Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Thomas Witman Hansson Rein (1660-1709) - løytnant og gardbrukar på Valaker i Hafslo - opphav? - kven var svigerdotteri Margretha Ludvigsdtr Lemmichen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er ei vidareføring og oppdatering av tema #33344 (http://forum.arkivverket.no/topic/118895-33344-thomas-witman-rein-1660-1714-loeytnant-gm-else-marie-nagel-huslyden-deira/?hl=wittman#entry970087) frå det gamle Brukarforum.

 

Manuskriptet mitt for Thomas Witman Hansson Rein ser pr. i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Thomas Witman Hansson Rein, opphavleg frå

 

     ¤¤¤¤¤ (kvar var han ifrå?)

 

     var son av

 

     ¤¤¤¤¤ (namn på foreldri hans?)

 

     og f.

 

     ¤¤¤¤¤ (fødestaden hans?)

 

     1.5.1660 og gifte seg kring 1685 med Elsa Marie Thisdotter Nagel frå Solvornstrondi under Sjøtun.  Ho var f. kring 1663.

Thomas var først fenrik og frå 4.7.1685 premierløytnant ved Søndmørske kompani.  Han og Elsa budde mellom anna på Naustdal i Eid fram til 1697.

Men i 1696 vart Thomas overflytt til Indresognske kompani, og året etter busette huslyden seg her på Valaker.  Thomas dimitterte 10.10.1699, men vart 10.4.1700 tilsett som premierløytnant ved indre og ytre Sognske reservekompani.  Thomas Rein fekk 8.5.1701 bygslebrev på den helfti i garden som Ole Sjurson tidlegare dreiv, og ved skiftet etter This Nagel i 1702 fekk han skøyte på ½ laup smør i garden og vart soleis sjølveigar.  Thomas dreiv sidan garden levetidi ut og d. her 28.9.1709, men skiftet etter han vart ikkje halde før ho i 1714 ville gifta seg att.  I mellomtidi hadde ho drive garden åleine i fleire år.  Det levde att fire born etter Thomas og Elsa på Valaker:

 1. Hans This Thomasson Rein, f. i Eid kring 1687,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1701 – 1714: i utenlands militærteneste – lagnaden hans?)

 

 2. Arnt Christopher Thomasson Rein (1690-1749), vart handelsmann og prokurator og budde på Heltne i Dale sokn, Luster.

 3. Reinhold Witman, kjend som Witman Thomasson Rein, f. i Eid kring 1694,

Witman Rein flytte i ung alder til Bergen der han

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans?)

 

gifte seg med Anna Margretha, kjend som Margretha Ludvigsdotter Lemmichen frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (borgar Ludvig Hansson Lemmichen på Osnes i Eid eller brorsonen Ludvig Pederson Lemmichen frå Eid??)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)

 

Witman var kremmar og handelsmann, og han og Margretha budde i Bergen.  Witman vart gravlagd i Bergen 23.3.1731, medan Margretha vart gravlagd frå Stanges fattighus i Bergen 26.3.1763.  Dei fekk to søner i lag:

a. Thomas Witmanson Rein (1719-1755), flytte attende til Hafslo og vart gjestgjevar i Leirhola (s.d.).

b. Peder Witmanson Rein, døypt i Bergen 20.12.1722,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. fadder Bergen 1745! – lagnaden hans?)

 

 4. Anna Marie Thomasdotter Rein (1700-1776), vart gift med handelsmann og gardbrukar Lars Sørenson Rødberg i Sjøtun (1696-1771).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

I det gamle emnet vart det mellom drøfta kven Ludvig Lemmichen kan ha vore, svigerfar hans Witman Rein i Bergen.  Eitt av innleggi nemner ei Susanna Ludvigsdotter Lemmichen, som eg trur kan vera ei søster av Margretha, men eg er ikkje i stand til å seia noko sikkert kva for ein Ludvig som var far deira!?

 

Det hadde òg vore kjekt om nokon kunne greia å finna ut litt om oppavet til denne Thomas Witman Rein!?

