Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kvinnenamnet Gjeslaug - er det mogeleg å finna ei felles stammor i Stryn?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i årevis spekulert på det nøyaktige opphavet til den agnatiske ættelinja mi.  Eg har spora attende til Lars Andersson Bakken i Jostedalen (1645-1705) som eg er overtydd om må vera komen frå Innvik i Nordfjord, og orsaki til dette er følgjande:

 

Eldste dotteri hans heitte Gjeslaug Larsdotter og var fødd i Jostedalen kring 1689.

 

Gjeslaug-namnet er heilt unikt i indre Sogn, men me veit namnet finst i Stryn, og når me veit at ein stor del av folket i Jostedalen ættar frå Nordfjord (jamfør mellom anna talemålet!), synest opphavet klart!  Men kvar i Stryn skal me leita?

 

Eg trur at Gjeslaug-namnet kan vera ein god stad å byrja, for namnet er svært sjeldent!

 

FT1801 for heile landet syner berre eit par spreidde personar på Sunnmøre, mellom anna ei jente i Stranda på Sunnmøre, ogso ei "gruppe" i Sør-Trøndelag og nokre i ytre Sunnfjord (Askvoll) og ytre Nordfjord (Davik), men òg desse fire i indre Nordfjord, alle i Innvik:

 

Jesloe Jørgensdatter 1760*   Hans kone Begge i 1ste ægteskab Indvig: Jelle Folketelling 1801 for 1447P Innvik prestegjeld

Jeslog Colbensdatter 1777*   Hans kone Begge i 1ste ægteskab Indvig: Skaarre Folketelling 1801 for 1447P Innvik prestegjeld

Jeslou Erichsdatter 1790*   Deres børn Ugivt Indvig: Floe Nedre Folketelling 1801 for 1447P Innvik prestegjeld

Jeslou Erichsdatter 1731*   Huusb.moder Enke efter 1ste ægtesk. Inderste Indvig: Floe Nedre Folketelling 1801 for 1447P Innvik prestegjeld

 

To av dei er av same huslyden på garden Flo nedre, og som me skal sjå nedanfor, so er jenta på Jelle ei brordotter av den eldste Gjeslaug på Flo nedre!

 

So finn me desse "tidlege" vigslene i Innvik:

 

8.1.1758 Arne Østenson Hilde og Gislov Eriksdotter Rygh (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11506&idx_id=11506&uid=ny&idx_side=-264) der ein av forlovarane er Colben Floe

 

29.12.1785 Sjur Johnson Qvamme og enkja Gislov Olsdotter Kolven(?) (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11506&idx_id=11506&uid=ny&idx_side=-280)

 

Og desse fødslene (som me kjenner att frå 1801-lista ovanfor):

 

18.5.1760 Gislov Jørgensdotter - par: Jørgen Erikson Rygh og Malena Rasmusdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11506&idx_id=11506&uid=ny&idx_side=-38)

 

11.5.1777 Gislov Colbensdotter - par: Colben Thomasson Gredong og Bertha Colbensdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11506&idx_id=11506&uid=ny&idx_side=-95)

 

9.5.1790 Gislov Eriksdotter - par: Erik Arneson Nedre Floe og Anna Lassesdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11506&idx_id=11506&uid=ny&idx_side=-134)

 

Det er ikkje mange trådene å halda styr på her, og eg meiner sjansane bør vera gode for at me kan finna ei felles stammor Gjeslaug i Stryn!?  Kanskje gjennom folket på RYGH?  Jørgen Erikson Rygh synest ha ei søster Gjeslaug og likeins ei dotter Gjeslaug!!

 

Kanskje har me ein og annan ekspert på slekter i og frå Stryn som kan bidra med noko?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg finn ingen skifte etter noki Gjeslaug i Stryn, men eg finn eitt halde på Egge i Breim i 1712 etter ei Gislaug Andersdotter Egge (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24222/95/)

 

Ho let etter seg enkjemannen Crispinus Andersson

 

og to born frå tidlegare ekteskap med John Larsson:

 

* John Johnson Egge

 

* Christi Johnsdotter gift med Jeremias Egge

 

MEN det spørst vel om ikkje dette vert for langt unna Stryn...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So fann eg eit spennande skifte halde på Rygg i Stryn i 1730 etter Jørgen Andersson Rygh (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24223/364/).

