Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Christopher Thisson Nagel og Peder Christianson Holberg - kapellanar/sokneprestar til Herøy på Sunnmøre kort etter 1700? - kvar vart det av borni?


Recommended Posts

Hjarteleg takk til inge for siste spennande innlegg!

 

Då har eg fått stadfest opplysningane som eg TRUDDE høyrde til Knut Nagel, sjølv om forfattaren har "gløymt" andre ekteskapet hans, men til hgjengjeld har han finne eitt eksta barn, som eg ikkje var klar over.

 

Eg har oppdatert manuskriptet frå innlegg #24 med dei nye opplysningane om Knut.

 

Nokre spørsmål som eg framleis slit med, men som kanskje ikkje bygdeboki for Herøy kan svara på:

 

* Dødsåret til Margretha Hansdotter Hellekande?  Ho var ilive i 1729, og ein par stader (online ættetavler) ser eg ho har fått dødsåret 1743, men dette er ikkje stadfest.  Søsteri Maren Helekande døydde i 1743 og er innskrivi i kyrkjeboki for Herøy, men står det noko om dette i bygdeboki for Herøy?

 

* Har bygdeboki noko om namnet til kona til Hans Hellekande, soknepresten til Herøy?

 

* Fleire opplysningar om Anna Dorothea Nyborg "frå Danmark" og første mannen, handelsborgar og handverkar Jørgen Jacobson Holst, kan truleg bygdeboki for Herøy IKKJE hjelpa oss med, men finst det andre kjelder?  Hadde dei forresten born i lag?

 

* Eg er forundra over at Anna Margrethe, eldste dotteri etter Christopher Nagel og Margrethe Hellekande, ikkje er nemnd i bygdeboki; ho står jo i skiftet frå 1709, men kan henda døydde ho kort etter og før 1711 (jmf. koppskatten)?

 

* So er Bertha Marie Nagel og mannen Job Dischington Busch framleis eit problem.  Eg tykkjer det står ei henvising i bygdeboki for Herøy til "husmannsplass Moltu", so kanskje dei har butt der, i alle fall ei tid?

 

Eg takkar nok ein gong for framifrå opplysningar om denne huslyden.  Det er ikkje so allverdens mykje som står att...

I følge bygdeboka var Hans Hellekande g.1 med Dorte Hansd. Busch (d. 1675) og g.2 med NN

 

Margrete Hellekande står med dødsåret 1743 i bygdeboka.

Det står ikkje noko dødsår på søstera Maren i Herøyboka, men i den nyare Sandesoga (på garden Larsnes) står ho nemnt med dødsåret 1743.

 

Elles ser eg no at det bakerst i boka, under rettingar og tilleggsopplysningar står følgande under Moltu (desse opplysningane er truleg med i den ordinære teksten på seinare utgåver av bygdeboka):

 

Moltu 249 (5. line ovafrå)  Berte Marie 1707 g. Jon Busch. Dei var på Moltu 1737. Job hadde vore kjøpmann i Stavanger. I 1734 var han i Sandshamn.

(11 l. ovafrå)  Charlotte Abigael Tostrup. Ho var systerdotter til Ludvig Holberg. Hennar og Knut si dotter Dorte Margrete 1740-1780 var g. 1767 med den rike Henrik Trudeson Nitter, gardbrukar og gjestgjevar på Tysse i Fjaler, sorenskrivarfullmektig og forvaltar av Svanøygodset. 

 

 

 

Hjarteleg takk til Inge for siste innlegget med fleire interessante opplysningar frå bygdeboki for Herøy.

 

Eg har på ny vore inne og oppgradert manuskriptet i innlegg #24 og reknar med det kanskje vert svært so vanskeleg å finna svar på dei spørsmåli som no står att, men eg nektar å gje opp heilt andå, og eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode og spennande tips, særleg om:

 

* Anna Dorothea Nyborg frå Danmark og første mannen Jørgen Jacobson Holst, og, for ikkje å gløyma:

 

* Bertha (Birgitta) Marie Nagel og mann hennar, Job Dischington Busch!?

 

Ein eller annan stad der ute finst det opplysningar om dei; det er berre om å gjera å leita på "rette" staden...

 

  Som enkje gifte Margretha seg kring 1712 att med Peder Christianson Holberg frå Bergen, ein eldre bror av Ludvig Holberg.  Peder var son av oberstløytnant Christian Nilsson Holberg i Bergen, kan henda opphavleg frå Stavlo i Skogn, og kona Karen Pedersdotter Lem frå Bergen og f. i Bergen 24.9.1681.  Han tok eksamen i Bergen i 1701 og kom i 1703 som personleg kapellan til Herøy der han frå 1707 virka som visepastor.  Han d. i Herøy våren 1729, medan Margrethe d.

 

Dette vart litt feil: Ein "visepastor" var i gagnet sokneprest, og tente eit prestekall der embetet og mykje av inntekta var lagd til ei anna stilling.

Visepastoren i Herøy var altså Melchior Falck, medan Christopher Nagel og Peder Holberg var kapellanar under honom.

Visepastoratet var ikkje noko feitt kall, og ein kan undre seg på korleis Melchior hadde råd til ein (eller to?) kapellan(ar).

 

 

Til kopp-skattmanntalet 1711: Det er temmeleg sikkert at små barn ikkje var talde med. Dersom Margrethe hadde små barn som vart talde med (betalte skatt), så var det eit unnatak.

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg

Hjarteleg takk til Ivar for nytt interessant innlegg!

 

Då eg nytta 1707 som år for Peder Holberg som fungerande visepastor til Herøy, so tok eg dette frå Lampe, som seier at Melchior Falch vart sjuk på den tidi, men eg har ikkje noko problem med å endra litt på formuleringi.

 

Derimot har eg oppdaga noko anna:

 

Anna Margrethe Christophersdotter Nagel må likevel ha vokse opp!  Ho levde i alle fall på 1720-talet, for 20.9.1722 skreiv Johan Rumohr på vegne av (myndling) Anna Margrethe Nagel ut bygselsbrev på eit bruk i Øvrebø i Solvorn, Hafslo til Iver Larsson Øvrebø!

 

Korleis det gjekk med denne eigarskapen, har eg førebels ikkje oversyn over, men då bruket vart selt etter skøyte dagsett 16.5.1753, var det søskenbarnet, handelsråd Michael Falch som stod som seljar!

 

Kvar vart det so av Anna Margrethe?  Kan ho vera flytt til Rikheim i Lærdal for å veksa opp hjå fasteri der?

Eg tek med kva som står i Sandesoga under garden Støyle, nærmare bestemt handelsstaden Sandshamn/Madshamn (som ikkje er same stad som Sandshamn i dag), vedrørande Job Busch og kona:

 

"17...-1734

Job Nilsson Dishingtun Busch, Bergen  1693-

g.

Birgitte Marie Christoffersdotter Nagel, Moltu i Herøy   1706-1743

 

Born: Sissel Margrete 1730-

 

I 1734 budde Job Dishingthun Busch her. Kona Birgitte var systerdotter til Maren Hansdotter Hellekande på Larsnes. Dei flytte til Askvoll i Sunnfjord seinast 1735."

 

Hjarteleg takk til Ivar for nytt interessant innlegg!

 

Då eg nytta 1707 som år for Peder Holberg som fungerande visepastor til Herøy, so tok eg dette frå Lampe, som seier at Melchior Falch vart sjuk på den tidi, men eg har ikkje noko problem med å endra litt på formuleringi.

 

Lampe kan neppe vere pålitande her. Dersom han er einaste kjelda for at Peder Holberg vart kapellan hjå Melchior Falk 1703 og fungerande visepastor 1707, er det vel bortimot verdilaust.

