Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Manglande dødsdatoar i gravferdslister frå Bergen

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Hei!

 

Eg oppdaga at det i to ulike dødsfallsregistreringar i Digitalarkivet for Bergen kring 1860 mangla dødsdatoar i den digtale versjonen, til tross for at datoane er oppgjevne i dei originale kyrkjebøkene det vert referert til.  Sjå desse to, frå to ulike kyrkjesokn:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000777072

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000689871

 

Dette er vel ein feil som burde rettast opp?

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kristian Hunskaar (Arkivverket)

Hei!

 

Eg oppdaga at det i to ulike dødsfallsregistreringar i Digitalarkivet for Bergen kring 1860 mangla dødsdatoar i den digtale versjonen, til tross for at datoane er oppgjevne i dei originale kyrkjebøkene det vert referert til.  Sjå desse to, frå to ulike kyrkjesokn:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000777072

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000689871

 

Dette er vel ein feil som burde rettast opp?

 

Dine to lenker viser personer med rollen pårørande. Her er det ikke noen dødsdato, for det er jo ikke den pårørende som er død. For å få se dødsdatoen må du vise personen med rollen avdød. I dine to eksempler blir det personene Anne Thorgine Davids.* og Hans Andreas.

 

Begravelsesdatoen er knyttet til selve handlingen og vises i sammendraget av handlingsopplysningene, som inngår i personvisningene.

 

Spørsmålet er for øvrig flyttet til Spørsmål om transkribert materiale.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kristian for kjapt svar!

 

Eg forstår ikkje heilt "logikken" i systemet.  Eg meiner at dødsdatoen har LIKE STORT "krav" på å stå i basen som gravferdsdatoen, uansett kva søkekriterium som nyttast.  Rubrikken for dødsdato står i skjema, men er ikkje utfyllt, medan gravferdsdatoen står der!  Stundom kan det vera enklare å finna folk i basane om ein går inn gjennom pårørande i staden for personen sjølv, og om alle opplysningane då hadde stått der, ville det spart oss for ekstra tidbruk med fleire oppslag.  Slik systemet no fungerer, kan ein leiast til å tru at det ikkje finst nokon dødsdato i originalkjelda.  Om ein går attende til tidi før 1820, vil det jo i mange tilfelle ikkje finnast nokon dødsdato i det heile, og då nyttar me gravferdsdatoen "automatisk" UTAN å sjekka kva som finst i originalen...!

 

No har ikkje eg sjekka ut basane for fødde, men om det skisserte prinsippet vert følgt ogso der, vil ein med andre ord berre finna dåpsdatoane dersom ein går inn via foreldri!, på same vis som mange av FamilySearch-basane?  Det er jo fødselsdatoane dei fleste oss er interesserte i å finna!?

 

Eg veit ikkje om eg har greidd å uttrykka meg i "klare" termer om dette?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anette S. Clausen

I tilfellene du viser til så er dødsdatoen registrert, men den er registrert på personen som dør og ikke på handlingen. Likeledes vil det i dåpslistene stå dåpsdato på handlingen, mens fødselsdatoen er lagt på personen som er døpt.

 

Jeg er ikke helt sikker på om jeg forstår kritikken din. Er det at du må klikke deg inn på personene for å se ytterligere informasjon?

På de gamle søkesidene ble all informasjon vist med en gang, uten at du måtte klikke deg mellom de forskjellige personene og fra handlingsnivå til personnivå. Jeg skulle gjerne sett at vi fikk til noe slikt igjen,  men det forutsetter nytt design og oppsett på nettsidene og en del justeringer i administrasjonsgrensesnittet vi bruker for dataene. Så det er noe som i så fall ligger et godt stykke fram i tid.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anette for nytt innlegg!

 

Det ser ut til at du har forstått meg rett!

 

Skal me følgja argumentasjonen vidare, vil det da ogso seia at trulovingsdatoen ikkje er automatisk lesberr, men at ein berre vil finna vigselsdatoen?  No er det ikkje noko problem, for dei fleste av oss søker nettopp etter ein vigselsdato.

 

Me kan med andre ord seia at det er den KYRKJELEGE HANDLINGI som gjeld i basane dersom noko anna er søkt etter enn sjølve personen som vart fødd eller døydde.  Ein fødsel og eit dødsfall er i seg sjølv ikkje kyrkjelege handlingar, i motsetnad til ei vigsle...

 

Eg er ikkje nokon ekspert på datahandsaming, men eg forstår det er tale om eit "logistisk" problem å endra på dette og at det er for tidkrevjande og "vanskeleg" å få dette til på noverande tidspunkt.

 

Elles må eg få leggja til:  Då eg her om dagen var på leiting etter desse dødsdatoane, såg ikkje eg at eg kunne få fram datoane ved å klikka på talet heilt ut til venstre for hovudpersonen for å få dette til.  Eg bladde meg i staden møysommeleg gjennom originalprotokollane for å finna desse datoane og brukte minst ti minutter ekstra tid på det!  Kanskje eg er unntaket og at alle andre ville forstått dette med ein gong, men det er no ein gong slik, at me ikkje alle er like glupe....

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anette S. Clausen

Det var godt jeg forstod deg rett :-)

 

Dato for trolovelse vil stå på handlingsnivået da dette gjelder vigselshandlingen, på samme måte som dato for stadfestelse ved dåp og jordfestelse ved begravelse står på handlingsnivået. Men hvis det er oppgitt alder/fødselsdato/fødselsår for brudeparet, må du klikke deg inn på hver enkelt av dem for å finne den opplysningen.

 

Når det gjelder data transkribert fra kirkebøkene, som det var i dette tilfellet, håndterer vi det som kirkelige handlinger, dvs. dåp, vielse og begravelse, og ikke fødsel og dødsfall, dermed er det handlingens dato som gjelder. Det står noe om hvordan du navigerer i dataene på hjelpesidene våre, men vi kan absolutt bli enda flinkere å forklare hvordan du finner all informasjonen. http://arkivverket.no/arkivverket/Digitalarkivet/Hjelp/Treffliste-og-tabeller

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.