Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Jørgen Sanderson Urnes - Tangen (1674-1760) i Årdal og huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet tek dels utgangspunkt i tema frå 2011 starta av Terje Tandsether: http://forum.arkivverket.no/topic/173939-margrete-sandersdatter-1680-1735-aardal-i-sogn-gift-to-ganger-hvem-var-faren/?hl=%2Bj%C3%B8rgen+%2Bsanderson#entry1491552og dels i opplysningar som eg har samla i samband med manuskriptarbeid for Gards- og Ættesoga for Luster kommune.

 

Det gjeld denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jørgen Sanderson Tangen, frå Sagi i Kinsedalen under Urnes,

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka dette? – er nok son av Sander Robertson Finlas frå Bergen, som 1657 tok borgarskap som kiper i Bergen, var i 1668 og utover gjestgjevar på Vangsnes – vart sidan sagemeister i Kinsedalen, Hafslo – broren hans var David Robertson Finlas på Balholmen (1625?-1700) – søster av Jørgen: Margretha Sandersdotter – gift to gonger i Årdal!)

 

     var f. på Vangsnes i Balestrand kring 1674 og gifte seg kring 1698 med Anna Aamundsdotter frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

     Ho var f. kring 1678.  Jørgen og Anna var gardbrukarar på dette bruket på Urnes frå kring 1700 og fram til kring 1706.

 Jørgen Sanderson og kona Anna flytte kring 1706 til Årdal og busette seg visstnok som husmannsfolk på Tangen der Anna d. 30.12.1758.  Jørgen Sanderson d. same staden 17.1.1760.  Det ser ut til at dei minst fekk desse åtte borni i lag:

 

¤¤¤¤¤ (sjekka om dei kanskje hadde fleire?)

 

a. Hans Jørgenson, f. Hafslo kring 1700, flytte med foreldri til Årdal og d. på Tangen i Årdal 11.7.1760.  Hans gifte seg i Årdal 29.1.1730 med Martha Pedersdotter frå Øyane under Rikheim i Lærdal, f. der kring 1696.  Ho d. visstnok på Tangen 9.10.1763.  Hans og Martha budde som plassfolk på Tangen i Årdal og fekk

 

     ¤¤¤¤¤ (kor mange born fekk dei? – inkl..:

            - Robert Hansson (1726-1803), vart husmann på Sandvikøyri under Sandviki i Luster (s.d.).

            - Gunnhild Hansdotter, døypt i Årdal 19.10.1732, gifte seg i Årdal 9.7.1753 med Rasmus

               Torkildson Bergo, son av Torkild Rasmusson frå Berget i Lærdal (1692-1782) og kona

               Britha Abrahamsdotter – Gunnhild og Rasmus enda i Nærøyfjorden?

            - Jørgen Hansson, gift 1755 med Ragnhild Stenersdotter frå ein plass under Øvstetun –

               busette Tangen – plassfolk 1762 – sidan under Prestegarden)

 

b. Trond Jørgenson, f. i Hafslo ?.10.1702, vart gravlagd i Årdal 11.12.1711.

c. Christen Jørgenson, f. i Hafslo våren 1705, vart gravlagd i Årdal 11.12.1711.

d. Sander Jørgenson, f. i Årdal kring 1707,

 

     ¤¤¤¤¤ (arbeidde på verket fram til 1734 – lagnad? – Knut Bryn reiser tvil om denne Sander har eksistert!?)