 

Han let etter seg enkja Martha Johnsdotter og fire døtrer:

 

* Gislov Jørgensdotter, gift med Erik Rasmusson Rygh

 

* Britha Jørgensdotter, gift med Ole Løchen(?)

 

* Sigrid Jørgensdotter, gift med Colben Floe

 

* Magnhilde Jørgensdltter, gift med Ole Olson Flaaten

 

Dette er spennande namn!  Gjeslaug i Jostedalen hadde søstrer Britha og Siri (Sigrid!), og desse fire søstrene må vel vera fødde kring 1700 eller noko før?

 

Og her ser me gardbrukaren, landssoldat Jørgen Andersson på Rygg i 1701 - 35 år gamal: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=22&filnamn=1701nba&gardpostnr=8072&merk=8072#ovre

 

Nærmar me oss kanskje ei løysing?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for ei spennande oppdaging frå kopskattmanntalet 1645 som kom, medan eg arbeidde med siste innlegget mitt!  Kanskje har du finne den felles stammori?

 

Kanskje har Jacob Aaland i sine nordfjordsbiografiar noko å by på når det gjeld denne Gjeslaug i Olden?  Elles er det jo i alle fall spennande å sjå kva Aaland seier om ætti på Rygg i Stryn...

 

Eg takkar på ny for alle spennande tankar og innlegg!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Gislaug Jørgensdtr Rygg vart buande på garden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase for det siste innlegget!

 

Denne Gjeslaug Jørgensdotter på Rygg synest vera som ein slag "fellesnemnar" for dei fleste Gjeslaug'ane i Stryn, og eg lurer på:  Sit du, Aase (eller andre), med Aaland si bok om Stryn?  Går det der fram noko om opphavet til denne ætti på Rygg?

 

Eg takkar igjen for alle flotte innspel!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Det står ikkje noko i bygdeboka, men eg skal grav litt i basen min og sjå om eg har noko meir.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase for nytt interessant innlegg!

 

Svaret ditt stemmer forsovidt bra med den erfaringi eg sjølv har gjort når det gjeld bygdebøkene til Aaland.  Han følgjer vel berre hovudlinjene på dei ulike gardane/bruki utan å nemna søsken, og ein kan fundera på om han har nytta skifteprotokoillar i særleg grad?  (Eg var for mange år sidan på leiting etter ein stamfar på Tippen i Eid, men måtte gje opp å få hjelp av Aaland...)

 

Då får me vona på at svaret kan dukka opp på andre vis, kan henda gjennom basane dine, Aase!  Eg krossar fingri og vonar...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Magne N.G Hagen-Pettersen

Det skal vist være ei Gislaug Endresdtr f.ca 1517 som ble gift med Kolbein Eilivsson Flo f.ca 1510 de hadde visst sønnen Gammel Kolbeinsen. Jeg noterte dette fra en slekstside på nett for en del årsiden. Desverre var det "feil" familie for den jeg hjalp så har ikke notert noe mer, annet at de holdt til i Stryn, det kan jo være flere barn her, det husker jeg ikke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Magne N.G Hagen-Pettersen

Hjelle. Under navnet Hjelle var også opprinnelig innbefattet Slåtten der en tid lang kaltes nedre Hjelle. Det gamle ord hjall betyr blant annet et flatt opphøyd parti på lavere grunn eller en flat avsats i en fjellside - en terrasse - og navnet passer godt på gården. Hjelle er en av de gårder i sognet som jeg først har funnet omtalt. Gården nevnes nemlig i det gamle diplom fra 1328 som en finner gjengitt i 1.hefte, s.20, og hvori det bevitnes at Kolben Glumsen hadde gitt sin kone Gislaug 7 kyr som var utleid til Erik Hjelle. Hjelle nevnes også i Bergens Kalvskinn fra ca 1350. Her sies det at gården eide Førde kirke 1 laup og Førde-presten likeledes 1 laup. Disse to laup har dog rimeligvis kun vært en del av gården.

