Gå til innhold
Arkivverket

Sersjant og gardbrukar Christian Hansson Schnell i Luster (1691-1758) - huslyden hans i Bergen og andre stader?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Carsten, Grethe og Randi Elisabeth for mange interessante og spennande innlegg!  Eg er imponert over kva de finn!

 

Når det gjeld opphavet til Helche Würgers, so fann eg dåpen hennar i Bergen i 1731, prov for at ho verkeleg var dotter av Gjert og Margrethe: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=32782&personpostnr=96580&merk=96580#ovre

 

Elles har eg på eigi hand finne nokre fleire detaljar, mellom anna dødsfallet til Dorthea Marie Henriksdotter Schnell i Ålesund, d¨åpen til Ole Wamberg i Stryn, og eg har vel ein brukbar teori når det gjeld opphavet til Elen Tørrisdotter Solem?  Kan ho ha vore frå Gulen?

 

Elles er eg svært i stuss når det gjeld dei to fettrane Tørris Johan Schnell - kva for ein som gifte seg i Bergen i 1793 og kvar det vart av han og kona?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #13 på føregåande side:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #31 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Christian gifte seg att i Bergen 4.11.1787 med Anna Susanne, kjend som Susanna Pedersdotter Lehn frå

     ##### (eller heitte ho Lind? – opphavet hennar?)

 

Ved dåpen til barna skrives hun Lind:

 

Dominicus Schnel, 1787

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006112017

 

Peter Andreas, 1790

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009217990

 

Anna Susanna, 1793

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009217990

 

Inger Dorthea, 1795

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009221210

 

Kirstine Marie, 1798

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009222766

 

Familien i folketellingen 1801:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390015533

 

I husstanden finnes også en enke Inger Pedersdatter, enke fra første ekteskap, født (beregnet) 1726. Men vet ikke om hun tilhører familien - er i slekt. 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Grethe for nye spennande og nyttige innlegg!  Fleire og fleire detaljar kjem etter kvart på plass!

 

Forresten, Inger Pedersdotter frå FT1801 var MOR til Christian Schnell og fødd i Luster!

 

Sjølv har eg i dag jobba med «problemet» Anna Susanna Pedersdotter Lind.  Dette har vore drøfta ved fleire høve  Brukarforum, og endeleg har eg greidd å løysa det!

 

Eg kom på sporet då eg oppdaga ein matros Jan Pederson Lind i Bergen, som stundom òg kalla seg Meyer, og undersøkjingskommisjonen frå 1804/1805 fortel oss at denne Jan vart fødd i STAVANGER: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=1703&merk=1703#ovre

 

Og her er dåpen hans i Stavanger: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001285231

 

Foreldri Peder Andersson og Susanna Knutsdotter er skrivne foreldre til minst sju born i Stavanger, og ved dei eldste barnedåpane heiter faren Peder Andersson LIND, til dømes her: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001281598

 

Og Peder og Susanna fekk òg ei dotter Susanna i 1762, som altso vart andre kona til Christian Schnell: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001283656

 

Oppglødd over denne oppdagingi gjekk eg so laus på Anna Thomasdotter, første kona til Christian, som berre hadde ein erving, broren Thomas Thomasson i Stavanger.  Og med kjend alder på Anna, er det ikkje so mange alternativi!  Eg tykkjer denne passa godt:

 

** Anna Thomasdotter Qvelland, dotter av Thomas og Kari, døypt i Nedstrand 5.3.1752: https://media.digitalarkivet.no/view/15834/74

 

Det ser nemlig ut til at ho hadde ein bror:

 

** Thomas Thomasson, døypt i Nedstrand 5.8.1747: https://media.digitalarkivet.no/view/15834/48

 

men kanskje er eg fullstendig på «bærtur» med denne gissingi?  Eller kan bygdeboki for Nedstrand hjelpa oss vidare?

 

Etter desse oppdagingane og dei nye opplysningane frå Carsten og Grethe har eg oppdatert manuskriptet mitt til erstatning for manuskriptet i innlegg #26 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye fine opplysningar er manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #38 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kompletterng av denne biografien!

