Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

MR, Sykkylven - Oppslag i Bygdeboka - Straume

Recommended Posts

Harald L. Bakke

17. januar 1847 gifter Synneve Jacobsdtr. frå Framhus i Stranda og Lars Nikolaus Eriksen Strømme frå Sykkylven seg i Stranda kyrkje.

Vigde 1847 nr. 2  

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stranda, Ministerialbok nr. 520A06 (1844-1881), Ekteviede 1847, side 7.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2250&idx_id=2250&uid=ny&idx_side=-10
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050727030561.jpg

 

Står det noko i bygdeboka for Sykkylven om dette paret?

Ved vigsla hadde han opphald på garden Moe.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg ser at far til brudgommen skal vere Erik Nilsen - han er vel gjerne den som er nemnd i bygdeboka på s. 284 Bd 2.

 

.. han også resten. Skiftebuet etter Jan i 1802 var fallitt.
Versonen
Gunder Olsen Vindsnes (f. 1761, d. 1796) g. 1793. m. Lene Jansdtr. Strømme (f. 1768, d. 1814).
Br. 1794—1796.
Bygselsetel frå C. M. Abelset i 1794 på 3¾ mællag. Skiftet etter Gunder i 1796 synte ei brutlo eige på 54 rdl., og ein gjeld på 30 rdl. Enkja Lene Jansdtr. gifte seg att i 1796 med
Erik Nilssen Leira (f. 1759, d. 1818).
Bygselbrev i 1798 frå C. M. Abelset på 2 pd. 19½ mrk. Bruket vart i 1802 verdsett til 151 rdl. Skiftebuet etter Lene Jansdtr. hadde i 1814 ei brutto eige på 3 rdl. Gjelden var 1 rdl. Erik Nilsen Strømme gjekk over på kår i 1804 og let bruket over til
Lars Larssen Brunstad frå Bøen (f 1780, d. 1849) g. 1804 m. Marte Berntsdtr. Erstad (f. 1784, d. 1861).
Br. 1804—ca. 1830.
 

Meir er ikkje sagt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Ok, takk for oppslaget Aase.

Bygdeboka for Stranda opplyser at dei var busette i Sykkyven, men dessverre ikkje nærare kvar i Sykkylven.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg har alle 4 banda på cd så eg kan søkje gjennom i løpet av kvelden.

 

Redigert: Ikkje funn når eg søkte på Framhus - men kan leite vidare med andre kriterie.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Kva er inngangen din til dette paret?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Aase Sæther: 

Synneve Jacobsdtr. Framhus er f. på Framhus i Stranda, datter til Jacob Olson og Olave Olsdtr.

Faren Jacob Olson var f. på Myklebust i Stranda 1763  son til Ole Olson frå Egge i Breim som vi har vore innom før.

 

Kai Løseth:

Mange takk for link til alle banda av gardssoga for Sykkylven, i oversikte til NSHF over bygdebøker frå Møre og R. står det bare eit band oppført.

http://www.genealogi.no/mediawiki/index.php/Liste_over_digitaliserte_bygdeb%C3%B8ker_%E2%80%93_M%C3%B8re_og_Romsdal

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Som gifte i 1847 burde det vore ein rimeleg sjanse for at dei var å finne som par i 1865-tellinga, men det er dei ikkje, om vi så søkjer i heile landet.

 

Redigert: Finn dei ikkje som enkeltpersonar heller. Kan begge vere døde før 1865? Med ein alder på 47 år på brura kan vi vel nokså sikkert gå ut frå at det ikkje blei avkom.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

I bygdeboka for Stordal s. 149, på garden Vinje, plassen Toppmarken under Ivergarden bruk 3, står følgjande:

 

 

Lars Nicolai Eriksen (1806-1875) budde på Toppmarken, fortel folketeljinga i 1865. Han var husmann med jord og gift med Anne Knudsdtr. (1810-1869). Han var frå Strømme i Sykkylven, og ho var født på Jøsvoll. Dei gifte seg i 1858....

 

 

M.a.o. vert Synneve Jacobsdtr. ikkje nemnt her, men det er vel kanskje ho ein kan finne som død på Vinje i 1853 (sjølv om alderen ikkje stemmer heilt):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stranda, Ministerialbok nr. 520A07 (1843-1861), Døde og begravede 1857, side 490-491.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2251&idx_id=2251&uid=ny&idx_side=-35
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050727030689.jpg

 

Folketeljinga i 1865: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038286002011

 

Andre giftermålet til Lars Nicolaus i 1858:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stranda, Ministerialbok nr. 520A06 (1844-1881), Ekteviede 1859, side 31.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2250&idx_id=2250&uid=ny&idx_side=-36
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050727030587.jpg

 

Garden Mo(e) ligg forøvrig også i Stordal.

 

 

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Akkurat ja. Eg var nettopp i ferd med å søkje etter han som Nikolai då du kom inn med dette, så då er ikkje det nødvendig ;-)

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Der har du dei ja, Inge, hjerteleg takk.

Alderen til Synnøve høver bra den f. 1800 d. 1857  oppgjedd være 58 år ved død.

Då har vi løyst floka.

Takk til både Aase og Inge for god hjelp.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.