 

e. Martha Jørgensdotter, f. Årdal kring 1709, d. ugift i Årdal 16.3.1756.

f. Gulbrand Jørgenson, døypt i Årdal 2.12.1714,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

g. Cathrina Jørgensdotter, døypt i Årdal 10.10.1719, d. i Årdal 12.12.1790.  Cathrina gifte seg i Årdal 30.10.1747 med Roland Andersson frå Sva under Nattviki i Årdal.  Han vart døypt 11.2.1720 og d. i Årdal 1.3.1755.  Roland og Cathrina var husmannsfolk i Hola under Hovland i Årdal og fekk to døtrer i lag, mellom anna denne dotteri:

     - Anna Rolandsdotter (1752-1837), vart gift med husmann Erik Halvorson i Hola under Hovland (1742-1816), opphavleg husmannsson frå Vågen under Kroken i Hafslo (s.d.).

h. Christen Jørgenson, døypt i Årdal 29.6.1721, vart gravlagd i Årdal 7.9.1721.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Spørsmåli mine om denne huslyden gjeld i første rekkje lagnadane til dei to sønene Sander (om han i det heile eksisterte?) og Gulbrand.  Dei flytte i alle fall ikkje attende til Hafslo!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i dag å henta fram att dette emnet, som har lege i «dvale» dei siste to åri, bortsett ifrå at eg på eige hand har samla nokre tilleggsopplysningar som gjer at manuskriptet mitt no ser ut som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Nye opplysningar er tilkomne, og manuskriptet er erstatta av eit nytt i innlegg #6 nedanfor!

 

Dei store utfordringane som no står att her, gjeld sønene Sander og Gulbrand, den første om han i det heile har «eksistert», og hin om kvar han kan ha vorte av?  Den heilt store voni om «gjennombròt» har eg ikkje, men ein veit aldri kva ekspertisen i Brukarforum kjem med av overraskingar...

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Jeg har disse tilleggsopplysningene:

 

1. Jørgen var hverken ansatt eller antatt som arbeider ved Årdal kopperverk, men han hadde nok noen småjobber eller oppdrag. Han dukker nemlig opp i regnskapene nå og da i alle fall i 1709, 1711, 1712, 1713 og 1717. I 1726 ble han for øvrig stevnet for tyveri av materialer fra en av verkets bordstabler på Tangen, men det ser ut til at dette ble gjort opp på kammerset.

 

2. Sander Jørgensen ser jeg ingen sikre spor etter. Jeg hadde ham riktig nok som en av Jørgens barn en stund fordi vi i kirkeboka finner dåpen av "Sander Jørgens Søn nom. Christen" i 1721. Senere fant jeg imidlertid introduksjonen av "Sander-Jørgens Qvinde". Jeg mener dette sier oss at Jørgen ble kalt "Sander-Jørgen" i dagligtale og at denne Christen som ble døpt i 1721 er Jørgens sønn. Dette stemmer bra med at vi et par måneder senere finner begravelsen av "Christen Jørgensøn, 7 Uggr."

Jeg må også nevne at jeg i en oversikt over utestående som Årdal kopperverk hadde i 1734, har et navn som kanskje tydes som "Sanders Jørgensen". Så vidt jeg husker var dette dokumentet - som jeg i sin tid skrev av - ikke et originaldokument, men en avskrift som ble foretatt av noen funksjonærer noen år senere. Hvis det har stått "Sanders Jørgen" e.l., kan dette ha blitt misforstått. Verkets regnskaper fra 1730-tallet er dessverre ganske mangelfulle.

 

3. Martha Jørgensdatter som døde i Årdal 16. mars 1756, var ikke ugift. Det finnes skifte etter henne datert 27. april samme år (https://media.digitalarkivet.no/view/24138/219). Martha var g.m. Ingebrigt Jacobsen og de hadde den 9 år gamle sønnen Jacob. SKiftet ble tatt opp på Holen under Lægreid. At dette er riktig Martha tyder oversikten over gjelden på. Blant kreditorene var nemlig Hans Jørgensen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Jeg vil legge til litt om sønnen Hans:

 

4. På 1720-tallet bodde Hans Jørgensen ikke på Tangen, men lenger ut i fjorden. Dette ser vi av at han i 1726 er omtalt som "Hans Jørgensøn Barmol". Dessuten var han i perioden 1720-1724 flere ganger var fadder for folk mellom Hovland i Årdal og Vindedalen i Lærdal. Flere av dem var for øvrig knyttet til sagene der, så kanskje har han vært sagdreng?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for nye spennande - og utfordrande - innlegg!