 

 

 

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Asbjørn gifte seg 6.11.1797 att i Bergen med Else Margretha Petersdotter Staman frå Bergen.  Ho var dotter av

##### (yrkestitel?)

Peter Peterson Staman i Bergen, opphavleg frå

##### (opphavet hans?)

 

Jeg ser at ved dåpen til Peter i 1757, er én av fadderne Peter Staman Senior. Dette er nok far til Peter Staman junior, som igjen er far til Peter:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005871099

 

Petter Stamann Junior fikk borgerskap i 1762 - venstre side:

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=21&innhaldid=5&storleik=200

 

Kan dette være den enda yngre junior - borgerskap i 1785:

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=61&innhaldid=5&storleik=200

 

Peter Staman Junior giftet seg i 1756:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000429075

 

Her er vel dødsfallet til Peter Staman senior, født i Bergen i mai 1703, død 1774, 71 år gammel:

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. A 11 (1731-1785), Døde og begravede 1776, Side 144
https://media.digitalarkivet.no/view/8678/192

 

Her er dåpen til Peter Staman senior, 11.05.1703, sønn av Henric Staamand og Margrete Møller:

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. A 3 (1698-1719), Fødte og døpte 1703, Side 118-119
https://media.digitalarkivet.no/view/8673/63

 

Han fikk borgerskap i Bergen i 1735:

https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000022043

 

http://hanseater.no/navnelister/idx/names_83.htm#Stahman

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ahlert Hysing Henrikson Schnell, døypt i Bergen 19.12.1788, miste livet ved eit ulukkeshende på sjøen nær Veblungsnes i Grytten 11.10.1830.  Han gifte seg i Molde 12.11.1818 med Elen J.

     ##### (fullt namn?)

     Grøn frå

     ##### (opphav etc.?)

     Ahlert var handelsmann, og han og Elen budde i Molde. 

     ##### (talet på søner og døtrer? – fire? – inkl.

            * Hendrikke Barbara, f. i Molde 16.3.1819

            * Eilert Hyssing, f. i Molde 28.9.1821 – gift Molde 19.11.1846 med Anne Pedersd. Nederhagen

            * Emanuel Jansen, f. i Molde 20.7.1823

            * Hans Christian, f. gardbrukarson Halset i Vågø sokn, Aukra 20.8.1827 – gift 1856)

 

Møre og Romsdal fylke, Molde, Reknes hospital i Molde, Ministerialbok nr. 558A03 (1843-1872), Viede 1856, Side 458-459
https://media.digitalarkivet.no/view/2275/223

 

Her er konfirmasjonen til Henricka Barbara i 1834 - moren kalles her for Elen Andersdatter: 

Møre og Romsdal fylke, Molde, Reknes hospital i Bolsøy, Ministerialbok nr. 558A02 (1818-1843), Konfirmerte 1834, Side 510-511
https://media.digitalarkivet.no/view/16056/160

 

Eilerts konfirmasjon:

Møre og Romsdal fylke, Molde, Reknes hospital i Bolsøy, Ministerialbok nr. 558A02 (1818-1843), Konfirmerte 1838, Side 534-535
https://media.digitalarkivet.no/view/16056/172

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth og Grethe for nye spennande og interessante innlegg om denne huslyden!

 

Sjølv har eg no òg finne vigsli til Henrikke Barbara, dotteri til Ahlert Schnell - ho gifte seg på Finnøy i 1848: https://media.digitalarkivet.no/view/1588/116

 

Eg har igjen oppdatert manuskriptet mitt til erstatning for manuskriptet i innlegg #31:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christian Hansson Schnell, son av kaptein Hans Schnell og Aaseline Corneliusdotter, var f. kring 1691, uvisst kvar, og vart gravlagd frå Bolstad 18.2.1758.  Faren var kaptein ved det «Iysterske kompani« i ei årrekkje.  

 

     ##### (Hans Schnell f. i Bergen kring 1666, d. truleg på Kvale i Luster 22.7.1722, då enkjemann – ei dotter hans var nok Barbro Hansdotter Schnell gift Tuchsen!)

