Gå til innhold
Arkivverket

Sersjant og gardbrukar Christian Hansson Schnell i Luster (1691-1758) - huslyden hans i Bergen og andre stader?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Ivar for nye interessante innlegg!

Eg tvilar på om løytnanten i Holland kan vera «vår» mann, men sjømannen som forulukka på veg til Trieste i 1826, er jo ein fulltreffar!  Dødsfallet hans er ikkje nemnd i dødmeldingsprotokollen for Bergen, so den opplysningi hadde me nok aldri greidd å finna utan Ivar sin ekspertise på historiske avisoppslag!

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er komme til ein del nye opplysningar sidan eg siste presenterte eit manuskript for denne huslyden i ninnlegg #57 på føregåande side, so her følgjer siste versjon:

~~~~~~~~~~~~

Christian Hansson Schnell, son av kaptein Hans Schnell og Aaseline Corneliusdotter, var f. kring 1691, uvisst kvar, og vart gravlagd frå Bolstad 18.2.1758.  Faren var kaptein ved det «Iysterske kompani« i ei årrekkje.  Christian Schnell gifte seg i Hafslo 29.12.1720 med Anna Maria Johansdotter Bremer frå Marifjøra i Hafslo, f. i Hafslo kring 1695. Svigermori Maren Lemvig åtte i si tid heile dette bruket i Bolstad, men då mannen, Johan Bremer gjekk bort i 1719, gjekk eine helfti over på sonen Jens.  Kvar Christian Schnell og huslyden hans budde i tidi fram til 1750, kan me ikkje seia noko sikkert om, men Christian var sersjant ved det «lysterske kompani«, og det kan tenkjast at dei budde ein stad i Dalesokni der offiserane i regelen budde på den tidi.  Men sonen Henrik fekk 6.11.1739 hjå bestemori Maren Lemvig skøyte på eine helfti av dette bruket på Bolstad, og 6.7.1750 bygsla Christian Schnell hi helfti hjå Peder Jensson Lemvig, som i 1730 hadde kjøpt luten hjå Jens Bremer.  Christian ville nok gjera alvor av tanken om å verta gardbrukar på heiltid, og alt 4.12.1750 kjøpte han luten til Peder Lemvig.  Christian Schnell dreiv garden til sonen Jan tok over i 1753, men vart buande på Bolstad levetidi ut.  Som enkje budde Anna Marie her vidare i alle fall til 1765.

Anna Marie Schnell flytte kring 1765 som enkje til Bergen der ho vart gravlagd 24.3.1767.

Christian og Anna Maria Schnell fekk tre born i lag:

 1. Hans Henrik, kjend som Henrik Christianson Schnell, f. kring 1722, var eigar av halve garden på Bolstad frå 1739 til 1759, men kom aldri til å bruka noko av han.

For alt kring 1750 flytte Henrik Schnell til Bergen, og der gifte han seg første gongen i Domkyrkja 24.6.1752 med Elen Tørrisdotter frå Solheim i Årstad (dåverande Fana).  Ho var dotter av

##### (Tørris og Anna på Solheim - kven var dei?)

og vart døypt i Bergen 20.12.1719, men vart gravlagd i Bergen 19.6.1773.  So gifte Henrik seg 4.11.1773 att i Domkyrkja i Bergen med Barbara Schnel Johansdotter Steen frå Bruknappen i Hamre.  Ho var dotter av løytnant og gjestgjevar Johan Christopher Hansson Steen på Bruknappen, opphavleg oberstson frå Sogndal, og kona Dortha Marie Johansdotter Tuchsen frå Bergen og vart døypt i Hamre 29.12.1749.  I 1751 var Henrik Schnell sersjant ved «gloppenske kompani«, og noko seinare vart han løytnant, men 18.3.1756 tok han borgarbrev i Bergen som bakarmeistar.  Han budde nok fleire stadar i Bergen, men lengst var han på Engen, og der d. han 14.2.1807.  Andre kona Barbara d. i Bergen 6.5.1813.  Me kjenner til tolv born etter Henrik Schnell, to frå første ekteskapet og ti frå det andre:

##### (berre seks av borni frå andre ekteskapet levde i 1807!)

a. Hans Christian Henrikson Schnell, døypt i Bergen 22.7.1753, d. i Bergen 29.1.1801.  Hans Christian gifte seg i Nykyrkja i Bergen 4.4.1775 med enkja Marchie Jansdotter f. Steen, døypt i Bergen 4.12.1737.  Ho d. som enkje på eit fattighus i Bergen 18.11.1814.  Marchie vart første gongen trulova

     ##### (dato og stad for første trulovingi hennar?)

     med Ingebrigt Larsson Bye

     ##### (eller Eyde? – opphavet hans?)

     ##### (dato og stad for fødsli hans?)

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – døydde på reise! – 1765!)

     ##### (yrket hans?)

     Marchie gifte seg so andre gongen i Krosskyrkja 19.7.1770 med Christopher Michael Pederson Mørch frå Bergen.  Han vart døypt i Bergen 17.12.1749, men vart gravlagd i Bergen 15.11.1771.  Christopher var kypparmeistar.  Hans Schnell var først bakarmeistar, men vart sidan skulehaldar.  Marchie budde levetidi ut i Bergen og fekk i alt seks born, eitt frå første trulovingi, to frå ekteskapet med Christopher Mørch og tre frå det siste med Hans Schnell.

     ##### (borni hennar:

            * Ingebrigta Elisabeth, f. KK, Bergen 30.9.1765

            * Peder, f. KK, Bergen 11.1.1771

            * Christine Michaeline, f. KK, Bergen 10.3.1772

            * Henrik Peter Schnell, døypt Bergen 12.11.1775, gravlagd Bergen 9.1.1778

            * udøypt dotter Schnell, gravlagd Bergen 9.11.1779, 2 dagar gamal

            * Elen Schnell, f. Bergen 9.2.1781, d. ugift i Bergen 25.9.1809