 

Og kvar vart det av sonesonen Peder, fødd i Bergen i 1722?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Slettet. Opplysningene finnes alt i gammelt tema. 

 

 

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Er det nokon førstehands kjelder som nemner Margrethe Lemmichen som ei Ludvigsdtr.? I alle høve hadde ikkje Peder Hansen Lemmichen nokon son Ludvig ved skiftet i 1704 (og nok heller ikkje på noko seinare tidspunkt...): http://arkivverket.no/URN:sk_read/24217/177/

 

Derimot hadde Peder Hansen ei dotter (Anne) Margrethe....

 

Skiftet i Bergen i 1751 som er sagt å gjelde Anne Pedersdtr., må innehalde feil namn på den avdøde. Skiftet må vere etter ei søster av Peder Hansen Lemmichen, og då truleg Anne Hansdtr. Arvingane er søskena sine born, ialt 21 stk., herav 13 brorsøner og brordøtre, og 8 søstersøner og -døtre.

 

Arvingane VII-XIII er borna til Peder Hansen Lemmichen, og mellom desse finn vi nr. XI "Anna Margretha Lemmichen Enche her i Byen boende". Ho er vel den einaste i dette skiftet som kan vere din "Margrethe Lemmichen"

 

I skiftet vert det nemnt fleire med namn Blyt, men desse er søstersøner og -døtre av den avdøde, og såleis ikkje born av Margrethe Pedersdtr. Lemmichen (som det vert hevda i tråden det er lenka til). Etter mi meining har dette skiftet vorte fullstendig feiltolka, sikkert p.g.a. kva som står som namnet på den avdøde.

 

 

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Inge for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg har no teke for meg dei to skifti som du refererer, og attgjev frå 1704 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24217/177/):

 

~~~~~~~~~~

 

Peder Hansson Lemmichen på Os i Eid frå 1704 - enkja Malena Christophersdotter Sand og borni:

 

* Hans Pederson Lemmichen, gift

 

* Abel Pederson Lemmichen, gift

 

* Absalon Pederson Lemmichen i 13de år

 

* Karen Pedersdotter, gift med Lars Thommessen Ruus

 

* Beata Pedersdotter, gift med Samuel Christenson

 

* Bertha Pedersdotter, 20 år

 

* Margretha Pedersdotter, 18 år

 

* Anna Pedersdotter, 16 år

 

* Britha Sophie Pedersdotter, 10 år

 

~~~~~~~~~~

 

Går me so til det andre skiftet frå 1751 etter Anna Pedersdotter i Bergen (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24001/112/), som vart gravlagd frå Krosskyrkja 12.9.1750, 64 år gamal, so er ervingane hennar tydeleg to sett av søskenborn, eit sett Lemmichen og eit sett Blytt.  Lemmichen-sida er kva som interesserer oss:

 

* Jacob Lemmichen, gift busett Bergen

 

* Dortha Lemmichen, busett i Nordfjord

 

* Berthe Lemmichen, avlidi, let etter seg ein son Hans Knutson på Sunnmøre

 

* Margrethe Lemmichen, avlidi, let etter seg tre born, Abel Knutson, Stephen Knutson, Karen Knutsdotter (enkje etter Erik Schanke), alle tre myndige, busette i Bergen

 

* Anna Dorthea Lemmichen, busett Bergen

 

* Susanna Lemmichen, avlidi, let etter seg to søner og to døtrer, Paul Becher (avliden, dotter Else Marie), Henrik Becher utanlands, døtrer ikkje opprekna!

