Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Bernt Nagel (1564-1635) - kemnar i Bergen - huslyden hans - særleg med fokus på sonesonen This Arntson Nagel (1629-1702) til Sjøtun i Hafslo?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Frå følgjande tema i det gamle brukarforum frå 2002 (http://forum.arkivverket.no/topic/97815-11923-nagel-slekten/page-2?hl=+thiis%20+bernt%20+nagel) finn eg mellom anna dette innlegget frå Per Nermo frå 2003:

 

"De to 'foreslåtte' Anne/Anna Nagel blir dermed femmenninger, med felles ane kemner i Bergen Bernt Nagel (ca.1564-1635), med minst 5 barn, hvorav gren a) og B) leder ned til femmenningene:(gren a:) Berent Berentsøn Nagel, Dominicus Berentssøn Nagel, Berendt D. Nagell, Dominicus B. Nagel, Anna Marie D. Nagel f.1734(gren b:) Arent Berentsøn Nagel, Thiis Arentsøn Nagel, Christopher Thiissøn Nagel, Knud C. Nagel, Anne Margrethe K. Nagel f.1738"

 

I eit anna tema (http://forum.arkivverket.no/topic/105842-20116-dominicus-nagel-paa-tangen-i-aardal-og-borni-hans-opplysningar/?hl=+thiis%20+bernt%20+nagel) nemner Arne Solås at "det finnes en artikkel om slekten Nagel i Bergens historiske forenings skrifter nr. 38, - 1932. Denne er skrevet av A. M. Wiesener, og omhandler slektens eldre ledd."

 

** Eg går ut ifrå at artikkelen til Wiesener omhandlar kemnaren i Bergen, Bernt Nagel (1564-1635) og dei første påfølgjande generasjonane, men er denne artikkelen tilgjengeleg på nettet?

 

Bernt Berntson Nagel (1610-1679), son av kemnaren, kom kring 1636 til Kroken i Hafslo då han gifte seg med enkja etter Jan Johnson Teiste (1606-1633).  Namnet hennar var Metta Sørensdotter (1607-1661), og ho høyrte til den "sokalla" Heiberg-ætti.  Bernt og Metta fekk sju born i lag.  Denne huslyden vil eg ta opp som eige tema!

 

Her vil eg gjerne få fokusera på ein eldre son av kemnaren, Arnt Berntson Nagel, som eg ikkje veit noko om i det heile, bortsett ifrå at han var far til:

 

This Arntson Nagel, fødd kring 1629 og d. i Solvorn i Hafslo kring 1702.

 

Manuskriptet mitt for This Nagel er noko "tunt", særleg med omsyn til borni hans, og når eg legg dette ut i dag, so er det med lønleg von om at nokon kan hjelpa meg med å fylla att i alle fall nokre av dei hòli som framleis finst:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

This Arntson Nagel, frå Bergen, var son av

 

     ##### (yrkestitel?)

 

     Arnt Berntson Nagel i Bergen og kona Elsa Pedersdotter, òg frå Bergen, og f. i Bergen kring 1629.  Han d. visstnok i Solvorn kring 1702.  This gifte seg 26.10.1662, truleg i Vik, med Anna Knutsdotter Glad frå Vik.  Ho var dotter av sokneprest Knut Christopherson Glad i Vik, opphavleg frå Vågå, og andre kona Maria Bertelsdotter Mule frå Oslo og f. i Vik kring 1638.  Ho d. i Solvorn kring 1704.  This Nagel tok borgarskap i Bergen

 

     ##### (detaljar om dette? – 23.9.1680?)

 

     men flytte til Sogn alt i 1650-åri.  Kvar han budde den første tidi, veit me ikkje so nøye, men 16.8.1664 fekk han bevillingssetel på hus, åkrar og nokre haugar under Sjøtun hjå Kari Christophersdotter i Sjøtun, og ved kontrakt av 2.8.1676 fekk han grunnleige for seg, kona og borni si levetid.  This Nagel var ein halden mann då han kom til Solvorn, og ved oppkjøp av talrike gardepartar i Hafslo og grannebygdene vart han ein av dei største jordeigarane i heile Sogn.  Han fekk 10.9.1667 hjå adelsmannen Peter Reds skøyte på det tidlegare krongodset i Hafslo, som omfatta alle gardane på Mollandsmarki og partar i talrike andre gardar i Hafslo.  Vidare vart han ved skøyte dagsett 12.4.1673 hjå ervingane etter Anders Fjeldberg

 

     ##### (kven var han? – sokneprest Anders Jensson Brose i Fjellberg?)

 

     eigar av ein del jordegods i indre og ytre Sogn, og hjå broren, viselagmann i Stavanger Bernt de Nagel, fekk han 4.4.1682 skøyte på fleire gardpartar i Årdal. Kring 1683 rekna dei med at han åtte om lag 70 laupar smør tilsvarande om lag 35 gardsbruk, som for det meste låg i Hafslo.  This og Anna budde nok i Solvorn levetidi ut, og i 1699 er dei nemnde her med ei heimebuande dotter då This same året betalte koppskatt av familien sine medlemmer og fire tenestefolk.  Me kjenner til fem born etter This og Anna Nagel:

 

     ##### (hadde dei kanskje fleire?)

 

 1. Elsa Marie Thisdotter Nagel (1663-1732), vart gift første gongen med gardbrukar og løytnant Thomas Witman Hansson Rein på Valaker (1660-1709) og sidan attgift med gardbrukar Lars Christenson Nitter, òg på Valaker (1693-1777).

