Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Ein svenskenøtt av dimensjonar: Kven var Augusta (Mrs. Charles) Siverson, f. Andersson i San Francisco, CA (1863-1919)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det er ikkje til å tru!  Hjarteleg takk til Sven for ein overraskande og fantastisk kjekk dato å føya til i manuskriptet mitt!

 

No er dette kapitlet 100% komplett:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Karl Johan Christopherson Offerdal, kjend som Charles J. Siverson, f. i Bergen 10.12.1868, utvandra til Amerika i 1886, men var sidan heime på vitjing for på ny å utvandra i 1891.  Han gifte seg I San Francisco, Cal. 14.10.1897 med Augusta Albertina Andersdotter frå Kärrarp i Ekeby, Östergötlands län i Sverige, i Amerika kjend som Augusta Anderson.  Ho var dotter av paktar Anders Persson i Kärrarp, Ekeby i Östergötlands län, opphavleg frå Åsbo i Östergötlands län, og kona Anna Sofia Gustafsdotter, òg frå Åsbo i Östergötlands län.  Augusta var f. i Åsbo, Östergötlands län 25.3.1863, men flytte i 1882 til Västra Ny og utvandra so til Amerika i 1885.  Charles og Augusta busette seg i San Francisco, San Francisco Co., Cal. der Charles livnærte seg som handelsagent eller handelsreisande, først i kaffe og andre matvarar og sidan i maskinutstyr (”travelling salesman in coffee, groceries and machinery”).  Augusta d. i San Francisco, Cal. 23.3.1919.  Charles flytte sidan til Oakland, Alameda Co., Cal. og var òg ein tur heime på vitjing i 1926, men fór same året på ny til Amerika og d. i San Francisco, Cal. 22.9.1943.  Charles og Augusta fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Men du, Sven, eg har ei tilleggsutfordring til deg:  Greier du kanskje denne vigsli i San Francisco, CA ogso, søsteri til Charles:

 

George Paul RUPP, fødd i Tyskland 7.8.1860, og

Anna Marie Caroline SIVERSON, fødd i Bergen 9.7.1861

 

skal vera vigde i San Francisco, CA kring 1888

 

Eg takkar igjen for kjempeflott hjelp!

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje ord...  Hjarteleg takk, Sven, for å ha gjort dette til ein skikkeleg fin dag!  Eg er imponert og har ingen fleire spørsmål om denne Siverson-ætti!

 

Problemet er løyst med 110%!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er heilt samd med deg, Ann-Mary, og det er langt frå første gongen at eg er imponert over Sven!  Men so lyt eg føya til, at eg òg er mektig imponert over deg, Ann-Mary!

 

Og so vil eg gjerne få oppfordra dykk til å ta ein titt på det andre emnet eg la ut i ettermiddag om Ingebrigt Pederson Melheim og ei anna Augusta Andersson frå Sverige (http://forum.arkivverket.no/topic/195330-ingebrigt-pederson-melheim-1863-og-den-svenske-kona-augusta-1877-fr%C3%A5-christiania-til-cleveland-oh-i-1906-lagnaden-deira/)...  Eg som trudde problemet kring Augusta Anderson i San Francisco, CA ville verta so mykje verre å finna svar på...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.