Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Johannesson og Anna Andersdotter - vigde i Hafslo 1767 - kvar flytte dei? - til Lærdal? - til ytre Sogn?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ole Johannesson (Bathen), døypt i Hafslo 25.5.1727, gifte seg i Hafslo 26.10.1767 med ei Anna Andersdotter av usikkert opphav, truleg fødd kring 1740.  Dei budde ei kort tid so plassfolk i Hamni under Sjøtun i Hafslo der ei dotter er fødd:

 

* Agatha Olsdotter, døypt i Hafslo 10.12.1766

 

Eit par med same namni fekk so ein son i Lærdal:

 

* Johannes Olson, fødd i Lærdal 5.8.1768.

 

Om desse var søsken, veit eg ikkje, men det er ganske so sannsynleg!?  Det var òg ein Ole Johannesson med kone Anna Andersdotter som i 1771 og 1773 fekk søner Anton i Førde, men desse er vel meir tvilsame...  Ein Ole Johannesson og ei Anna Andersdotter gifte seg i Fjaler i 1770...

 

I det gamle bruksrforumet starta eg opp ein debatt kring ei Agatha Olsdotter i Hyllestad som KAN vera identisk med ho som var fødd i Hafslo i 1766 (sjå tema #47846 - http://forum.arkivverket.no/topic/133294-47846-iver-iverson-og-agatha-olsdotter-vigde-askvoll-1796-hyllestad-1801-lagnad/?hl=%2Bagatha+%2Bfoss+%2Bhyllestad#entry1098430), men me fann den gongen ikkje noko prov korkje for det eine eller det andre...

 

Når det gjeld Johannes Olson fødd i Lærdal 1768, er kyrkjebøkene på Digitalarkivet i kveld ikkje tilgjengelege, so eg får ikkje sjekka noko meir om nøyaktog fødestad mm

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips når det gjeld lagnaden til Ole og Anna frå Hafslo og ogso dei to borni som eg trur var deira!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er dåpen til Johannes i Årdals sokn i Lærdal i 1768 - Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Fødte og døpte 1768, side 169. - legger inn billedlenken

 

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620238.jpg

 

Blant fadderne finner jeg Hermund Andersen og Lars Andersen. Mor til Johannes heter Anne Andersen. Du skriver i #1 at Anna Andersen var av ukjent opphav og trolig født ca 1740. Kanskje Anne var fra Lærdal? 

 

Her er sjeleregisteret for Årdals sokn 1776 - Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Sjeleregister nr. (1776-1776), Sjeleregister 1776, uten sidenr. 

 

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060623120343.jpg

 

Jeg kan ikke se noen Johannes Olsen her, men mulig jeg overser noe. 

 

Jeg ser at det er en Johannes Olsen i sjeleregisteret i Førde, men det står ingen alder på ham. Han er innført under Erdalen - Sogn og Fjordane fylke, Førde, Sjeleregister nr. (1780-1780), Sjeleregister 1780, uten sidenr. 

 

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060623120128.jpg

 

Men jeg aner jo ikke hvor denne sistnevnte Johannes kommer inn hen...!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit skikkeleg spennande innlegg!

 

Eg er no overtydd om at dette er dei "rette" folki, og, som du seier, Anna Andersdotter KAN vera frå Årdal.

 

Dersom Anna er søster av Hermund Andersson, må foreldri ha vore:

 

Anders Olson gift i Årdal 21.12.1721 med Martha Hermundsdotter.  Dei må ha butt i Hola underHovland i Årdal og ser ut til å ha hatt minst fire born:

 

* Mari Andersdotter, døypt i Årdal 20.9.1722, gravlagd i Årdal 10.6.1725.

 

* Hermund Andersson, døypt i Årdal 22.5.1725, gift i Lærdal 24.10.1755 med Eli Nilsdotter frå Øye i Lærdal - budde 1762 som plassfolk under Hovland i Årdal, men då ein bror hennar døydde i 1789, var Eli og Hermund busette i "Quitingshagen", men i 1792 er Hermund nemnd som kreditor i eit skifte i Nattviki i Årdal, og då bur han i Bergen!  Hermund og Eli fekk ingen born i Årdal.

 

* Ole Andersson, døypt i Årdal 13.6.1728.

 

* Johannes Andersson, døypt i Årdal 1.8.1740.

 

Fødselsregisteri for Årdal er mangelfulle for perioden 1730 til 1740, og her er det plass til fleire, både Anna og Lars...  Ein Lars Andersson er i 1762 tenestedreng i Nattviki, og truleg er det han som 29.9.1768 gifte seg i Årdal med ei Britha Rasmusdotter.  Dei får ein son i Årdal, Johannes, fødd 14.4.1768 der ein av fadrane er Ole Johannesson.  So vert ogso Lars og Britha borte frå bygdi!

