Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Rasmus Torkildson Styvi (1728-1789) - flytting mellom Lærdal, Årdal, Hafslo og Aurland - kvar vart det av yngste borni/svigerborni i denne huslyden?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden var ei tid på 1760-talet busette som plassfolk på Skophammar under garden Kroken i Hafslo (Luster), og det har ikkje vore lett å følgja dei i kjeldene slik dei flytte fram og attende over den indre delen av Sognefjorden!

 

Nokre detaljar står att, og no vonar eg på hjelp frå lokalkunnige personar, kanskje særleg i Aurland, for å få på plass desse siste opplysningane...  Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Rasmus Torkildson Styvi, opphavleg frå Berget under Øye i Lærdal, var son av husmann Torkild Rasmusson på Berget under Øye, opphavleg frå Lærdalsøyri, og kona Britha Abrahamsdotter, likeins frå Lærdalsdøyri, og vart døypt i Lærdal 18.9.1728.  Han gifte seg i Lærdal 9.7.1753 med Gunnhild Hansdotter frå Tangen i Årdal, ei dotter av husmann Hans Jørgenson på Tangen (1700-1760), opphavleg frå Urnes i Hafslo.  Ho vart døypt i Årdal 19.10.1732.

Rasmus Torkildson og kona Gunnhild budde først i Årdal, truleg på Tangen, fram til kring 1761.

Kring 1761 flytte so Rasmus og Gunnhild til Hafslo, og her finn me dei att som plassfolk på Skophammar fram til kring 1768.

Rasmus var skomakar, og kring 1768 flytte han og Gunnhild til Aurland der dei busette seg på Arnehus og sidan på ein plass under Styvi.  Rasmus vart gravlagd frå Styvi i Aurland 5.2.1789, medan Gunnhild vart gravlagd same staden 25.3.1790.  Me kjenner til sju born etter dei:

a. Ingeborg Rasmusdotter, f. i Årdal 18.10.1753, d. som legdelem på Lægreid i Årdal 11.6.1838.  Ingeborg gifte seg i Aurland 15.5.1791 med enkjemannen Ellend Knutson, opphavleg frå Skåri i Borgund, Lærdal, døypt i Lærdal 3.2.1749.  Han d. under Lægreid i Årdal 26.4.1803.  Han gifte seg første gongen i Årdal 27.11.1777 med Martha Rolandsdotter frå Hola under Hovland i Årdal.  Ho vart døypt i Årdal 21.8.1747 og d. under Lægreid i Årdal hausten 1790.  Ellend var husmann i Haugen under Lægreid og fekk i alt sju born; av dei var tre frå andre ekteskapet med Ingeborg Rasmusdotter.

b. Abraham Rasmusson, døypt i Årdal 10.9.1755, d. på Bakka i Aurland 15.5.1844.  Han gifte seg første gongen i Aurland 26.10.1784 med Kari Knutsdotter frå Kappadal.  Ho vart døypt i Aurland 3.4.1756, men vart gravlagd frå Styvi i Aurland 19.3.1785.  Abraham gifte seg so att i Aurland 9.6.1787 med Anna Sjursdotter frå Gudvangen.  Ho vart døypt i Aurland 3.5.1764 og d. som enkje på Styvi 6.1.1853.  Abraham var husmann på ein plass under Styvi i Aurland og fekk ti born, alle frå andre ekteskapet.  Ein soneson hans, Johannes Nilsson (1837-1910), utvandra til Amerika og vart der borte gift med husmannsdotteri Mari Olsdotter herifrå Skophammar under Kroken (1845-1911) (sjå nedanfor).

c. Metta Rasmusdotter, f. i Årdal 11.7.1760, d. i Årdal 2.4.1761.

d. Britha Rasmusdotter, døypt i Hafslo 18.4.1762,

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. Aurland 1784 - ei Britha Rasmusd. Vangsnes vart gravlagd 4.2.1787, Leikanger - 22 år gamal - er det ho?)

