Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

MR, Stranda /Stordal - Ole Jacobson f. Framhus og Karen Pedersdtr. f. Overå

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Eg etterlyser paret Ole Jacobson f. 1803 på Framhus i Stranda og Karen Severine pedersdtr. f. 1812 på Overå i Stranda.

Dei gifter seg i Stranda 29.05. 1836

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stranda, Klokkerbok nr. 520C01 (1817-1837), Ekteviede 1836, side 204.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15979&idx_id=15979&uid=ny&idx_side=-151
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070830670467.jpg

 

Bygdeboka fortel under Framhus at dei ikkje var brukarar der. Heller ikkje om dei flytta andre stadar.

Ved FT 1865 finn eg desse to under garden Vinje i Stordal sokn der alderen på begge høver bra.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038286002004

 

Kan det være desse to likevel sjølv om Karen er ført opp som enke og Ole som ungkar?

Er det nokon som har andre opplysningar om Ole og Karen?

Endret av Harald L. Bakke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Der fekk dei eit udøypt barn i Stordalen i 1837 ja.

Takk Ann-Mary.

Endret av Harald L. Bakke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Den fant eg rett før det vart posta her, men mange takk, Ann-Mary!  ;)

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helge Bjerkevoll

Paret er nevnt i Stordalssoga band 2 under Vinje, side 146.

 

Ole Jacobsen Framhus fra Stranda kjøpte bruket av kyrkja i 1839. Han tok opp mykje lån og måtte gje garden frå seg i 1858. Fall i stand til dagarbeidar men budde framleis på Vinje. Gift med Karen Severine Pedersdtr Overå (1812- ) Stranda.

Men i ungkarsdagane sine hadde Ole vore ein tur i Sykkylven og der møtte han Helene Larsdtr. Tandstad, noko som førte til at sonen Lars Andreas Micahael (1829-1860) kom til verda. Denne guten kom til Stordal og han vart neste brukar i Gjestegarden. Ole og Karen Severine fekk ikkje barn. Lars hadde ei datter Olave Marie 1854. Uekte med Anne Bergitte Knutsdtr. Vinje. Denne Olave Marie kom til Instegarden Stordal (side 105), gift med Ole Kristian Carolusen Gjerde. dei hadde 11 barn i følge bygdeboka. Heile familien reist til Amerika.

Endret av Helge Bjerkevoll

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Det er ein del forvirrande opplysningar ute og går.

Noko som ikkje vert nemnt i bygdebøkene, og som kan vere ein årsak til forvirring, er at det er to brør som begge heiter Ole Jacobsen. Begge når i alle fall konfirmasjonsalder.

 

Dåpen til Ole d.e. i 1803:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stranda, Ministerialbok nr. 520A02 (1802-1827), Fødte og døpte 1803, side 10-11.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15976&idx_id=15976&uid=ny&idx_side=-7
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070830660391.jpg

 

Dåpen til Ole d.y. i 1808:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stranda, Ministerialbok nr. 520A02 (1802-1827), Fødte og døpte 1808, side 42-43.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15976&idx_id=15976&uid=ny&idx_side=-23
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070830660407.jpg

 

Dei to vart konfirmerte hhv. i 1818 og 1824.

 

Etter alderen å døme var det Ole d.y. som vart gift med Karen i 1836

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Hjerteleg takk for presiseringa Inge.

Det er ikkje godt å vite kven av desse to Ola'ane som var far til sonen Lars f. 1829.

 

Då  forstår eg kvifor Karen Pedersdtr. i FT er ført som enkje og Ole som ungkar.

Ektemannen er sjølvsagt død og det er svogeren og ungkaren Ola Jacobson som har losji hos henne.

 

Eg fant ein fattiglem og ungkar Ole Jacobsen Vinje f. 1808   død 19.03.1885, og då må det være den eldste av brødrene som gifte seg med Karen Pedersdtr.   Døde 1885 nr. 2 s. 124:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stordal i Stranda, Ministerialbok nr. 521A01 (1882-1907), Døde og begravede 1885, side 124.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2671&idx_id=2671&uid=ny&idx_side=-104
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050418010666.jpg

 

 

Eg får leite etter ektemannen og sjå kor tid han gjekk ut av verda.

 

Takk for god hjelp Helge og Inge.  :)

 

Endret av Harald L. Bakke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.