 

Det kan nesten sjå ut som ei "kollektiv flytting" frå Årdal kort etter 1768, men kvar har dei gjort av seg?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Problemet med Ole og Anna er at de begge har vanlige fornavn og vanlige farsnavn, så hver for seg er det ikke enkelt å finne ut hvor for eksempel Anna kan være fra. 

 

Kan dette være Johannes Olsen i 1801?? http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058396000971

 

Denne Johannes giftet seg 1798 i Årdal med Maren Jansdatter:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000479337

 

Jens, 1799

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000008546638

 

Jan Dahl, 1800

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000008547873

 

Johannes, 1803

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000008550152

 

Her er det i alle fall ingen Agatha blant fadderne. 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande innlegg!

 

Den Johannes Olson, som du nemner, budde på Hundøre i Lærdal i 1801, og trulovingi fann stad i Årdal (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11595&idx_id=11595&uid=ny&idx_side=-151), men båe vitni var frå Hundøre.  Bruri var frå Årdal, men eg trur brudgomen var frå Hundøre i Hauge sokn i Lærdal.  Eg trur ikkje denne Johannes er son av Ole Johannesson og Anna Andersdotter!

 

Hermund Andersson og Eli Nilsdotter syner seg å ha vore husmannsfolk på Kvitingssagi under Nattviki (Offerdal) i Årdal der dei båe døydde 10.4.1799, båe 74 år gamle.  Han er rett nok nemnd Anfindson, men det er same mann!  Diverre finn eg ikkje noko skifte etter han.

 

So finn eg at Lars Andersson, 30 år gamal, døydde i Årdal 6.1.1769.  Skiftet hans (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24140/45/) syner enkja Britha Rasmusdoitter og einaste sin Johannes Larsson, 1 år gamal.  So er det vel enkja Britha Rasmusdotter som 27.10.1776 gifte seg att i Årdal med Jørgen Pederson (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-224)...

 

Det er ikkje registrert nokon avlidne personar i Årdal med namni Ole Johannesson, Anna Andersdotter, Agatha Olsdotter eller Johannes Olson i "rett" alder mellom 1768 og 1801, so eg er meir og meir overtydd om at Ole Jhannesson og Anna Andersdotter er flytte derifrå kort etter 1768.  Kanskje flytte dei til ytre Sogn likevel?  Eller til Kongsberg der so mange årdølar flytte på den tidi?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Dette har egentlig ikke noe med spørsmålet å gjøre, men:

 

I innlegg (3) sies det at Hermund Andersens kone Eli Nilsdatter (1725-1799) var fra Øye i Lærdal. På skiftet etter broren Anders Nilsen Fortun under Øye (1729-1789) sies Eli å være hans "gjenlevende eneste søster".

 

Jeg finner ingen Eli Nilsdatter døpt i Lærdal, men ei med dette navnet blir konfirmert i 1743, uten bosted. Nils Mjeldes sønn Anders ble døpt ved Årdal 6.5.1731. Kan det være broren? I følge Laberg ble Nils Andersen Mjelde gift 1724 med Mari Pedersdatter. Kirkeboka sier at Nils Andersen og Mari Jensdatter ble gift 5.6.1724 ved Hauge kirke. Og ei Mari Jensdatter blir introdusert ved Hauge kirke 1.11.1724, antagelig etter dåpen til Nils Mjeldes datter Anna 16.9.1724.

 

I Labergs bok om Lærdal er det ingen Nils på Øye som kan være far til Eli. Er det kjent hvem som var Eli sine foreldre?

 

Jeg tror Eli Nilsdatter var gift første gang 14.10.1744 med Halvor Bårdsen Fortun under Øye (1717-1745), og i dette ekteskapet var det en sønn Bård født høsten 1744 som i 1762 tjente på Hovland i Årdal og som jeg stammer fra.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for nytt spennande innlegg!

 

Eg må først få seia at eg ikkje har jobba med ætti til Eli Nilsdotter, og eg kan difor ikkje seia noko sikkert om opphavet hennar, men slutningi om konfirmasjon i 1743 og eit første ekteskap i 1744 med Halvor Baardson tykkjer eg høyrest ganske so rimeleg ut.  Diverre veit me at den eldste kyrkjeboki for Lærdal er noko mangelfull, særleg med omsyn til barnedåpar og gravfersler, og då er det godt å kunna sjekka introduksjonslistene for der å kunna "fanga opp" born som manglar i dåpslistene...

 

Elles har eg ei kjensle av å stå "i stampe" når det gjeld opphavet til Anna Andersdotter og lagnaden til denne huslyden.  Eg er ganske so overtydd om at Anna høyrer til mellom søskeni til Hermund Andersson, men dåpen manglar.  Og so var det lagnaden til Ole og Anna med dei to borni?  Kvar i all verdi kan dei ha vorte av?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Hei,

 

Me må vel tru at Ole og Anne har budd ei korte stund i Vikadalen under Nattvik gard.

Dei har brukt faddrar frå garden.

 

Asta, kona på garden og hennar to ungar Anders og Anne.

