Gå til innhold
Arkivverket

Oppslag i bygdebok for Fjaler, Sogn og Fjordane


Alf Strand
 Del

Recommended Posts

I går gjorde eg eit funn i mi eiga slektssoge. Ei av formødrene mine har vore temmeleg anonym. Vi har berre kjent namnet Borni Pedersdtr. og at ho var gift med enkjemann Ola Rasmusson Strand i slutten av 1750-åra. Bygdebokskrivaren fann ikkje giftarmålet verken i Askvoll eller Gulen kyrkjebok, og err leiseg for det, for Borni er "bindeleddet soleis at her ikkje vart heilt folkeskifte på garden". I kyrkjeboka for Fjaler fann eg giftarmålet: Ola Rasmusson Strand og Borni Pedersdtr. Åsnes vart vigde i Holmedal trefoldighetssøndag 1758. Kan nokon slå opp i bygdeboka for fjaler og finna fødselsåret hennar og om der er noko samband med garden Øn i Hyllestad? Borni kom nemleg ikkje tomhendt til gards, ho åtte jordegods, ein part i garden Øn.

 

Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er dette "din" Borni?

 

Døpt 27.7.1724 i Askvoll:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7G9-RZP

 

Mvh

Lene Benedicte

 

Vanskeleg å seie. Strømmen ligg i Askvoll, Åsnes ligg i Fjaler prestegjeld. Men fødselsåret treng ikkje vera langt av lei. Eg ville tru at det må finnast ei Borni Pedersdtr. fødd i Fjaler prestegjeld (ytre Holmedal) rundt 1730.

 

Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var ikkje så enkelt å finne ut av. Men ei Borni Pedersdtr. Strømmen dukkar opp i Tyssedal (side 325 i bd. 1):

post-77-0-38621800-1421641614_thumb.jpg

Men denne Borni kan då ikkje "samstundes" ha vore g. med Strand?

 

Eg tek også med litt frå Vagstad (s. 233-234):

post-77-0-91394500-1421642206_thumb.jpg

post-77-0-06000300-1421642322_thumb.jpg

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg gjorde et søk på "Gamle digitalarkivet" på alle Borni født mellom 1720 og 1738. Fant Borni Pedersdatter Strand i Skifteregister Ytre Sogn 1698 - 1853. Fødselsår 1726 står det der. 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=skifysog&personpostnr=3778&merk=3778

 

LB

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut som om det er snakk om side 33 i Solund Gards- og ættesoge 2. Det er altså snakk om Strand i Solund, og ikkje i Fjaler slik som eg trudde.

http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012060824035

 

Eg legg merke til at dottera hennar i siste ekteskapet vart g. med ein frå Rivedal, så det ser ut som om det er forbindelsar til Holmedalsområdet i Fjaler/Askvoll.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne Borni Strømmen kan nok utelukkast, men ho er iallefall nemnd også i Askvoll Folket IIA s. 348.


Dessverre er "vår" Borni ikkje nemnd under Åsnesgardane i bygdeboka, som er svært mangelfull for tidlegare tider. Ein har heller ikkje kyrkjebøker for Fjaler før Holmedal prestegjeld vart delt i 1755 (Ytre Holmedal=Fjaler, Indre Holmedal=Gaular), og dermed vart vel mangelen på kjelder eit problem også for bygdebokforfattaren.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Takk til Torbjørn. Det ser ut til at det vert vanskeleg å finna ut meir om Borni Pedersdtr. Dotter hennar, Brite Olsdtr, vart gift med naboen Johannes Gjertson Strand. Far hans var Gjert Olson Vindheim og mora Johanna Trulsdtr. Rivedal. Brorson til Johanna, Tomas Tollakson, kjem frå Rivedal til Strand i Solund og gifter seg med halvsyster til Brite Olsdtr. Så sambandet mellom Dalsfjorden og Solund var utbreidd på 1700-talet. Men kanskje nokon kan finna eit samband mellom Åsnes og Øn i Hyllestad i og med at Borni Pedersdtr. hadde partar i den garden? Bygdebok for Hyllestad seier kanskje noko? Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bind 1 av bygdeboka for Hyllestad omhandlar Øn sokn og litt av Hyllestad. Denne ligg fritt tilgjengeleg på nett via nb.no si digitale bokhylle.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hei Alf!

 

Borni er også en av mine formødre. Har notert meg at hun er datter av Peder Andersen Åsnes og kona Brita Johannesdatter Rivedal (død før 1751). De fikk barna Anders og Borni

 

Mvh.

 

Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er en liten oversikt over slekten fra Rivedal:

 

Johannes Anderssen Rivedal f. ca. 1640 gift 1. gang med Brita Trulsdatter Vindheim (skifte 1683), gift 2 gang med NN

Born:

a. Anders f. ca. 1675 d. før 1751, etterlot seg datteren Dorthe som bodde som enke i Bergen i 1751

b. Truls f. ca. 1677, nevnt i skiftet etter mora i 1683, men ikke i skiftet etter broren Thomas i 1751

c. Ingeborg f. ca. 1680 død før 1751 og etterlot seg barna: Peder Olsen Blakstad, Hans Olsen i Bergen, Anders Olsen Liset og Eli Olsdtr. gift med Klement Rasmussen Rivedal

d. Thomas f. ca. 1682 d, 1751 (skifte) på Rivedal

e. Ole f. ca. 1691 gift og bosatt på Arstein i Fjaler i 1751

f. Truls f. ca. 1697 gift og bosatt på Rivedal i 1751

g. Brita død før 1751 og etterlatter seg barna Anders Pedersen og Borni Pedersdtr. (halvsøster)