 

Eg ser no argumenti dine for at det truleg ikkje var nokon son Sander i denne huslyden.  Eigentleg underleg, for det hadde vore naturleg å kalla opp bestefaren, men om dei so gjorde, kan han ikkje ha gjort seg «bemerka» i Årdal...

 

Elles var det svært bra å få «på plass» opplysningar om Martha Jørgensdotter og ekteskapet hennar.  Og då ser eg me kjem borti ei ny stor utfordring: Ingebrigt Jacobson!  Sovidt eg kan sjå, var Ingebrigt gift heile fire gongar, men han ser ut til å «forsvinna», og eg ser ikkje stort til borni hans heller.  Eg har oppdatert manuskriptet frå innlegg #3 i dette nye manuskriptet og vonar at kanskje nokon kan greia finna ut litt meir om Ingebrigt?

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Jørgen Sanderson Tangen, frå Sagi i Kinserdalen under Urnes, var f. på Vangsnes i Balestrand kring 1674, men gifte seg nok i Hafslo kring 1698 med Anna Aamundsdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå garden, men sjå Åsen.  Ho var f. kring 1678.  Jørgen og Anna var gardbrukarar på dette bruket på Urnes frå 1700 og fram til kring 1707.

Kremmaren på Tangen i Årdal, Dominicus Berntson Nagel frå Kroken (1643-1704), døydde frå kremmarverksemdi i 1704, og i 1706 stilte styresmaktene spørsmål om det var naudsynt å halda fram med kremmarverksemd på Tangen.  Truleg har kremmarenkja Maren Hansdotter Ørbech då bede Jørgen Sanderson om å flytte dit for å hjelpa oppretthalda handelsverksemdi.  Jørgen og kona Anna flytte i alle fall kring 1707 til Tangen og vart buande der levetidi ut.  Anna d. på Tangen 30.12.1758, medan Jørgen Sanderson d. same staden 17.1.1760.  Det ser ut til at dei minst fekk desse åtte borni i lag:

 

¤¤¤¤¤ (sjekka om dei kanskje hadde fleire?)

 

a. Hans Jørgenson, f. Hafslo kring 1700, flytte med foreldri til Årdal og d. på Tangen i Årdal 11.7.1760.  Hans gifte seg i Årdal 29.1.1730 med Martha Pedersdotter frå Øyane under Rikheim i Lærdal, f. der kring 1696.  Ho d. visstnok på Tangen 9.10.1763.  Hans og Martha budde i yngre år på Bermål under Offerdalen, men flytte sidan som plassfolk til Tangen i Årdal.  Dei fekk tre born i lag, mellom anna desse to:

- Robert Hansson (1726-1803), vart husmann på Sandvikøyri under Sandviki i Luster (s.d.).

- Gunnhild Hansdotter (1732-1790), vart gift med husmann Rasmus Torkildson på ein plass under Styvi i Aurland (1728-1789), som ei tid var husmann på Skophammar under Kroken i Hafslo (s.d.).

b. Trond Jørgenson, f. i Hafslo ?.10.1702, vart gravlagd i Årdal 11.12.1711.

c. Christen Jørgenson, f. i Hafslo våren 1705, vart gravlagd i Årdal 11.12.1711.

d. Sander Jørgenson, f. i Årdal kring 1707,

 

     ¤¤¤¤¤ (arbeidde på verket fram til 1734 – lagnad? – Knut Bryn reiser tvil om denne Sander har eksistert!?)

 

e. Martha Jørgensdotter, f. Årdal kring 1709, d. som husmannskone i Hola under Lægrid i Årdal 16.3.1756.  Martha gifte seg i Årdal 2.11.1746 med enkjemannen Ingebrigt Jacobson, opphavleg frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – kan det vera den Ingebrigt Johansen som d. i Årdal 5.5.1768 – 70 år?)