 

e. Hans Rasmusson, døypt i Hafslo 24.3.1764, d. på Dyrdal i Aurland 1.1.1841.  Han gifte seg første gongen i Aurland 10.10.1790 med Kirsti Olsdotter frå Dyrdal i Aurland.  Ho var f. på Loven og vart døypt i Aurland 9.12.1759, men vart gravlagd frå Dyrdal 5.11.1817.  Hans gifte seg so att i Aurland 21.6.1824 med Magnild Halstensdotter frå Bakka i Aurland, døypt i Aurland 22.1.1781.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1840 – ser ut til å forsvinna frå Aurland!)

 

     Hans var strandsitjar og skomakar og budde på ein plass under Dyrdal i Aurland.  Han fekk seks born, som alle var frå første ekteskapet.

f. Torkild Rasmusson, døypt i Hafslo 9.8.1767,

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. Aurland 1789 – lagnaden hans?)

 

g. Anna Rasmusdotter, døypt i Aurland 4.6.1770, vart gravlagd frå Arnehus i Aurland 29.1.1771.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om dei manglande opplysningane!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Asbjørn Ramsøy

Bror til Magnhild, enkjemannen Nils Halstensen Bakke, utvandra til Amerika 1851,

så ho har kanskje slege lag med han dit.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Bror til Magnhild, enkjemannen Nils Halstensen Bakke, utvandra til Amerika 1851,

så ho har kanskje slege lag med han dit.

 

Nils Halstensen - høyre side nr. 48

Sogn og Fjordane fylke, Aurland, Ministerialbok nr. A 6 (1821-1859), Inn- og utflyttede 1851, side 379. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15922&idx_id=15922&idx_listetype=fl&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-24

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070615660383.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Hei,

Når det gjelder Abraham Rassmusen.

1782 er han oppgjeve som barnefar til guten Ole (1782-1844) Navnet på mori er ikkje oppgåve.

 

I fyrste ekteskap med Kari Knutsd. er det oppgåve tvillingane Knut og Rasmus.

Desse ungane er kunn nemnd døde ilag med mori.

 

Mvh. Terje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Asbjørn, Grethe og Terje for nye spennande innlegg!

 

Eg har òg vore inne på tanen om at Magnhild kan ha utvandra til Amerika, men ho var vel kanskje litt i eldste laget...  Og ho er ikkje nemnd korkje i utflyttelistene frå Aurland eller i pasasjerlista i lag med bror sin, so eg tòre ikkje seia noko sikkert om dette...

 

Elles var det fint å få oppdateringar frå Terje om huslyden til Abraham Rasmusson.

 

Dei største utfordringane i denne huslyden er og vert lagnadane til dei to søskeni Britha Rasmusdotter og Torkild Rasmusson, og eg er fullstendig klar over at dei vert vanskelege å finna att...!  MEN, det er lov å vona...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Hei,

 

Har du sett noko til Torkel i div. FT for 1800?

 

Eg ser han ikkje begraven i Aurland i åra 1789-1801.

 

Elles ser eg ei Ingeborg Rasmusd døyper ein gut 1784, Peder. Faren er Mons Knutsen Gjerløv.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for nytt interessant innlegg!

 

Det er tydeleg "vår" Ingeborg fekk ein son før ho gifte seg.

 

Elles har eg søkt etter Torkild Rasmusson i FT1801 med ulike stavingsvariantar, men utan hell.  Det var rett nok ein fiskar i Vanse i Vest-Agder som kunne høva på alder, men han hadde born fødde alt i 1787, to år før "vår" Torkild vart konfirmert!

 

Kanskje Torkild var ein av dei mange ungdomane som kring 1790 gjekk inn i hæren og døydde austafjells?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Me får leita vidare, Lars

 

Når det gjelder Brita, det kan bli vanskelig....Leikanger? Men dei flytte fort. Fjorden er lang. Midtre Sogn, eller over til Hordaland (Voss)? Som skulle bli neraste, eller havkanten i S&Fj? Tankane er der!