 

     Christian Schnell gifte seg i Hafslo 29.12.1720 med Anna Maria Johansdotter Bremer frå Marifjøra i Hafslo, f. i Hafslo kring 1695. Svigermori Maren Lemvig åtte i si tid heile dette bruket i Bolstad, men då mannen, Johan Bremer gjekk bort i 1719, gjekk eine helfti over på sonen Jens.  Kvar Christian Schnell og huslyden hans budde i tidi fram til 1750, kan me ikkje seia noko sikkert om, men Christian var sersjant ved det «lysterske kompani«, og det kan tenkjast at dei budde ein stad i Dalesokni der offiserane i regelen budde på den tidi.  

 

     ##### (kan ha butt på Kvale i Luster!? – sjekka?)

 

     Men sonen Hans fekk 6.11.1739 hjå bestemori Maren Lemvig skøyte på eine helfti av dette bruket på Bolstad, og 6.7.1750 bygsla Christian Schnell hi helfti hjå Peder Jensson Lemvig, som i 1730 hadde kjøpt luten hjå Jens Bremer.  Christian ville nok gjera alvor av tanken om å verta gardbrukar på heiltid, og alt 4.12.1750 kjøpte han luten til Peder Lemvig.  Christian Schnell dreiv garden til sonen Jan tok over i 1753, men vart buande på Bolstad levetidi ut.  Som enkje budde Anna Marie her vidare i alle fall til 1765.

Anna Marie Schnell flytte kring 1765 som enkje til Bergen der ho vart gravlagd 24.3.1767.

Christian og Anna Maria Schnell fekk tre born i lag:

 1. Hans Henrik, kjend som Henrik Christianson Schnell, f. kring 1722, var eigar av halve garden på Bolstad frå 1739 til 1759, men kom aldri til å bruka noko av han.

For alt kring 1750 flytte Henrik Schnell til Bergen, og der gifte han seg første gongen 24.6.1752 med Ellen Tørrisdotter Solem frå

 

##### (opphavet hennar? – ei Elen Tørrisdotter vart døypt i Gulen 11.12.1731 – uekte dotter av Tørris Christianson Indrebø og Bertha Eriksdotter Navdal – kan det vera ho??)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

og f. kring 1730,

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

men vart gravlagd i Bergen 19.6.1773.  So gifte Henrik seg 4.11.1773 att i Bergen med Barbara Schnel Johansdotter Steen frå Bruknappen i Hamre.  Ho var dotter av løytnant og gjestgjevar Johan Christopher Hansson Steen på Bruknappen, opphavleg frå

 

##### (kvar var Johan Christopher Steen oppvaksen?)

 

og kona Dortha Marie Johansdotter Tuchsen frå Bergen og vart døypt i Hamre 29.12.1749.  I 1751 var Henrik Schnell sersjant ved «gloppenske kompani«, og noko seinare vart han løytnant, men 18.3.1756 tok han borgarbrev i Bergen som bakarmeistar.  Han budde nok fleire stadar i Bergen, men lengst var han på Engen, og der d. han 14.2.1807.  Andre kona Barbara d. i Bergen 6.5.1813.  Me kjenner til tolv born etter Henrik Schnell, to frå første ekteskapet og ti frå det andre:

 

##### (berre seks av borni frå andre ekteskapet levde i 1807!)

 

a. Hans Christian Henrikson Schnell, døypt i Bergen 22.7.1753, d. i Bergen 29.1.1801.  Hans Christian gifte seg i Nykyrkja i Bergen 4.4.1775 med enkja Marchie Jansdotter f. Steen, døypt i Bergen 4.12.1737.  Ho hadde vore gift to gonger før, først med Ingebrigt Larsson Bye og sidan i Krosskyrkja 19.7.1770 med bøkkarmeistar Christopher Michael Mørch.  Ho d. som enkje på eit fattighus i Bergen 18.11.1814.  Hans var først bakarmeistar, men vart sidan skulehaldar i Bergen.  Han og Marchie fekk to born i lag, men Marchie hadde òg tre born frå før, eitt frå første ekteskapet og to frå det andre.

