Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils Ingebrigtsen "husmann" i Lien, Årstad sokn i Bergen (1699-1772) - gift minst tre gonger! - kven var han og konene hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Databasen over avlidne i Bergen syner denne innførsli:

 

Niels Ingebrethsen

m

73 

fra Lien

Mai 14 1772

SJ

 

Her er dødsfallet til ei som truleg var første kona hans:

 

Christense Hansdaater

k  

Niels Engelbretsen af Lien

304 1755

SJ

 

Mellom borni deira:

 

690 Mai 08 1737 KK fra Solemslien

24429 Barn Christence  

24430 Far Niels Ingebrichsen

24431 Mor Christence Arnisdtr

 

34395 Jan 10 1740 DK ved Stranden indenfor Damsgaard

101404 Barn   Birte  

101405 Far fisker Niels Ingebrigtsen

101406 Mor   Christence Arentsdtr

 

34396 Jan 10 1740 DK ved Stranden indenfor Damsgaard

101407 Barn   Dorthe  

101408 Far fisker Niels Ingebrigtsen

101409 Mor   Christence Arentsdtr

 

3759 Aug 08 1751 AA 

158316 Barn   Ole  

158317 Far i Lien Niels Engelbretsen

 

Her er dødsfall til to søner:

 

Arne Nielsen*

m  

Niels Engelbretsen hans søn udi Solemsvigen

Okt 21 1749 SJ

 

Ole Nielsen*

m  

Niels Engelbretsen hans søn fra Lien

Okt 25 1749 SJ

 

Her er so neste vigsli til husmann og enkjemann Nils Ingebrigtson og "pige" Birtha Jansdotter i Domkyrkja i Bergen 24.6.1757: (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8640&idx_id=8640&uid=ny&idx_side=-38)

 

Her er so dødsfallet til denne kona:

 

Brithe Jensdaatter

k

Niels Ingebretsens kone i Lien

Okt 25 1763 SJ

 

Eg har ein mistanke om at denne Britha Jensdotter kan vera frå Elvetun i Hafslo og døypt der 4.11.1721.  Ho var i 1753 framleis ugift, men hadde ei søster Ingeborg som flytte til Bergen i 1750-åri, og denne Britha søster hennar var avlidi før 1778 utan å etterlata seg born!  Eg kan ikkje sjå at Britha Jensdotter døydde i Hafslo, MEN dødsfallslistene er ufullstendige...!

 

So finn eg neste vigsli til Nils Ingebrigtson Lien (originalen finn eg ikkje, berre innførsli i databasen på Digitalarkivet):

 

Niels Ingebretsen Lien

Randi Ingebretsdaatter Lien

enkemand pige  

Apr 16   Jul 1766 SJ

 

Kan dette vera denne siste kona hans?

 

(NN)

k

72

Niels Engebrethsens kone af Fløen Apr 12 1780 SJ

 

Er det mogeleg å identifisera Nils Ingebrigtson og desse konene hans?  Interessa mi er sjølvsagt i første rekkje knytt til Britha Jensdotter og kven ho var!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Niels Ingebretsen Lien

Randi Ingebretsdaatter Lien

enkemand pige  

Apr 16   Jul 1766 SJ

 

Nederst venstre side: 

Bergen fylke, St. Jørgens Hospital, Ministerialbok nr. A 1 (1743-1765), Ekteviede 1766, side 90. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8742&idx_id=8742&uid=ny&idx_side=-91
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070418610628.jpg

 

Venstre siden:

Kildeinformasjon: Bergen fylke, St. Jørgens Hospital, Ministerialbok nr. A 2 (1766-1814), Kronologisk liste 1766, side 2. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8743&idx_id=8743&uid=ny&idx_side=-4
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070418610705.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nyttige og spennande innlegg!  Eg meiner eg var inne på den eine av desse sidene, men fann ikkje denne vigsli!

 

Men det vert vel ikkje so lett å finna ut noko meir om desse folki, med mindre dei skulle dukka opp i skifte?

 

Eg vil senda spørsmål til Arkivforum om dette.  Dersom det er den "rette" Britha Jensdotter, hadde ho arv frå Hafslo, og det bør vera eit skifte etter ho...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kenneth Bratland

Nils Ingebrigtsen Solheimneset gift 2. juli 1736 i Fana med Kristense Arnesdtr.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kenneth for eit interessant innlegg!

