Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Even Ellingson frå Hol (1805) og Haldis Gautesdotter frå Uvdal (1818/1819) - biografi 1840-åri i Romsdal - sidan i Hol, Vik og Amerika?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #8199 frå 2003 (http://forum.arkivverket.no/topic/94145-8199-even-ellingson-haldis-gautesdtr-frcna/?hl=%2Bhaldis+%2Bgautesdotter).

 

Det ligg fleire "mysterier" kring denne huslyden:

 

* Kva for ei Haldis var det som gifte seg med Even Ellingson?  Her er to alternative Haldis Gautesdotter, båe fødde i Uvdal med same far:

 

** Haldis fødd i Uvdal 28.2.1818 av Gaute Tollefson og Ragnhild Tollefsdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1119&idx_id=1119&uid=ny&idx_side=-41)

 

** Haldis fødd i Uvdal 6.10.1819 av Gaute Tollefson og Ingeborg Aslaksdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1119&idx_id=1119&uid=ny&idx_side=-51)

 

Den eine av desse gifte seg i Sandsvær 13.6.1852: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1126&idx_id=1126&uid=ny&idx_side=-241

 

Den andre må vera ho som gifte seg med Even Ellingson og som er tema for dette emnet!

 

* Kvar og kva tid vart "vår" Haldis gift med Even Ellingson?  Ho flytte til Romsdalen frå uvdal i 1841 (sjå det gamle emnet frå 2003).  Eg finn dei ikkje hjå FamilySearch, men kanskje gifte dei seg ein eller annan stad som ikkje enno er registrert av FamilySearch!?

 

* So har eg vanskar med lagnadane til to av døtrene, Anna og Gro "Julia"?

 

* Det er òg eit spørsmål om Even og Haldis kan ha hatt fleire born før Anna?

 

~~~~~~~~

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Even Ellingson Lilleøren, opphavleg frå Tufto i Hol, var son av gardbrukar Elling Larson på Tufto, opphavleg frå Grøvo nordre, og kona Gro Evensdotter frå Holto i Ål og vart døypt i Hol 17.2.1805.  Han gifte seg i

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans? – kring 1844! – Romsdalen?? – ikkje finne i Fræna/Bud eller Aukra!)

 

     med Haldis Gautesdotter, opphavleg frå Jørandrud i Uvdal.  Ho var dotter av gardbrukarsonen Gaute Tollefson frå Ramberg i Uvdal og Ragnhild Tollefsdotter frå Jørandrud og f. i Uvdal 28.2.1818, 6.10.1819,

 

¤¤¤¤¤ (eller var ho fødd 6.10.1819 av mor Ingeborg Aslaksdotter? - sjå problemstillingi ovanfor!)

 

men flytte i 1841 til Romsdalen.

Even og Haldis flytte i 1847 attende til Hol der dei nokre år var gardbrukarar på Timra, Slettemoen nordre.

Men kring 1852 flytte Even Ellingson med kona Haldis til Hafslo.  Dei busette seg som innerstfolk i Solvornstrondi, og truleg budde dei her fram til kring 1856.

Kring 1856 flytte Even Ellingson med huslyden sin til Torsnes i Balestrand, men kring 1860 flytte dei over fjorden til Vik der dei busette seg på Lilleøyri som strandsitjarar.  Even livnærte seg elles som fargar og d. på Lilleøyri i Vik 14.11.1871.  Haldis Gautesdotter utvandra til Amerika frå Vik i 1874, og me finn ho att under namnet Haldis Evenson der ho busette seg i

 

¤¤¤¤¤ (place of her residence? – always in Walsh Co., N.D.?)

 

Haldis budde siste leveåri hjå sonen Edwin i Farmington township, Walsh Co., N.D. der ho d. 27.11.1894.  Dei fekk fem born i lag:

 

¤¤¤¤¤ (sjekka dei ikkje hadde fleire før dei kom til Sogn!!?)

 

a. Anna Evensdotter, f. i Fræna 30.7.1845,

 

     ¤¤¤¤¤ (flytte med far sin i 1847 til Hol! – seinare lagnad??)

 

b. Gro Evensdotter, kjend som Julia Evenson, f. i Hol 14.12.1847, flytte med foreldri til Sogn og tente mellom anna på Hopperstad i Vik, men utvandra i 1875 til Amerika

 

     ¤¤¤¤¤ (what became of her? – biography needed!)

 

     ¤¤¤¤¤ (one daughter born in Norway!)

 

c. Elling Evenson, kjend som Edwin Evenson, f. i Hafslo 10.6.1854, flytte med foreldri til Vik, men utvandra òg til Amerika i 1875.  Etter fleire år i Story City, Ia. tok han i 1880 ”homestead” i Fertile township, Walsh Co., N.D.  Han gifte seg so i Grafton, N.D.

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date of his marriage?)

 

     1885 med Christina Johannesdotter frå Lilleøyri i Vik, i Amerika kjend som Christine Johnson.  Ho var dotter av strandsitjar og jekteførar Johannes Olson på Lilleøyri, opphavleg frå Grov, og kona Synneva Aamundsdotter frå Vangsnes og f. i Vik 25.7.1865, men utvandra til Amerika i 1883.  Edwin og Christine flytte til ein farm i Farmington township, Walsh Co., N.D., men tok i 1907 pensjon og flytte av helsemessige orsaker til Santa Rosa, Sonoma Co., Cal.  Men alt i 1909 tok Edwin ny ”homestead” nær Manitan Lake, Sask. og flytte dit med huslyden sin.  Kring 1911 flytte han vidare til Watrous, Sask. der han d. 14.5.1913.  Christine gifte seg att

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date and place of Christine’s 2nd marriage? – Grafton, ND?)

 

     1927 med Arne Larsson frå Torblå i Ulvik, i Amerika kjend som Arne L. Torblaa.  Han var son av gardbrukar Lars Olson på Torblå øvre, opphavleg frå Syse, og kona Bentha Arnesdotter frå Sygnestveit og f. i Ulvik 20.6.1861, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1876.  Arne hadde vore gift to gonger før og hadde for det meste farma i Grafton township, Walsh Co., N.D., men var frå 1917 busett som pensjonist i Grafton, Walsh Co., N.D. der han d. 8.5.1942.  Som enkje flytte Christine Torblaa på ny til Santa Rosa, Sonoma Co., Cal. der ho d. 27.12.1960.  Ho fekk i alt ti born, som alle var frå første ekteskapet med Edwin Evenson, men Arne Torblaa hadde òg seks born frå andre ekteskapet sitt.

d. Lars Evenson, kjend som Lewis Evenson, f. i Balestrand 9.1.1858, utvandra til Amerika med mor si i 1874 og

 

     ¤¤¤¤¤ (what became of him? – biography needed!)

 