 

Ramstad. Gårdens navn må opprinnelig ha vært skrevet Rafnstadir, og ordets første ledd må være fuglenavnet rafn der i gammel tid bruktes som mannsnavn. Første gang jeg har sett Ramstad nevnt er i et prostbrev fra 1323. I det bevitnes at Kolbein Glumsen gav sin kone Gislaug 2 kyr som han hadde på leie hos Øystein på Ramstad.

 

Dette fra Steens skrifter om Førde sokn

 

Selv om dette er nesten 200 år før den Gislaug f.ca 1517, er jeg fristet til å tro at det er noe skyldskap her. Bevise det kan jeg ikke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Magne for nye spennande innlegg!

 

Etter det du skriv, kan det sjå ut som om Gjeslaug er eit "utgamalt" namn i Stryn, men eg vel likevel å sjå nærare på Gjeslaug Endresdotter på Flo, fødd kring 1617!  Ho kan so absolutt vera ei mogeleg stammor!  Men korleis er ho dokumentert?  Skifteprotokollane byrjar jo for Nordfjord ikkje før 1690!

 

Eg har i mellomtidi sett litt meir på dei eldste skifti frå Flo, og finn mellom anna:

 

* Skifte frå 1709 etter John Pederson på Flo nedre (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24220/13/) syner enkje Britha Thorsdotter og fleire born, mellom anna dotteri:

 

** Martha Johnsdotter, gift med Jørgen Andersson på Flo!  Då vil eg tru at Gjeslaug-namnet er ei oppattkalling etter mor hans Jørgen Andersson Flo, og tanken fristar: Kan Jørgen ha vore ein BROR av Lars Andersson på Bakken i Jostedalen?

 

Eg takkar på ny for alle spennande innlegg!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Magne N.G Hagen-Pettersen

Er vel hun som er nevnt her http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=15424&s=n&str=

 

Det er nok mye feil med det jeg skrev ovenfor, som du ser her er dette diplomet datert 1466. Og det står at Gislaug Erlandsdtr er Kolbein Eilifsens frenke (vis jeg husker rett så betydde "frænke", kvinnelig slektning.

 

Her er en lenke til med brev datert 1385 med Eindrid Ivarsson og hustruen Gislaug Eilifsdtr http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=16999&s=n&str=

 

 

Her er brevet fra 1328 med Kolbein Glums son og Gislaug http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=2446&s=n&str=

 

Her er et brev fra 1325 med Kolbein og Gislaug http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=3638&s=n&str=hvor biskopen dømmer at disses sønner er ægtefødte og aviser deres slektning Eindrides påstander.

 

 

Endret av Magne N.G Hagen-Pettersen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg har dessverre ikkje noko meir å tilføye, men namnet Gislaug er ikkje noko særsyn i Nordfjord i gammal tid.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stian Sunde

Dette er ein del av slekta mi på morssida og eg har og lurt en del omkring desse folka.

 

http://www.geni.com/people/Gislaug-J%C3%B8rgensdatter-Rygg/6000000019820223210

 

Men, det er lenge sidan eg har sett noko på det, og ser at en del er samanslått og mulig forandra til no. Men eg meinar at Marte Jonsdotter ("maritte Joensdatter") frå Flo Nedre (br nr 4) blei gift med Jørgen Andersen Rygg. Ho er vel nemnd i skifta etter både faren og i et skifte etter Anne Torsdtr Nedre Flo, som var gift med Anders Lasses. Løken frå Olden. Har desverre problem med å lese desse skifta pga skrifta.

 

Marte Jonsdtr og Jørgen A Rygg fekk ei dotter kalla Gislaug, og såvidt eg har sett så er gjerne dei fleste om ikkje alle Gislaug i Oppstryn på seint 1600 tal og ut til på 1800 tallet etterkomarar av desse to på eit eller anna vis.