 

* Abel Lemmichen, busett Bergen

 

* Karen Lemmichen, avlidi, var gift med ein Christen, to born i Nordfjord

 

* Beatha Lemmichen, avlidi, var gift med ein Samuel, åtte born, alle i Nordfjord og på Sunnmøre

 

* Bertha Lemmichen, avlidi, ei dotter Anna Malene gift med Jørgen Høgh

 

* Anna Margrethe Lemmichen, enke, busett Bergen

 

* Anna Lemmichen, avlidi, var gift med Falch, fire born

 

* Bertha Sophie Lemmichen, busett i Bergen

 

~~~~~~~~~~

 

Eg kan i dag ikkje gjera greie for kvar dette Ludvigsnamnet kom ifrå som patronymikon for Anna Margrethe, for når me får desse namni oppstilte slik, er eg heilt klar i min dom, som vel høver godt med kva du, Inge, seier!

 

** Dei siste sju søskenborni må vera borni etter Peder Hansson Lemmichen!

 

** Eg dreg òg kjensel på eit par av dei andre søskenborni:  Soleis var Bertha Lemmichen mor til Hans Knutson ei dotter av Isak Hansson Lemmichen; det trur eg ogso Jacob Lemmichen var, medan Susanna må vera dotter av Ludvig Hansson Lemmichen!

 

Nokon Ludvig Pederson Lemmichen har som me ser aldri eksistert.  Då er altso problemet med opphavet til Anna Margrethe løyst, men eit par tilleggsspørsmål er dukka opp, særleg etter eg oppdaga Anna Margrethe gifte seg att med skreddarmeister Peder Friderichsen i Bergen.  Kven var han?

 

Eg vonar òg at nokon kan hjelpa meg med supplerande opplysningar om Peder Hansson Lemmichen og kona hans i Eid?

 

Her følgjer eit opppdatert manuskriptutdrag for huslyden til Thomas Witman Hansson Rein:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Thomas Witman Hansson Rein, opphavleg frå

 

     ¤¤¤¤¤ (kvar var han ifrå?)

 

     var son av

 

     ¤¤¤¤¤ (namn på foreldri hans?)

 

     og f.

 

     ¤¤¤¤¤ (fødestaden hans?)

 

     1.5.1660 og gifte seg kring 1685 med Elsa Marie Thisdotter Nagel frå Solvornstrondi under Sjøtun.  Ho var f. kring 1665.

Thomas var først fenrik og frå 4.7.1685 premierløytnant ved Søndmørske kompani.  Han og Elsa budde mellom anna på Naustdal i Eid fram til 1697.

Men i 1696 vart Thomas overflytt til Indresognske kompani, og året etter busette huslyden seg her på Valaker.  Thomas dimitterte 10.10.1699, men vart 10.4.1700 tilsett som premierløytnant ved indre og ytre Sognske reservekompani.  Thomas Rein fekk 8.5.1701 bygslebrev på den helfti i garden som Ole Sjurson tidlegare dreiv, og ved skiftet etter This Nagel i 1702 fekk han skøyte på ½ laup smør i garden og vart soleis sjølveigar.  Thomas dreiv sidan garden levetidi ut og d. her 28.9.1709, men skiftet etter han vart ikkje halde før ho i 1714 ville gifta seg att.  I mellomtidi hadde ho drive garden åleine i fleire år.  Det levde att fire born etter Thomas og Elsa på Valaker:

 1. Hans This Thomasson Rein, f. i Eid kring 1687,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1701 – 1714: i utenlands militærteneste – lagnaden hans?)

 

 2. Arnt Christopher Thomasson Rein (1690-1749), vart handelsmann og prokurator og budde på Heltne i Dale sokn, Luster.

 3. Reinhold Witman, kjend som Witman Thomasson Rein, f. i Eid kring 1694,

Witman Rein flytte i ung alder til Bergen der han kring 1717 gifte seg med Anna Margretha, kjend som Margretha Pedersdotter Lemmichen frå Os i Eid.  Ho var dotter av gardbrukar og handelsmann Peder Hansson Lemmichen på Os, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

og kona Malena Christophersdotter Sand frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

og f. i Eid kring 1686.  Witman var handelsmann, og han og Margretha budde i Bergen.  Witman vart gravlagd i Bergen 23.3.1731, og Margretha gifte seg att i Bergen 13.11.1737 med Peder Friderichsen (Lund) frå Bergen.  Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og f. i Bergen