Så forsvinner denne familien frå Årdal.

 

Mvh. Terje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje Hagen for siste kommentar om denne huslyden.

 

Då er me vel ganske samde om at denne huslyden forsvinn frå Årdal kort etter 1768, men kvar dei sidan har gøymt seg bort, er vanskeleg å seia.

 

Men du Terje, har du gjort deg tankar om opphavet til Anna Andersdotter?  Kan ho vera ei søster til Hermund Andersson slik eg har fremja forslag om ovanfor?

 

Og kva med Agatha Olsdotter i Hyllestad?  Er ho av denne huslyden?  Namnet er uvanleg, men eg har vel ikkje den heilt store trui på at ho høyrer til denne huslyden, og oppkalingane "stemmer" heller ikkje heilt...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Hei,

 

Det kan hende at Anne Andersd kan vere dotter av Anders (i hola) Olssen og Marte.

 

Me har så langt desse ungane: Mari (1722-1725) , Hermund (1725-1799), Ole (1727-1783) kom til kyrkjejordi i Offerdalen og Johannes (1741-1765).

 

1734 døyper Anders Hovland ein son Mikkel (1734-1763), Ole døyper ein son Mikkel (1770-1779) etter at fyrste Mikkel døyr.

 

Lars Anderssen (1739-1769)  gift 1768 Brita Rasmusd. ein son Johannes (1768- ), desse budde i hola under Hovland. Brita  blir attegift 1776 med Jørgen Pedersen Urnes.

Hermund og Lars her kan vere identisk med faddrane til Anne Andersd, altså brødrene henna.

 

Brita og Jørgen Pedersen Urnes ukjent lagnad.

 

Det skal nemnast at eg har ingen forfedre til Lars Anderssen!

 

Så langt Mvh. Terje.

 

Endret av Terje Hagen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for nytt spennande innlegg!

 

Her var det fleire interessante opplysningar som eg føler treng oppfølgjing:

 

* Du har ingen forfedre til Lars Andersson, men ser ein på fadrane, so trur eg ogso han er son av Anders Olson og Martha Hermundsdotter i Hola under Hovland.

 

* So nemner du Jørgen Pederson med gardsnamnet Urnes.  Kvar har du den opplysningi ifrå?  Ved vigsli til Jørgen Pederson og Britha Rasmusdotter i 1776 står det ikkje noko gardsnamn, medan det ved trulovingi står "Jørgen Pedersen fra Hafslo"!

 

* Kven var denne Britha Rasmusdotter?  Veit du noko om det?  Eg ser berre eitt godt alternativ: Britha Rasmusdotter Tolvsgard, døypt i Lærdal (Årdal) 27.4.1738.

 

Du seier at Jørgen Pederson og Britha forsvinn frå Årdal, og eg ser heller ikkje noko til dei i Hafslo etter 1776!

 

So vidt eg kan sjå, er det berre eitt mogeleg alternativ for Jørgen Pederson om han er frå Hafslo:

 

Jørgen Pederson frå Kjos, døypt i Hafslo 2.10.1729, gifte seg i Hafslo 13.6.1751 med Gjøri Hansdotter frå Plassen i Kinserdalen under Urnes, døypt 4.9.1729.  Desse budde på plassen Børtnes under Urnes fram til kring 1770 då dei "forsvinn"...  Men borni deira voks opp på Urnes og vart buande i Hafslo, berre yngste dotteri Gunvor Jørgensdotter fødd 1768 vert borte...  Hmmm, dette treng meir studium!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Hei,

 

Eg skal gå igjennom dei spørsmåla din seinare idag.

 

Eg har sett på nokon kyrjelege handlingar som omfattar Anders i Hola, Marta Hermundsdatter og Hermundsnavnet.

 

Så langt ser det ut for meg at Marta kanskje kjeme frå Årøyhaugen eller har familie der.

 

 

Anders i Holen, Anders Olssen eller Anders Hovland som fadder.

 

1718     18.12.  Dåp      Jacob i Holen Søn kdet: Iver

Faddere: Povel og Anders i Hofland, Einer i Vigen, Madme: Johanne Hofland og Marithe paa Svaet

 

1721     11.04    Dåp      Christopher Aarøens Søn, nom: Hermund

Faddere: Monsr: Jan Dahl, Anders Olsøn, Mikel Hermundsøn, Maren i Natvigen og Bye-Synneve

 

1721     01.11    Dåp      Lars i Holens Søn nom: Niels

Faddere: Jan Dahl, Tron Niels:, Anders i Holen, Maren i Natvigen og Anna i Holen

 

1723      20.02.    Dåp        Johannis Olsøn i Ofredalen sin Daatt: kaldet Sirj              

Faddere: Ole Povelsøn i Ofredalen, Anders Olsøn, Ingerj Hund-Erj, Brite Øye og Ingebor Ols Daatter

 

1724      25.03.    Dåp        Mikel Aarøhougens Søn nom: Peder    

Faddere: Hermund Hougen, Anders Olsøn, Hans Jørgensøn, Mari Hansdaattr: Ørbech og Marithe Hermundsdaattr:

 

 

 

 

 

Marta Hermundsd. Som fadder.