 

     ##### (borni hennar:

            * Peder, f. KK, Bergen 11.1.1771

            * Christine Michaeline, f. KK, Bergen 10.3.1772

            borni hans:

            * Henrik Peter Schnell, døypt Bergen 12.11.1775

            * Elen Schnell, f. Bergen 9.2.1781, d. ugift i Bergen 25.9.1809

 

b. Tørris Johan Henrikson Schnell, døypt i Bergen 10.1.1759, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Tørris gifte seg i Bergen 11.8.1793 med Kirstine Malene, kjend som Stine Christiansdotter Watlov frå Bergen, døypt i Bergen 22.5.1744.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Tørris Schnell var hattemakarmeistar, og han og Stine budde i Bergen. 

 

     ##### (sjekka denne bustaden? – finn ikkje avlidne eller 1801 i Bergen!)

 

     Dei var barnlause.

c. Elen Dorothea Marie Henriksdotter Schnell, døypt i Bergen 25.5.1774,

 

     ##### (ikkje n. 1801 – d. før 1790??)

 

d. Elias Petrus Tuchsen Henrikson Schnell, døypt i Bergen 4.4.1776,

 

     ##### (konf. DK 1791 – n. 1801 – 1815: losjerande i Bergen! – lagnaden hans?)

 

e. Anna Maria Henriksdotter Schnell, f. i Bergen 30.11.1777,

 

     ##### (ikkje n. 1801 – lagnaden hennar?)

 

f. Johan Christopher Henrikson Schnell, f. i Bergen 24.5.1780, d. i Molde 11.4.1819.  Johan gifte seg i Molde 20.5.1806 med Karen Eriksdotter Solberg frå Bragernes, Drammen, døypt på Bragernes 24.3.1767.  Ho d. på sjukehuset i Molde 13.4.1822.  Johan var bakar, og han og Karen budde i Molde.  Dei fekk ikkje born i lag,

 

     ##### (men hadde ho ei umyndig dotter Anna Lovise Walther?)

 

g. Henrik Christian Henrikson Schnell, f. i Bergen 24.5.1780, vart gravlagd i Bergen 28.7.1780

h. Henrik Henrikson Schnell, f. i Bergen 11.8.1781,

 

     ##### (n. 1801 – lagnaden hans?)

 

i. Hans Henrikson Schnell, f. i Bergen 3.5.1783, vart gravlagd i Bergen 22.5.1802.

j. Christen Juel Henrikson Schnell, f. i Bergen 21.3.1785, d. i Bergen 17.11.1832.  Christen var bakarsvein og budde i Bergen, ugift.

k Ahlert Hysing Henrikson Schnell, døypt i Bergen 19.12.1788, miste livet ved eit ulukkeshende på sjøen nær Veblungsnes i Grytten 11.10.1830.  Han gifte seg i Molde 12.11.1818 med Elen Johanne Andersdotter Grøn, opphavleg frå Husby i Nesset, men dels oppvaksi i Molde.  Ho vart døypt i Nesset 25.8.1793 og d. som fattiglem i Molde 19.2.1870.  Ahlert var ei tid handelsmann, og han og Elen budde i Molde til dei i 1825 vart gardbrukarar på Helset i Vågøy, Aukra, men som enkje flytte Elen attende til Molde.  Dei fekk fire born i lag, men Elen hadde òg ei dotter frå før.

 

     ##### (borni deira:

            * Hendrikke Barbara, f. i Molde 16.3.1819 – konf. Molde 1834 – gift Finnøy 14.3.1848 med Jacob Rasmusson Haga

            * Eilert Hyssing, f. i Molde 28.9.1821 – gift Molde 19.11.1846 med Anne Pedersd. Nederhagen

            * Emanuel Jansen, f. i Molde 20.7.1823 – d. Molde 25.3.1886 – gift Molde 15.4.1847 med Evensine Lovise Svendsdotter

            * Hans Christian, f. gardbrukarson Halset i Vågø sokn, Aukra 20.8.1827 – gift Molde 13.5.1856 med Gidske Margrethe Martinussen)

 

l. Dorthea Marie Henriksdotter Schnell, f. i Bergen 19.8.1790, budde mange år i Ørskog, men d. ugift i Ålesund 10.1.1865.