 

Nils Ingebrigtson ser ut til å vera heimehøyrande i Solheimsviki, men kanskje Christenca er frå Fana?

 

Kanskje dette er Randi Ingebrigtsdotter, døypt i Kvinnherad 22.3.1722 av far Ingebrigt Vierson?

 

(http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11551&idx_id=11551&uid=ny&idx_side=-49)

 

Eg vonar at Statsarkivet i Bergen finn noko meir "handfast" om huslyden, men takkar endå ein gong so mykje for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi.  Eg har stor tru på at andre kona til Nils Ingebrigtson Lien verkeleg var frå Hafslo og har sett opp følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Britha Jensdotter, døypt i Hafslo 4.11.1721, budde framleis i Hafslo i 1753.

Bertha Jensdotter flytte visstnok kring 1755 til Bergen og er truleg identisk med ho som gifte seg i Domkyrkja i Bergen 24.6.1757 med enkjemannen Nils Ingebrigtsen, truleg frå Solheimsviken i Årstad.

 

##### (opphavet hans?)

 

Han var f. kring 1699 og gifte seg første gongen i Fana 2.7.1736 med ei Christenca Arnesdotter, truleg f. i Fana kring 1712.

 

##### (opphavet hennar?)

 

Ho vart gravlagd frå Lien i Årstad 30.4.1755.  Nils var visstnok husmann og budde i Lien i Årstad, og derifrå vart Bertha gravlagd 25.10.1763.  Nils gifte seg so ?.7.1766 tredje gongen i Årstad, Bergen

 

##### (finst det ein nøyaktig dato?)

 

med ei Randi Ingebrigtsdotter av ukjent opphav.

 

##### (opphavet hennar?)

 

Ho var f. kring 1708, men hadde ikkje vore gift før.  Nils og Randi vart buande i Lien i Årstad og derifrå vart Nils gravlagd 14.5.1772.  Randi flytte sidan til Fløenbakken i Årstad, og derifrå vart ho gravlagd 12.4.1780.  Nils fekk minst seks born, men dei var alle frå første ekteskapet hans.  Det levde ikkje att born etter Bertha Jensdotter.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Er det mogeleg å finna ut noko meir om Nils Ingebrigtson og desse ektemakane hans?

 

Kan Nils vera frå Bjørndal i Hamre og døypt der 2.4.1705?

 

Name: Nils Ingebretsen

Gender: Male

Christening Date: 02 Apr 1705

Christening Place: HAMRE,HORDALAND,NORWAY

Father's Name: Ingebret Biondal

 

(Dette konkrete spørsmålet vert handsama i eit nytt tema: http://forum.arkivverket.no/topic/197256-bygdebokoppslag-hamre-i-hordaland-bj%C3%B8rndal-kring-1700/)

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Nils Ingebrigtsen, truleg frå Solheimsviken i Årstad.


 


##### (opphavet hans?)


 


Han var f. kring 1699 og gifte seg første gongen i Fana 2.7.1736 med ei Christenca Arnesdotter, truleg f. i Fana kring 1712.


 


##### (opphavet hennar?)


 


Ved giftermålet i Fana i 1736 står det at Nils og Christenca ble trolovet året før, men så langt har jeg ikke funnet trolovelsen. Mulig øynene mine svikter. Tenkte kanskje de som var "forlofere" kunne gi oss et lite hint mht brudens opphav....!


 


Ellers har jeg sett litt på fadderne til datteren Christence, som ble døpt i Korskirken i 1737:


http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006195870


 


To av fadderne heter Karen Arendtsdatter og Arne Olsen. Men dette kan være helt tilfeldige personer. Det ser ut som kirkebøkene for Fana starter i 1712, og jeg finner ingen Christence døpt der. En Arne Krokeide har en datter Kari til dåpen i Fana i 1712, men det behøver ikke å ha noe med dine folk å gjøre:


http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000000962313


 


Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg!

 

Det er heilt klart at du kan vera inne på noko her, Grethe!  Eg veit ikkje, men det ville jo ikkje skada å sjekka bydeboki for Fana under garden Krokeide for å sjå om Arne Krokeide ogso hadde ei dotter Christenca!?

 

No ser eg noko svært so spennande:  Manntalet frå 1701 for Fana har FIRE personar med namn Arne Olson, men det er vel berre to av dei som i alder kan høva med far hennar Christenca, dersom namnet hans var Arne Olson.  Ein av dei var ein oppsitjarson på Øvre Totland, medan hin var oppsitjarson på SOLEMSLIEN!  Og ser me nærare på Solemslien i 1701, so var denne Arne Olson på 18 år son av ei enkje Christen(ca?) Hansdotter (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1701sba&gardpostnr=623&merk=623#ovre)!