 

1713      16.07.    Dåp        Niels Aareydalens Søn kdet. Povel        

Faddere: Erik Præstegaarden, Lars Johansøn, Trond Kolemansøn(?), Synneve Leygrey og Marite Hermundsdaatter

 

1724      25.03.    Dåp        Mikel Aarøhougens Søn nom: Peder    

Faddere: Hermund Hougen, Anders Olsøn, Hans Jørgensøn, Mari Hansdaattr: Ørbech og Marithe Hermundsdaattr:

 

1724      13.06.    Dåp        Anders paa Svaets Daattr: nom: Elen    

Faddere: Hr: Jonas Leyrdahl, Ole Rasmussøn, Madme: Leyrdahl, Susanna Morland og Marite Hermunds Daattr:

 

Anders i Holen, Anders Hovland? døyper.

1725      22.05.    Dåp        Anders i Holens Søn nom: Hermund     

Faddere: Aamund Jonsøn, Christopher Hermundsøn, Ole Olsen, Brite Tronsdaattr: og Methe Pedersdr:

 

1728      13.06.    Dåp        Anders i Holens Søn nom: Ole  

Faddere: Anders Qvitings Saugen, Johannis Ofredaln, Ole(?) Hofland, Johanna Dahl og Ragnilde Aar??

 

1734      27.04.    Dåp        Anders Hoflands Søn nom: Mikel           

Faddere: Inspecteur Dahl, Iver Hofland, Anders paa Hauven, Marie Ørbech og Lisbeth paa Pladsen

Hermund navnet i Vikadalen.

 

1721      11.04.    Dåp        Christopher Aarøens Søn, nom: Hermund         

Faddere: Monsr: Jan Dahl, Anders Olsøn, Mikel Hermundsøn, Maren i Natvigen og Bye-Synneve

 

1724      25.03.    Dåp        Mikel Aarøhougens Søn nom: Peder    

Faddere: Hermund Hougen, Anders Olsøn, Hans Jørgensøn, Mari Hansdaattr: Ørbech og Marithe Hermundsdaattr:

 

1725      22.05.    Dåp        Anders i Holens Søn nom: Hermund     

Faddere: Aamund Jonsøn, Christopher Hermundsøn, Ole Olsen, Brite Tronsdaattr: og Methe Pedersdr:

 

Mvh. Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Jørgen Pedersen Urnes Lægreid (1754- ) son av Peder Jørgensen Urnes Lægreid (1718- ) son igjen av Jørgen Anderssen Urnes.

 

Peder kom til bruk 1 Lægreid omkring 1750, han vart gift med ei Ragnhild Olsdatter kanskje dotter av forrige brukar?

Dei fekk 5 ungar. Nokre av desse ungane er døypte i Lærdal?

Så vart Peder attegift 1762 med ei Nundalsjenta, Sissel Kristensdatter og fekk ein son 1763 i Årdal.

 

I skifte Jørgen Andersen Urnes vart dette nemnd:

 

Ved skiftet etter Jørgen Andersson Ornes 18-19. mars 1755 heiter det at eldste sonen, Peder, da budde på Lægreid i Årdal.

 

Min merknad: Peder er bror til Elsa Vetti og Anna Jørgensdatter som kom til Tangen.

 

 

I 1763 måtte Peder overlata garden til Ole Knutsen Avdal. Kvar Peder reiste veit eg ikkje, reknar med dei enda i Hafslo.

 

Når det gjelder Jørgen Pedersen så var dette einaste kandidaten i eit giftemål med Brita Rasmusdatter. Kven denne Brita er veit eg ikkje?

Eg reknar med at ho kjeme frå Tangen.

 

Eg ser no at det er to Brita Rassmusdatter i Årdal 1763 ekstraskatten.

Den eine er tenestejente på Hovland og ei tenestejente i Voldal.

Elles er det ei tenestejente på Hovland som heiter Ingeborg Rasmusdatter.

 

Mvh. Terje

 

 

Endret av Terje Hagen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

PS: Eg vil takke Grethe Flood som gav meg inspirasjon til å fortsette denne form for slektsforskning. Du er eitt forbilde for oss alle med din innsikt. Du sitter på ein anna kant av dette landet! Dine analyser av det som har skjedd i Indre  Sogn er stort! Og som Lars og eg har fått verdifulle innspel av!

