Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Skulestyrar Giertsen på Skipperskulen i Bergen - kven var han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Adolfine Marie, kjend som Marie Adolfine Arnesen Nielsen Effersøe var fødd i Køge, Danmark 2.10.1885 og budde i 1947 som enke i Mariager på Jylland i Danmark.

 

I første ekteskapet hennar med organist Lars Peter Nielsen skal ho ha hatt to søner:

 

* Håkon(?) Nielsen, busett på Færøyane

 

* NN (son) vart adoptert av skulestyrar Giertsen på Skipperskulen i Bergen

 

Er det mogeleg, til dømes gjennom Folkeregisteret og/eller Bergen adressebøker, å identifisera denne skulestyrar Giertsen og adoptivsonen hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anita for spennande og nyttige innlegg!

 

Det kan vel ikkje vera so mykje tvil om at dette er mannen som skal ha adoptert den unge danske guten, men dette må i so fall ha skjett etter 1922.  I ein biografi som gjeld ætti Effersøe, vert det sagt at Marie Adolfine hadde ein son fødd i 1918.  Truleg var det Håkon(?), medan hin sonen truleg er fødd seinare, so om han kom til Olaf og Therese Giertsen midt på 1920-talet, høyrest vel ikkje dette so urimeleg ut.

 

Men kvar vart det av Oluf og Therese Giertsen?  Ifølgje denne artikkelen frå 1948 (http://runeberg.org/hvemerhvem/1948/0168.html), var Olaf styrar for sjømannsskulen fram til 1940, men det står ikkje noko om kvar dei då tok vegen!?

 

Eg vonar at folkeregisterkorti for Bergen kan skaffa fram fleire detaljar om dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Anita for nye spennande innlegg!

 

Det er ikkje so lett å "tolka" dødsannonsa til  Olaf Giertsen, bortsett ifrå at Anna var dotteri og Kaare var sonen.  Når so fødsli frå 1916 dukka opp, gjekk det opp for meg korleis samanhangen var, og eg har nettopp hatt ein lengre telefonsamtale med son og svigerdotter til Kaare Giertsen, og dei hadde mange spennande opplysningar å supplera.  Eg fekk mellom anna dødsdatoen til Marie Adolfine og ogso til mor hennar, men for ikkje å skapa meir forvirring, vil eg føra denne debatten vidare under emnet om Andreas Arnesen (http://forum.arkivverket.no/topic/172548-andreas-arnesen-1833-1892-bakarmeister-paa-sjclland-danmark-borni-hans/) (s.d.).

 

Problemet kring skulestyrar Giertsen og adoptivsonen er med dette løyst, og eg takkar på ny for dei kjempeflotte innleggi som har gjort denne løysingi mogeleg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.