     men d. i Grafton, N.D. 16.4.1883, ugift.

 

     ¤¤¤¤¤ (to be verified he never married!?)

 

e. Ragnhild Evensdotter, f. i Vik 6.3.1862, d. på Lilleøyri i Vik 23.9.1862.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan fylla hòli min når det gjeld denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=evenson&GSfn=lars&GSbyrel=all&GSdy=1883&GSdyrel=in&GSob=n&GRid=34548757&df=all&

 

Lars Evenson

 

Birth: Jan. 8, 1858

Death:  Apr. 16, 1883 trans.gif  

Burial:
Grafton Lutheran Church 
Grafton
Walsh County
North Dakota, USA

 
Created by: lk51t
Record added: Mar 07, 2009 
Find A Grave Memorial# 34548757

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Tonby

Even Ellingsen Tofte og Haldis Gautesdt Ramberg viet 4/8 1844

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kleive i Bolsøy, Ministerialbok nr. 557A02 (1843-1869), Ekteviede 1844, side 422-423.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2273&idx_id=2273&uid=ny&idx_side=-153

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050707020849.jpg

 

Det må være Ragnhild Tollefsdt som er denne Haldis sin mor.

 

Gaute Tollefsen med hustru Ingeborg Aslachsdt og barn flytter til Sandsvær i 1833

Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Sandsvær, Ministerialbok nr. 4 (1817-1839), Innflyttede 1834, side 610-611.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1125&idx_id=1125&uid=ny&idx_side=-349

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051111010500.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Anna Eivindsdtr konfirmert i Balestrand 1. juli 1860 Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Balestrand, Ministerialbok nr. A 2 (1844-1866), Konfirmerte 1860, side 122.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8378&idx_id=8378&uid=ny&idx_side=-119
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070302620060.jpg

 

? FT 1865 på Bøyum i Balestrand http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038254002257

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

6. mai 1874 får dtr til Even og Haldis, Gro f. 1849 ( i  Kyrkjebokji i Vik ) ei dtr Guri m/ tjenestedreng Anders Larson Hove f. 1847.
Guri vært døypt 14. mai. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6938&idx_id=6938&uid=ny&idx_side=-81
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116330081.jpg874.

Nr 36 
 
Ekkja Haldis, sonen Lars og dtr Gro + barnebarnet Guri reiser til Amerika i 1875.
I "Ein stad skal ein væra" frå 1989 har desse 4, nr 1.335 til 1.338.
I bokji frå 1989 stod det INGENTING om kvar dei flytte hen.
_____________
Neste steg vært å finna kva som står i PRIDLAO ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk tiul Grethe, Anne, Jon og Lars J. for kjempespennande og nyttige innlegg!

 

Særleg var det kjekt å få på plass vigsli deira og identifikasjonen av Haldis, og likeins set eg pris på opplysningane on Anna Evensdotter.

 

Sjølv fann eg no Anna Evensdotter som utvandra frå Lilleøyri i Vik i 1870 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=6&filnamn=Quebec65&gardpostnr=13737&merk=13737#ovre)

 

Etter dette har eg sett opp eit revidert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Even Ellingson Lilleøren, opphavleg frå Tufto i Hol, var son av gardbrukar Elling Larson på Tufto, opphavleg frå Grøvo nordre, og kona Gro Evensdotter frå Holto i Ål og vart døypt i Hol 17.2.1805.  Han gifte seg i Kleive, Bolsøy 4.8.1844 med Haldis Gautesdotter, opphavleg frå Jørandrud i Uvdal.  Ho var dotter av gardbrukarsonen Gaute Tollefson frå Ramberg i Uvdal og Ragnhild Tollefsdotter frå Jørandrud og f. i Uvdal 28.2.1818, men flytte i 1841 til Romsdalen.

Even og Haldis flytte i 1847 attende til Hol der dei nokre år var gardbrukarar på Timra, Slettemoen nordre.

Men Even Ellingson var fargar, og kring 1852 flytte han med kona Haldis til Hafslo.  Dei busette seg som innerstfolk i Solvornstrondi, og truleg budde dei her fram til kring 1856.