 

1000 TAKK!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for nye utfordrande innlegg!

 

For å ta Hermund-namnet i Årdal, ser dette ut til å vera heller uvanleg!  Sølfest Hermundson i Offerdalen var innflytt frå Feigum i Luster.  Dei einaste andre Hermund'ane i Årdal i 1701 er desse:

 

* Thomas Hermundson, 58 år, gardbrukar på Øvstetun

 

* Hermund Torstenson, 40 år, gardbrukar på Seim, og sønene hans:

 

** Ole Olson, 12 år

 

** Nils Olson, 10 år

 

** Ole Hermundson, 8 år

 

* Thomas Olson, 50 år. gardbrukar på We, og sønene hans:

 

** Ole Thomasson, 20 år

 

** Hermund Thomasson, 16 år

 

** Nils Thomasson, 10 år

 

* Hermund Nilsson, 16 år, dreng på Hovland, og

 

* Hermund Rasmusson, 50 år, husmann under Hovland, og sønene hans:

 

** Ole Hermundson 14 år

 

** Christopher Hermundson 9 år

 

Av fadderoversikti går det dessutan fram at desse må høyra til same søskenflokken frå plassen under Hovland:

 

** Martha Hermundsdotter, gift med Anders Olson i Hola

 

** Mikkel Hermundson, fødd kring 1701(?)

 

Når det gjeld Anders Olson, so ser eg berre eitt alternativ i Årdal 1701:

 

* Anders Olson, 16 år, son av gardbrukar Ole Endreson på Svalheim.

 

Skal me tru at me då har identifisert Anders Olson og Martha Hermundsdotter, og at både Anna Andersdotter (gift med Ole Johannesson) og Lars Andersson (gift med Britha Rasmusdotter) er mellom borni deira?

 

So var det neste "kapitel":

 

Jørgen Andersson Urnes i Hafslo (1689-1754) var gardbrukar på Urnes i Hafslo.  Han gifte seg kring 1716 med ei Ragnhild Thomasdotter, som ifølgje Jon Laberg skal ha vore frå Årdal!  Ho var fødd kring 1692 og vart gravlagd frå Urnes 10.6.1772.

 

Veit du, Terje, kven ho var dotter av?  Ser me på FT1701 for Årdal, ser eg desse alternativi for far hennar:

 

* Thomas Torstenson Hæreid, 54 år, gardbrukar og lensmann

 

* Thomas Hermundson Øvstetun, 58 år, gardbrukar

 

* Thomas Torstenson Avdal, 50 år, gardbrukar

 

* Thomas Olson Wee, 50 år, gardbrukar

 

Går me til den gamle bygdeboki for Årdal, ser det ut til at me kan avskriva Thomas Wee og Thomas Avdal, medan Thomas Øvstetun hadde ei dotter Ragnhild gift på Hafslo, men ho var gift med Augund Kjos og var mykje eldre enn Ragnhild på Urnes.  Då har me berre att lensmann Thomas Hæreid.  Kan det vera han?

 

Peder Jørgenson (1718-1787) var eldste son av Jørgen og Ragnhild Urnes og budde, som du Terje seier, ei tid på Lægreid i Årdal, men flytte attende til Luster kring 1764 og var sidan gardbrukar på Alme.  Denne Peder hadde fleire søner, mellom anna:

 

* Jørgen Pederson (1754-1825), vart husmann i Skjervebakken under Skjervo i Hafslo.  Han var "ungkarl" då han gifte seg på Hafslo i 1793, so han var det IKKJE som gifte seg i Årdal i 1776 med Britha Rasmusdotter!

 

Då er me attende til spørsmålet:  Kven var den Jørgen Pederson frå Hafslo som i 17876 gifte seg med enkja Britha Rasmusdotter i Årdal?  Og kvar vart det av dei?