 

 

 

 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for nytt innlegg!

 

Det vert nok ikkje lett å finna svari på dei sistre spørsmåli her, men som du seier, me får halda fram med leitingi...  Me har tydeleg ikkje enno leitt på "rette staden"...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Så langt ser eg ikkje Brita nemnd i Sogndal, Leikanger, Vik, Kvansøy eller  Noreide sokn.

 

Verken gift, død eller døyper nokon.

Kva betyr, død Leikanger 1787? Kan eg ha oversett noko?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er vel skifte etter Rasmus Torkildsen Styvi??

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 10b , 1786-1790, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 358-ut. Register.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24169/337/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081125610704.jpg

 

Står det her at Torkild Rasmussen er utkommandert som soldat til Fredrikstad???

post-541-0-12162900-1427832453_thumb.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Tilbake til skiftet på Styvi: for meg synes det bare som det er sønnene Abraham, Hans og Torkild og datteren Ingeborg som er nevnt blant barna. Jeg kan ikke se Brita, eller tar jeg feil? Og står det at boet var fallitt? 

 

Grethe 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje og ikkje inst til Grethe for kjempemessige innlegg!

 

Når det gjeld Britha, får me prov gjennom skiftet hans Rasmus for at ho døydde FØR 1789, og då trur eg det må vera denne jenta som vart gravlagd frå Vangsnes 4.2.1787 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11567&idx_id=11567&uid=ny&idx_side=-102).  Alderen hennar er rett nok oppgjevi til 22 år - ho skulle ha vore 25, men det finst ikkje andre Britha Rasmusdotter fødde i Sogn på denne tidi som høver, bortsett ifrå ei Britha Rasmusdotter døypt frå Yttre Nesse i Kvamsøy 1.11.1763, men ho trur eg var tenestejente på Linde i Kvamsøy i 1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392001590

 

Og so var det dette kjempefunnet av Torkild Rasmusson i Fredrikstad!  Du imponerar, Grethe!  Det er nok same mann som er nemnd i 1801!  No er det at eg saknar eit skikkeleg oversyn over soldatane frå den perioden der eg har fleire personar som berre "forsvinn"!  Ein Torkild Rasmusson kan ein finna att, men kva om ein søker etter ein Ole Olson?

 

Den største utfordringi som no står att, er:

 

* Kvar vart det av Torkild Rasmusson etter 1801?  Etter so mange år i hæren kan han vel ikkje ha vore med i svenskekrigen 1807-1814?

 

Nok ein stor takk for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er en oversikt over den norsk hærs organisasjon 1628-1817. Hvis det funnet jeg har gjort i Fredrikstad i 1801 stemmer og din Torkil var grenader, finnes det noe som heter Sønnenfjelske gevorbne infanteriregiment, som omfatter 2 gevorbne grenader- og 8 musketerkompanier. Folketellingen 1801 lister opp flere grenaderer og enda flere musketerer, så kanskje det var i denne militære enheten Torkil Rasmussen tjenestegjorde?

 

http://da2.uib.no/haer1789.htm

 

Riksarkivet har arkivet etter Sønnafjelske (gevorbne) infanteriregiment, og her der det flere pakker med såkalte ruller, blant annet en pakke med ruller (stambok) for 1. grenaderkompani. Men søk i militære ruller kan være et noe omfattende letearbeid. Jeg legger inn lenke her til arkivkatalogen i Arkivportalen:

 

http://www.arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-a1450-01000001036383&aktivArkivFane=underliggende

 

Jeg vet ikke om du får opp lenken til Arkivportalen, Lars. Jeg vet heller ikke hvordan det var med aldersgrenser i militæret rundt år 1800. Dvs hvor lenge Torkil var/kunne være i grenader. Her får ekspertene komme med kommentarer og tilføyelser!

 

Grethe 

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Terje for nye utfordrande innlegg!