b. Tørris Johan Henrikson Schnell, døypt i Bergen 10.1.1759, d. i Kristiansand våren 1807.  Tørris gifte seg i Domkyrkja i Bergen 11.8.1793 med Kirstine Malene, kjend som Christine Johannesdotter Watlov frå Bergen, døypt i Bergen 28.1.1750.  Ho d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – Kristiansand etter 1807?)

     Tørris Schnell tok 21.7.1795 borgarskap i Bergen som hattemakarmeistar, og han og Christine budde først eit par i Bergen, men flytte kring 1800 til Kristiansand.  Dei fekk ein son i lag.

c. Elen Dorothea Marie Henriksdotter Schnell, døypt i Bergen 25.5.1774,

     ##### (d. barnlaus før 1807 – truleg d. før 1790??)

d. Elias Petrus Tuchsen Henrikson Schnell, døypt i Bergen 4.4.1776, var bakar og budde i Bergen, men d. under eit opphald i Kristiansund 1.8.1822, ugift.

e. Anna Maria Henriksdotter Schnell, f. i Bergen 30.11.1777,

     ##### (d. barnlaus før 1807!)

f. Johan Christopher, kjend som Christopher Henrikson Schnell, f. i Bergen 24.5.1780, d. i Molde 11.4.1819.  Christopher gifte seg i Molde 20.5.1806 med Karen Eriksdotter Solberg frå Bragernes, Drammen, døypt på Bragernes 24.3.1767.  Ho d. på sjukehuset i Molde 13.4.1822.  Christopher var bakar, og han og Karen budde i Molde.  Dei fekk ikkje born i lag, men Karen hadde ei dotter frå før.

g. Henrik Christian Henrikson Schnell, f. i Bergen 24.5.1780, vart gravlagd i Bergen 28.7.1780

h. Henrik Henrikson Schnell, f. i Bergen 11.8.1781,

     ##### (n. 1801 – 1804: sjømann – siglar frå København! – avliden før 1807 utan å etterlara seg born!?)

i. Hans Henrikson Schnell, f. i Bergen 3.5.1783, vart gravlagd i Bergen 22.5.1802.

j. Christen Juel Henrikson Schnell, f. i Bergen 21.3.1785, d. i fengselet i Bergen 17.11.1832.  Christen var bakarsvein og budde i Bergen, ugift.

k Ahlert Hysing Henrikson Schnell, døypt i Bergen 19.12.1788, miste livet ved eit ulukkeshende på sjøen nær Veblungsnes i Grytten 11.10.1830.  Han gifte seg i Molde 12.11.1818 med Elen Johanne Andersdotter Grøn, opphavleg frå Husby i Nesset, men dels oppvaksi i Molde.  Ho vart døypt i Nesset 25.8.1793 og d. som fattiglem i Molde 19.2.1870.  Ahlert fekk i 1819 kongeleg privilegium som høkr og bondehandlar i Molde, og han og Elen budde der til dei i 1825 vart gardbrukarar på Helset i Vågøy, Aukra, men som enkje flytte Elen attende til Molde.  Dei fekk fire born i lag, men Elen hadde òg ei dotter frå før.

l. Dorthea Marie Henriksdotter Schnell, f. i Bergen 19.8.1790, budde mange år i Ørskog, men d. ugift i Ålesund 10.1.1865.

2. Jan Christianson Schnell (1725‑1762), fekk bruket her på Bolstad etter foreldri.

3. Dominicus Christianson Schnell, f. kring 1728, gifte seg i Luster 27.10.1758 med Inga Pedersdotter frå Haugen under Flahammar, f. kring 1730.  Det ser ut til at dei budde eit år eller kanskje to i Luster, truleg på Bolstad.

Men kring 1760 flytte Dominicus og Inga Schnell til Bergen.  Dei busette seg på Korskirkealmenningen der Dominicus var vektar, men dei flytte sidan til Nedre Fjellsmug der Dominicus Schnell d. 8.3.1798.  Inga vart gravlagd frå sjukehuset i Bergen 1.4.1802.

Før ho vart gift fekk Inga ei dotter i Luster:

a. Gunnhild Larsdotter, dotter av Inga og husmann Lars Jacobson på Sva under Høyeim (1723-1785), vart døypt i Luster 16.4.1752.

Gunnhild Larsdotter må vera fari frå Luster i ung alder,

##### (lagnaden hennar?)

Dette var altso dotteri til Inga Pedersdotter.

So fekk Dominicus og Inga sju born i lag:

b. Christian Dominicusson Schnell, døypt i Luster 25.11.1758, flytte med foreldri til Bergen og vart gravlagd i Bergen 28.7.1802.  Han gifte seg første gongen i Krosskyrkja i Bergen 25.5.1783 med Anna Thomasdotter frå Bergen.  Foreldri hennsar var frå Årdal, men Anna var truleg f. i Sogndal kring 1743.  Men ho d. etter barselseng og vart gravlagd i Bergen alt 16.9.1783.  Christian gifte seg 4.11.1787 att i Krosskyrkja i Bergen med Anna Susanna, kjend som Susanna Pedersdotter Lind frå Stavanger, døypt i Stavanger 17.10.1762.  Ho d. som enkje i Bergen 14.11.1848.  Ho vart som enkje attgift i Krosskyrkja i Bergen 25.11.1804 med enkjemannen Arnoldus Nilsson frå Elvebakke i Gloppen, i Bergen kjend som Arnoldus Nilsen.  Han vart døypt i Gloppen 17.5.1759 og d. som bordarbeidsmann (snikkar) i Bergen 5.6.1827.  Christian Schnell var bakarsvein og sidan kornmålar, medan Arnoldus var høkar, tømmermann og snikkar.  Dei budde båe i Nedre Fjellsmug i Bergen.  Christian Schnell fekk i alt sju born, eitt frå første ekteskapet og seks frå det andre.  Arnoldus fekk to søner som båe var frå første ekteskapet hans.