 

~~~~~

 

Etter ein grundig kjeldeanalyse i Hafslo har eg no oppdaga følgjande:

 

Jørgen Pederson ER den same som hadde vore husmann på Børtnes under Urnes.  Han henta kona Britha Rasmusdotter med seg til Urnes, og dei busette seg i Haugen i Kinserdalen, truleg på plassen Røykhaugen, og der fekk dei to born:

 

* Lars Jørgenson, døypt i Hafslo 27.7.1777, og

 

* Gjøri Jørgensdotter, døypt i Hafslo 24.5.1779.

 

So vert dei borte frå Hafslo!  Korkje Lars eller Gjøri eller nokon av foreldri er avlidne i Hafslo, og ikkje er dei to borni konfirmerte her heller.  Det same gjeld for son hennar frå første ekteskapet:

 

* Johannes Larsson, fødd i Årdal 14.4.1768,

 

Og likeins yngste dotteri hans av første ekteskapet med Gjøri Hansdotter:

 

* Gunvor Jørgensdotter, døypt i Hafslo 14.8.1768.

 

Denne huslyden må vera flytt frå Hafslo først på 1780-talet, men KVAR?

 

Det var mykje flytting til BERGEN på den tidi, men flytte dei dit?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Tusen Takk for opplysande opplysningar!

Skal prøva og oppdatera meg å koma med tilbakemelding.

 

Eg kan seie med ein gong at denne Ragnild Tomasdatter frå Årdal er å blir eit misterium!

 

Mvh. Terje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for nytt svar!

 

Eg vil gjerne få nytta høvet til å slutta meg til den begeistringi som Terje i innlegg #14 uttrykker for Grethe Flood!  Du er berre heilt fantastisk, Grethe, og er det nokon som kan løysa desse problemi med forsvinningane til:

 

* Ole Johannesson og Anna Andersdotter og

 

* Jørgen Pederson og Britha Rasmusdotter,

 

so er du so absolutt ein av dei ganske få i Brukarforum som eg har tru på!

 

Elles er eg framleis av den meiningi at Thomas Torstenson på Hæreid er den mest sannsynlege far til Ragnild Thomasdotter på Urnes!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no pløyd igjennom FT1801 på leiting etter "Jør* Pe*" med fødselsår mellom 1715 og 1749 og likeins etter "Br* Ras*" med fødselsår mellom 1730 og 1749, men finn ikkje spor etter nokon av desse nokon stad i landet.  Kanskje var dei båe avlidne?

 

So har eg søkt etter "Gjør* Jør*", Giør* Jør*" og "Gur* Jør*", men finn heller ikkje nokon som høver.

 

So freista eg "Gun* Jør*" på leiting etter Gunvor, og her KAN eg ha råka borti noko spennande:

 

Risør 3. rode 1801 syner denne huslyden

 

005 02 Anders Axelsen 39   Huusbonde Givt 2d gang Hugger  

006 02 Gundvor Jørgensdatter 35   Hans kone Givt 1 gang    

007 02 Ellen Andersdatter* 7   Deres datter      

008 02 Inger Andersdatter* 2   Deres datter

 

og FamilySearch har denne vigsli:

 

Name: Anders Axelsen

Spouse's Name: Gunvor Jorgensdr

Event Date: 14 Aug 1791

Event Place: , Sondeled, Aust-Agder, Norway

 

FamilySearch syner ikkje so mange fødde Gunvor Jørgensdotter i Noreg mellom 1760 og 1771.  I tillegg til Gunvor Jørgensdotter frå Urnes i Hafslo finn eg:

 

Name: Gundvor Jorgensen

Gender: Female

Christening Date: 06 Jan 1767

Christening Place: , BAKKE, VEST-AGDER, NORWAY

Father's Name: Jorgen Osmundssen

 

og

 

Name: Gundvor Jorgensen

Gender: Female

Christening Date: 16 May 1765

Christening Place: VEGAARSHEI,AUST-AGDER,NORWAY

Father's Name: Jorgen Knudsen

Mother's Name: Oli Aslacksdr

 

Me finn eit par vigsler som KAN vera spennande;

 

Name: Anders Pedersen

Spouse's Name: Gunvor Jorgensdr

Event Date: 30 May 1790

Event Place: , Bakke, Vest-Agder, Norway

 

og

 

Name: Hans Gunnersen

Spouse's Name: Gunvor Jorgensdr

Event Date: 05 Jul 1787

Event Place: Domkirken,Stavanger,Rogaland,Norway

 

Ho i Stavanger får med mannen Hans Gunderson ei dotter Birtha Margrethe, døypt i Stavanger 24.2.1788.  Men mellom fadrane finn me ei Inger Jørgensdotter, og det namnet kjenner me ikkje frå den ætti som me leiter etter...

 

Ho i Bakke får med mannen Anders Pederson ein son Peder, døypt i Bakke 21.8.1788, men ingen "mistenkelege" fadrar.  Dette er nok ho som vart gift i Bakke i 1790.

 

So har me ho i Risør/Søndeled.  Dei to eldste borni til Anders Axelson og Gunvor Jørgensdotter var Inger (Søndeled 18.9.1791) og Ellen (Søndeled 11.11.1793), men ingen av dei hadde "mistenkelege" fadrar!  Kan denne Gunvor vera kommi frå Urnes i Hafslo?  Eller det ho frå Vegårdshei som flytte til Søndeled/Risør?

 

Eg veit ikkje, men eg trur IKKJE eg enno har finne lagnaden til "vår" Gunvor Jørgensdotter, eller kva meiner de?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