 

Eg trur ikkje det vert noki enkel sak å leita etter lagnaden til Torkild Rasmusson i Fredrikstad.  Eg har no søkt gjennom dødsfallslistene i Fredrikstad frå 1801 til 1834; eg finn rett nok mange soldatar og grenaderar, og dei ser ut tll å komma frå alle delar av landet, men altso ingen Torkild Rasmusson...!

 

Når det gjeld Britha Rasmusdotter., so veit me at ho vart konfirmert i Aurland i 1784, og me veit at ho ikkje levde i 1789.  Utifrå dette er eg nesten sikker på det må vera ho som døydde på Vangsnes i 1787.  Britha Rasmusdotter Nessane ser ut til å vera avlidi som legdelem på Nessane 31.1.1845, 77 år gamal (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11758&idx_id=11758&uid=ny&idx_side=-209).

 

Eg takkar igjen for all hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Eg fann Brita Nesse død 1845 utan å lese ditt siste innlegg. Då det er omtrent ingen med Rasmusdotter i denne delen av Sognefjorden, så då er 'vår' Britha den som blir begreven på Vangsnes. Det skulle stemme med dataen om henne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg har tenkt litt mer på dette at Torkild antakelig var grenader på Fredrikstad festning i 1801. Begynnelsen av 1800-tallet var en urolig tid i Norge, og her er en oversikt over felthæren i 1809:

 

http://heim.ifi.uio.no/~oddharry/dsfmc/org09.html

 

Kanskje Torkild var en del av denne felthæren og med i krigen i 1814, hvis det ikke var en aldersgrense for grenaderer...??? Jeg må med skam melde at jeg vet veldig lite om sånne militære greier. Her er transkribering av kommandant Hals' rapport - Fredrikstad festning kapitulerer 04.08.1814:

 

http://heim.ifi.uio.no/~oddharry/dsfmc/etext/frkstad.html

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Då er me samde om at me må ha finne den rette Britha Rasmusdotter...

 

Når det gjeld Torkild Rasmusson, so er eg i grunnen like viss, eller uviss...  Som du Grete seier, det var ei urolig tid, og Torkild kan ha hamna nær sagt kvar som helst!  Men skal ein gå gjennom alle prestegjeldi mot svenskegrensa for å leita etter dødsfallet hans?  Kanskje ligg han gravlagd i Sverige, om han var med i krigen...?

 

MEN, eg har finne ei interessant dåpsinnførsle i Garnisonskyrkjelyden i Christiania 29.6.1792 for ei Anna Dorthea der mori Sidsel Svendsdotter utla som far Torkild Rasmussen, "oppasser hos Capitain Pryds og er af det nordenfieldske Regiment" (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7686&idx_id=7686&uid=ny&idx_side=-73).

 

Kan dette vera "vår" Torkild Rasmusson??

 

Kven var kaptein Pryds og kvar heldt han til?  Kanskje det let seg gjera finna soldatrullen der kaptein Pryds var kommanderande kaptein?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hjarteleg takk til Terje og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Då er me samde om at me må ha finne den rette Britha Rasmusdotter...

 

Når det gjeld Torkild Rasmusson, so er eg i grunnen like viss, eller uviss...  Som du Grete seier, det var ei urolig tid, og Torkild kan ha hamna nær sagt kvar som helst!  Men skal ein gå gjennom alle prestegjeldi mot svenskegrensa for å leita etter dødsfallet hans?  Kanskje ligg han gravlagd i Sverige, om han var med i krigen...?

 

MEN, eg har finne ei interessant dåpsinnførsle i Garnisonskyrkjelyden i Christiania 29.6.1792 for ei Anna Dorthea der mori Sidsel Svendsdotter utla som far Torkild Rasmussen, "oppasser hos Capitain Pryds og er af det nordenfieldske Regiment" (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7686&idx_id=7686&uid=ny&idx_side=-73).

 

Kan dette vera "vår" Torkild Rasmusson??