c. Kirsten Dominicusdotter Schnell, døypt i Bergen 2.9.1761, d. i Bergen 26.5.1811.  Kirsten, òg kalla Kirstine, gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 20.7.1794 med enkjemannen Hartvig Pedersen, opphavleg frå Bergen, døypt i Bergen 24.10.1745.  Han d. i Bergen 14.3.1808.  Hartvig gifte seg første gongen i Haus 26.6.1785 med Martha Eriksdotter frå Sædal i Haus, døypt i Haus 10.6.1741.  Ho vart gravlagd i Bergen 2.2.1793.  Hartvig var skomakarsvein og skoflikkar og budde i Moldesmuget i Bergen.  Hartvig fekk i alt tre born; av dei var to frå ekteskapet hans med Kirstine Schnell.  Dessutan fostra Hartvig og Kirstine opp dotteri til yngste bror hennar.

d. Johan Peter Dominicusson Schnell, f. i Bergen 8.4.1764,

     ##### (finn ikkje konf. Bergen! – lagnaden hans?)

e. Tørris Johan Dominicusson Schnell, f. i Bergen 22.6.1766,

f. Hans Henrik Dominicusson Schnell, f. i Bergen 12.4.1768, vart gravlagd i Bergen 13.9.1771.

g. Anna Maria Dominicusdotter Schnell, f. i Bergen 18.3.1771, vart gravlagd i Bergen 29.8.1771.

h. Hans Henrik Dominicusson Schnell, f. i Bergen 1.12.1773, vart gravlagd i Bergen 5.8.1800.  Hans Henrik gifte seg i Nykyrkja i Bergen 27.10.1799 med Martha Marie Larsdotter frå Bergen, døypt i Bergen 21.8.1774.  Ho d. som enkje av kolera i Bergen 21.2.1849.  Martha gifte seg 11.11.1804 att i Nykyrkja i Bergen med Ole Andersen frå Vanberg i Stryn, i Bergen kjend som Ole A. Wamberg.  Han vart døypt i Stryn (Innvik) 26.6.1771 og d. som underbetjent i Bergen 4.12.1830.  Hans Henrik var bakarsvein og dagarbeidar og budde i Landaassmuget i Bergen, medan Ole mellom anna var tollburøyert, bordarbeidsmann, konsumptionsbetjent og underbetjent.  Han og Martha budde i Elvegaten i Bergen.  Martha fekk i alt fem born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Hans Henrik Schnell.

Jan Christianson Schnell, son av føregåande, var f. kring 1725 og d. på Bolstad kring 1762. Han gifte seg 3.7.1753 med Gjertrud Eriksdotter frå Bolstad (bnr. 8). Ho var f. kring 1725 og vart gravlagd frå Bolstad 19.10.1800. Jan Schnell dreiv det til å verta korporal i det militære, men bestemte seg så for å verta gardbrukar. 23.10.1753 skreiv han ut kårbrev til foreldri, så det må vera på den tidi han tok over bruket endå om me ikkje kan finna noka tinglesi skøyte eller bygsel. Broren Hans åtte halve bruket, 1/2 laup smør, men denne parten selde han 10.5.1759 til løytnant Jacob Lemvig som straks, 22.10.1759, selde vidare til Jan Christianson. Kva tid Jan fekk hand om helfti som faren hadde hatt, veit me ikkje, men truleg var det ved skiftet etter faren som d. i 1758. Jan vart den første på dette bruket som sjølv åtte heile garden sin. Men den gleda varte ikkje lenge, for han gjekk bort alt i 1762. Men enkja vart buande her ei tid (sjå nedanfor). Gjertrud og Jan Schnell på Bolstad fekk seks born i lag, men Gjertrud hadde òg eitt frå før:

 1. Erik Simonson (1747‑før 1757), var son av Gjertrud og husmann Simon Rasmusson på Utheim under Sørheim (1716-1761).

 2. Christian Janson Schnell, døypt 13.2.1754,

     ##### (konf. Luster 1776 – d. barnlaus før 1800 – kan henda i Bergen? – lagnaden hans?)

 3. Maren Jansdotter (1755‑1825), vart buande på Bolstad all sin dag, ugift.

 4. Erik Janson (1757‑1757).

 5. Knut Janson (1758-1769).

 6. Asbjørn Janson Schnell, f. kring 1760,

Asbjørn Schnell flytte til Bergen kring 1780 og vart gift første gongen i Domkyrkja i Bergen 21.3.1790 med Ingeborg Henriksdotter Delfs frå Bergen.  Ho var dotter av vevarmeistar Henrik

##### (farsnamnet?)

Delfs i Bergen, opphavleg frå Neumünster i Schleswig-Holstein, og kona Helche Gjertsdotter Würgers frå Bergen og vart døypt i Bergen 7.3.1766.  Men Ingeborg d. i Bergen alt 23.11.1796, og Asbjørn gifte seg 6.11.1797 att i Krosskyrkja i Bergen med Else Margretha Petersdotter Staman frå Bergen.  Ho var dotter av kjøpmann Peter Peterson Staman i Bergen og kona Christine Henriksdotter Farnov, òg frå Bergen, og vart døypt i Bergen 7.9.1760.  Asbjørn Schnell var bakarmeistar og budde i Store Markeveien i Bergen der han d. 22.12.1806.  Else d. i Bergen 12.11.1826.  Asbjørn Schnell fekk seks born, fire frå første ekteskapet og to frå det andre:

a. Jan Henrik Asbjørnson Schnell, f. i Bergen 22.12.1790, d. ugift i Bergen 24.2.1813.

b. Helche Cathrine Asbjørnsdotter Schnell, f. i Bergen 8.7.1793, d. ugift på Avaldsnes prestegard i Avaldsnes 16.6.1844.

c. Gjertrud Marie Asbjørnsdotter Schnell, f. i Bergen 9.11.1794, vart gravlagd i Bergen 4.12.1795.

d. Gjertrud Marie Asbjørnsdotter Schnell, f. i Bergen 4.2.1796, d. som enkje og legdelem i Bergen 17.5.1868.  Ho gifte seg i Domkyrkja i Bergen 31.3.1822 med John Ehlertsen Fredrikson Ryland frå Bergen, f. i Bergen 12.3.1792.  Han miste livet på ein sjøreise mellom Bergen og Nordland ?.2.1827.  John Ryland var styrmann, og han og Gjertrud budde i Bergen.  Dei fekk to søner i lag.

e. Petter Staman Asbjørnson Schnell, f. i Bergen 29.12.1798, reiste til sjøs i ung alder, men forulukka på ein reise frå Bergen til Trieste i Italia våren 1826.  Han var ugift.

f. Herman Didrik Asbjørnson Schnell, f. i Bergen 13.12.1800, vart gravlagd i Bergen 25.2.1802.

 7. Erik Janson (1761‑1820), vart husmann i Bolstadmoen 8 under Bolstad.