h. Anna gift med Ole Stølen (gift 1 gang med Frants Knutsen Bakke f. ca. 1698 i Fjaler d. 1734). Bosted: Stølen i Sulen (Solund) i 1751

i. Johanne gift med Anders Jarstad i 1751

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var spennande! No fekk eg på plass fleire nye opplysningar: Fyrst og fremst foreldra til Borni Pedersdtr. No veit vi sikkert kvar ho kom frå. Så forstår eg at Anna Johannesdtr, gift med Frants Knutson Stølen er moster til Borni Pedersdtr. I same rennet får eg altså endeleg greie på kvar Frants Knutson kom frå. Han er ein av mine forfedrar. Men framleis står spørsmålet att om kvifor Borni åtte partar i garden Øn i Hyllestad. Men tusen takk for god hjelp. Korleis er du etterkommar etter Borni?

 

Mvh Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var spennande! No fekk eg på plass fleire nye opplysningar: Fyrst og fremst foreldra til Borni Pedersdtr. No veit vi sikkert kvar ho kom frå. Så forstår eg at Anna Johannesdtr, gift med Frants Knutson Stølen er moster til Borni Pedersdtr. I same rennet får eg altså endeleg greie på kvar Frants Knutson kom frå. Han er ein av mine forfedrar. Men framleis står spørsmålet att om kvifor Borni åtte partar i garden Øn i Hyllestad. Men tusen takk for god hjelp. Korleis er du etterkommar etter Borni?

 

Mvh Alf

Hei igjen!

 

Jeg stammer fra Borni sin datter Brita som ble gift med Johannes Gjertsen Strand. Johannes sine foreldre var også fra Holmedal - området, mora Johanna Trulsdtr. mener jeg å huske var fra Rivedal. Johannes Gjertsen og kona Brita Olsdtr. fikk blant annet datteren Borni f. 1789 som flyttet til Askvoll prestegjeld og ble en av mine forfedre der.

 

Når det gjelder jordegodset i Øn, tror jeg det er feilspor. Borni sin andre mann var Hans Andersen Tveranger f. 1737. Mor til Hans var Anna Hansdtr. Øn f. 1708. Anna var igjen datter av Hans Hansen Øn som kjøpte et gårdsbruk i Øn i 1727. Hans Hansen døde i 1750-årene og det var datteren Anna som overtok jordegodset i Øn

 

Hilsen

 

Kenneth B.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er vi altså i slekt. Johannes Gjertson hadde sonen Gjert som er min tipp-tipp-oldefar. Eg var ein gong begynt å laga eit oversyn over Johannes Gjertson sine etterkomarar, m.a etterkommarane etter Borni Johannesdtr. som vart gift til Kiberg (Folkestad). No kan eg gjerne få supplert oversynet med dei opplysningane eg manglar? Men jordegodset i Øn er eg ikkje sikker på stammar frå Anne Hansdtr. Brite Olsdtr. arva nemleg deler av det då det var skifte etter mora, og det hadde ho vel ikkje gjort viss det var Hans Anderson som åtte det? 

 

Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Då kan det sjå ut til at Johanne Trulsdtr. Rivedal, gift med Gjert Olson Vindheim og busette på Strand i Solund er syskenbarn til Borni Pedersdtr. gift med enkemann Ola Rasmusson Strand. Då blir Johannes Gjertson Strand og fyrste kona Brite Olsdtr. Strand tremenningar. Samstundes vert andre kona til Johannes Gjertson, Mari Josefsdtr. Olderkalv også hans tremenning, etter som mora hennar, Anne Frantsdtr, var dotter til Anne Johannesdtr. Rivedal på Stølen i Solund. Dette var heilt nytt. Takk til Kenneth som kom med desse opplysningane. Alf

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Hei Alf,

Eg kom over denne debatten igjen...

 

Har du funne navna på foreldra til;

Johanne Trulsdtr. Rivedal

Gjert Olsson Vindheim

 

Borni Pedersdtr. Åsnes (Strand) var gift første gong med Ola Rasmusson, har du funne ut kvar han kom frå og navna til foreldra hans?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har funne foreldra til Johanna Trulsdtr. og Gjert Olson, men eg har dei ikkje tilgjengeleg akkurat no. Ola Rasmusson var frå Hagenes i Bygstad, men eg har ikkje namna på foreldra hans. Han gifte seg i1723 med Brynhild Rasmusdtr og kom då til Strand.

 

Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er mine forfedre:

 

Ole Rasmussen Hagenes f. ca. 1698 er sønn av Rasmus Halversen f. ca. 1650 og kona Gjø Nilsdtr. Hagenes (skifte 1703)

 

Manntall 1701: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/206/pc00000000617119

 

legg merke til at tjeneren Gunder Eriksen på 14 år er Gjø Nilsdtr. sin slegfredsønn, se skifte 1703:

 

https://media.digitalarkivet.no/sk20081126630374

 

Mvh.

 

Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På Geni finn ein følgjande profil på Johanne g. med Gjert: https://www.geni.com/people/Johanne-Strand/6000000007679231677

 

Går ein inn på profilen til mor hennar ligg det eit skifte der. (Det gjer det også på systera, Brita Igelkjønbotten). Også profilen til Gjert inneheld skifteopplysningar. Brita i Igelkjønbotten var gift med ein Truls Olson, og då eg såg på desse folka for ei tid sidan spekulerte eg på om han kunne vere ein bror til Gjert. (Dei to skifta som nemner Gjert Olson nemner også ein bror Truls Olson).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.