 

     Ingebrigt gifte seg første gongen i Årdal 25.11.1731 med Anna Knutsdotter

 

     ¤¤¤¤¤ (opplysningar?)

 

     So gifte han seg andre gongen i Årdal 8.12.1743 med Kari Kjeldsdotter

 

     ¤¤¤¤¤ (oppl.?)

 

     og som enkjemann på ny gifte han seg tredje gongen i Årdal 14.11.1756 med Gjertrud Sjursdotter

 

     ¤¤¤¤¤ (oppl.?)

 

     Ingebrigt Jacobson var husmann i Hola under Lægreid i Årdal

 

     ¤¤¤¤¤ (budde der framleis 1763 – flytte han til Bergen??)

 

     Ingebrigt fekk i alt

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Guri, døypt Årdal 10.2.1732 – konf. 1751 – gift 1760 med Paul Andersson – til Bergen 1768!

            * Ingrid, døypt Årdal 30.1.1735

            * Jacob, døypt Årdal 3.4.1740

            * Inga, døypt Årdal 28.10.1742

            * Britha, døypt Årdal 25.3.1747

            * Jacob, døypt Hola, Årdal 3.11.1748 – n. 1756

            * NN, f. Årdal 23.4.1757

            * Martha, f. Årdal 22.12.1758

            * Rønnaug, f. Årdal 23.8.1762)

 

     av dei var to born frå tredje ekteskapet med Martha Jørgensdotter.

f. Gulbrand Jørgenson, døypt i Årdal 2.12.1714,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

g. Cathrina Jørgensdotter, døypt i Årdal 10.10.1719, d. i Årdal 12.12.1790.  Cathrina gifte seg i Årdal 30.10.1747 med Roland Andersson frå Sva under Natvik i Årdal.  Han vart døypt 11.2.1720 og d. i Årdal 1.3.1755.  Roland og Cathrina var husmannsfolk i Hola under Hovland i Årdal og fekk to døtrer i lag:

- Martha Rolandsdotter (1747-1790), vart gift med husmann Ellend Knutson i Haugen under Lægreid i Årdal (1749-1803), som sidan gifte seg att med husmannsdotteri Ingeborg Rasmusdotter frå Styvi i Aurland (1753-1838), dotter av husmann Rasmus Torkildson på ein plass under Styvi (1728-1789); han hadde ei tid vore husmann på Skophammar under Kroken i Hafslo (s.d.).

- Anna Rolandsdotter (1752-1837), vart gift med husmann Erik Halvorson i Hola under Hovland (1742-1816), opphavleg husmannsson frå Vågen under Kroken i Hafslo (s.d.).

h. Christen Jørgenson, døypt i Årdal 29.6.1721, vart gravlagd i Årdal 7.9.1721.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden og vonar på fleire «gullkanta» innlegg!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Jeg ser av bygdeboka for Lærdal, bd. III, s. 295 at en Jacob Ingebrigtson var husmann på en plass under Prestegarden og legger merke til at han var 53 år gml. i 1801. Dette stemmer jo godt med den Jacob ovenfor som var døpt i Årdal 1748. Det gjør en opplysning på s. 448 i samme bok interessant: På skiftet etter Ivar Jakobson Færestad i 1782 var det ei "setestove" (bustadhus) og eit fjøs, 4 kyr, 1 hest og 12 smalar. Arvinga var systeri Guri Jakobsd. Sæltøyni og Jakob Ingebrigtson, son til Ingebrigt Jakobson, ein halvbror til Ivar".

 

Nå kan det se ut som om den her aktuelle Ingebrigt Jacobson bare hadde én livsarving. Dette ville passe dårlig med den Ingebrigt som var g.m. Martha Jørgensdotter. Men en kikk i skifteprotokollen fra 1782 (fol. 41a) viser at den gode Alfred Espe her har slurvet litt. I skiftet står det nemlig: Halvbroderen Ingebrigt Jacobsen ???? og opholder sig j Bergen paa hvis Veigne, møtte Sønnen Jacob Ingebrigtsen ...