~~~~~~~~~~~~

Og her følgjer likeins ei oppdatert liste over utfordringane når det gjeld konkrete spørsmål:

~~~~~~~~~~~

** Kven var foreldri til Ellen Tørrisdotter frå Solheim?

** Opplysningar om Ingebrigt Larsson Bye eller Eyde - første «kjæreste» til Marchie Steen?

** Lagnaden til Tørris Johan Henrikson Schnell og kona hans - etter Kristiansand 1801?

** Lagnaden til Elen Dorothea Marie Henriksdotter Schnell?

** Lagnaden til Henrik Henrikson Schnell?

** Lagnaden til Gunnhild Larsdotter?

** Lagnaden til Johan Peter Dominicusson Schnell?

** Lagnaden til Tørris Johan Dominicusson Schnell?

** Lagnaden til Christian Janson Schnell?

~~~~~~~~~~~

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

27 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Lagnaden til Tørris Johan Henrikson Schnell og kona hans - etter Kristiansand 1801?

Det er en Hattemaker Torris Johannes Schnell i Cristiansand. Det skal foreligge skifte etter han.

Christiansands Adresse..... 17.04 - 1807

image.thumb.png.dfd8bf13f0a2906eee481d9a67a43dcd.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit nytt spennande innlegg!

Eg fann ikkje dødsfalletr til Tørris i basen over avlidne i Kroistiansand, men han er jo tydeleg avliden i 1807.  Og fann referansar til skiftet hans:

4.4.1807: https://media.digitalarkivet.no/view/24502/243?indexing=

Her vert enkja Christine Schnell nemnd samt følgjande:

* Mor(?), Barbro Schnell, enkja etter meisterbakar Henrik Schnell i Bergen

* Halvsøsken:

** Elias Schnell, myndig

** Christopher Schnell, 16 år

** Alert Schnell, 6 år

** Dorthe Marie Schnell, 8 år

* Bror Hans Christian Schnell, bakarmeistar i Bergen, avliden «for nogen aar siden» etterlet ei dotter Elen Schnell

2.7.1807: https://media.digitalarkivet.no/view/24502/258?indexing=

2.11.1807: https://media.digitalarkivet.no/view/24502/273?indexing=

Skiftet vart altso slutta utan middel til ervingane.

