Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Magnhild Olsdotter, fødd i Sogndalsfjøra 18.1.1847, budde framleis i Sogndal 1865 - lagnaden hennar? - Amerika??

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei oppfølgjing av tema #79392 i det gamle Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/164731-79392-magnhild-olsdotter-1847-1873-gift-med-jan-espeland-el-jens-egeland-i-bergen/?hl=%2Bmagnhild+%2Bsogndal#entry1407908), som synte seg å vera "eit skot i blinde".

 

Eg leiter framleis etter lagnaden til denne jenta:

 

Magnhild Olsdotter, fødd i Sogndalsfjøra i Sogndal 18.1.1847, dotter av Ole Gjestson og Randi Jensdotter.

 

Ho fekk i 1862 attest for å flytta til Bergen, men var i 1865 attende hjå foreldri sine i Sogndal.

 

Ho hadde åtte søsken, som dei fleste busette seg i Bergen.  Ingen av dei utvandra til Amerika, med kanskje Magnhild tok vegen "over there"?

 

Eg er heilt "blank" og tek imot alle gode forslag med stor takksemd!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Lars !

 

Magnhild sin attest frå 1862 ang flytting til Bergen, er i Kyrkjebokji for Sogndal, Min, 1859-77, s. 431, nr 85 i år 1869.

 

Kan ho ha reist til Bergen i 1869 ?

_____________

Såvidt eg veit var det også FT i Bergen også i 1870, sjølv om DA ikkje er komen med dette enno.  I FT 1875 finn eg ho ikkje i Bergen.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Og dersom ho reiser attende til Bergen i 1869, kan ho væra gift i 1873.
År 1873 d. 1505 gr. 0805 Hustru Magnilde Espeland f. Ols.,11-205 A, 25 3/4 Aar, f. 1847 Kone (til) Skomagersvend Jan Torstens. Espeland, Domkirken Bergen.  Kjelde:  Gravlagde i Bergen 1816-86.

 

Ei anna kjelde er denne:

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. E 3 (1863-1876), Døde og begravede kvinner 1873, side 202.
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228660557.jpg  Nr 71
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for nye utfordrande innlegg.

 

Eg seier meg lei for å måtta fortelja deg; det var nett denne "fella" eg gjekk i, då emnet vart "lansert" i det gamle Brukarforum som #79392.  Men feilen vart avslørt gjennom vigsli til denne Magnhild i Fjelberg i 1871: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11397&idx_id=11397&uid=ny&idx_side=-127

 

Denne Magnhild er altso ikkje ho me ser etter!

 

Eg hadde derimot ikkje lagt merke til at attesten til Magnhild i Sogndal ikkje vart innført før i 1869, og det på same tid som søsteri Randi, som skulle vera flytt i 1857.  Svært ofte vart slike attestar innførte fordi personen det gjaldt skulle gifta seg.  Men Randi vart ikkje gift før i 1877, og Magnhild finn me altso ikkje i det heile!  Merkeleg!

 

FT1870 for Bergen har eg sett for mange år sidan, men denne teljingi er tydeleg ikkje lagd ut på Digitalarkivet!

 

Forsvinningi til Magnhild Olsdotter er soleis framleis eit gigantisk "mysterium", men eg heller til tanken om at ho truleg utvandra til Amerika...!?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt utfordrande innlegg!

 

Eg har no samfare kyrkjebøkene for Lavik og finn i perioden 1843-1848 berre to personar med namn Magnhild, men ingen av dei var Olsdøtrer!  So, anten manglar ho i kyrkjeboki eller fødestaden/fødeåret er feil.

 

Eg har òg på ny vore igjennom basane for avlidne i Bergen og Årstad, men finn ingen avlidne Magnhild Olsdotter som høver i alder, bortsett ifrå ho som me drøfta, då emnet var opp i gamle Brukarforum, og som synte seg vera eit ekte "blindskot".

 

Dessutan har eg sjekka fadrane til borni etter søsteri Randi Hansen som budde i Årstad, men Magnhild er ikkje nemnd der heller; berre den ugift søsteri Martha Olsen (1850-1904) var ein gong fadder (1878), men ho døydde i Bergen i 1904 og åtte då ikkje meir enn kva som ville gå med til gravferdi (http://arkivverket.no/URN:sk_read/27889/239/)!

 

Magnhild Olsdotter frå Sogndal er og vert borte!

 

Kanskje finst ho i heimstavnsprotokollar?  Eller hamna ho på tukthuset?  Eller er namnet totalt feilskrive?

 

Eller utvandra ho til Amerika?

 

Eg vonar framleis på positive innspel og takkar so mykje for hjelpi med å spora opp denne jenta!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt for siste spennande innlegg!

 

Denne Magnhild Olsdotter frå Lavik er verkeleg ei "merkverdig" dame.  Eg fann som sagt ingen fødde i Lavik med dette namnet, og no har eg òg sjekka konfirmantane i Lavik, men like resultatlaust!

 

MEN; eg finn ho i FT1891 for Bergen med namnet Sætre og fødd i Lavik 1845: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=berg1891&gardpostnr=14604&merk=14604#ovre

 

Namnet Sætre skulle peika på garden Sætre i Brekke sokn, men førebels bringer det oss ikkje nærare...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg òg finne Magnhild frå Lavik i FT1900 for Bergen!  Her er ho fødd i Brekke i 1845!

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037335054787

 

og her er ho i FT1910 for Bergen, fødd 1.12.1844 Sætre, Lavik:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708003790

 

Men ho er framleis like "anonym"!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.