Kring 1856 flytte Even Ellingson med huslyden sin til Torsnes i Balestrand.  Dei budde òg ei tid på Rauboti i Fjærland, Balestrand, men i 1859 flytte dei over fjorden til Vik der dei busette seg på Lilleøyri som strandsitjarar.  Even livnærte seg elles som fargar og d. på Lilleøyri i Vik 14.11.1871.  Haldis Gautesdotter utvandra til Amerika frå Vik i 1874, og me finn ho att under namnet Haldis Evenson der ho busette seg i

 

¤¤¤¤¤ (place of her residence? – always in Walsh Co., N.D.?)

 

Haldis budde siste leveåri hjå sonen Edwin i Farmington township, Walsh Co., N.D. der ho d. 27.11.1894.  Dei fekk fem born i lag:

 

¤¤¤¤¤ (fleire born fødde før 1854?)

 

a. Anna Evensdotter, kjend som Anna Evenson, f. i Fræna 30.7.1845, flytte med foreldri til Sogn og var i 1865 tenestejente på Bøyum i Fjærland, men utvandra til Amerika i 1870. 

 

     ¤¤¤¤¤ (what became of her? – biography needed?)

 

b. Gro Evensdotter, kjend som Julia Evenson, f. i Hol 14.12.1847, flytte med foreldri til Sogn og tente mellom anna på Hopperstad i Vik, men utvandra i 1875 til Amerika

 

     ¤¤¤¤¤ (what became of her? – biography needed!)

 

     ¤¤¤¤¤ (one daughter born in Norway!)

 

c. Elling Evenson, kjend som Edwin Evenson, f. i Hafslo 10.6.1854, flytte med foreldri til Vik, men utvandra òg til Amerika i 1875.  Etter fleire år i Story City, Ia. tok han i 1880 ”homestead” i Fertile township, Walsh Co., N.D.  Han gifte seg so i Grafton, N.D.

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date of his marriage?)

 

     1885 med Christina Johannesdotter frå Lilleøyri i Vik, i Amerika kjend som Christine Johnson.  Ho var dotter av strandsitjar og jekteførar Johannes Olson på Lilleøyri, opphavleg frå Grov, og kona Synneva Aamundsdotter frå Vangsnes og f. i Vik 25.7.1865, men utvandra til Amerika i 1883.  Edwin og Christine flytte til ein farm i Farmington township, Walsh Co., N.D., men tok i 1907 pensjon og flytte av helsemessige orsaker til Santa Rosa, Sonoma Co., Cal.  Men alt i 1909 tok Edwin ny ”homestead” nær Manitan Lake, Sask. og flytte dit med huslyden sin.  Kring 1911 flytte han vidare til Watrous, Sask. der han d. 14.5.1913.  Christine gifte seg att

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date and place of Christine’s 2nd marriage? – Grafton, ND?)

 

     1927 med Arne Larsson frå Torblå i Ulvik, i Amerika kjend som Arne L. Torblaa.  Han var son av gardbrukar Lars Olson på Torblå øvre, opphavleg frå Syse, og kona Bentha Arnesdotter frå Sygnestveit og f. i Ulvik 20.6.1861, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1876.  Arne hadde vore gift to gonger før og hadde for det meste farma i Grafton township, Walsh Co., N.D., men var frå 1917 busett som pensjonist i Grafton, Walsh Co., N.D. der han d. 8.5.1942.  Som enkje flytte Christine Torblaa på ny til Santa Rosa, Sonoma Co., Cal. der ho d. 27.12.1960.  Ho fekk i alt ti born, som alle var frå første ekteskapet med Edwin Evenson, men Arne Torblaa hadde òg seks born frå andre ekteskapet sitt.

d. Lars Evenson, kjend som Lewis Evenson, f. i Balestrand 9.1.1858, utvandra til Amerika med mor si i 1874 og

 

     ¤¤¤¤¤ (what became of him? – biography needed!)

 

     men d. i Grafton, N.D. 16.4.1883, ugift.

 

     ¤¤¤¤¤ (to be verified he never married!?)

 

e. Ragnhild Evensdotter, f. i Vik 6.3.1862, d. på Lilleøyri i Vik 23.9.1862.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny so mykje for dei gode innspeli og vonar at kanskje fleire detaljar kan finnast, til dømes fleire born fødde mellom 1847 og 1854, og kanskje lagnadane til dei to eldste døtrene kan finnast i Amerika?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Kandidat til Anna:

Anna Hove, født 30.7.1845, død i Story, Iowa 1.3.1817. Foreldre Even Evenson og Hulda Tofte

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XVHF-34W

 

Anna i Census 1900 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9KP-D11

 

Event Place: Clear Lake Township Stanhope town, Hamilton, Iowa, United States
Gender: Female
Age: 55
Marital Status: Married
Race: White
Race (Original): W
Relationship to Head of Household: Wife
Relationship to Head of Household (Original): Wife
Number of Living Children: 6
Years Married: 27
Birth Date: Jul 1845