Pussig her er det at stemori opptrer som mor, og aldrane på halvsøskeni er fullstendig «på tverke», men nokre viktige detaljar kjem likevel fram:

** Halvsøstrene Elen Dorothea Marie og Anna Maria, var avlidne utan born

** Halvbroren Henrik, som i 1804 siglde frå København, synest vera avliden utan å etterlata seg born!

MEN, kvifor er ikkje dødsfallet til Tørris Johan Schnell innført i kyrkjeboki for Kristiansand??  Det står vel ikkje noko i skiftethans som skulle tyda på at han døydde ein annan stad??

Merkeleg!

Eg har lagt inn ymse rettingar i manuskriptet i innlegg #78 over som tek høgd for dei nye opplysningane!

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye interessante innlegg!

No trur eg at desse siste avisutklippi har samband med «hin» Schnell-ætti som budde i Bergen på den tidi.  Dei var nok i slekt med kvarandre, men lenger attende i tid...  Her er nok den Hans H. Schnell det vert referert til.  Han hadde ein bror Herman...:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390016176

Ikkje so lett å halda tunga «beint» her...

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne ætti!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Dette er kanskje ikke så relevant, men kanskje noen som følger denne slekta kan gjøre nytte av det

schnel xx.PNG

image.png.93ade4fc9a5863ec1dedc6c2d070441f.png

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for denne siste meldingi om Marie Jansdotter Bolstad.

Dette stadfestar dei opplysningane me har frå før om at einaste broren som hadde slekt etter seg, var Asbjørn Schnell i Bergen, og han hadde mellom anna dei to borni som er nemnde, men dei har tydeleg «gløymt» dotteri Helche som døydde i Avaldsnes i 1844...

Tja, det er ikkje alltid dei er like godt orienterte...  Dei kjente jo heller ikkje etternamnet til mann hennar Gjertrud, John Ryland!

