Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Johannes Nilsson Marum (Marheim), kårmann, døydde i Hafslo 29.5.1886.

 

Eg har ein eller annan stad lese at det vart halde skifterfegistrering etter Johannes og at han mellom anna etterlet ei dotter Anna som var avlidi i Amerika før 1886, men som etterlet eitt barn.

 

Eg hsr ikkje so langt vore i stand til å finna att dette barnet i Amerika og lurer på om skifteutlodningsprotokollen eller eventuell korrespondanse i skiftepakken kan vera til hjelp?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi med denne saki!

Endret av Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for eit kjapt og spennande svar!

 

Truleg er det denne buregistreringi som er kjelda for opplysningane mine, og det kan sjå ut som om buet vart oppgjort nær sagt før det vart handsama.  Men; sjølv om det kanskje ikkje er so mykje å finna i utlodningsprotokollen, so må det liggja føre eit DOKUMENTLEGG med ymse korrespondanse.  Er det mogeleg å finna dette i skiftedokumenti og eventuelt henta fram opplysningar om Anna og barnet hennar?  Eg er òg interessert i eventuelle opplysningar om sonen Johannes Johannesson, om det står noko meir om lagnaden hans...

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.