kom til Amerika med "Republic" frå Liverpool med ankomst 28.6.1908, og det stemmer jo nøyaktig med sanningi!  Han hadde tydeleg butt ei tid i New Haven, MI, men var maskinist i Milwaukee, WI i 1926.  Truleg har han mellom 1926 og 1930 skift yrke...

Då står det "berre" att å finna dødsfallet hans etter 1930.  Truleg er det Milwaukee, WI som er staden...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein lyt vel saumfara nekrologar (obituaries) for å finna den endelege lagnaden til Hans Christian Halvorsen, kanskje særleg då obituaries frå Milwaukee, Wisconsin. Berre ein liten strøtanke no på 1. joladag: eg forstår at Hans Christian var leigebuar pr 1930. Kva var namnet på dei han leigde hos?, var dette utvandra slektningar kan hende?

- Er det ein tråd å følgja vidare?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Han bor i Milwaukee city, Ward of city: 23, Block no. 3816. Adressen er 33rd Avenue, house no. 328. Det bor et par tyske familier i no. 328, ser ut som de heter Breutzmann og Glan. (Ward er bydel, og Block er vanligvis kvartal). Månedlig husleie for Hans oppgitt til 15 USD, mens Glan betaler 25 USD (familie på 6 pers.). Breutzmann (6 pers.) er 'selveier' og leiligheten er verd 2.500 USD.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje og Kurt for nye innlegg!

God Jul til dykk båe!

Eg har frå Mark Erickson i Wisconsin motteke følgande kommentar til dette problemet:

~~~~~

I see a probate notice in the 18 March, 1954 "Waukesha Daily Freeman" that might help.

"Hans Halvorsen, deceased, late of the Town of New Berlin, in Waukesha County, Wisconsin."

New Berlin is South-West of Milwaukee.

There seems to be another Halvorsen North-West of Milwaukee that sounds promising too. September 23, 1955 "Waukesha Daily Freeman".

"Hans C. Halvorsen" of Lannon, Wis. is listed regarding property taxes. Might be another place to look. Both of these are in Waukesha county.

~~~~~

Eg har sett litt på FT1940 for Milwaukee og Waukesha Cos., WI, men finn ingen som direkte høver med "vår" Hans Halvorsen.  Leitingi etter dette dødsfallet vert nok litt som å leita etter den berømte "nåli".  Det som me verkeleg treng her, er ei systematisk leiting i dødsregisteri for Wisconsin for perioden frå 1930 til 1959.  Desse finst diverre ikkje online nokon stad!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

... I og med at du ikkje finn Hans Chr. (Henry) Halvorsen i den amrerikanske folketeljinga for 1940, så er det jo fullt mogeleg at han er avliden mellom 1930 og 1940. Eller, for å kasta ein ny tanke inn i dette ordskiftet: han kan ha returnert til gamlelandet ein gong på 1930-talet? det finnest mange døme på nordmenn som returnerte til noreg etter bort imotein 'mannsalder' i USA eller Canada. Personleg så veit eg om to karar her i nabolaget mitt som kan heimatt til Os etter høvesvis 18 og 20 år 'over there', og slo seg ned for godt i heimbygda si.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegg!

Eg kjenner òg til ein god del personar som reiste attende til "gamlelandet" då dei nådde pensonsalder, og særleg mange av dei som då ikkje hadde amerikansk medborgarskap.  Eg kjenner døme på folk som var borte i over 50 år før dei flytte heimatt!

Når eg IKKJE trur at Hans var mellom desse, so byggjer det på kontakt med etterkomarar etter ein av brørne til Hans.  Eg er ganske so overtydd om at dei ville ha visst om det dersom Hans kom attende, men ein skal "aldri seia aldri", so ei liti opning for dette alternativet skal me lata stå...

Eg kan forresten fortelja at dødsregisteret for Wisconsin no er undersøkt for perioden 1950-1960, og der er han IKKJE!

Tja, eg veit ikkje om eg er heilt samd her, for den kontakten du refererer til var vel - slik eg har forstått det - først og framst med broren Kristoffer Nikolai som var busett i Heddal i Telemark. Men han døydde jo i september 1936, så nokon brevveksling dei i mellom etter den tid var nok umogeleg; jamfør elles det du sjølv fann ut i denne tråden:

http://forum.arkivverket.no/topic/172527-kristoffer-nikolai-halvorsen-1878-paa-notodden-lagnad-for-han-og-kona/?hl=%2Bhalvor+%2Bkuven

Eg for min del vil i alle høve ikkje sjå det som heilt usannsynleg at Hans Christian kan ha returnert til gamlelandet, til dømes då mellom 1936 og 1940, og i so fall kan hende til fødebyen Bergen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for nytt utfordrande innlegg!

For at me ikkje skal la dette spørsmålet berre "liggja", vil eg ta saki oopp i Arkivforum.  Eg ser berre ein relevant "kanddat" i dødslistene for Bergen 1912-1972, og det er ein Hans Halvorsen som døydde 23.3.1937.  Kan det vera han?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

For ei tid sidan kom det svar i Arkivforum om Hans Halvorsen som døydde i Bergen 23.3.1937, men det synte seg å vera ein annan person!

Samstundes har eg fått ein ny delrapport frå Wisconsin.  Dødsfallsregisteret der er no undersøkt for perioden ETTER 1940, men utan hell.  Dersom Hans døydde i Wisconsin, må det ha vore mellom 1930 og 1940!

Eg har elles undersøkt adressebøker frå Milwaukee, WI, og truleg er det "vår" Hans me finn i utgåva frå 1933:

Name: Hans C Halvorsen

Residence Year: 1933

Street address: 102 N 50th pi

Residence Place: Milwaukee, Wisconsin, USA

Publication Title: Milwaukee, Wisconsin, City Directory, 1933

Neste utgåve er frå 1939, og der er han IKKJE!

Hans C. Halvorsen er med andre ord mest truleg død mellom 1933 og 1939 då?, med mindre han - igjen - vart litt rastlaus og flytta på seg.

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for ny melding!

Jau, eg har òg oppfatta det slik at Hans må vera avliden mellom 1933 og 1939, og eg ventar ny rapport om dette først i mai.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

So har eg endeleg motteke ein "sluttrapport" om denne undersøkjingi frå Wisconsin, og "vår" Hans Christian Halvorsen er ikkje finnen avliden i Wisconsin mellom 1931 og 1960.

Det næraste ein kjem er ein Hans Halvorsen som døydde på ein pleieheim i Wauvatosa, WI, ein forstad til Milwaukee, WI 9.1.1938.  Han var fødd i Noreg 25.10.1864, men var enkjemann og hadde minst ein son Bernhard Halvorsen.  Dette høver dårleg med "vår" Hans Christian!

So då lyt me nok gje oss på å finna dette dødsfallet, i alle fall førebels!

Tja, me lyt vel dét då, med mindre Hans Christian vart utgammal og først døydde i Wisconsin ein gong etter 1960 (det er sjølvsagt fullt mogleg det òg). Eller kan han verkeleg ha returnert til gamlelandet _før_ 1939? Men i so fall - og i begge høve - kvar er han? - Kvar gøymer han seg??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...

Lars, fann du nokonsinne ut éitkvart nytt om denne Hans Christian Halvorsen i frå Os ??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Diverre, Terje; eg har ikkje greidd å finna nokon dødsdato for Hans Christian Halvorsen.  Han er bokstaveleg talt som «sokken i jordi»!

Men, kanskje ein dag...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.