Her følgjer den siste oppdaterte versjonen av manuskriptet for denne huslyden:

~~~~~~~~~~~

Christian Hansson Schnell, son av kaptein Hans Schnell og Aaseline Corneliusdotter, var f. kring 1691, uvisst kvar, og vart gravlagd frå Bolstad 18.2.1758.  Faren var kaptein ved det «Iysterske kompani« i ei årrekkje.  Christian Schnell gifte seg i Hafslo 29.12.1720 med Anna Maria Johansdotter Bremer frå Marifjøra i Hafslo, f. i Hafslo kring 1695. Svigermori Maren Lemvig åtte i si tid heile dette bruket i Bolstad, men då mannen, Johan Bremer gjekk bort i 1719, gjekk eine helfti over på sonen Jens.  Kvar Christian Schnell og huslyden hans budde i tidi fram til 1750, kan me ikkje seia noko sikkert om, men Christian var sersjant ved det «lysterske kompani«, og det kan tenkjast at dei budde ein stad i Dalesokni der offiserane i regelen budde på den tidi.  Men sonen Henrik fekk 6.11.1739 hjå bestemori Maren Lemvig skøyte på eine helfti av dette bruket på Bolstad, og 6.7.1750 bygsla Christian Schnell hi helfti hjå Peder Jensson Lemvig, som i 1730 hadde kjøpt luten hjå Jens Bremer.  Christian ville nok gjera alvor av tanken om å verta gardbrukar på heiltid, og alt 4.12.1750 kjøpte han luten til Peder Lemvig.  Christian Schnell dreiv garden til sonen Jan tok over i 1753, men vart buande på Bolstad levetidi ut.  Som enkje budde Anna Marie her vidare i alle fall til 1765.

Anna Marie Schnell flytte kring 1765 som enkje til Bergen der ho vart gravlagd 24.3.1767.

Christian og Anna Maria Schnell fekk tre born i lag:

 1. Hans Henrik, kjend som Henrik Christianson Schnell, f. kring 1722, var eigar av halve garden på Bolstad frå 1739 til 1759, men kom aldri til å bruka noko av han.

For alt kring 1750 flytte Henrik Schnell til Bergen, og der gifte han seg første gongen i Domkyrkja 24.6.1752 med Elen Tørrisdotter frå Solheim i Årstad (dåverande Fana).  Ho var dotter av

##### (Tørris og Anna på Solheim – kven var dei?)

og vart døypt i Bergen 20.12.1719, men vart gravlagd i Bergen 19.6.1773.  So gifte Henrik seg 4.11.1773 att i Domkyrkja i Bergen med Barbara Schnel Johansdotter Steen frå Bruknappen i Hamre.  Ho var dotter av løytnant og gjestgjevar Johan Christopher Hansson Steen på Bruknappen, opphavleg oberstson frå Sogndal, og kona Dortha Marie Johansdotter Tuchsen frå Bergen og vart døypt i Hamre 29.12.1749.  I 1751 var Henrik Schnell sersjant ved «gloppenske kompani«, og noko seinare vart han løytnant, men 18.3.1756 tok han borgarbrev i Bergen som bakarmeistar.  Han budde nok fleire stadar i Bergen, men lengst var han på Engen, og der d. han 14.2.1807.  Andre kona Barbara d. i Bergen 6.5.1813.  Me kjenner til tolv born etter Henrik Schnell, to frå første ekteskapet og ti frå det andre:

##### (berre seks av borni frå andre ekteskapet levde i 1807!)

a. Hans Christian Henrikson Schnell, døypt i Bergen 22.7.1753, d. i Bergen 29.1.1801.  Hans Christian gifte seg i Nykyrkja i Bergen 4.4.1775 med enkja Marchie Jansdotter f. Steen, døypt i Bergen 4.12.1737.  Ho d. som enkje på eit fattighus i Bergen 18.11.1814.  Marchie vart første gongen trulova

     ##### (dato og stad for første trulovingi hennar?)

     med Ingebrigt Larsson Bye

     ##### (eller Eyde? – opphavet hans?)

     ##### (dato og stad for fødsli hans?)

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – døydde på reise! – 1765!)

     ##### (yrket hans?)

     Marchie gifte seg so andre gongen i Krosskyrkja 19.7.1770 med Christopher Michael Pederson Mørch frå Bergen.  Han vart døypt i Bergen 17.12.1749, men vart gravlagd i Bergen 15.11.1771.  Christopher var kypparmeistar.  Hans Schnell var først bakarmeistar, men vart sidan skulehaldar.  Marchie budde levetidi ut i Bergen og fekk i alt seks born, eitt frå første trulovingi, to frå ekteskapet med Christopher Mørch og tre frå det siste med Hans Schnell.

     ##### (borni hennar:

            * Ingebrigta Elisabeth, f. KK, Bergen 30.9.1765

            * Peder, f. KK, Bergen 11.1.1771

            * Christine Michaeline, f. KK, Bergen 10.3.1772

            * Henrik Peter Schnell, døypt Bergen 12.11.1775, gravlagd Bergen 9.1.1778

            * udøypt dotter Schnell, gravlagd Bergen 9.11.1779, 2 dagar gamal

            * Elen Schnell, f. Bergen 9.2.1781, d. ugift i Bergen 25.9.1809

b. Tørris Johan Henrikson Schnell, døypt i Bergen 10.1.1759, d. i Kristiansand våren 1807.  Tørris gifte seg i Domkyrkja i Bergen 11.8.1793 med Kirstine Malene, kjend som Christine Johannesdotter Watlov frå Bergen, døypt i Bergen 28.1.1750.  Ho d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – Kristiansand etter 1807?)

     Tørris Schnell tok 21.7.1795 borgarskap i Bergen som hattemakarmeistar, og han og Christine budde først eit par i Bergen, men flytte kring 1800 til Kristiansand.  Dei fekk ein son i lag.

c. Elen Dorothea Marie Henriksdotter Schnell, døypt i Bergen 25.5.1774,

     ##### (d. barnlaus før 1807 – truleg d. før 1790??)

