Aase R Sæther - Gloppen Skrevet Februar 18, 2015 Del Skrevet Februar 18, 2015 (endret) Vi ryddar hus, og finn 2 glas som vi gjerne skulle ha visst meir om. Glaset til høgre har påskrifta Bergensutstillingen 19.. og så er dessverre årstalet vekk. Tyngda tilseier at det er betydeleg yngre enn det andre. Rosemåla med porselensmåling? Glaset til venstre har kong Haakon sitt portrett og namn, men ikkje noko årstal, og ikkje noko fabrikkmerke e.l. Endret Februar 18, 2015 av Aase R Sæther - Gloppen Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/ Del på andre sider More sharing options...
Sigbjørn Sandsmark Skrevet Februar 18, 2015 Del Skrevet Februar 18, 2015 Spør "Google" etter Bergensutstillingen. Der fant jeg tilsvarende glass fra 1910. Får ikke til å lage lenke- Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650602 Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet Februar 18, 2015 Forfatter Del Skrevet Februar 18, 2015 Takkar for tipset! Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650604 Del på andre sider More sharing options...
Eli Randmo Skrevet Februar 18, 2015 Del Skrevet Februar 18, 2015 Det har vore fleire store utstillingar i Bergen, men etter den nasjonalromantiske dekoren å døma kan drikkeglaset til høgre vera laga i samband med landsutstillinga i Bergen i 1910. 380.107 4 L Landsutstillingen : 1910 : Bergen) Officiel fører og katalog for Landsutstillingen i Bergen 1910. - Bergen : Grieg, [1910] . - 87, 68 s. : ill., fold. kart Katalogen har oversyn over utstillarane, men ikkje bilete av produkta dei stilte ut. Katalogen er interessant i seg sjølv, som eit artig tidsbilete, og han gir oversyn over ein heil del lokale produsentar. På side 80 finn ein t.d.utstillar 702 Johannese, J. Gloppen som stilte ut hesteselar, fotballar, handkoffertar og rypesekk. 705 Lødøen, O.H. Hornindal stilte ut fiskemodellar og undervisningsmiddel for skular, medan 708 Tveranger N. frå Aurland viste fram aurlandssko. Med helsing Eli Randmo Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650605 Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet Februar 18, 2015 Forfatter Del Skrevet Februar 18, 2015 (endret) Interessant! Takk til deg og. Men ein "glas-kjennar" meiner glaset er for tungt til å vere frå 1910 - har vi fleire "Bergens-utstillingar" seinare? Endret Februar 18, 2015 av Aase R Sæther - Gloppen Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650632 Del på andre sider More sharing options...
Torbjørn Igelkjøn Skrevet Februar 18, 2015 Del Skrevet Februar 18, 2015 Det skulle ha vore interessant å vite lenkene i #2 og #4. Her er noko av det eg finn ved å google Bergensutstillingen 1910: http://webcache.googleusercontent.com/search?q=cache:VQdiUkK4cDMJ:hordaland.kulturnett.no/delving/search/item/DHS/DHS.30720+&cd=4&hl=no&ct=clnk&gl=no Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650666 Del på andre sider More sharing options...
Gunnar Sigdestad Skrevet Februar 18, 2015 Del Skrevet Februar 18, 2015 Bergensutsilling i 1928 òg... Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650667 Del på andre sider More sharing options...
Richard Johan Natvig Skrevet Februar 18, 2015 Del Skrevet Februar 18, 2015 Ja nettopp: “Landsutstillingen i Bergen 1928”. Kan anbefale boka Utstillingsbyen: utstillinger og store arrangement i Bergen, red. av Johan Fredrik Kroepelien (Bergen 2009). Av innholdet bl.a.: Frode Ulvund: "De store udstillinger er børn av vor tid" Bergensutstillinga 1898; Stein Tore Davidsen: Landsutstillingen i Bergen 1910. Reiselivet rundt 1900; og Sissel Hamre Dagsland: Landsutstillingen i Bergen 1928. Jeg har lånt boka en gang og husker det var bilder av glass og andre suvenirer fra utstillingene, men kan ikke huske om dine glass var avbildet. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650672 Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet Februar 18, 2015 Forfatter Del Skrevet Februar 18, 2015 Kva med 40-talet, var det Bergensustilling då? Ved nærare gransking kan det sjå ut som tal-resten som kjem etter 19.. høyrer til på eit 4-tal. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650674 Del på andre sider More sharing options...
Eli Randmo Skrevet Februar 18, 2015 Del Skrevet Februar 18, 2015 380.107 4 U Utstillingsbyen . - Bergen : Bodoni, 2009. - 216 s. - ISBN 978-82-7128-532-6 Boka omtalar fleire store utstillingar i Bergen, men berre utstillingane frå 1898, 1910 og 1928 blir kalla Landsutstilling. Den Internasjonale fiskeriutstilling : 1865 : BergenHavebruksutstillingen : 1910 : Bergen Landsutstillingen : 1898 : Bergen Landsutstillingen : 1910 : Bergen Landsutstillingen : 1928 : Bergen Motorutstillingen : 1907 : Bergen Norges varemesse : 1927 : Bergen Norges varemesse : 1940 : Bergen Norges varemesse : 1948 : Bergen s. 61, bilete av suvernirar frå Bergensutstillinga i 1898, 3 glas, 2 koppar og 1 fat. s. 109, bilete av suvernirar frå 1910, 3 glas, ser ut til å ha gravert eller trykt mønster s. 152, bilete av suvernirar frå 1928, 4 kaffikoppar (reklamekoppar, 1 fat, 2 papirknivar, 1 glas og 1 blomstervase Ingen av glasa liknar på dei Aase har lagt ut bilete av. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650681 Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet Februar 18, 2015 Forfatter Del Skrevet Februar 18, 2015 (endret) Takk for endå meir utfyllande! Merk at Kong Haakon-glaset ikkje har noko tilknyting til Bergen - dei er berre naboar på bildet. Eg skal prøve å få eit betre bilete av konge-glaset, så kan ein kanskje sjå kva fotografi det er laga etter. Endret Februar 18, 2015 av Aase R Sæther - Gloppen Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650684 Del på andre sider More sharing options...
Torbjørn Igelkjøn Skrevet Februar 19, 2015 Del Skrevet Februar 19, 2015 (endret) Det er iallefall snakk om ein ung Haakon. Han liknar på slik han såg ut f. eks. på dette biletet frå 1906, så det er vel rimeleg å tru at glaset er laga kort tid etter unionsoppløysinga. Endret Februar 19, 2015 av Torbjørn Igelkjøn Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650725 Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet Februar 19, 2015 Forfatter Del Skrevet Februar 19, 2015 Ja - eg fann nettopp fram til dette bildet sjølv også. At "kontrafeiet" på glaset er kopiert frå eit bilde er vel tvillaust, og hårlokken på kongens for oss høgre side, er ikkje alltid like kraftig - men på både glaset og dette bildet er han ganske utprega. Og kroninga ville vere eit godt tidspunkt for å produsere eit slikt glas. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650730 Del på andre sider More sharing options...
Sigbjørn Sandsmark Skrevet Februar 19, 2015 Del Skrevet Februar 19, 2015 Hei Aase,har du fremdeles E adressen min ? I såfall,vil du sende meg 3ord så jeg får din ? Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650778 Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet Februar 19, 2015 Forfatter Del Skrevet Februar 19, 2015 Ser dårleg ut - men mi er a-rysskrøllalfaonline.no Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/195187-drikkeglas-sp%C3%B8rsm%C3%A5l/#findComment-1650780 Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå