Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Inga Christensen/-on, fødd i Vardø 1884, skal vera avlidi i Bremerton, WA i 1967 - men ho er "søkk vekk" - kan nokon hjelpa meg?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er eit problem som eg har drøfta med fleire amerikanarar før, men utan at nokon har greidd å finna svaret!

 

Lat meg fortelja kva eg veit og ikkje veit:

 

~~~~~~~~~~

 

Anton Gunnerius Christensen
fødd 31.7.1869  Kjelvik, Finnmark
døydde 17.12.1929  Pierce Co., ND

Han gifte seg i Kjelvik 7.10.1906 med:

Inga Nikoline Carstenson/Hanson
fødd 23.5.1884  Vardø

døydde ................ 1967(?) WA?

Parfolket utvandra i 1907 og budde for det meste i Pleasant Lake og sidan i Knox, Benson Co., ND.  Det siste eg ser til Inga Christenson er i FT1940 då ho var "housekeeper" og framleis busett i Knox, Benson Co., ND

For om lag tjue år sidan snakka eg med den einaste dålevande dotteri av dette paret, Dagny Alphson i Grand Forks, ND, og ho fortalde meg:

"mother moved to Bremerton, WA where she died at the age of 86"

Dagny er sidan avlidi, og på "find-a-grave" finn eg følgjande skrive om ho:

 

~~~~~

Dagny Helene Christenson Alphson

Birth:     Apr. 8, 1912
Pleasant Lake
Benson County
North Dakota, USA
Death:     Aug. 28, 2001
Grand Forks
Grand Forks County
North Dakota, USA

Daughter of Anton Christenson and Inga Nickoline (Hansen) Christenson (1883 to 1967) who emigrated from Norway.

Had 5 step-children from John A. Alphson's first marriage to Auslaug Anna "Annie" Sannes (1888 to 1934).
Howard Alphson
Grace Alphson
Robert "Bob" Alphson
Margie Alphson
John Alphson, Jr.

Had 1 child:
Judith Alphson in 1943

~~~~~

Her står det klart og tydeleg om mori Inga Christenson at ho var fødd i 1883 (som er eitt år feil), og at ho døydde i 1967.

MEN; eg har ALDRI vore i stand til å finna noko dødsfall for Inga, korkje i North Dakota eller i Washington (eller andre stader i Amerika for den saks skuld!).  Er eg blind vorten?  Endå Dagny var so "konkret" med Bremerton, WA!

 

Kanskje dotteri Judith Alphson kan sporast opp.  Ho må jo hugsa bestemori!?

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips for å køysa dette problemet!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er berre rett og slett imponert, Ann-Mary!  Det er heilt fantastisk kva du har finne ut om Inga og huslyden hennar gjennom natti, og eg som har jobba med dette problemet i so mange år!  Eg har nok ikkje leitt på "rette" staden...

 

Rett nok har me ikkje enno finne dødsdatoen hennar Inga, men med dei "leietrådane" som du har presentert, bør det vera mogeleg å finna ut!  Eg er ikkje på "Fjesboki", men om eg ikkje greier få tak i Gary Christenson i Olympia, WA (eg har alt finne eit telefonnummer, som eg vil freista om nokre timer...), får eg høyra med kona mi om ho kan senda ut ei melding til Judy Nelson på Fjesboki hennar!

 

Ein stad i biografien nemner Judy ein stefar til mor si med namn Magnus.  Elles ser det ut til at tidspunktet for ulukkeshendet som tok livet av bestefaren Anton, ikkje heilt stemmer, men desse detaljane kjem truleg på plass ved direkte kontakt!

 

Nok ein gong ein kjempetakk og klem til deg, Ann-Mary!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette problemet har i heile ettermiddag lege på arbeidsbordet mitt, og endeleg har eg fått ei løysing!

 

Eg prøvde å ringja sonesonen som bur i Olympia, WA, men før eg fekk forklart kva samtalen gjaldt, vart røyret lagt på, og til tross for at eg etterpå la att ei melding på telefonsvararen, fekk eg ikkje svar!

 

So då gjekk eg til kyrkjegarden der sonen ligg gravlagd, og etter litt leiting fekk eg svar:

 

Inga døydde under namnet Inga Salvog i Bremerton, WA 22.8.1967.

 

Det stod noko i den lange biografien om at Inga hadde vore attgift, so der fann me forklaringi!  Andre mannen var trøndaren Magnus Henrik Olson Sælvaag frå Kolvereid (1870-1950), som ligg gravlagd i Knox, ND!

 

Soleis er problemet løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.