2. Jan Christianson Schnell (1725‑1762), fekk bruket her på Bolstad etter foreldri.

3. Dominicus Christianson Schnell, f. kring 1728, gifte seg i Luster 27.10.1758 med Inga Pedersdotter frå Haugen under Flahammar, f. kring 1730.  Det ser ut til at dei budde eit år eller kanskje to i Luster, truleg på Bolstad.

Men kring 1760 flytte Dominicus og Inga Schnell til Bergen.  Dei busette seg på Korskirkealmenningen der Dominicus var vektar, men dei flytte sidan til Nedre Fjellsmug der Dominicus Schnell d. 8.3.1798.  Inga vart gravlagd frå sjukehuset i Bergen 1.4.1802.  Dei fekk sju born i lag, men ho hadde òg ei dotter frå før:

a. Gunnhild Larsdotter, dotter av Inga og husmann Lars Jacobson på Sva under Høyeim (1723-1785), vart døypt i Luster 16.4.1752

 

     ##### (truleg flytt med mori og stefaren til Bergen – lagnaden hennar?)

 

b. Christian Dominicusson Schnell, døypt i Luster 25.11.1758, flytte med foreldri til Bergen og vart gravlagd i Bergen 28.7.1802.  Han gifte seg første gongen i Bergen 25.5.1783 med Anna Thomasdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? – einaste ervingen hennar var broren Thomas Thomassen i Stavanger!!)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1753!? – kan henda døypt frå Kvelland i Nedstrand 5.3.1752??)

 

     Men Anna d. på barselseng og vart gravlagd i Bergen alt 16.9.1783.  Christian gifte seg att i Bergen 4.11.1787 med Anna Susanne, kjend som Susanna Pedersdotter Lind frå Stavanger, døypt i Stavanger 17.10.1762.  Ho d. som enkje i Bergen 14.11.1848.  Ho vart som enkje attgift i Krosskyrkja i Bergen 25.11.1804 med enkjemannen Arnoldus Nilsson frå Elvebakke i Gloppen, i Bergen kjend som Arnoldus Nilsen.  Han vart døypt i Gloppen 17.5.1759 og d. som bordarbeidsmann (snikkar) i Bergen 5.6.1827.  Christian Schnell var bakarsvein og sidan kornmålar, medan Arnoldus var høkar, tømmermann og snikkar.  Dei budde båe i Nedre Fjellsmug i Bergen.  Christian Schnell fekk i alt sju born, eitt frå første ekteskapet og seks frå det andre.  Arnoldus fekk to søner som båe var frå første ekteskapet hans.

c. Kirsten Dominicusdotter Schnell, døypt i Bergen 2.9.1761, d. i Bergen 26.5.1811.  Kirsten, og kalla Kirstine, gifte seg i Bergen 20.7.1794 med enkjemannen Hartvig Pedersen, opphavleg frå Bergen, døypt i Bergen 24.10.1745.  Han d. i Bergen 14.3.1808.  Hartvig gifte seg første gongen i Haus 26.6.1785 med Martha Eriksdotter frå Sædal i Haus, døypt i Haus 10.6.1741.  Ho vart gravlagd i Bergen 2.2.1793.  Hartvig var skomakarsvein og skoflikkar og budde i Moldesmuget i Bergen.  Hartvig fekk i alt tre born; av dei var to frå ekteskapet hans med Kirsten Schnell.  Dessutan fostra Hartvig og Kirsten opp dotteri til yngste bror hennar.

d. Johan Peter Dominicusson Schnell, f. i Bergen 8.4.1764,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

e. Tørris Johan Dominicusson Schnell, f. i Bergen 22.6.1766,

 

     ##### (lagnaden hans? – fadder 1793!? – kan henda ombytt med fetteren med same namn? – sjå over!)

 

f. Hans Henrik Dominicusson Schnell, f. i Bergen 12.4.1768, vart gravlagd i Bergen 13.9.1771.