 

Eg forstår det nesten sånn at du følger mannslinja til desse Rygg folka ? Den stoppar ved Anders Jørgensen Rygg gift m Barbara Olsdtr, men ein kan gjette på at han er sonen til ein Jørgen Haraldsen Erdal gift med ei Eufemia Olsdtr, dette er berre eit steinkast unna og ein generasjon før. Garden Rygg var Krongods, sidan til ein Schjederup, men løst av Anders J Rygg i 1698, trur eg iflg Aaland.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Magne, Aase og Stian for nye innlegg om dette problemet.

 

Det ser ikkje ut til å vera so enkelt likevel å definera eit opphav til den agnatiske ættelinja mi frå Stryn, i alle fall ikkje gjennom Gjeslaug-namnet.

 

Eg ser av Stian sitt innegg at Jørgen Andersson Flo skal vera son av Anders Jørgenson Rygg og kona Barbro, men Barbro-namnet kjem IKKJE att i denne ætti.  Kan det ha vore to ekteskap?  Anders Jørgenson Rygg var ifølgje manntalet frå 1664 heile 62 år gamal og busett på Rygg i GLOPPEN.  Finst det Rygg både i Gloppen og i Stryn?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne ætti, men eg må vel kan henda gje opp voni om nokon gong å finna det agnatiske ætteopphavet mitt...?  Kanskje eg lyt ta til med DNA-analyser?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Kvien

Det er Rygg både i Stryn og i Gloppen.  Her er teksten fra bygdeboka om Gislaug på Flo:

 

Øvre og Nedre Flo:

I 1520 ser ein at garden då har tre mann som svarar
tiendepengar: Oluff på Ffloo ( !) legg 4 lodd sølv og 5 ½ l. s.
1/2 mrk. for jordegods, Erland svarar 9 I. s. og 3 I. s. for
jordegods, og Kolbein legg 5 l. s. og 1 l. s. for jordegods.
Dei same menn er nemnde i «brevbruds»-manntalet 1522.
Oluff «Netther-Floo» legg då 8 mrk., Erland og Kolbein, som
bur på Ø.-Flo, legg 10 og 11 mrk. Dei to sistnemnde er og
nemnde i eit dipl. dags. 2.2. 1543, som melder at det på
kyrkjegarden i Nedstryn vart stadfest eit provsbrev frå 1466
om at Gislaug Erlendsdotter hadde kjøpt gods i Fro (Flo)
i Oppstryn. (Ho kan vere av same ætta som Erlend Raude
og sira Erlend.) Provet var teke etter krav av Kolbein og
Erlend, som var ætlingar og arvingar etter Gislaug (truleg
var ho bestemora deira). Diplomet frå 1543 er «beseglet»
av dei fem lagrettemenn: Håvard Olufson, Mogens . . . . son,
Peder Paulson, Ingebrigt Jonson og Nils Arneson. (Etter
uprenta dipl. i Riksarkivet.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tor for spennande innlegg!

 

Eg er forsovidt ganske so overtydd om at eg må ætta frå desse folki som vert omskrvne på Flo og Rygg i Stryn på 1500-talet og tidleg 1600-tal, men nett korleis ættebandi går, vert nok vanskeleg å prova... I denne omgongen lagrar eg opplysningane som kjem fram, og kanskje ein dag greier me å gjera vidare "koblingar"...

 

Uansett, eg er svært takknemlig for alle dei flotte innspeli som er komne, og skulle fleire relevante opplysningar dukka opp, so vonar eg å få høyra om det!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Kvien

Her er Gislaug i Sogn  og Gislaug på Flo - Her er også Eiliv(f) nevnt i begge:

 

Diplomatarium Norvegicum (volumes I-XXI)
Forrige brev i trykkrekkefølge(b.21 nr.173) Neste brev i trykkrekkefølge (b.21 nr.175)

b.XXI s.134

Sammendrag:
Åmund Aslaksson, prest på
"Soingualli"1, vitner at Eindrid Ivarsson, med samtykke av sin hustru
Gislaug Eilivsdotter, solgte Andott Bjørnsson 6
laupsbol i Fedje i Fedjadals skiprede i Sogn.