Birthplace: Norway
Marriage Year (Estimated): 1873
Immigration Year: 1870
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Mother of how many children: 6
Household Role Gender Age Birthplace
Mons Hove Head M 68 Norway
Anna Hove Wife F 55 Norway
Peter M Hove Son M 27 Iowa
Eddie Hove Son M 27 Iowa
Martin Hove Son M 25 Iowa
Olina Hove Daughter F 20 Iowa
Henry Hove Son M 17 Iowa

Endret av Lars Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for imponerande og skikkeløeg velkomne innlegg!  Det er ingen tvil om at du har finne "vår" Anna Evensdotter i Hamilton Co., IA, og med litt hjelp av ulike databasar på FamilySearch og ancestry.com samt norske kyrkjebøker har eg no sett opp følgjande manuskript for Anna:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

a. Anna Evensdotter, kjend som Anna Evenson, f. i Fræna 30.7.1845, flytte med foreldri til Sogn og var i 1865 tenestejente på Bøyum i Fjærland, men utvandra til Amerika i 1870.  Ho gifte seg i Webster City, Ia. 29.12.1872 med Mons Pederson frå Hove i Vik, i Amerika kjend som Mons P. Hove.  Han var son av gardbrukar Peder Pederson på Hove, opphavleg frå Gudvangen i Aurland, og kona Martha Monsdotter frå Onstad i Aurland og f. på ein plass under Ramsøy i Aurland 29.8.1832.  Han var ei tid sjømann, men utvandra til Amerika i 1872.  Mons og Anna slo seg ned som farmarar i Clear Lake township, Hamilton Co., Ia. der dei vart buande levetidi ut.  Mons d. i Stanhope, Ia. 6.11.1911, medan Anna Hove d. som enkje i Story City, Ia. 1.3.1917.  Dei fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Interessant var det òg å sjå at mori Haldis "Hulda" budde hjå dei i 1880, og eg trur det er i Hamilton Co., IA me òg lyt leita etter Gro "Julia" Evensdotter.  Eg har finne ei i vigselsregisteret for Webster City, Hamilton Co., IA (der Anna og Mons gifte seg!) som ser svært so lovande ut:

 

H. P. LOITVET og Julia EVANS gifte seg i Webster City, IA 19.4.1878

 

Men eg er ikkje i stand til å finna dei att i andre kjelder!  Kanskje andre har betre auge enn eg?

 

Nok ein kjempetakk for flotte opplysningar so langt!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i kveld motteke nekrologane til Mons og Annie Hove frå Iowa, og dette var skikkeleg spennande lesing!

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

OBIT for Mons Pederson HOVE
Newspaper:  The Jewell Herald, Roll 5401-DM, Thursday 16 Nov 1911, p2

Death of M.P. Hove
   M.P Hove was born August 29, 1832 at Vik Sogn, Norway, and in 1871 he came to America, coming directly to Hamilton County where he located on the farm southwest of Stanhope and where he resided until the time of his death.  He died Monday, Nov. 6, 1911, at the advanced age of 79 years, 2 months and seven days.  He had been in poor health all summer, weakening slowly and finally passing peacefully away.
   Mr. Hove was married September 27, 1872 to Miss Annie Erensen (sic) who also came to this county from the same locality in Norway as Mr. Hove.  To this union six children were born, all of whom, as well as the wife, still survive to mourn the loss of a kind and loving father and husband.  The children are Peter, Ed, Martin, and Henry, all residing at home and Mrs. S. J. Severson of Minneapolis and Mrs. Web Brown of Fort Dodge, Iowa.  All were present at the funeral services which were held Wednesday of last week, conducted by Rev. C.J. Eastvold from the home and from Clear Lake-Ellsworth Lutheran Church.
  Mr. Hove was one of the most prominent and well-to-do farmers of southern Hamilton County.  He was a man beloved and respected by all his friends and neighbors and regarded as a good man, a good neighbor, and a good citizen.  He was a member of Clear Lake-Ellsworth church, and in his long life in the same community, had long come to be known to everyone as an upright Christian man.  His body was laid to rest in the Clear Lake-Ellsworth church cemetery.  Iver Hove, Benedict Olson, Omen Endreson, Nick Ragen, Ole Haugland and Gilbert Oppendahl, all close neighbors and life long friends of the deceased, acted as pall bearers.