 

Hvis dette viser seg å være den riktige Ingebrigt Jacobson, vil selvsagt alle opplysninger om Ivar Jacobsons opphav være av interesse. I bygdeboka står det dessverre bare at: Me veit ikkje kvar Ivar Jakobson og kona kom frå. Men me veit at han vart tenar på Voll rundt 1730, og at han tente på to gardar der fram mot 1742.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg finn gravferdi i Nykyrkja i Bergen på St. Pauli kyrkjegard 14.4.1787 for dagarbeidar Ingebrigt Jacobsen, 94 år i 5-12 som døydde 11.4.1787: https://media.digitalarkivet.no/view/8732/34

 

Og same stad gravlagd 12.8.1796 enkja Gjertrud, 86 år på same adresse, død 6.8.1796:

https://media.digitalarkivet.no/view/8732/61

 

Skiftet frå Færestad i Lærdal frå 1782 tyder heilt klart på at Guri, Iver og Ingebrigt er borni til Jacob Olson i Hola, som i 1712 gifte seg i Årdal med ei Anna Iversdotter.  Dei fekk dotteri Guri og so sonen Iver f. i Årdal i 1718.  Jacob hadde vore gift før med, tydeleg med ei Guri, og hadde Ingebrigt frå første ekteskapet.  Eldste dotteri til Ingebrigt og første kona Anna Knutsdotter heitte då òg Guri!

 

Ingebrigt Jacobson bør, etter alderen ved dødsfallet å dømma, vera fødd før 1701, men der finn me ikkje nokon som høver.  Me har berre to stk. Jacob Olson i heile fylket i 1701, ein er oppsitjar på Åretun, 39 år, utan nemnde born, medan hin er tenar på Hovland, 28 år og ugift, fødd i Sogndal.

 

Erik Olson Naustbakken, som døydde ugift i Årdal i 1756, er vel han som i 1701 tente på Seim, 30 år gamal og fødd i Årdal.  Han hadde ein bror Jacob Olson som var avliden og etterlet seg fire born, tydeleg fødde kring 1700: https://media.digitalarkivet.no/view/24138/217?indexing=

 

Konklusjonen min må vera at Jacob Olson, fødd kring 1673 og tenar på Hovland i 1701, vart far til Ingebrigt i første ekteskapet sitt og sidan til Guri og Iver i det andre!  Kanskje har denne Jacob Olson vore husmann i Hola under Lægreid der òg sonen Ingebrigt budde som husmann før han flytte til Bergen på 1760-talet?

 

Siste kona til Ingebrigt Jacobson, Gjertrud Sjursdotter, må vel ha vore ho som vart døypt i Årdal 18.8.1715 som dotter av Sjur Næsset?  Eg ser ho hadde ein faddar Rønnaug Olsdotter...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Jeg har sett litt mer på Ingebrigt Jacobsens fire ekteskap og har et par nye opplysninger (og problemstillinger):