d. Elias Petrus Tuchsen Henrikson Schnell, døypt i Bergen 4.4.1776, var bakar og budde i Bergen, men d. under eit opphald i Kristiansund 1.8.1822, ugift.

e. Anna Maria Henriksdotter Schnell, f. i Bergen 30.11.1777,

     ##### (d. barnlaus før 1807!)

f. Johan Christopher, kjend som Christopher Henrikson Schnell, f. i Bergen 24.5.1780, d. i Molde 11.4.1819.  Christopher gifte seg i Molde 20.5.1806 med Karen Eriksdotter Solberg frå Bragernes, Drammen, døypt på Bragernes 24.3.1767.  Ho d. på sjukehuset i Molde 13.4.1822.  Christopher var bakar, og han og Karen budde i Molde.  Dei fekk ikkje born i lag, men Karen hadde ei dotter frå før.

g. Henrik Christian Henrikson Schnell, f. i Bergen 24.5.1780, vart gravlagd i Bergen 28.7.1780

h. Henrik Henrikson Schnell, f. i Bergen 11.8.1781,

     ##### (n. 1801 – 1804: sjømann – siglar frå København! – avliden før 1807 utan å etterlata seg born!?)

i. Hans Henrikson Schnell, f. i Bergen 3.5.1783, vart gravlagd i Bergen 22.5.1802.

j. Christen Juel Henrikson Schnell, f. i Bergen 21.3.1785, d. i fengselet i Bergen 17.11.1832.  Christen var bakarsvein og budde i Bergen, ugift.

k Ahlert Hysing Henrikson Schnell, døypt i Bergen 19.12.1788, miste livet ved eit ulukkeshende på sjøen nær Veblungsnes i Grytten 11.10.1830.  Han gifte seg i Molde 12.11.1818 med Elen Johanne Andersdotter Grøn, opphavleg frå Husby i Nesset, men dels oppvaksi i Molde.  Ho vart døypt i Nesset 25.8.1793 og d. som fattiglem i Molde 19.2.1870.  Ahlert fekk i 1819 kongeleg privilegium som høkr og bondehandlar i Molde, og han og Elen budde der til dei i 1825 vart gardbrukarar på Helset i Vågøy, Aukra, men som enkje flytte Elen attende til Molde.  Dei fekk fire born i lag, men Elen hadde òg ei dotter frå før.

l. Dorthea Marie Henriksdotter Schnell, f. i Bergen 19.8.1790, budde mange år i Ørskog, men d. ugift i Ålesund 10.1.1865.

2. Jan Christianson Schnell (1725‑1762), fekk bruket her på Bolstad etter foreldri.

3. Dominicus Christianson Schnell, f. kring 1728, gifte seg i Luster 27.10.1758 med Inga Pedersdotter frå Haugen under Flahammar, f. kring 1730.  Det ser ut til at dei budde eit år eller kanskje to i Luster, truleg på Bolstad.

Men kring 1760 flytte Dominicus og Inga Schnell til Bergen.  Dei busette seg på Korskirkealmenningen der Dominicus var vektar, men dei flytte sidan til Nedre Fjellsmug der Dominicus Schnell d. 8.3.1798.  Inga vart gravlagd frå sjukehuset i Bergen 1.4.1802.

Før ho vart gift fekk Inga ei dotter i Luster:

a. Gunnhild Larsdotter, dotter av Inga og husmann Lars Jacobson på Sva under Høyeim (1723-1785), vart døypt i Luster 16.4.1752.

Gunnhild Larsdotter må vera fari frå Luster i ung alder,

##### (lagnaden hennar?)

Dette var altso dotteri til Inga Pedersdotter.

So fekk Dominicus og Inga sju born i lag:

b. Christian Dominicusson Schnell, døypt i Luster 25.11.1758, flytte med foreldri til Bergen og vart gravlagd i Bergen 28.7.1802.  Han gifte seg første gongen i Krosskyrkja i Bergen 25.5.1783 med Anna Thomasdotter frå Bergen.  Foreldri hennsar var frå Årdal, men Anna var truleg f. i Sogndal kring 1743.  Men ho d. etter barselseng og vart gravlagd i Bergen alt 16.9.1783.  Christian gifte seg 4.11.1787 att i Krosskyrkja i Bergen med Anna Susanna, kjend som Susanna Pedersdotter Lind frå Stavanger, døypt i Stavanger 17.10.1762.  Ho d. som enkje i Bergen 14.11.1848.  Ho vart som enkje attgift i Krosskyrkja i Bergen 25.11.1804 med enkjemannen Arnoldus Nilsson frå Elvebakke i Gloppen, i Bergen kjend som Arnoldus Nilsen.  Han vart døypt i Gloppen 17.5.1759 og d. som bordarbeidsmann (snikkar) i Bergen 5.6.1827.  Christian Schnell var bakarsvein og sidan kornmålar, medan Arnoldus var høkar, tømmermann og snikkar.  Dei budde båe i Nedre Fjellsmug i Bergen.  Christian Schnell fekk i alt sju born, eitt frå første ekteskapet og seks frå det andre.  Arnoldus fekk to søner som båe var frå første ekteskapet hans.

c. Kirsten Dominicusdotter Schnell, døypt i Bergen 2.9.1761, d. i Bergen 26.5.1811.  Kirsten, òg kalla Kirstine, gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 20.7.1794 med enkjemannen Hartvig Pedersen, opphavleg frå Bergen, døypt i Bergen 24.10.1745.  Han d. i Bergen 14.3.1808.  Hartvig gifte seg første gongen i Haus 26.6.1785 med Martha Eriksdotter frå Sædal i Haus, døypt i Haus 10.6.1741.  Ho vart gravlagd i Bergen 2.2.1793.  Hartvig var skomakarsvein og skoflikkar og budde i Moldesmuget i Bergen.  Hartvig fekk i alt tre born; av dei var to frå ekteskapet hans med Kirstine Schnell.  Dessutan fostra Hartvig og Kirstine opp dotteri til yngste bror hennar.

d. Johan Peter Dominicusson Schnell, f. i Bergen 8.4.1764,

     ##### (finn ikkje konf. Bergen! – lagnaden hans?)

e. Tørris Johan Dominicusson Schnell, f. i Bergen 22.6.1766,

     ##### (finn ikkje konf. Bergen! – lagnaden hans?)

f. Hans Henrik Dominicusson Schnell, f. i Bergen 12.4.1768, vart gravlagd i Bergen 13.9.1771.

g. Anna Maria Dominicusdotter Schnell, f. i Bergen 18.3.1771, vart gravlagd i Bergen 29.8.1771.