Lampe skriv "Blev personel kappelan 1703. [ikkje sagt kvar, men det må vere underforstått i Herøy]. Fra 1707 maatte han bestyre det hele Embede, da Falch var syg. Han tjente for Kosten og 40 Rdlr. i Løn og levede med Hustru og Børn i stor Armod. Han blem 30 Oktbr. 1716 Vicepastor [etter Melchior Falk, d. 1716]. d. 1729. Han hvde 5 Børn, om hvilke intet vides."

 

Lampe veit tydelegvis ikkje kven kona var. Dersom Peder hadde born, var dei døde før skiftet i 1729, der syskena er arvingar. Skiftet lyser ikkje akkurat av armod, heller - men det kan vere Margrethe som har ført rikdomen inn i buet. Det er naturlegvis mogeleg at Peder gifta seg med ei ukjend kone, fekk fem born som alle døde før 1729, vart enkjemann, og så gifta seg med Margrethe. Uansett var han einsleg - evt. enkjemann utan skattlagde born - i 1711. "Armoda" - med 40 Rdlr/år i løn (+kost+hus) - må ha vore nokså relativ.

 

Utan andre opplysningar, er det vel meir truleg at Peder kom til Herøy som kapellan etter Christopher Nagel. Anten etter at Christopher var død, eller litt før, dersom han var sjuk. Er det noko (utanom Lampe) som tyder på noko anna?

 

Bygdeboka inneheld ikkje noko som kan hjelpe med dette. Det er sagt at han er nemnd som kapellan i 1711, at han tok over embetet (visepastor) i 1716. Han er ført som brukar på Raftenes/Stokksund 1716-24 og på Moltu 1724-38. (det siste årstalet inkluderer enkja si tid før sonen Knut Nagel er brukar frå 1738).

Kva som er haldepunktet for 1724 er det ikkje sagt noko om; ikkje kva tid Peder og Margrethe gifte seg heller.

Ei lita fundering når det gjeld dødsåret til Margrete Hellekande: Skiftet etter systera Maren Hellekande vart opna på Larsnes 19. april 1743 (Sunnmøre skifteprotokoll nr. 15, f. 269b), og då var Marens heilbror herr Hans Hanssøn og halvsyster Margrete avlidne. Det er ikkje utenkjeleg at det er herifrå det påståtte dødsåret 1743 for Margrete kan skrive seg, sjølv om det einaste som vel blir dokumentert er at ho ikkje lenger var i live 19. april dette året. (Eg har ikkje lese heile det lange skiftet.) 

 

Det kan elles nemnast at forfattaren bak Soga om Sande og Rovde (band 1, s. 197) har feillese dette skiftet når han omtaler "Avdøde syster Berte Marie Busches dotter Sidsel Margrete" som ei av arvingane etter Maren Hellekande. Berte Marie er ikkje ei syster til herr Hans Hanssøn, Margrete og arvelatar Maren, men som kjent dotter til Margrete. 

Hjarteleg takk til Inge, Ivar og Lars K. for nye spennande og utfordrande innlegg!

 

Særleg var skiftet etter Maren Hellekande frå 1743 svært interessant.  Eg har heller ikkje lese heile skiftet, men eg trur eg har fått med meg det vesentlegaste:

 

* Margretha Hellekande er truleg avlidi kring 1738, sidan sonen Knut Nagel tok over garden på Moltu på den tidi, med mindre ho flytte inn hjå sonen i Askvoll?  Eg er forundra over at me ikkje finn noko skifte etter ho.  Ho kan jo ikkje ha vore utan formue då ho døydde!?

 

* Bertha Marie Nagel var ogso avlidi før 1743, men eg veit ikkje kvar me skal leita etter dødsfallet hennar...; kanskje i Askvoll?  Det er ogso framleis eit mysterium kvar det vart av Job Busch.  Kanskje finn me han gjennom dotteri Cecilia Margrethe?  Ein eller annan stad såg eg at ho gifte seg først med ein Rasmus og sidan i Bremanger med Gerhard Paust.  Bremanger var veil ein del av Kinn?  Kan Job og Bertha Marie vera avlidne der?

 

* Anna Margrethe Nagel er IKKJE nemnd i skiftet etter Maren Hellekande, so ho må vera avlidi før 1743 utan å eterlata seg born.  Eg trur ho døydde før 1732, for eg har oppdaga at broren Hans This Nagel i 1732 hadde vorten eigar av gardparten i Øvrebø i Hafslo!

 

Eg har ogso "justert" biografien om Peder Holberg etter dei nye opplysningane som du Ivar har sendt!

 

Eg tillet meg i kveld å leggja ut ein "fersk" oppdatert versjon av manuskriptet mitt om Christopher Nagel og huslyden hans:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Thisson Nagel, f. {i Hafslo} kring 1670,

Christopher Nagel vart student i 1690 og gifte seg truleg i Herøy kring 1698 med Margretha Hansdotter Hellekande frå Herøy på Sunnmøre.  Ho var dotter av sokneprest Hans Andersson Hellekande i Herøy, opphavleg frå Trondheim, og truleg den andre ukjende kona hans og f. i Herøy kring 1678.  Christopher tok eksamen i Bergen i 1690 og var i mange år huskapellan til Herøy hjå svogeren sokneprest Melchior Michaelson Falch.  Christopher og Margretha budde på Moltu i Herøy der Christopher d. kring 1709.  Som enkje gifte Margretha seg kring 1724 att med Peder Christianson Holberg frå Bergen, ein eldre bror av Ludvig Holberg.  Peder var son av oberstløytnant Christian Nilsson Holberg i Bergen, kan henda opphavleg frå Stavlo i Skogn, og kona Karen Pedersdotter Lem frå Bergen og f. i Bergen 24.9.1681.  Han tok eksamen i Bergen i 1701 og kom truleg kring 1709 som ny kapellan til Herøy.  Han tok i 1716 over embetet som visepastor same stad og budde visstnok på Raftenes i Stokksund til han kring 1724 gifte seg med Margretha og flytte til Moltu.  Peder d. på Moltu i Herøy våren 1729, medan Margrethe truleg d. same staden kring 1738.    

 

##### (sjekka dette? – ho var i alle fall avlidi før 1743 – kan henda hjå sonen Hans This Nagel i Askvoll?? – var ho avlidi i Herøy, ville det vel vore eit skifte etter ho?)

 

Margretha fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet med Christopher Nagel:

a. Hans This Christopherson Nagel, f. i Herøy kring 1700, d. på Svanøy i Kinn 4.9.1769.  Hans gifte seg kring 1730, uvisst kvar, med Kirstina Margrethe Jensdotter Worm, inspektørdotter frå kopparverket i Årdal.  Ho vart døypt i Them på Jylland 4.9.1707 og vart gravlagd frå Svanøy i Kinn 19.10.1768.  Hans Nagel vart i 1726 konstituert fut i indre Sogn, men vart i 1731 fut i Sunn- og Nordfjord og er sidan ogso nemnd kommerseråd.  Han og Kirstina busette seg først på Fure i Askvoll, men flytte kring 1750 til Svanøy i Kinn, der dei vart buande levetidi ut.  Hans og Kirstina fekk visstnok sju born i lag.

b. Ove Christopherson Nagel, f. i Herøy kring 1701, d. på Herøyberget i Herøy hausten 1756.  Ove gifte seg i Herøy kring 1725 med enkja Anna Dorothea

 

     ##### (farsnamnet hans?)

 

     Nyborg frå

 

     ##### (opphavet hennar? – kvar i Danmark?)

 

     Ho var truleg f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1690?)

 

     og døydde

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Anna gifte seg første gongen kring 1717 med enkjemannen Jørgen Jacobson Holst, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     Han var truleg f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1670?)

 

     og d. på Gjertholmen i Herøy kring 1724.  Jørgen var handelsborgar og handverkar og dreiv handel dels på Gjertholmen og dels på Herøyberget i Herøy.  Ove Nagel tok over som handelsmann då han gifte seg med enkja og budde då på Gjertholmen, men flytte kring 1730 til Espeset i Herøy der han var gardbrukar til han kring 1740 busette seg på Herøyberget.  Han var lensmann i Herøy frå kring 1734 og fram til 1745.  Me kjenner ikkje til born etter Ove, men

 

     ##### (hadde Anna Nyborg born med Jørgen Holst?)

 

c. Knut Christopherson Nagel, f. i Herøy kring 1704, vart gravlagd i Herøy 5.2.1762.  Knut gifte seg første gongen kring 1728 med Charlotte Abigael Nicolaisdotter Tostrup frå Grip, visstnok f. på Engvik i Bremnes, Averøya kring 1708.  Ho d. på Moltu i Herøy sommaren 1751, og Knut gifte seg att i Herøy 14.5.1759 med ei Boel Larsdotter av ukjent opphav.  Ho var f. kring 1721, men d. på Moltu alt hausten 1759.  Knut tok kring 1738 over som gardbrukar på Moltu i Herøy etter mor si og budde på garden le vetdiu ut.  Han fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet, mellom anna denne dotteri:

- Dortha Margrethe Knutsdotter Nagel (1742-1780), vart gift med gardbrukar Henrik Trudeson Nitter på Tysse i Fjaler (1728-1802), ein son av gjestgjevar Trude Christenson Nitter på Tysse (1702-1778), opphaveg frå Gjestgjevargarden, Valaker lille i Hafslo (s.d.).

d. Anna Margrethe Christophersdotter Nagel, f. i Herøy kring 1706, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1722, men før 1743 – truleg før 1732 – barnlaus!)

 

e. Bertha Marie Christophersdotter Nagel, f. i Herøy kring 1707, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1743!)

 

     Bertha gifte seg kring 1728, uvisst kvar, med enkjemannen Job Dischington Nilsson Busch, opphavleg frå Bergen.  Han var f. i Bergen kring 1691 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1735 – kan henda Askvoll? – eller Bremanger?)

 

     Job gifte seg første gongen i Stavanger 20.11.1721 med enkja Cecilia Margrethe Bertelsdotter Colding, opphavleg frå Stavanger.  Ho var dotter av byborgar Bertel Mortenson Colding i Stavanger og kona Margretha Pedersdotter Stockmann

 

     ##### (kva slag borgar var Bertel Colding og kvar hadde Bertel og Margretha opphavi deira ifrå?)

 

     og f. i Stavanger

 

     ##### (fødselsdato eller år? – kring 1696?)

 

     men vart gravlagd i Stavanger alt 5.1.1725.  Job tok 4.2.1723 borgarskap som kjøpmann i Stavanger, men flytte i 1730-åri som handelsmann til Sandshamn i Sande på Sunnmøre.  Dei budde visstnok òg ei tid på Moltu i Herøy, men flytte kring 1737 til Askvoll i Sunnfjord. 

 

     ##### (sjekka dette??)

 

     Job Busch fekk visstnok berre ei dotter, som var frå andre ekteskapet med Bertha Nagel.

 

     ##### (dotter:

            * Silla Margrethe, døypt i Stavanger 22.7.1729

               gift (andre gongen) i Bremanger 12.8.1764 med Gerhard Ludvig Paust)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg set svært stor pris på den dugnadsånden som er oppstått kring denne huslyden, og eg takkar på ny for alle gode tips og tankar!

Endret av Lars E. Øyane

Hei Lars!

Du skriv her om broren til Ludvig Holberg, Peder.

Peder Christianson Holberg frå Bergen, ein eldre bror av Ludvig Holberg.  Peder var son av oberstløytnant Christian Nilsson Holberg i Bergen, opphavleg frå Stavlo i Skogn, og kona Karen Pedersdotter Lem frå Bergen

Eg har alltid høyrt at farsslekta hans ikkje er kjend. Er det "nye" opplysningar du har, og er dette dokumentert, at far hans var frå Stavlo i Skogn?

Eg berre undrast... :)

* Margretha Hellekande er truleg avlidi kring 1738, sidan sonen Knut Nagel tok over garden på Moltu på den tidi, med mindre ho flytte inn hjå sonen i Askvoll?  Eg er forundra over at me ikkje finn noko skifte etter ho.  Ho kan jo ikkje ha vore utan formue då ho døydde!?

 

Eg har ogso "justert" biografien om Peder Holberg etter dei nye opplysningane som du Ivar har sendt!

 

 

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 Han tok i 1716 over embetet som visepastor same stad og budde visstnok på Raftenes i Stokksund til han kring 1724 gifte seg med Margretha og flytte til Moltu.  Peder d. på Moltu i Herøy våren 1729, medan Margrethe truleg d. same staden kring 1738.    

 

##### (sjekka dette? – ho var i alle fall avlidi før 1743 – kan henda hjå sonen Hans This Nagel i Askvoll?? – var ho avlidi i Herøy, ville det vel vore eit skifte etter ho?)

 

 

Først Margretha: Ho står ikkje i skifteprotokollen for Sunnmøre prosti.  Etter Digitalarkivet si innhaldsliste http://arkivverket.no/URN:sk_read/search/?forvaltning=ge&fylke=15&embete=Sunnm%C3%B8re+prosti&protokoll=&periode=&navn=  kan det sjå ut som om åra 1732-1742 manglar. Men her er det oversynet, ikkje protokollen, som er feil. Protokoll 2 inneheld skifte til 1740. Det treng ikkje mangle noko.

 

Sidan ho ikkje hadde born med Peder Holberg (ingen i skiftet etter honom), var arvingane borna hennar med Christopher Nagel. Yngste son var 5 år i 1709, og dermed myndig i 1729. Dersom den eine dottera var død utan etterkomarar og den andre gift, ville det ikkje vere umyndige arvingar, og ikkje krav om offentleg skifte. Margrethe kan også ha fordelt det meste i levande live.

 

Tidspunktet for overtakinga av Moltu (Margrethe til Knut) står venteleg i tingboka for Sunnmøre - for den som har trott og tid til å finne fram og lese gjennom tingsamlingane for Nærøy skipreide..  Då _kan_ det også vere nemnt noko om Margrethe sin bortgang.

 

 

Så til Peder....  småpirk: "på Raftenes i Stokksund".  Raftenes og Stokksund er to namn som begge vert nytta om garden, som altså ligg i Herøy.

"i Stokksund i Herøy" eller "på Raftenes/Stokksund i Herøy" vert rett.

Og for ordens skuld: På denne tida var garden Herøy framleis formelt prestegard (sjølv om knapt nokon prest har budd der det vi veit), medan Raftenes/Stokksund først vart formelt prestegard kring 1760.

(Ver-foreldra mine kjøpte den gamle prestegarden i Stokksund på 1970-talet, men det er ei heilt anna soge....)

 

Hjarteleg takk til Gunnar og Ivar for nye og engasjerte innlegg!

 

Når det gjeld opphavet til Christian Holberg, fann eg fleire teoriar om dette då eg "googla" internet og andre online kjelder og fann forsovidt teorien om Stavlo i Skogn for tillitsvekkande, men då dette spørsmålet ikkje er direkte relevant for bygdeboki for Luster, vil eg ikkje gå meir i djupni for å finna svaret.  Eg har likevel "moderert" utselgni mi.  So får heller andre gripa fatt i problemet...

 

Eg takkar Ivar for kommentarane om "geografien" i Herøy!  Eg har gjort dei naudsynte rettingane i manuskrioptet mitt.