 2. Arnt Thisson Nagel, f. kring 1665,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

 3. Anna Marie Thisdotter Nagel, f. kring 1667,

Anna Marie Nagel gifte seg første gongen

 

##### (dato og stad for første vigsli hennar? – 1685!?)

 

med Caspar

 

##### (farsnamnet hans?)

 

von Sprechel frå

 

##### (opphavet hans?)

 

##### (biografi for Caspar von Sprechel?)

 

Anna Marie gifte seg so att

 

##### (dato og stad for andre vigsli hennar? – 1703?)

 

med Johan Clausson Rumohr frå

 

##### (opphavet hans? – foreldri?)

 

Han var f. kring 1662.  Johan Rumohr var

 

##### (yrke?)

 

og han og Anna Martie budde som gardbrukarar på Rikheim i Lærdal der

 

##### (dødsfalli deira? – båe i 1735?)

 

##### (born etter Anna Marie? – inklusive:)

 

a. Claus Johanson Rumohr (1708-1758), vart gift første gongen med prestedotteri Karen Christophersdotter Munthe frå Hafslo prestegard (1722-1736) og sidan attgift med futedotteri Margretha Alette Pedersdotter Leganger frå Flesje i Leikanger (1716-1772) (for båe ekteskapi sjå under Hafslo prestegard)

 4. Christopher Thisson Nagel, f. kring 1669,

Christopher Nagel tok eksamen i Bergen i 1680 og gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Margretha Hansdotter Hellekande frå Herøy på Sunnmøre.  Ho var dotter av sokneprest Hans Andersson Hellekande i Herøy, opphavleg frå Trondheim, og kona

 

##### (namnet hennar med opphav?)

 

og f. i Herøy kring 1670.  Christopher tok eksamen i Bergen i 1690 og var i mange år personleg kapellan til Herøy. 

 

##### (motstridande opplysningar om lagnaden hans! – vart han ”konstituert” sokneprest i 1703?)

 

Han og Margretha budde på Moltu i Herøy der Christopher d.

 

##### (døds- eller gravferdsdatoen hans?)

 

1709.  Som enkje gifte Margretha seg att

 

##### (dato og stad for andre vigsli hennar?)

 

med Peder Christianson Holberg frå Bergen, ein eldre bror av Ludvig Holberg.  Peder var son av oberstløytnant Christian Nilsson Holberg i Bergen, opphavleg frå Stavlo i Skogn, og kona Karen Pedersdotter Lem frå Bergen og f. i Bergen 24.9.1681.  Han tok eksamen i Bergen i 1701 og kom i 1703 som personleg kapellan til Herøy der han frå 1707 virka som sokneprest.  Han d. i Herøy

 

##### (døds- eller gravferdsdato?)

 

1729, medan Margrethe d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

##### (om borni i denne huslyden? – Lampe seier at Peder Holberg og kona fekk fem born, men nemner ingen namn – desse synest vera born av Christopher og Margretha:)

 

a. Hans This Christopherson Nagel,

 

     ##### (vart fut i Sunnfjord, budde på Svanø – opplysningar?)

 

b. Knut Christopherson Nagel,

 

     ##### (busett på Moltu i Herøy, gift kring 1730 med Charlotte Abigael – skifte etter ho 1751 – fire born, inkl. Dortha Margrethe Nagel som gifte seg med Henrik Trudeson Nitter på Tysse i Fjaler?)

 

 5. Knut Thisson Nagel, f. kring 1671,

 

     ##### (vart 6.10.1690 dømd for å ha vore medskuldig for drapet på Nils Thueseon Bare i Sjøtun sin onnekar Nils Endreson Solvi.  Som straff laut han betala fleire lodd sølv og betala domsmennene for umaken – seinare lagnad?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kan henda vil artikkelen til Wiesener gje svar på ein del av desse spørsmåli?  Elles er det underleg at Lampe i presteboki si for Herøy har so dårlege opplysningar om Christopher Nagel og huslyden hans!

 

Eg vil elles leggja ut eige tema om svigersonen Thomas Witman Hansson Rein og om Bernt Berntson Nagel.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips når det gjeld denne Nagel-ætti!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Har du sjekket Delgobe. Det står litt der, på forskjellige sider.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for interessant og nyttig innlegg!

 

Eg har no sete ei stund med Delgobe og har gjort eit par interessante funn.  Eg ser mellom anna at det er usemje om ein og annan "konklusjon" innan denne huslyden, og difor ville det for meg vera viktig å sjå artikkelen som Wiesener skreiv i 1932.

 

Men noko fann eg som i alle fall ikkje kan vera tvil om:

 

* Det vert referert til eit skifte frå 1704 etter Anna Knutsdotter Glad, enkja etter This Nagel.  Dette skiftet finn eg ikkje nokon stad; skifteprotokollen for indre Sogn manglar på den tidi, so kanskje er det eit skiftekstrakt som er lagra ein eller annan stad?  Kan henda i Amla i Sogndal?  Der går det i alle fall fram at sønene Arnt og Knut må vera avlidne FØR 1704 utan å etterlata seg born, og eg finn hjå Delgobe at studiosus Knut Thison Nagel frå Bergens stift vart gravlagd i Stavanger 25.1.1694.  So då er han "plassert".

 

* Første ekteskapet til dotteri Anna Marie er eit anna problem.  Eg finn ikkje nokon Casper von Sprakel, men derimot nemner Ovenstad ein Casper Brakelsen som var aktiv underoffiser frå sist på 1670-talet til han i 1685 fekk avskil som sjef for Søndmørske kompani.  Kan det vera han som har giift seg med dotteri til This?  Desse finn eg ikkje nemnde hjå Delgobe...  Derimot har Delgobe òg ei dotter Anna Marie Rumohr som var gift med sorenskrivar Oluf Hansson Bøe i ytre Sogn...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.