HURRA!  Endeleg er eg komen på spor etter noko:

 

Databasen for avlidne i Bergen syner:

 

65972 Berthe Rasmusdtr K 62 Jørgen Pedersen 's Enke Fattig Frie Jord, 9-58, 402 802 1804 StP fglass.gif

 

Kanskje er dette Jørgen sjølv:

 

51878 Jørgen Pedersen m 60 daglønner 9-162 fattig frie jord   Mai 26 1789 StP fglass.gif

 

eller er det denne:

 

17874 Jørgen Petersen m 70 frie ved H Kand Mar 26 1793 StJ fglass.gif

 

"Vår" Jørgen var fødd i 1729, so daglønnaren frå 1789 er nok den mest trulege!

 

Frå undersøkjingskommisjonen 1804/1805 finn me truleg sonen hennar, fødd i Årdal 1768:

 

2068 Johannes Larsen Hovland Leirdal 41   Bergen Daglønner har ikke været i Kongens Tieneste er en løs Siouer og vil ikke ernære sig ved Søen 0

 

Alderen stemmer ikkje heilt, men namn og fødestad talar vel for seg...

 

Bertha Rasmusdotter budde i 9. rode 58 då ho døydde i 1804.  I 1801 budde desse folki der:

 

4831 * Petter Frank Huusfader 38 Begge i 1te ægteskab Mester skrædder M fglass.gif

4832   Sara Larsdtr Hans kone 50 Begge i 1te ægteskab   K fglass.gif

4833   Lars Pettersen Fælleds søn 16     M fglass.gif

4834   Juditha Bunnersdtr Mandens moder 75 Enke af 1te ægteskab   K fglass.gif

 

men dei ser ikkje ut til å vera av same ætt...

 

Neste kapitel vert no å finna borni etter Jørgen Pederson og "Bertha" Rasmusdotter!  Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!

 

Og, for ikkje å gløyma; kanskje Ole Johannesson og Anna Andersdotter òg flytte til Bergen?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Hei lars,

 

Det vil ta nokre dagar å fordøye dine opplysningar, skal gå nøye gjennom dei!

 

Det som undrar meg mest er at kombinasjonen JØRGEN PEDERSEN er ufattelig lite av her på vestlandet?

 

1000 takk for dine opplysnigar!

 

Mvh. Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for siste meldingi!  Eg er glad for at du likte kva eg har skrive om denne huslyden.

 

Her følgjer ei oppdatering av kva me no leiter etter når det gjeld Ole Johannesson og Anna Andersdotter:

 

Ole Johannesson (Bathen/Sjøthun), døypt i Hafslo 25.5.1727, gifte seg i Hafslo 26.10.1767 med Anna Andersdotter, truleg frå Hola under Hovland i Årdal og f. der kring 1736.  Dei flytte truleg våren 1768 attende til Årdal og budde truleg nokre år under Nattviki, men flytte kring 1770 - eller noiko seinare - derifrå att, kan henda til Bergen?  To born er kjende:

 

a. Agatha Olsdotter, døypt i Hafslo 10.12.1766, ukjend lagnad

 

b. Johannes Olson, fødd i Årdal 5.8.1768, ukjend lagnad

 

Når det so gjeld Jørgen Pederson og Britha Rasmusdotter, er dette status:

 

Jørgen Pederson (Haugen/Urnes), døypt i Hafslo 2.10.1729, gifte seg andre gongen i Årdal 27.10.1776 med enkja Britha Rasmusdotter frå Tolsgarden eller Tangen(?), truleg døypt i Årdal 27.4.1738, budde ei tid i Haugen (Røghaug) i Kinserdalen under Urnes i Hafslo, ken flytte kring 1780 til Bergen der Jørgen vart gravlagd 26.5.1789.  Britha "Bertha" Rasmusdotter døydde same staden 4.2.1804.  Me etterlyser fire born, eitt frå første ekteskapet hennar, eitt frå første ekteskapet hans og to som dei fekk i lag:

 

a. Johannes Larsson (Hovland?), son hennar, var fødd i Årdal 14.4.1768, sjauar og dagarbeidar i Bergen 1804, lagnad elles ukjend

 

b. Gunvor Jørgensdotter, dotter hans, vart døypt i Hafslo 14.8.1768, ukjend lagnad - eller gift i Risør??

 

c. Lars Jørgenson, felles son, vart døypt i Hafslo 27.7.1777, ukjend lagnad

 

d. Gjøri Jørgensdotter, felles dotter, vart døypt i Hafslo 24.5.1779, ukjend lagnad

 

Kanskje det ville vore ein tanke å freista finna desse borni, både Ole og Anna sine, og Jørgen og Britha sine, mellom KONFIRMANTAR i Bergen?

 

Eg takkar på ny for god innsats so langt og held fingri krossa for nye oppdagingar!

 

Redigeringstillegg 25.2.:

 

Ein Johannes Larsen med opphald hjå bakar Schnell vart konfirmert i Domkyrkja i Bergen i 1783 - KAN vera "vår mann"

 

Ein annan Johannes Larsen (opphaldsstad ikkje nemnd) vart konfirmert i Domkyrkja i Bergen i 1787 - KAN vera "vår mann"

 

Ei Gunvor Jørgensdatter (opphaldsstad ikkje nemnd) vart konfirmert i Domkyrkja i Bergen i 1785 - MÅ vera "vår jente"!

 

Ein Lars Jørgensen 16 år "af Bethlehems skole" med opphald hjå Jørgen Persens enke i (hussmuget?) vart konfirmert i Nykyrkja i Bergen i 1792 - MÅ vera "vår mann"! (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8734&idx_id=8734&idx_listetype=kf&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-16- litt nedanfor midten på høgre side! )

 