 

So er spørsmålet:  Er Solheimslien med i Fana bygdebok?  Det må vel ha vore noko nær siste gard i dåverande Fana mot bygrensa til Bergen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg har funnet bygdeboka for Fana, bind 2, på bokhylla.no og der får jeg treff på Solheim. Men selve gården er ikke omtalt i bygdeboka. 

 

Under Totland Øvre, bruk 2 (side 433) er det nevnt en Ola Arneson, s. t. f. 1680-årene til ca 1702. G. m. Sigrid Olsdatter. Barn: Arne, s. n., Ola og Lars b. p. Samdal. Sisilia b. p. Fantoft. Enka Sigrid hadde bruket til ca 1707. 

 

Arne Olsen s. t. f., 1708-43. D. 1743, 62 år gammel. Gift med Gjertrud Larsdatter Samdal, d. 1746, 74 år gammel. "Millom borni av Ola, s. n., Lars b. p. Ytre Midtun, Johanna, b. p. Ulsmåg."

 

s. t. f. = son til førenemnde 

s. n. = sjå nedanfor

b. p. = budde på

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Etter at eg oppdaga Arne Olson i Solheimslien i 1701 med mori Christen(ca?), er eg nesten overtydd om at det dreier seg om far/bestemor til Christenca Arnesdotter, og sjølv om Arne Olson på Totland fekk born om lag på same tid, ser eg at kona hans heitte Gjertrud, eit namn som heller ikkje finst i oppkalling hjå borni hennar Christenca...

 

Det er berre so synd at Solheim/Solheimslien iokklje er omskrivne i Fanaboki!  Kanskje vil me aldri få noki endeleg stadfesting på opphavet hennar Christenca, men sannsynleg er det i alle fall at ho var frå Solheimslien...

 

Eg takkar på ny so mykje for alle nye tankar kring denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg ser at de øvrige barna til Nils og Christence ble døpt i Domkirken i Bergen. I 1733 og 1734 ser jeg en Christence som er fadder ved to barnedåper:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006109863- dåpen til Karen, datter av konstabel Berent Simonsen og Dorthe Arnesdatter 

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006111722 

 

Christence Arnesdatter er også fadder i 1741:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006122443

 

Så er hun vel mor til tvillinger (?) i 1740:

 

Birte 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006120479

 

Dorte

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006120487

 

Som faddere på Dorte ser jeg Karen Arentsdatter og Martha Arentsdatter.

 

Martha Arnisdatter er også fadder i 1738 på jenta Karen, datter av konstabel Berent Simonsen og Dorthe Arnesdatter. http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006118089

 

I 1745 er Karen Arnesdatter fadder på Birte, datter av fisker Berent Simonsen og Dorte Arnesdatter:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006129529

 

Karen er også fadder i 1746:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006130904

 

______________________________________________________________________________________________________________

 

Her er dåpen til Nils Engelbretsens sønn Ole i 1751 - med faddere: 

Bergen fylke, St. Jørgens Hospital, Ministerialbok nr. A 1 (1743-1765), Kronologisk liste 1751, side 21. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8742&idx_id=8742&uid=ny&idx_side=-21
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070418610558.jpg

 

Men se like under dåpen 8. august, der synes jeg det står at 9. august ble Niels Engelbretsen dødfødte barn begravet fra Lien. 

 

Jeg begynner nå å lure på om Karen, Martha, Dorthe og Christence muligens kan være søstre...??? Eller om det er helt tilfeldig at disse damene har samme patronym og opptrer i hverandres barnedåper. 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

"So finn eg neste vigsli til Nils Ingebrigtson Lien (originalen finn eg ikkje, berre innførsli i databasen på Digitalarkivet):

 

Niels Ingebretsen Lien

Randi Ingebretsdaatter Lien

enkemand pige  

Apr 16   Jul 1766 SJ"

 

Bergen fylke, St. Jørgens Hospital, Ministerialbok nr. A 1 (1743-1765), Ekteviede 1766, side 90, nederst venstre side:
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8742&idx_id=8742&uid=ny&idx_side=-91
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070418610628.jpg

 
Den ene forloveren var Lars Nilsen, som bodde på Lien. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.