Kilde:
Utdrag av G. Schøning i Langebeks Diplomatarium i Rigsarkivet,København. Tilføyd av Schøning ovenfor teksten teksten: Ex pergam: Extract:,og under teksten: cop: af Hr Schn: (d. e. Schnabels) cop:

Nummer: 174.

Dato: [22. juli 1385.] Sted: ["Edby".]2

Brevtekst (fra den trykte utgaven):
Ollum etc: sendir amunder aslaghsson prestr a Soingualli3 etc:
at mer varom I edby4 a Laughurd(daghin)5 nesta for iacobs messa
a fiorde are rikis olaffs noræghs oc dana k(o)n(ong)s, sellde endridr
iuerssen med gislaughu eilifsdottr kono sin til andottes bionsson
sex laupa bol I fedium I feidiadols skipreid6 I Sogne.

1 Se merkn. 3. - tilbake

2 Se merkn. 4. - tilbake

3 Forvanskning av Sogndal? - tilbake

4 Forvansket. - tilbake

 

Og diplomet om Flo:

 

Diplomatarium Norvegicum (volumes I-XXI)
Forrige brev i trykkrekkefølge(b.18 nr.85) Neste brev i trykkrekkefølge (b.18 nr.87)

b.XVIII s.83

Sammendrag:
Kolbein Eilifssøn erkjender med Samtykke af sin Søn Eilif at have solgt
til sin Frænke Gislaug Erlandsdatter saamegen Jord, som hans Fader Eilif
Pederssøn og (Farbroderen?) Haldor Pederssøn eiede i Fro (Flo) i Op-
stryns Skibrede i Nordfjord, for 5 Mark, som ere erlagte.

Kilde:
Indtaget i Brev af 2 Februar 1543 nedenfor.

Nummer: 86.

Dato: 4 Novbr. 1466. Sted: Borgund.

Brevtekst (fra den trykte utgaven):
Thess kiænnis jæg Kw(l)ben Eylifson med tesse mine breffwe
at jæg haffwer solth mine frænckæ, Gysløy Ærlandzdotter, saa
myklæ jowrd som mind fadir Æyliff Pædirsson oc Haldor Pædirs-
son otthe i Frow i Norfiord i Wpstrynæ skiprede, for v mærkir,
fri oc frælsse for hwæriwm manne, wnden mer oc minwm ærff-
wingwm oc æfftherkommindæ, oc wndir fore Gysløy oc hænnir
ærffwingi oc æftherkomminde, thil aldir oc odils oc ewærdeligir
egnir, wthen gors oc jnnin, kiænniss jæg forr Kwlben, at jæg
haffver wpborith første pænninge oc sidisthe, oc alle ther i mæl-
lwm som i kawp okirth kom, thil sanninnæ hær om sætther
Æyliff mind Søn sith jnsiglæ med minæ jnsiglæ for thette breff,
giowrth vor i Borgwnd tisdagh æffther hælgenæ myssæ dag Anno
domini 1466.

 

(Jeg har også sett en Gislaug datter til Gabriel Hauge i Gloppen, f. rundt 1590, og da nærmer vi oss kretsen rundt den gamle Vereide-slekta).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tor for nok eit spennande innlegg om "Gjeslaug-ætti".

 

Eg vil arkivera desse nye opplysningane i lag med dei andre, so lenge det i dag ikkje er mogeleg å komma fram til nokon endeleg konklusjon.  Og eg tek gjerne i mot fleire "element" til dette gigantiske "puslespelet"... og takkar på ny for kjempeflott hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Dei siste åra har vi med stort hell hatt "dugnader" på enkelte familiar, med gjennomgang av særleg dei aller eldste kjeldene. Døme på trådar eg har delteke i, er dei om Tonning og Balchen - men det er mange fleire.

 

Kanskje kunne denne Gislaug-slekta vore eit godt tema for ein slik dugnad, men det føreset interesserte deltakarar - som har tid.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase for siste spennande innlegg!

 

Eg tek utfordringi og er gjerne med på ein dugnad om dette Gjeslaug-problemet!  Det einaste problemet mitt kan vera at eg sit i Tyskland utan tilgjenge til ein del av dei gamle kjeldene.  Dessutan har eg lite ervfaring med dei kjeldene det her gjeld.  Men som eit dugnadsprosjekt skulle det vera mogeleg, i fellesskap, å yta litt kvar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stian Sunde

Her er Gislaug i Sogn  og Gislaug på Flo - Her er også Eiliv(f) nevnt i begge:

 

Diplomatarium Norvegicum (volumes I-XXI)

Forrige brev i trykkrekkefølge(b.21 nr.173) Neste brev i trykkrekkefølge (b.21 nr.175)

b.XXI s.134

Sammendrag:

Åmund Aslaksson, prest på

"Soingualli"1, vitner at Eindrid Ivarsson, med samtykke av sin hustru

Gislaug Eilivsdotter, solgte Andott Bjørnsson 6

laupsbol i Fedje i Fedjadals skiprede i Sogn.

Kilde:

Utdrag av G. Schøning i Langebeks Diplomatarium i Rigsarkivet,København. Tilføyd av Schøning ovenfor teksten teksten: Ex pergam: Extract:,og under teksten: cop: af Hr Schn: (d. e. Schnabels) cop:

Nummer: 174.

Dato: [22. juli 1385.] Sted: ["Edby".]2

Brevtekst (fra den trykte utgaven):

Ollum etc: sendir amunder aslaghsson prestr a Soingualli3 etc:

at mer varom I edby4 a Laughurd(daghin)5 nesta for iacobs messa

a fiorde are rikis olaffs noræghs oc dana k(o)n(ong)s, sellde endridr

iuerssen med gislaughu eilifsdottr kono sin til andottes bionsson

sex laupa bol I fedium I feidiadols skipreid6 I Sogne.

1 Se merkn. 3. - tilbake

2 Se merkn. 4. - tilbake

3 Forvanskning av Sogndal? - tilbake

4 Forvansket. - tilbake

 

Og diplomet om Flo:

 

Diplomatarium Norvegicum (volumes I-XXI)

Forrige brev i trykkrekkefølge(b.18 nr.85) Neste brev i trykkrekkefølge (b.18 nr.87)

b.XVIII s.83

Sammendrag:

Kolbein Eilifssøn erkjender med Samtykke af sin Søn Eilif at have solgt

til sin Frænke Gislaug Erlandsdatter saamegen Jord, som hans Fader Eilif

Pederssøn og (Farbroderen?) Haldor Pederssøn eiede i Fro (Flo) i Op-

stryns Skibrede i Nordfjord, for 5 Mark, som ere erlagte.

Kilde:

Indtaget i Brev af 2 Februar 1543 nedenfor.

Nummer: 86.

Dato: 4 Novbr. 1466. Sted: Borgund.

Brevtekst (fra den trykte utgaven):

Thess kiænnis jæg Kw(l)ben Eylifson med tesse mine breffwe

at jæg haffwer solth mine frænckæ, Gysløy Ærlandzdotter, saa

myklæ jowrd som mind fadir Æyliff Pædirsson oc Haldor Pædirs-

son otthe i Frow i Norfiord i Wpstrynæ skiprede, for v mærkir,

fri oc frælsse for hwæriwm manne, wnden mer oc minwm ærff-

wingwm oc æfftherkommindæ, oc wndir fore Gysløy oc hænnir

ærffwingi oc æftherkomminde, thil aldir oc odils oc ewærdeligir

egnir, wthen gors oc jnnin, kiænniss jæg forr Kwlben, at jæg

haffver wpborith første pænninge oc sidisthe, oc alle ther i mæl-

lwm som i kawp okirth kom, thil sanninnæ hær om sætther

Æyliff mind Søn sith jnsiglæ med minæ jnsiglæ for thette breff,

giowrth vor i Borgwnd tisdagh æffther hælgenæ myssæ dag Anno

domini 1466.