g. Anna Maria Dominicusdotter Schnell, f. i Bergen 18.3.1771, vart gravlagd i Bergen 29.8.1771.

h. Hans Henrik Dominicusson Schnell, f. i Bergen 1.12.1773, vart gravlagd i Bergen 5.8.1800.  Hans Henrik gifte seg i Nykyrkja i Bergen 27.10.1799 med Martha Marie Larsdotter frå Bergen, døypt i Bergen 21.8.1774.  Ho d. som enkje av kolera i Bergen 21.2.1849.  Martha gifte seg 11.11.1804 att i Nykyrkja i Bergen med Ole Andersen frå Vanberg i Stryn, i Bergen kjend som Ole A. Wamberg.  Han vart døypt i Stryn (Innvik) 26.6.1771 og d. som underbetjent i Bergen 4.12.1830.  Hans Henrik var bakarsvein og dagarbeidar og budde i Landaassmuget i Bergen, medan Ole mellom anna var tollburøyert, bordarbeidsmann, konsumptionsbetjent og underbetjent.  Han og Martha budde i Elvegaten i Bergen. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – Hans Henrik hadde berre ei dotter:

            * Henrikke Dorthea Schnell, f. KK, Bergen 23.8.1800 – vart fostra opp hjå eldste søsteri hans!

            * Andrea Helene, f. NK 3.9.1805 – far røyert/mor Nes! - https://media.digitalarkivet.no/view/8719/172

            * Larsine Dorthea Marie, f. NK 29.6.1808 – far bordarbeidsmann

            * Serine Karine, f. NK 21.4.1811 – far tollbuvektar

            * Andreas Lorents, f. KK 25.1.1815, d. kort etter – far konsumptionsbetjent Sv 2-25 (huseigar)

 

Jan Christianson Schnell, son av føregåande, var f. kring 1725 og d. på Bolstad kring 1762. Han gifte seg 3.7.1753 med Gjertrud Eriksdotter frå Bolstad (bnr. 8). Ho var f. kring 1725 og vart gravlagd frå Bolstad 19.10.1800. Jan Schnell dreiv det til å verta korporal i det militære, men bestemte seg så for å verta gardbrukar. 23.10.1753 skreiv han ut kårbrev til foreldri, så det må vera på den tidi han tok over bruket endå om me ikkje kan finna noka tinglesi skøyte eller bygsel. Broren Hans åtte halve bruket, 1/2 laup smør, men denne parten selde han 10.5.1759 til løytnant Jacob Lemvig som straks, 22.10.1759, selde vidare til Jan Christianson. Kva tid Jan fekk hand om helfti som faren hadde hatt, veit me ikkje, men truleg var det ved skiftet etter faren som d. i 1758. Jan vart den første på dette bruket som sjølv åtte heile garden sin. Men den gleda varte ikkje lenge, for han gjekk bort alt i 1762. Men enkja vart buande her ei tid (sjå nedanfor). Gjertrud og Jan Schnell på Bolstad fekk seks born i lag, men Gjertrud hadde òg eitt frå før:

 1. Erik Simonson (1747‑før 1757), var son av Gjertrud og husmann Simon Rasmusson på Utheim under Sørheim (1716-1761).

 2. Christian Janson Schnell, døypt 13.2.1754,

 

     ##### (konf. Luster 1776 – d. barnlaus før 1800 – kan henda i Bergen? – lagnaden hans?)

 

 3. Maren Jansdotter (1755‑1825), vart buande på Bolstad all sin dag, ugift.

 4. Erik Janson (1757‑1757).

 5. Knut Janson (1758-1769).

 6. Asbjørn Janson Schnell, f. kring 1760,

Asbjørn Schnell flytte til Bergen kring 1780 og vart gift første gongen i Bergen 21.3.1790 med Ingeborg Henriksdotter Delfs frå Bergen.  Ho var dotter av vevarmeistar Henrik

 

##### (farsnamnet?)

 