  1. Anne Knutsdatter: Jeg har ingen idé om hvem dette kan være, men har merket meg at vi blant fadderne som ble brukt ved dåpen av barna til Ingebrigt og Anne, finner Lars Knutsen (1740), Mikkel Knutsen (1740) og Sofie Knutsdatter (1742). Det var i alle fall to Lars Knutsen i Årdal på denne tiden, begge med tilknytning til kopperverket. Den mest interessante her var født ca. 1696, uvisst hvor. Han giftet seg med datteren til smeden ved kopperverket i 1736, og noen år senere dro de til Kongsberg og ble der. Dessverre har jeg ikke klart å finne opphavet hans. Mikkel har jeg ikke støtt på i andre sammenhenger. Den eneste av disse vi kanskje finner igjen hos Laberg, er Sofie. En Sofie Knutsdatter var husmannskone under Øyri på 1760-tallet, men Laberg fant ikke noe ut om opphavet hennes. Hun døde i 1793, 82 år gml. Denne søskenflokken - hvis de var søsken - var kanskje utenbygds fra.
  2. Kari Kjellsdatter: Hun var født i Årdal 1712 (dpt. 16. okt.) og var datter av kullbrenneren Kjell Olsen (ca.1680-1733) opprinnelig fra Lappegard, Ål i Hallingdal, og Marte Olsdatter. Hun var altså av kopperverksfolket. Hennes bror Anders Kjellsen dro til Kongsberg ca. 1737, og jeg oppdaget at Kari faktisk ble begravet der 14. aug. 1745. I kirkeboka står det flg.: "Ingebreth Jacobs. fra Aardal hs. Hustru Karen Kieldsd. 30 Aar". Jeg har forsøkt å finne ut om paret hadde barn til dåpen på Kongsberg, men uten resultat. Jeg har også lett etter paret i kommunikantprotokollen for 1744 og 1745, men også dette uten resultat.
  3. Marte Jørgensdatter er det unødvendig å legge til noe om her.
  4. Gjertrud Sjursdatter: Hun er ikke en kjent person for meg, men et skifte fra 1756 gir mange opplysninger om hennes nærmeste familie. Skiftet gjelder hennes helsøster Marte Sjursdatter som døde barnløs på plassen Bremborg under Eldegard 10. juli 1756. Ved skifteforretningen møtte enkemannen Aamund Hermundsen og "den Sal. Quindes Moder Rannei Olsdatter og dette Menniskes 4 Sødskende, 2 Brødre og 2 Sødstre saa som Halfbrødre Thommes Joensen og Ole Joensen Tvillinger 22 Aar gl., fuldsødsteren Giertrue Siursdatter gifft med Hoelen, og Halfsødsteren Anna Tronsdatter 32 aar gl. u-gifft". Det står dessverre ikke noe om hvor disse personene bodde, men jeg føler meg sikker på at dette (opprinnelig) ikke er Årdals-folk.

Et par kommentarer: Fordi Kari Kjellsdatter må ha flyttet eller reist til Kongsberg i 1744 eller 1745, tenkte jeg først at hennes mann Ingebrigt Jacobsen på ha vært en navnebror av Marte Jørgensens mann, men ser at andre forklaringer er mulig. Kari kan f.eks. ha overtalt sin mann til å satse på en framtid på Kongsberg da hun hadde familie og venner der, men så har Ingebrigt reist tilbake til Årdal da hun døde. En slik hypotese styrkes av at han foreløpig ikke har vært å finne i kirkebøkene på Kongsberg bortsett ved Karis begravelse. Sikre på at dette er en og samme Ingebrigt kan vi likevel ikke være.

 

Gjertruds familie trenger en nærmere undersøkelse, noe jeg foreløpig ikke har lagt noe særlig arbeid i. Da søsteren ble begravet 15, juli 1756, har presten skrevet at hun var 28 år gammel. Det må vel bety at moren Rannei Olsdatter først var g.m. Trond, så med Sjur og til sist med Jon. Videre at Gjertrud må ha vært født mellom 1725 og 1733. Hun kan da ikke vært 86 år gammel ved begravelsen i 1796, heller 66 år. Her er det noe som ikke stemmer.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for eit svært so spennande og utfordrande innlegg!

 

Spørsmålet om opphavet til Anna Knutsdotter let eg førebels liggja, og Kari Kjellsdotter kan eg ikkje seia so mykje meir om, men eg har gripe tak i skiftet etter Martha Sjursdotter frå 1756 og har lagt ut eit eige tema om denne huslyden:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/211067-eit-utfordrande-skifte-i-årdal-i-sogn-i-1756-rannei-olsdotter-med-tre-ekteskap-og-fem-born-kvar-kom-dei-ifrå-og-kven-var-dei/

 

So får me vona at kanskje ein eller annan dreg kjensel på denne huslyden?

 

Eg lyt òg sjå nærare på slekti til ingebrigt og Gjertrud i Bergen...

 

Nok ein kjempetakk for framifrå innsats for å klarleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.