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans? – kan henda son av Fredrik Monsen og Ragnhiuld Olsdotter og døypt i Nykyrkja i Bergen 10.3.1706?)

 

og tok 26.2.1737 borgarskap som skreddarmeister i Bergen.  Dei budde på Klosteret i Nykyrkjesokni i Bergen, og derifrå vart Peder gravlagd 14.7.1742.  Margretha vart gravlagd frå Stanges fattighus i Bergen 26.3.1763.  Ho fekk to søner som båe var frå første ekteskapet med Witman Rein:

a. Thomas Witmanson Rein (1719-1755), flytte attende til Hafslo og vart gjestgjevar i Leirhola (s.d.).

b. Peder Witmanson Rein, døypt i Bergen 20.12.1722,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. fadder Bergen 1745! – lagnaden hans?)

 

 4. Anna Marie Thomasdotter Rein (1700-1776), vart gift med handelsmann og gardbrukar Lars Sørenson Rødberg i Sjøtun (1696-1771).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Her må eg vere litt påståeleg, og nemne at når du seier at skiftet frå Bergen i 1751 viser 2 sett med syskenborn, så er det feil. Det er 21 nevøer og nieser av den avdøde, som alle er borneborn til Hans Lemmichen, og ingen andre slekter er nemnt.

Dei 13 på fremste sida, er borna til Hanssønene Isach, Peder m. fl., medan dei på andre sida er borna til Hansdøtrene. Til dømes er borna med etternamn Biering borna til Agnete Hansdtr. Lemmichen, gift med Jens Biering.

 

Susanne Ludvigsdtr. Lemmichen døydde barnlaus kring 1719, ifølge skifteekstraktet: http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=1301&storleik=

Såleis er ho er nok ikkje nemnt i skiftet frå 1751.

 

Eg ættar sjølv frå Peder si dotter Beate, gift med Samuel Christensen Kysing som var klokkar i Selje.

Han hadde ein bror Jens Christensen som var gift med Maren Domenicusdtr. Nagel, som du nemner i ein annan tråd (eg ser at du nyttar namnet Hysing).

Denne Jens Christensen hadde vore sorenskrivar i Svanøy birk, men var død og hadde etterlete seg 5 døtre (4 med Maren), ifølge dette skiftet etter søstera Birte Christensdtr. i 1737: http://arkivverket.no/URN:sk_read/23999/3/

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Inge for nytt utfordrande innlegg!

 

Du har heilt sikkert rett i at alle dei opprekna personane er av Lemmichen-slekt, men eg er ikkje samd i at den avlidne Anna var tanta deira.  Om ho hadde vore ei Hansdotter og søster til Peder, Ludvig, Isak og dei andre søskeni, ville ho ha vore langt innpå 100 år gamal då ho døydde.  Ho var berre 64 år gamal og soleis fødd kring 1686.

 

Skiftet seier elles heilt tydeleg at dei opprekna ervingane var sødskendebarn, og alderen passer jo òg svært godt til dette!  Eg TRUR at Anna Pedersdotter var ei "uekte" dotter av ei Lemmichen-søster, og at MOR HENNAR var søster av Peder, Ludvig, Isak og dei andre!?  Det forklarar at det ikkje finst ervingar på to sider!

 

Elles er kommentaren din om Jens Christenson KYSING svært so interessant!  Eg har misoppfatta ættenamnet (Hysing for Kysing), men ser at Delgobe nyttar Kysing.  Eg tillet meg å leggja inn avsnittet on Mari Nagel og Jens Kysing her i von om at du Inge kan fylla i dei detaljane som framleis manglar?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

j. Mari Dominicusdotter Nagel, f. i Årdal kring 1691, vart gravlagd i Bergen 25.6.1767.  Ho gifte seg i Kinn

 

     ¤¤¤¤¤ (vigselsdatoen hennar?)

 

     1712 med enkjemannen Jens Christenson Kysing, opphavleg frå

 

     ¤¤¤¤¤ (kvar oppvaksen?)

 

     Han var f.

 

     ¤¤¤¤¤ (fødestaden hans?)

 

