Gå til innhold
Arkivverket

Ole Johannesson og Anna Andersdotter - vigde i Hafslo 1767 - kvar flytte dei? - til Lærdal? - til ytre Sogn?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i kveld sett litt meir på Briotha Rasmusdotter og opphavet hennar og meiner eg har finne løysingi:

 

Ekstraskatten 1763 har berre to "Rasmus-ætter" i Årdal, den eine på Åbølle, som Jon Laberg har greidd ut om i den gamle Årdalsboki, og so denne:

 

Rasmus Larsson (skal nok vera Olson!) på Hovland, fattig husmann

Metta Olsdotter på Hovland, kona hans

 

* Ingeborg Rasmusdotter, tenar på Hovland, truleg dotter

 

* Britha Rasmusdotter, tenar på Hovland, truleg dotter

(den Britha Rasmusdotter, som er nemnd tenar på Svalheim, er truleg den same!)

 

Går me til kyrkjeboki, so finn me:

 

Rasmus Olson og Metta Olsdotter gifte seg i Årdal 1.1.1737

Det ligg ikkje føre gardsnamn, men forlovarane deira var Halvor Lægreid og Thomas Brækken

Berre to born er registrerte for dei:

 

* Britha Rasmusdotter, døypt som husmannsbarn frå Tolfsgarden i Årdal 27.4.1738 (fadrar: Nils Halvorson Lægreid, David Olson, Mari Halvorsdotter Lægreid, Ingeborg Larsdotter og Maritha Mikkelsdotter)

 

* Ingeborg Rasmusdotter, døypt frå Hola ("Hollen") 30.4.1747 (fadrar: Ingebrigt Jacobson, Hans Erikson, Anna Holsæter og Siri Anfindsdotter)

 

Mellom avlidne i Årdal finn me:

 

* Rasmus Olson, 69 år, døydde 4.3.1769

 

* Metta Olsdotter, 76 år, døydde 13.5.1773

 

* Ingeborg Rasmusdotter, 25 år, døydde 15.12.1771

 

Eg konkluderer med at Rasmus Olson og Metta må ha vore plassfolk i Hola under Hovland!  Men so er spørsmålet mitt, og kanskje er du Terje den næraste til å svara på dette:

 

* Kan du identifisera Rasmus Olson og/eller kona Metta Olsdotter?  Kvar var dei ifrå?

 

Eg takkar igjen so mykje for alle innspel om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kem er Rasmus og Mette?

 

Dette blir berre spekulasjonar!

Har ein huskelapp på ein Ole Johannessen under Hestetun FT-1701 husmann med desse ungane:

Johannes ( -1765) til Prestteigen under Øyri (dalen)

Rasmus, ukjent lagnad? Dotter Ragnhild er nemnd som brordatter i skifte til Johannes.

Stener (1693- ) til Nørøyni.

 

Det ser så langt ut at denne Rasmus har budd inne på Tangalandet 1737.

1747 er dei komen til Vikadalen.

 

Ser at ein Rasmus døyper.

1737      31.03.    Dåp        Rasmus Olsøns Søn nom: Mathis

Faddere: Thomas Bræken, Gulik Tolsgaardden, Lars ibid:, Madmoisl. Kirstine Ørbech og Marj Legrej

 

Her må det vere plass til fleire ungar mellom 1738-1747.

 

Dette blir ei vanskeleg nøtt å hendle!

 

Mvh. Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegg!

 

Eg har sett litt på skiftet frå 1765 etter Johannes Olson på Presteteigen under Øyri i Årdal (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24139/267/).  Han let etter seg enkja Ingrid Olsdotter og tre brorborn:

 

* Ole Stenerson, myndig og fråverande

 

* Ragnhild Stenersdotter, gift med Jørgen Hansson skulehaldar her i Årdal, tilstades

 

* Anna Stenersdotter, 27 år og fråverande

 

Her er ikkje nemnd nokon Rasmus og heller ikkje Metta, so ingen av dei kan ha vore søsken av Johannes!

 

Ser ein på FT1701, ser eg desse mogelege fedrene til Rasmus og Metta, under føresetnad av at dei var plassmannsborn frå Årdal:

 

* Ole Paulson i Offerdalen, 40 år, sagemeister, gift med søner Paul og Ole

 

* Ole Olson Seim, 40 år, sagemeister, gift med son Ole

 

* Ole Paulson under Seim, 30 år, soldat og husmann, gift med son Paul

 

* Ole Iverson under Lægreid, 44 år, husmann, gift med søner Iver og Lars

 

La du forresten merke til, Terje, at ein David Olson var faddar på Britha i 1738.  Kanskje han var bror til anten Rasmus eller Metta?  Denne David må ha gift seg med ei Anna Thomasdotter.  Eg finn ikkje vigsli deira i Årdal, men mellom borni deira var:

 

* Thomas Davidson døypt i Årdal 11.10.1744 (mellom fadrane Ole Olson (Seim?), Erik Olson, Rannei Thomasdotter)

 

* Ole Davidson, døypt i Årdal 10.9.1747 (mellom fadrane Erik Bermaal og Gjertrud Olsdotter)

 

* Anna Davidsdotter, døypt i Årdal 29.10.1752 (mellom fadrane Ingeborg Olsdotter og Gjertrud Olsdotter)

 

* NN Davidsdotter, døypt i Årdal 2.6.1756 (mellom fadrane Martha Olsdotter)

 

Ingen av borni har Rasmus eller Metta som fadrar...  Hmm, ikkje so enkelt dette...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne, eller rettare, desse utfordrande huslydene, som kanskje er gått litt i "gløymeboki"?

 

Ole Johannesson og kona Anna har me IKKJE finne att, men eg trur det er ganske sannsynleg at dei flytte til BERGEN, på same vis som svogeren Jørgen Pederson og andre kona hans, der me har finne alle borni KONFIRMERTE i Bergen før dei so vert heilt borte...!

 

Eg vil halda fram i TO TEMA - dette for Ole og Anna, og eit nytt for Jørgen!

 

Her følgjer et sist oppdaterte manuskriptet for Ole Johannesson og kona Anna:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Johannesson Havnen, frå Store-Baten, Baten, vart døypt 25.5.1727 og gifte seg i Hafslo 26.10.1767 med Anna Andersdotter, truleg frå Hovland i Årdal.  Ho var i so fall dotter av husmann Anders Olson i Hola under Hovland, opphavleg frå Svalheim, og kona Martha Hermundsdotter frå Hola under Hovland og var f. i Årdal kring 1736.  Ole og Anna budde ei kort tid som plassfolk i Hamni fram til våren 1768.

Ole Johannesson med kona Anna flytte våren 1768 til Årdal der dei då busette seg på ein plass under Nattviki.  Men dei forsvinn frå Årdal kort tid etter, og den seinare lagnaden deira er førebels ukjend.

 

¤¤¤¤¤ (til Bergen? – lagnad?)

 

Me kjenner til to born etter dette parfolket:

a. Agatha Olsdotter, døypt i Hafslo 10.12.1766,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? - kan henda konfirmert i Bergen?)

 

b. Johannes Olson, f. i Årdal 5.8.1768,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? - kan henda konfirmert i Bergen ?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode innspel når det gjeld denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Etter at eg no har oppdaga at søskenflokken i Hola under Hovland truleg hadde endå eit "medlem" som flytte til Bergen sist på 1760-talet (sjå: http://forum.arkivverket.no/topic/197027-paul-andersson-og-guri-ingebrigtsdotter-gifte-i-%C3%A5rdal-1760-flytte-til-bergen-kven-var-dei/),vil eg gjerne få henta fram att detteb emnet som heilt synest ha gått i "gløymeboki"...

 

Eg vert meir og meir overtydd om at Ole Johannesson og Anna Andersdotter flytte til Bergen kring 1769, men spørsmålet er:

 

Er det mogeleg å finna dei att i Bergen, til tross for desse vanlege namni?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So kan det sjå ut til at eg endeleg er komen på sporet etter noko ogso i denne huslyden:

 

Agothe Olsdotter vart konfirmert i Domkyrkja i Bergen 1781, 16 år gamal, med tilhald hjå Jan Petersen i Vaskerelven (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dkkf1781&gardpostnr=87&merk=87#ovre)

 

Karen Agothe Olsdotter vart konfirmert i Domkyrkja i Bergen 1783, alder ikkje oppgjeve, hjå foreldri på Nøstet (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dkkf1781&gardpostnr=202&merk=202#ovre)

 

I Krosskyrkja vart det i 1784 og 1786 konfirmert gutar med namnet Johannes Olsen (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=kf12011736kk)

 

Undersøkjingskommisjonen 1804 har ingen "høvelege" Johannes Olson fødd i Sogn.

 

Eg finn ei Agatha Olsdotter fødd i Krosskyrkja 6.6.1765 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=12533&personpostnr=35911&merk=35911#ovre).  Kan det vera ho som er konfirmert i Domkyrkja?

 

Eg finn tre alternativ for gifte Agatha Olsdotter i Bergen:

 

* gift Krosskyrkja 12.7.1789 med Jørgen Friderich Danielsen (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=11101&merk=11101#ovre)

 

* gift Krosskyrkja 30.5.1790 med Berent Clasen (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=11140&merk=11140#ovre)

 

* gift Nykyrkja 17.11.1793 med Sivert Friderichsen (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=11140&merk=11140#ovre)

 

Kan det vera ei av desse?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.