~~~~~

DEATH ANNOUNCEMENT for Annie HOVE
Newspaper:  The Story City Herald, Roll 769-E, Thursday 1 Mar 1917, p1

Mrs. Annie Hove Died Here This Morning
Aged Lady Had Been Ill Only a Few Days
   Mrs. Annie Hove, a widow who lived in the northeast part of town, died at eight o'clock this morning.  Mrs. Hove has been sick for some time with a complication of diseases, but last Monday she was taken seriously ill and passed away peacefully this morning.
   The funeral services will be held on Monday at 12:30 at the home and one o'clock at Bethel Church.

OBIT for Annie HOVE
Newspaper:  The Story City Herald, Roll 769-E, Thursday 23 Mar 1917, p3

Mr. (sic) Anna Everson Hove
   Anna E. Hove was born at Tofte, Hallingdal, Norway, July 30, 1845 and died at her home in Story City on March 1, 1917, aged 72 years.
   As a ten year old child, she accompanied her father Even Evenson, from Hallingdal to Sogn, over mountains upon which snow never melts - a journey which she never forgot.  In 1870, at the age of 25, she made another journey, not over the mountains but over the billowy waves of the Atlantic to America.
   Here she met and was married to Mons Hove in 1872.  They settled on a farm several miles south of Stanhope, where they lived until the husband's death five years ago.  Mrs. Hove moved to Story City two years ago.  She was a member of Bethel congregation, having had a lively faith in her Savior from the time of her youth.
   Funeral services were conducted in the Bethel church on March 5, Rev. Paulsrud officiating.  Her remains were carried to their last resting place by her four sons and two son-in-law.
   Her surviving children are Peter, Martin, Edward and Henry of Stanhope, Mrs. S.J. Severs of Minneapolis and Mr. Brown of Fort Dodge.  Two sisters also survive, namely, Mrs. Julia Loitwood of North Dakota and Mrs. Brick Norheim of Chicago.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

AHA!  TO søstrer levde att etter Anna:

 

Mrs. Julia LOITWOOD of North Dakota

 

Mrs. Brick NORHEIM of Chicago, IL

 

So finn eg følgjande:

 

Hans P. LOITWOOD, fødd 5.2.1852, døydde i Traill Co., ND 13.12.1885

Julia LOITWOOD, fødd 18.12.1849(!), døydde i Minneapolis, MN 10.1.1922

Parfolket budde i Traill Co., ND - som me ser, so gjorde Julia seg yngre enn ho var!

 

Kanskje Hans P. Loitwood (Løtvedt?) kan identifiserast?

 

Brick NORHEIM greier eg ikkje identifisera so på "ståande fot"!!  Nokon tips?

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg la inn eit spørsmål på den norske Rootsweb-lista i Amerika om hjelp til å finna "Mrs. Brick Norheim of Chicago, IL", og har fått eit spennance svar:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

I don't think Brick makes any sense as a given name, but perhaps it is a typographical error for Erick.
So, following that line of reasoning, I went to familysearch.org and searched for an Erick Norheim living in Illinois in or near Chicago.  Low and behold, I find a marriage record for an Erick J. Norem who married a Lucy Howe in 1889.  He was born in 1861, and if Lucy is more or less the same age, then she could well be a sister to Anna Hove.
But not everything matches either, so this may not be the right person.

| Name: | Erick J. Norem |
| Event Type: | Marriage |
| Event Date: | 05 Dec 1889 |
| Event Place: | Kendall, Illinois, United States |
| Age: | 28 |
| Birth Year (Estimated): | 1861 |
| Father's Name: | Johannes Norem |
| Mother's Name: | Karo Olsen |
| Spouse's Name: | Lucy A. Howe |
| Spouse's Age: | 27 |
| Spouse's Birth Year (Estimated): | 1862 |
| Spouse's Father's Name: | J. Hoagen |
| Spouse's Mother's Name: | Ella Olsen |

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dersom dette er den "rette" huslyden, skulle altso Lucy vera ei dotter av Even Ellingson og Haldis Gautesdtter, men dette har eg visse vanskar med å forstå.  Derimot kan Howe-namnet vera ein peikepinn.

 

Dei ulike folketeljingane syner:

 

* 1900-teljingi: Lusci Norem, fødd mars 1861, utvandra 1884

* 1910-teljingi: Lucy Norem, 49 år (1861), utvandra 1892

* 1920-teljingi: Lucy Norem, 58 år (1861), utvandra 1881

* 1930-teljingi: Lucy E. Norem, 70 år (1860), utvandra 1891

* 1940-teljingi: Lucy E. J. Norem, 79 år (1861)

 

Her er dødsmeldingi til mannen Erik:

 

Name: Erick J. Norem Event Date: 11 May 1932 Event Place: Joliet, Will, Illinois Gender: Male Age: 71 Birth Year (Estimated): 1861 Birth Date: 17 Oct 1860 Birthplace: Norway Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Occupation: Ill Steel Foundry Spouse's Name: Lucy Leone Norem Burial Date: 14 May 1932 Burial Place: Troy, Will, Ill

 

Kven er so Lucy?

 

Utifrå dei opplysningane som no ligg føre, kan eg ikkje forstå at Lucy høyrer til i huslyden til Even Ellingson, men kanskje har eg oversett eitt eller anna?

 

Er det kanskje feil huslyd?  Men Howe-namnet tyder på eitt eller anna samband...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.