     kring 1663 og d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1737!)

 

     Jens var sorenskrivar over Svanøy birk og budde på Svanøy i Kinn, men som enkje flytte Mari til Bergen.  Jens Kysing fekk i alt fem døtrer; av dei var fire frå andre ekteskapet med Mari Nagel.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi til å framskaffa eit so komplett manuskript som mogeleg for bygdebøkene for Luster.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som ikkje har vore kommentert sidan midten av april.

 

Spørsmålet mitt i føregåande innlegg om Mari Dominicusdotter Nagel og Jens Christenson Kysing ligg eigentleg tanfor emnet, men eg hadde ei von om at kanskje Inge (eller andre) hadde kommentarar til denne huslyden?

 

Elles er eg framleis oppteken av dei detaljane som manglar om opphavet til løytnant Thomas Witman Hansson Rein samt om lagnadane til sonen Hans This Rein og sonesonen Peder Rein.  Dessutan er det eit par spørsmål om Lemmichen-ætti...

 

Her følgjer siste versjon av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Thomas Witman Hansson Rein, opphavleg frå

 

     ¤¤¤¤¤ (kvar var han ifrå?)

 

     var son av

 

     ¤¤¤¤¤ (namn på foreldri hans?)

 

     og f.

 

     ¤¤¤¤¤ (fødestaden hans?)

 

     1.5.1660 og gifte seg kring 1685 med Elsa Marie Thisdotter Nagel frå Solvornstrondi under Sjøtun.  Ho var f. kring 1665.

Thomas var først fenrik og frå 4.7.1685 premierløytnant ved Søndmørske kompani.  Han og Elsa budde mellom anna på Naustdal i Eid fram til 1697.

Men i 1696 vart Thomas overflytt til Indresognske kompani, og året etter busette huslyden seg her på Valaker.  Thomas dimitterte 10.10.1699, men vart 10.4.1700 tilsett som premierløytnant ved indre og ytre Sognske reservekompani.  Thomas Rein fekk 8.5.1701 bygslebrev på den helfti i garden som Ole Sjurson tidlegare dreiv, og ved skiftet etter This Nagel i 1702 fekk han skøyte på ½ laup smør i garden og vart soleis sjølveigar.  Thomas dreiv sidan garden levetidi ut og d. her 28.9.1709, men skiftet etter han vart ikkje halde før ho i 1714 ville gifta seg att.  I mellomtidi hadde ho drive garden åleine i fleire år.  Ho d. på Valaker kring 1732.  Det levde att fire born etter Thomas og Elsa på Valaker:

 1. Hans This Thomasson Rein, f. i Eid kring 1687,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1701 – 1714: i utenlands militærteneste – lagnaden hans?)

 

 2. Arnt Christopher Thomasson Rein (1690-1749), vart handelsmann og prokurator og budde på Heltne i Dale sokn, Luster.

 3. Reinhold Witman, kjend som Witman Thomasson Rein, f. i Eid kring 1694,

Witman Rein flytte i ung alder til Bergen der han kring 1717 gifte seg med Anna Margretha, kjend som Margretha Pedersdotter Lemmichen frå Os i Eid.  Ho var dotter av gardbrukar og handelsmann Peder Hansson Lemmichen på Os, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

og kona Malena Christophersdotter Sand frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

og f. i Eid kring 1686.  Witman var handelsmann, og han og Margretha budde i Bergen.  Witman vart gravlagd i Bergen 23.3.1731, og Margretha gifte seg att i Bergen 13.11.1737 med Peder Friderichsen (Lund) frå Bergen.  Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og f. i Bergen

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans? – kan henda son av Fredrik Monsen og Ragnhild Olsdotter og døypt i Nykyrkja i Bergen 10.3.1706?)

 

og tok 26.2.1737 borgarskap som skreddarmeister i Bergen.  Dei budde på Klosteret i Nykyrkjesokni i Bergen, og derifrå vart Peder gravlagd 14.7.1742.  Margretha vart gravlagd frå Stanges fattighus i Bergen 26.3.1763.  Ho fekk to søner som båe var frå første ekteskapet med Witman Rein:

a. Thomas Witmanson Rein (1719-1755), flytte attende til Hafslo og vart gjestgjevar i Leirhola (s.d.).

b. Peder Witmanson Rein, døypt i Bergen 20.12.1722,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. fadder Bergen 1745! – lagnaden hans?)

 

 4. Anna Marie Thomasdotter Rein (1700-1776), vart gift med handelsmann og gardbrukar Lars Sørenson Rødberg i Sjøtun (1696-1771).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips kring denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Erlend E. Mæhlum

Vet ikke om dette hjelper deg noe men;

Info fra skiftet etter Reinert Witmand Rein kan etter registeret finnes i Bergens Hovedarvebok 4 1715-39 (overformynderiet) s. 291.

I neste bok så er det en Peder Fredricksen på side 70. En Fredrich Monsen finnes i bok 4 s. 345, og ei Ragnhild Olsdatter s. 351.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Erlend for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg har sete og grunna på KVAR desse overformynderiprotokollane kan vera, for dei kan godt ha opplysningar som eg saknar, men eg finn ikkje noko om dette på Digitalarkivet.  Kanskje leiter eg på feil stad?

 

Eg legg inn eit spørsmål om dette i Arkivforum...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Erlend E. Mæhlum

Dette ligger ikke på nett, det er på statsarkivet i Bergen. Men jeg har fotografert noen av personregisterne til eget bruk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Erlend for delvis oppklarande svar!

 

Eg har som nemnt ovanfor lagt inn eit spørsmål om dette i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen og trur spørsmålet mitt skal vera sakleg nok formulert.  Eg er spent på svaret eg får!

 

Uansett kva svar eg får, burde jo dette vera ei kjelde som ligg godt til rette for skanning eller transkribering og utleggjing på Digitalarkivet!?

 

For å komma attende til Thomas Witman Rein og huslyden hans, so er no opphavet til Lemmichen-ætti vorte avklara gjennom andre emne i Brukarforum, og her følgjr ein status pr. idag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Thomas Witman Hansson Rein, opphavleg frå

 

     ¤¤¤¤¤ (kvar var han ifrå?)

 

     var son av

 

     ¤¤¤¤¤ (namn på foreldri hans?)

 

     og f.

 

     ¤¤¤¤¤ (fødestaden hans?)

 

     1.5.1660 og gifte seg kring 1685 med Elsa Marie Thisdotter Nagel frå Solvornstrondi under Sjøtun.  Ho var f. kring 1665.

Thomas var først fenrik og frå 4.7.1685 premierløytnant ved Søndmørske kompani.  Han og Elsa budde mellom anna på Naustdal i Eid fram til 1697.

Men i 1696 vart Thomas overflytt til Indresognske kompani, og året etter busette huslyden seg her på Valaker.  Thomas dimitterte 10.10.1699, men vart 10.4.1700 tilsett som premierløytnant ved indre og ytre Sognske reservekompani.  Thomas Rein fekk 8.5.1701 bygslebrev på den helfti i garden som Ole Sjurson tidlegare dreiv, og ved skiftet etter This Nagel i 1702 fekk han skøyte på ½ laup smør i garden og vart soleis sjølveigar.  Thomas dreiv sidan garden levetidi ut og d. her 28.9.1709, men skiftet etter han vart ikkje halde før ho i 1714 ville gifta seg att.  I mellomtidi hadde ho drive garden åleine i fleire år.  Ho d. på Valaker kring 1732.  Det levde att fire born etter Thomas og Elsa på Valaker:

 1. Hans This Thomasson Rein, f. i Eid kring 1687,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1701 – 1714: i utenlands militærteneste – lagnaden hans?)

 

 2. Arnt Christopher Thomasson Rein (1690-1749), vart handelsmann og prokurator og budde på Heltne i Dale sokn, Luster.