Delfs i Bergen, opphavleg frå Neumünster i Schleswig-Holstein, og kona Helche Gjertsdotter Würgers frå Bergen og vart døypt i Bergen 7.3.1766.  Men Ingeborg d. i Bergen alt 23.11.1796, og Asbjørn gifte seg 6.11.1797 att i Bergen med Else Margretha Petersdotter Staman frå Bergen.  Ho var dotter av kjøpmann Peter Peterson Staman i Bergen og kona Christine Henriksdotter Farnov, òg frå Bergen, og vart døypt i Bergen 7.9.1760.  Asbjørn Schnell var bakarmeistar og budde i Store Markeveien i Bergen der han d. 22.12.1806.  Else d. i Bergen 12.11.1826.  Asbjørn Schnell fekk seks born, fire frå første ekteskapet og to frå det andre:

a. Jan Henrik Asbjørnson Schnell, f. i Bergen 22.12.1790, d. ugift i Bergen 24.2.1813.

b. Helche Cathrine Asbjørnsdotter Schnell, f. i Bergen 8.7.1793, d. ugift på Avaldsnes prestegard i Avaldsnes 16.6.1844.

c. Gjertrud Marie Asbjørnsdotter Schnell, f. i Bergen 9.11.1794, vart gravlagd i Bergen 4.12.1795.

d. Gjertrud Marie Asbjørnsdotter Schnell, f. i Bergen 4.2.1796, d. som enkje og legdelem i Bergen 17.5.1868.  Ho gifte seg i Bergen 31.3.1822 med John Ehlertsen Fredrikson Ryland frå Bergen, f. i Bergen 12.3.1792.  Han miste livet på ein sjøreise mellom Bergen og Nordland ?.2.1827.  John Ryland var styrmann, og han og Gjertrud budde i Bergen.  Dei fekk to søner i lag.

 

     ##### (sønene var:

            * Fredrik Johan Ryland, f. i Bergen 4.1.1823

            * Asbjørn Ryland, f. i Bergen 22.3.1825

 

e. Petter Staman Asbjørnson Schnell, f. i Bergen 29.12.1798,

 

     ##### (lagnaden hans? – skal ha vore sjømann, men d. på ein sjøreise til Trieste i Italia før 1843!?).

 

     ugift.

f. Herman Didrik Asbjørnson Schnell, f. i Bergen 13.12.1800, vart gravlagd i Bergen 25.2.1802.

 7. Erik Janson (1761‑1820), vart husmann i Bolstadmoen 8 under Bolstad.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dette manuskriptet tek no til å sjå verkeleg bra ut, og eg takkar på ny for framifrå bistand i samlingi av opplysningar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om du vil ha mere om etterkommere etter Ahlert og Elen, 

her er Emanuels datter Anna Sophie, f. 1858, gift Bjørset, i ft 1900 Molde:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037371001274

 

1910: 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036747003010

 

Anna og Ole Bjørsets eldste datter er i Trondheim i 1910.

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fredrik 1865, Lødingen:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038375002094

 

????? Fredrik og kona i 1900, med feil fødselsår på Fredrik:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037532003872

 

Fredrik Johan døde i 1908:

https://media.digitalarkivet.no/view/39653/118

 

 

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for nye supplerande innlegg om etterslekti til Schnell-folket!

 

Dette er ein interessant og svært spennande familie, og det er alltid nyttig å supplera med opplysningar om seinare generasjonar.  Desse vert lagra for seinare bruk, men i mine ferdige manuskript kan eg diverre ikkje ta med alle etterkomarar.  Difor freister eg òg å presentera dei sokalla «hovudutfordringane» i dei ulike ættene, og når det gjeld Schnell-ætti, er det vel etter kvart «dags» for å presentera eit slikt oversyn...:

 

** Opphavet til Ellen Tørrisdotter Solem og fødsli/foreldri hennar? - var ho frå Gulen?

 

** Opphavet til Johan Christopher Steen?

 

** Lagnaden til Tørris Johan Henrikson Schnell og kona hans - eventuelt lagnaden til søskenbarnet Tørris Johan Dominicuson Schnell, i tilfelle dei to skulle vera bytt om... - sjå òg under!?