 

Kven var kaptein Pryds og kvar heldt han til?  Kanskje det let seg gjera finna soldatrullen der kaptein Pryds var kommanderande kaptein?

 

31.01.1786 ble det døpt en gutt som fikk navnet Svend, sønn av Peder Sørensen og Sidsel Svendsdatter:

 

Oslo fylke, Akershus slottsmenighet i Garnisonsmenigheten, Ministerialbok nr. 3 (1777-1809), Fødte og døpte 1786, side 41. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7686&idx_id=7686&uid=ny&idx_side=-42

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061107020231.jpg

 

Samme damen som fikk en datter med Torkil Rasmussen i 1792?

 

Kan dette være kaptein Prytz i folketellingen 1801 for Fredrikstad?

 

Hans Elias von der Vejde Prydz - Capitain og compagnie chef ved det nordenfieldske infanterie regiment: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058191000161

 

I så fall er denne Hans Elias von der Vejde Prydz i samme by som Torkild Rasmussen, grenader, i 1801. Her er litt om slekten Prydz: https://snl.no/Prydz 

 

Her er litt om nordenfjeldske gevorbne infanteriregiment: https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Nordenfjeldske_gevorbne_infanteriregiment

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande innlegg!

 

Etter kva eg no har lese om nordenfjeldske infanteriregiment, er eg ikkje lenger i tvil om at det var "vår" Torkild Rasmusson som fekk denne dotteri I Garnisonskyrkjelyden i 1792!

 

Men om det er den same Sidsel Svendsdotter som fekk sonen Svend med Peder Sørenson, er eg ikkje so sikker på.  Peder og Sidsel ser ut til å ha vore GIFTE då dei fekk denne sonen i 1786!

 

Linken til oppplysningane om Prydz-ætti fungerer forresten ikkje hjå meg.  Kanskje fordi eg sit utanfor Noreg?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

"Prydz, norsk slekt som stammer fra sogneprest i Våler (Østfold) Niels Eriksen Prydz (død 1618). Han var farfars far til by- og rådstueskriver i Halden Erik Prydz (død 1692) og løytnant Hans Prydz (1690–1734), som ble stamfedre for hver sin hovedgren av slekten.

Erik Prydz var farfars farfars far til høyesterettsdommer Frithjof Prydz (1841–1935) og hans søster, forfatteren Alvilde Prydz (1846–1922). Førstnevnte var farfars far til idrettsmannen Frithjof «Bassen» Prydz jr. (1943–92).

Hans Prydz' sønn, sjef for Krigsskolen, oberstløytnant Peter Blankenborg Prydz (1721–82), var far til løytnant Hans Prydz (1751–81) og kaptein Hans Elias Prydz (1764–1803). Førstnevnte var far til løytnant Christen Prydz (1775–1807) og eidsvollsmannen, major Peter Blankenborg Prydz (1776–1827). Christen Prydz var farfars farfars far til professor, dr.med. Hans Peter Blankenborg Prydz (f. 1933). – Kaptein H. E. Prydz var farfars farfar til hoffstallmester, oberst Erik Wilhelm Blankenborg Prydz (1909–90)."

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande innlegg om Prydz-ætti.  Då har me kapteinen "på plass".  Eg ser forresten han var ikkje so mange åri eldre enn Torkild Rasmusson...

 

Men lagnaden til Torkild Rasmusson står framleis open...  Kvar kan han ha vorte av...?  Om han miste livet i kamphandlingar, vil det vel stå noko om dette i rullane for nordenfjeldske infanteriregment, men so var det å få tilgjenge til dei...  Eg veit ikkje kva tid eg kjem meg til Riksarkivet neste gong...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Anne Dorthea Torkildsdatter døde/ble begravd 26. august 1792:

Oslo fylke, Akershus slottsmenighet i Garnisonsmenigheten, Ministerialbok nr. 3 (1777-1809), Døde og begravede 1792, side 274. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7686&idx_id=7686&uid=ny&idx_side=-266
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061107020455.jpg

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.