Ei Guri Jørgensdatter 17 år med opphald hjå "Moderen Jørgen Persens enke i (hussmuget?)" vart konfirmert i Nykyrkja i Bergen i 1795 - MÅ vera "vår jente"! (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8734&idx_id=8734&idx_listetype=kf&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-19- heilt nede på venstre side! )

 

(Kanskje nokon kan seia meg kvar huslyden budde ved dei to siste innførslene? - Spørsmålet vert lagt inn som eige tema!)

 

UANSETT, me har nok funne konfirmasjonane til alle dei fire borni som flytte til Bergen med Jørgen og Britha kring 1780!!!  Kvar vart det so av dei???

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Dette er vel berre eit "skot i blinde", men kven veit...

 

FamilySearch syner denne fødsli i Bergen:

 

Name: Anphen Larsen

Gender: Male

Birth Date: 20 Feb 1807

Christening Date: 01 Mar 1807

Christening Place: Bergen, Bergen, Norway

Father's Name: Peder Larsen

Mother's Name: Guri Jorgensdr

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8636&idx_id=8636&idx_listetype=dp&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-190

 

Vigsli deira i Nykyrkja i Bergen:

 

16390 Peder Andreas Larsen Gurine Jørgensdatter ungkarl matros pige søndag Jul 13 Aug 03 1806 NK

 

Kan dette vera "vår" Gjøri?

 

Redigering 25.2.

 

Vigselsregisteret for Bergen har to "mogelege" "kandidatar" til Gjøri Jørgensdotter som vigd før 1815, jenta gift i NK og nemnd ovanfor, og so denne:

 

16068 Otte Persen Gurine Jørgensdatter ungkarl matros pige i froepr Jan 10 1796 Des 26 1798

NK

 

Dette parfolket får i alle fall tre born i Bergen:

 

* Jørgen (FT1801 seier Peer!), fødd i Nykyrkja i Bergen 15.4.1798

 

* Jørgen, fødd i Nykyrkja i Bergen 13.9.1801

 

* Berthe Gurine, fødd i Nykyrkja i Bergen 25.10.1804

 

Ingen av desse borni har "spennande" fadrar, kanskje bortsett ifrå Jørgen 1801 der eine fadderen heiter Guri Jørgensen.  Og dessutan er mori ved dei to yngste fødslene kalla Anna Gurine, so kanskje me kan utelukka ho?  I 1801 bur denne huslyden i 5. rode nr. 142, men Anna Gurina er 29 år gamal, og det vert vel litt i meste laget...?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Terje og andre!

 

Sjå dei siste oppdateringane i innlegg #21 ovanfor - alle borni til Jørgen og Britha er funne konfirmerte i Bergen!!  No er det den vidare oppfølgjingi som står for tur...

 

Hjarteleg takk for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Fyrst, korleis finn eg link til Bergen FT-1815 på nye digitalarkivet?

 

Kanskje dette under er noko?

 

 

 

Bergen FT-1815

Lars Jørgensen alder 32-47 fiskar eller sjømann.

med familie, kona og to barn

http://gda.arkivverket.no/cgiwin/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=100&filnamn=berg1815&gardpostnr=1635&merk=1635#ovre

 

 

Guri her er kanskje nokre år for gamal?

 

Bergen FT-1815

Guri Jørgensdatter alder 40

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=108&filnamn=berg1815&gardpostnr=5078&merk=5078#ovre

 

Mvh. Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for spennande innlegg!

 

Lenka til den første huslyden fungerer ikkje hjå meg, men eg gjekk inn via det gamle digitalarkivet og fann fram på den måten!

 

Den Lars Jørgensen som du har finne, Terje, var gift med ei Karen Margrethe Rasmusdotter og hadde borni Rasmus (1802), Jørgen (1804) og Berte (1807),  Og ser ein på undersøkjingskommisjonen 1804 for Bergen (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=25&filnamn=berg1804&gardpostnr=5991&merk=5991#ovre), so var denne Lars fødd på Follesvåg i Askvoll i 1767.  So, han kan det ikkje vera!

 

Eg ser ikkje nokon Lars Jørgensen i Bergen, korkje i undersøkjingskommisjonen 1804 eller i FT1801 som høver med "vår" Lars.  Konklusjonen min er difor følgjande:  Dersom Lars nytta Jørgensen som ættenamn, so var han borte frå Bergen før 1801!

 

Når det so gjeld Guri Jørgensdotter, so har du finne ho som gifte seg i Bergen i 1806 med Peder Andreas Larsen og som hadde sonen Anfind i 1807.  Og eg trur dette er dødsfallet hennar i Bergen:

 

11790 1830 291229 231229 Almisselem Gurine Jørgensd. 10-76 59 Aar K           Domkirken fglass.gif

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8643&idx_id=8643&idx_listetype=bg&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-91

 

Rett nok er alderen hennar òg litt for høg, men andre alternativ finn eg ikkje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.