 

(Jeg har også sett en Gislaug datter til Gabriel Hauge i Gloppen, f. rundt 1590, og da nærmer vi oss kretsen rundt den gamle Vereide-slekta).

Falt vekk det som stod her ved redigering. Gidder ikkje skrive det opp igjen.

 

Men angåande Vereide. Gislaug el.ofte kalla Solveig Erlendsdatter Flo er vel antatt gift med en Oluff Øysteinson Vereide el. en frå Vereide. Les bla Per Flo, Kari Øy.... av Anders Hole, NST,  fra1930 talet. Er ein Augustinus Stadheim i Sunnylven som antas å ha etterslekt på Flo på 15-1600 talet, blablabla. Finn sikkert en del tom her på forumet ved å søke. Erlend navnet peikar gjerne ikkje tilbake på vereide ætta,dog,

.

 

Endret av stian sunde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stian Sunde

Eg har dessverre ikkje noko meir å tilføye, men namnet Gislaug er ikkje noko særsyn i Nordfjord i gammal tid.

 

Løfter denne tråden igjen litt.

 

Det kan vel også synest å være noko i dette. Minst 7 stk Gisl. i koppskatten. for Nordfjord. I Oppstryn, Olden, Gloppen og også ute ved kysten, Ervika bla.

 

Det er også ei Gislaug pedersdtr i Guddal, Hjelledalen, Oppstryn nemnd ca 1680 (Aaland) som heller ikkje kan knyttast til desse på Rygg.

 

Når det gjeld denne Gislaug I Olden jmf koppskatten så var ho frå Auflem. "Oulimb". Eg har sett på dette stort sett ut frå eit utsnitt av eigne anar. Men ein kan sjå at det var en del forbindelsar mellom Olden og Oppstryn m.a desse på Rygg og Flo. Jørgen Rygg sine døtre vart begge gift i Olden, Brite på Løken m Ole Lassesen som visstnok var lensmann, Magnhild på Flåten i Oldedalen. Ole Lassesen sin bror Anders Løken var gardbr på Flo Nedre gm Anne Torsdtr Flo. Første brukar og ane på farssida til Marte Jonsdtr Flo g Rygg var ein Johannes Bodvardson d. e 1624. Farsnavnet hans går igjen i bla Olden i skattemantallet i 1563, Eide og Auflem, men også på Korsbrekke og Lindvik m.a som er enda nærare.

 

Men dette går igjen litt ellers i Oppstryn også. Ein ser bla navnet Thue/Tue gå igjen også, i Oppstryn og Auflem bla, kan også skimte det i skifte etter en Anne Torsdtr, en "Thue på Søndmør" el noko slikt. ??

 

Men, om det fins ei stammor kan ein vel lure på, ei slag F...s Olde(n)mor kanskje ? :blink: , for desse i Olden og Oppstryn om ikkje anna. Ellers i Nordfj. er ikkje godt å seie. Trur ikkje ein kan finne det for sikkert heller om det ligg langt føre 1600. Mykje av dette er skrive om , men er vel mest antakelser og skrøner.

 

Det var det eg har funne. Eg såg på dette for mange år sidan, mest for å sjå om mulig korleis eit par gardar hadde gått i slekta, ikkje så mykje for slekta sjøl si skuld, eigentleg.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Det har dessverre også i Nordfjord vore slik at ein god del av arbeidet som er gjort med dei gamle slektene, berre har gått ut på å samle saman det andre har skrive om dei før. No har vi ein ny og unik sjanse til å gå i originalkjelder sjølve, og hadde nok kunna finne ein god del, om vi hadde vore som katten - hatt 9 liv. Det er ikkje så vanskeleg å lese 1600-talsdokument, men det tek tid..

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.