 

** Lagnaden til Elen Dorothea Marie Henriksdotter Schnell?

 

** Lagnaden til Elias Petrus Tuchsen Henrikson Schnell?

 

** Sjekka om Johan Christopher Henrikson Schnell hadde ei stedotter med namn Anna Lovise Walther?

 

** Lagnaden til Henrik Henrikson Schnell?

 

** Lagnaden til Gunnhild Larsdotter?

 

** Opphavet til Anna Thomasdotter? - var ho frå Kvelland i Nedstrand, Ryfylke?

 

** Lagnaden til Johan Peter Dominicusson Schnell?

 

** Lagnaden til Tørris Johan Dominicusson Schnell - sjå òg over!?

 

** Lagnaden til Christian Janson Schnell?

 

** Lagnaden til Petter Staman Asbjørnson Schnell?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

So gifte Henrik seg 4.11.1773 att i Bergen med Barbara Schnel Johansdotter Steen frå Bruknappen i Hamre.  Ho var dotter av løytnant og gjestgjevar Johan Christopher Hansson Steen på Bruknappen, opphavleg frå

##### (kvar var Johan Christopher Steen oppvaksen?)

og kona Dortha Marie Johansdotter Tuchsen frå Bergen og vart døypt i Hamre 29.12.1749

 

Dorothea Maria Tuchsen døde i 1760 og ble gravlagt fra Lygra kirke, bare 32 år gammel. 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000965341

 

I bygdeboka for Alenfit finner jeg ytterligere to barn av Johan Christopher Steen og Dorothea, begge døpt fra Bruknappen:

Barn - Steen-Tuchsen.jpg

 

Johan Steen satt i så fall igjen som enkemann med tre døtre i alderen 12 til 5 år da kona døde i 1760. Hvor tok han veien etter konas dødsfall?

 

I 1812 dør Hedevig Margaretha Ringkiøb, født Steen, i Lindås, 60 år gammel:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000095970

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan Christopher Steen var iflg. Ovenstad sønn av oberst Hans Otto Steen og Anne Bugge. Det står ikke når eller hvor han er født eller når han døde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Carsten for nye spennande innlegg!

 

Det skal heilt klart ikkje vera so enkelt å komma vidare med «hòlfylling» i denne ætti...!?

 

Sjølv har eg no søkt igjennom konfirmantlistene for Bergen, ogso frå Nykyrkja som ikkje er digitalisert, men finn ingen av dei to sønene til Dominicus, Johan Peter (f. 1764) eller Tørris Johan (f. 1766) mellom konfirmantane nokon stad!  Heller ikkje finn eg dei mellom dei avlidne...  Kan dei ha vorte «sende» til slektningar utanfor bygrensa og konfirmerte der?

 

Elles finn eg i Domkyrkja eit «mistenkjeleg» dødsfall: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000446603

 

12.7.1799 på Domkyrkjegarden, Torris Scnels son, 2 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/8639/159

 

Eg finn ikkje nokon dåp for denne sonen korkje i Domkyrkja eller andre stadar - kan han likevel høyra til «vår» ætt?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etne-soga. 2 : Bygde- og gardssoge 1660-1800, side 200 - liste over offiserer, som man kjente til i bygda fram til 1718: 

 

  

Hans Otto Steen.jpg

 

På side 306 i samme bygdebok står det at Hans Otto og Anna Hansdatter Bugge, f. 1680, d. 1747, giftet seg i 1727. Anna Hansdatter var datter av sokneprest Hans Hansen Bugge og hans andre kone Barbara Pedersdatter Finde. Hos Ovenstad står det også at de fire barn i 1734 og at Anna døde 27.11.1747, men det er ikke oppgitt hvor ekteparet ble gift og hvor de døde. 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

So er altso Hans Otto Steen avliden i Stedje sokn i Sogndal.  Nes i Stedje sokn var offisersgard i siste del av 1700-talet, men om Hans Otto hadde noki tilknytting dit, er ikkje godt å seia noko om!

 

Kanskje er det lettare å danna seg eit bilete av bustadane til obersten om me hadde oversyn over den militære karrièra hans?  Han er vel nemnd hjå Ovenstad, men i farten finn eg ikkje «online» eksemplaret av bøkene hans...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.