 

Dødsfallet til Margrethe Hellekande vil nok ikkje vera so enkelt å finna.  Eg veit ikkje kor påliteleg utsegni i bygdeboki er om brukarskiftet på Moltu i 1738.  Det kan vera frå dei sokalla "kassabøkene", som berre delvis er tekne vare på (kvart sjuande år eller noko liknande), eller det kan vera ei konkret skøyte som vil vera attgjeve i tingboki, eller i ei pantebok; det var vel på dei tider dei tok til å føra eigne pantebøker for alle eigedomstransaksjonar....  Uansett, som du Ivar seier, det vil vera ei tidkrevjande oppgåve å leita seg igjennom desse protokollane, og nokon garanti for at me finn noko, har me heller ikkje...  Kanskje ei blaing i denne panteboki for Sunnmøre frå og med denne sida og utover er det enklaste (http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20080929660325.jpg)?

 

Her ser det forøvrig ut til at Ove Nagell er ute i økonomisk besvær: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20080929660329.jpg

 

No har eg "skumma meg" igjennom heile 1738 til og med denne sida (http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20080929660352.jpg), men eg har ikkje sett noko til Moltu eller Margretha Hellekande/Knut Nagel!

 

Kanskje me burde sjå på tingbøkene likevel?  Eller kanskje eg har leitt i feil pantebok?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden.  Kanskje det er lettare å finna ut litt meir om Job Busch?

Dødsfallet til Margrethe Hellekande vil nok ikkje vera so enkelt å finna.  Eg veit ikkje kor påliteleg utsegni i bygdeboki er om brukarskiftet på Moltu i 1738.  Det kan vera frå dei sokalla "kassabøkene", som berre delvis er tekne vare på (kvart sjuande år eller noko liknande), eller det kan vera ei konkret skøyte som vil vera attgjeve i tingboki, eller i ei pantebok; det var vel på dei tider dei tok til å føra eigne pantebøker for alle eigedomstransaksjonar....  Uansett, som du Ivar seier, det vil vera ei tidkrevjande oppgåve å leita seg igjennom desse protokollane, og nokon garanti for at me finn noko, har me heller ikkje...  Kanskje ei blaing i denne panteboki for Sunnmøre frå og med denne sida og utover er det enklaste (http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20080929660325.jpg)?

 

Her ser det forøvrig ut til at Ove Nagell er ute i økonomisk besvær: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20080929660329.jpg

 

No har eg "skumma meg" igjennom heile 1738 til og med denne sida (http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20080929660352.jpg), men eg har ikkje sett noko til Moltu eller Margretha Hellekande/Knut Nagel!

 

Kanskje me burde sjå på tingbøkene likevel?  Eller kanskje eg har leitt i feil pantebok?

 

Eg tenkte eigentleg ikkje på Panteboka. Men ho rekk så langt attende og bør innehalde eit skjøte (Panteregister er nyare ... ).

Det eg tenkte på, var tingboka. Her, til dømes  http://arkivverket.no/URN:rg_read/31114/58/ frå sommartinget i Nerøy skipreide 1738. Heilt i starten (etter innleiing om tid, stad, lagrettemenn osv.) vert det lista opp kva for dokument som er tinglesne. I dette tilfellet berre to, ein bygselsetel og eit skjøte.   Det finst ikkje noko register eller innhaldsliste så langt eg veit. Men det er eit visst system i det (stort sett same rekkjefylgja av skipreidene: Borgund først, Nerøy nest sist og Ulstein sist; same rekkefylgje av innførslene: innleiing, tinglysingar, rettssaker,....) Ho kan(?) vere litt enklare å finne fram i enn panteboka.

 

Matrikkelkassabøkene/skattelistene har eg ikkje sett frå denne perioden. Men eg har lagt merke til at i 1690-1710 er skatteoppgåvene mykje meir summariske enn tidleg på 1600-talet; gardane og skatten er nemnde (altså det viktigaste), men ikkje namnet på brukarane/skattytarane. Dersom dette heldt fram til 1730-åra, ville det vere lite hjelp. Kring 1800 er dei meir detaljerte igjen.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.