 3. Reinhold Witman, kjend som Witman Thomasson Rein, f. i Eid kring 1694,

Witman Rein flytte i ung alder til Bergen der han kring 1717 gifte seg med Anna Margretha, kjend som Margretha Pedersdotter Lemmichen frå Os i Eid.  Ho var dotter av gardbrukar og handelsmann Peder Hansson Lemmichen på Os og kona Malena Christophersdotter Sand frå Sand i Trøgstad og f. i Eid kring 1686.  Witman var handelsmann, og han og Margretha budde i Bergen.  Witman vart gravlagd i Bergen 23.3.1731, og Margretha gifte seg att i Bergen 13.11.1737 med Peder Friderichsen (Lund) frå Bergen.  Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og f. i Bergen

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans? – kan henda son av Fredrik Monsen og Ragnhild Olsdotter og døypt i Nykyrkja i Bergen 10.3.1706?)

 

og tok 26.2.1737 borgarskap som skreddarmeister i Bergen.  Dei budde på Klosteret i Nykyrkjesokni i Bergen, og derifrå vart Peder gravlagd 14.7.1742.  Margretha vart gravlagd frå Stanges fattighus i Bergen 26.3.1763.  Ho fekk to søner som båe var frå første ekteskapet med Witman Rein:

a. Thomas Witmanson Rein (1719-1755), flytte attende til Hafslo og vart gjestgjevar i Leirhola (s.d.).

b. Peder Witmanson Rein, døypt i Bergen 20.12.1722,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. fadder Bergen 1745! – lagnaden hans?)

 

 4. Anna Marie Thomasdotter Rein (1700-1776), vart gift med handelsmann og gardbrukar Lars Sørenson Rødberg i Sjøtun (1696-1771).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Medan spørsmåli kring skreddarmeister Peder Fredriksen i Bergen truleg vert løyste gjennom skifte- og/eller overformynderiprotokollane, sit me att med tore STORE utfordringar:

 

* Opphavet til løytnant Thomas Witman Rein?

 

* Lagnaden tkil Hans This Rein i "utlandet"?

 

* Lagnaden til Peder Witmanson Rein?

 

Men desse spørsmåli er truleg so vanskelege å løysa at me lyt godta at dei står utan svar i denne omgongen, men det er lov å vona...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg gjort ei svært spennande oppdaging i ei militærliste frå indre Sogn frå 1708.

 

Lieutenant Thomas Witman Hansson Rein seier seg fødd i BERGEN i 1660.

 

So då er spørsmålet:

 

* Finst det nokon Hans Rein i Bergen kring 1660 som kan vera far hans?

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg har gjort et oppslag i Ovenstads militærbiografi, bind 2, side 298:

 

Rein (Ree) Thomas Witman, født 1/5-1660. Dette er vel den samme du har funnet i militærlista i 1708??

 

Samme Thomas i 1701:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/206/pc00000000632019

 

Men så ser jeg at du allerede har opplysningene om Thomas Reins militære karriere.  :huh:

post-541-0-35829400-1436298333_thumb.png

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Hvor fant du militærrulle for indre Sogn 1708? Er den på Digitalarkivet?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Terje for nye innlegg!

 

Til Grethe:  Jau, Ovenstad sin biografi om Thomas Rein har eg frå før,  Det var fødestaden som mangla, og det er framleis eit mysterium kven foreldri hans kan ha vore??

 

Til Terje:  Nei, denne lista ligg ikkje ute på Digitalarkivet.  Den er ein del av diverse avskrifter som eg i si tid fekk frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og som dei hadde frå Sogn Folkemuseum i Amla.  Eg meiner at avskriftene opphavleg stamma frå Jon Laberg.  Eg trur dei originalane rullane ligg i Statsarkivet i Bergen der eg såg dei for sikkert 35 år sidan...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.