h. Hans Henrik Dominicusson Schnell, f. i Bergen 1.12.1773, vart gravlagd i Bergen 5.8.1800.  Hans Henrik gifte seg i Nykyrkja i Bergen 27.10.1799 med Martha Marie Larsdotter frå Bergen, døypt i Bergen 21.8.1774.  Ho d. som enkje av kolera i Bergen 21.2.1849.  Martha gifte seg 11.11.1804 att i Nykyrkja i Bergen med Ole Andersen frå Vanberg i Stryn, i Bergen kjend som Ole A. Wamberg.  Han vart døypt i Stryn (Innvik) 26.6.1771 og d. som underbetjent i Bergen 4.12.1830.  Hans Henrik var bakarsvein og dagarbeidar og budde i Landaassmuget i Bergen, medan Ole mellom anna var tollburøyert, bordarbeidsmann, konsumptionsbetjent og underbetjent.  Han og Martha budde i Elvegaten i Bergen.  Martha fekk i alt fem born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Hans Henrik Schnell.

Jan Christianson Schnell, son av føregåande, var f. kring 1725 og d. på Bolstad kring 1762. Han gifte seg 3.7.1753 med Gjertrud Eriksdotter frå Bolstad (bnr. 8). Ho var f. kring 1725 og vart gravlagd frå Bolstad 19.10.1800. Jan Schnell dreiv det til å verta korporal i det militære, men bestemte seg så for å verta gardbrukar. 23.10.1753 skreiv han ut kårbrev til foreldri, så det må vera på den tidi han tok over bruket endå om me ikkje kan finna noka tinglesi skøyte eller bygsel. Broren Hans åtte halve bruket, 1/2 laup smør, men denne parten selde han 10.5.1759 til løytnant Jacob Lemvig som straks, 22.10.1759, selde vidare til Jan Christianson. Kva tid Jan fekk hand om helfti som faren hadde hatt, veit me ikkje, men truleg var det ved skiftet etter faren som d. i 1758. Jan vart den første på dette bruket som sjølv åtte heile garden sin. Men den gleda varte ikkje lenge, for han gjekk bort alt i 1762. Men enkja vart buande her ei tid (sjå nedanfor). Gjertrud og Jan Schnell på Bolstad fekk seks born i lag, men Gjertrud hadde òg eitt frå før:

 1. Erik Simonson (1747‑før 1757), var son av Gjertrud og husmann Simon Rasmusson på Utheim under Sørheim (1716-1761).

 2. Christian Janson Schnell, døypt 13.2.1754,

     ##### (konf. Luster 1776 – d. barnlaus før 1800 – kan henda i Bergen? – lagnaden hans?)

 3. Maren Jansdotter (1755‑1825), vart buande på Bolstad all sin dag, ugift.

 4. Erik Janson (1757‑1757).

 5. Knut Janson (1758-1769).

 6. Asbjørn Janson Schnell, f. kring 1760,

Asbjørn Schnell flytte til Bergen kring 1780 og vart gift første gongen i Domkyrkja i Bergen 21.3.1790 med Ingeborg Henriksdotter Delfs frå Bergen.  Ho var dotter av vevarmeistar Henrik

##### (farsnamnet?)

Delfs i Bergen, opphavleg frå Neumünster i Schleswig-Holstein, og kona Helche Gjertsdotter Würgers frå Bergen og vart døypt i Bergen 7.3.1766.  Men Ingeborg d. i Bergen alt 23.11.1796, og Asbjørn gifte seg 6.11.1797 att i Krosskyrkja i Bergen med Else Margretha Petersdotter Staman frå Bergen.  Ho var dotter av kjøpmann Peter Peterson Staman i Bergen og kona Christine Henriksdotter Farnov, òg frå Bergen, og vart døypt i Bergen 7.9.1760.  Asbjørn Schnell var bakarmeistar og budde i Store Markeveien i Bergen der han d. 22.12.1806.  Else d. i Bergen 12.11.1826.  Asbjørn Schnell fekk seks born, fire frå første ekteskapet og to frå det andre:

a. Jan Henrik Asbjørnson Schnell, f. i Bergen 22.12.1790, d. ugift i Bergen 24.2.1813.

b. Helche Cathrine Asbjørnsdotter Schnell, f. i Bergen 8.7.1793, d. ugift på Avaldsnes prestegard i Avaldsnes 16.6.1844.

c. Gjertrud Marie Asbjørnsdotter Schnell, f. i Bergen 9.11.1794, vart gravlagd i Bergen 4.12.1795.

d. Gjertrud Marie Asbjørnsdotter Schnell, f. i Bergen 4.2.1796, d. som enkje og legdelem i Bergen 17.5.1868.  Ho gifte seg i Domkyrkja i Bergen 31.3.1822 med John Ehlertsen Fredrikson Ryland frå Bergen, f. i Bergen 12.3.1792.  Han miste livet på ein sjøreise mellom Bergen og Nordland ?.2.1827.  John Ryland var styrmann, og han og Gjertrud budde i Bergen.  Dei fekk to søner i lag.

e. Petter Staman Asbjørnson Schnell, f. i Bergen 29.12.1798, reiste til sjøs i ung alder, men forulukka på ein reise frå Bergen til Trieste i Italia våren 1826.  Han var ugift.

f. Herman Didrik Asbjørnson Schnell, f. i Bergen 13.12.1800, vart gravlagd i Bergen 25.2.1802.

 7. Erik Janson (1761‑1820), vart husmann i Bolstadmoen 8 under Bolstad.

~~~~~~~~~~~

Og her følgjer likeins ei oppdatert liste over dei attst[ande utfordringane:

** Kven var foreldri til Ellen Tørrisdotter frå Solheim?

** Opplysningar om Ingebrigt Larsson Bye eller Eyde - første «kjæreste» til Marchie Steen?

** Lagnaden til Christine f. Watlow, enkja etter hattemakar Tørris Johan Henrikson Schnell som døydde i Kristiansand i 1807?

** Lagnaden til Elen Dorothea Marie Henriksdotter Schnell?

** Lagnaden til Henrik Henrikson Schnell?

** Lagnaden til Gunnhild Larsdotter?

** Lagnaden til Johan Peter Dominicusson Schnell?

** Lagnaden til Tørris Johan Dominicusson Schnell?

** Lagnaden til Christian Janson Schnell?

~~~~~~~~~~~

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.