Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Olson Milene - fødd i Sand, Ryfylke 1835 - utvandra til Amerika før 1864? - kven var han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Frå Amerika finn me denne personen:

 

Ole Olson Milene, skal ifølgje FamilySearch vera fødd i Sand i Ryfylke 5.4.1835 og døypt same stad 15.5.1835 av foreldri:

 

Ole Olson og Ingrid Nilsdotter

 

Han utvandra til Amerika før 1864 og farma i Saratoga township, Winona Co., MN der han døydde 21.3.1910.  Han var gift og fekk ti born!

 

No har eg freista finna fødsli hans i Sand, og eg fann til slutt fødde i Sand under Jelsa, men ingen Ole Olson på denne datoen (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1623&idx_id=1623&uid=ny&idx_side=-248)!

 

Gjer eg kanskje noko feil?

 

Eg er på leiting etter:

 

* Stadfesting av fødselsdatoen og fødestaden hans?

 

* Bustad til foreldri og yrkestitel?

 

* Gard eller plass for opphavet til faren Ole Olson?

 

* Gard eller plass for opphavet til mori Ingrid Nilsdotter?

 

* Utvandringsåret til Ole Olson, f. 1835?

 

Kanskje finst det ei bygdebok som kan gje svar på desse spørsmåli?

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Det ser i alle fall ut som de samme ekteparet hadde en sønn Nils til dåpen i 1838:

 

Rogaland fylke, Sauda i Sand, Ministerialbok nr. A 2 (1838-1859), Fødte og døpte 1838, side 3. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1641&idx_id=1641&uid=ny&idx_side=-6
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051213030101.jpg

 

Her er konfirmasjonen til Ole Olsen Aabøe (Milene):

Rogaland fylke, Sauda i Sand, Ministerialbok nr. A 2 (1838-1859), Konfirmerte 1849, side 100. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1641&idx_id=1641&uid=ny&idx_side=-104
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051213030199.jpg

 

Her er dåpen til Ole:

Rogaland fylke, Sauda i Suldal, Ministerialbok nr. A 7 (1817-1838), Fødte og døpte 1835, side 85. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15850&idx_id=15850&uid=ny&idx_side=-85
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070622610635.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og nyttig svar!

 

Milene er altso namnet på ein husmannsplass under garden Åbø, og etter dette har eg no òg finne vigsli til foreldri i Sauda, Suldal: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15850&idx_id=15850&uid=ny&idx_side=-146

 

Ole Olson Flygstadtræet, husmann, 28 år gamal

Ingrid Nilsdotter Østereim, 23 år gamal

vigde 16.6.1834

 

Det kan sjå ut som me då har finne bustaden og opphavi til foreldri (med forbehald når det gjeld opphavi), og det står då att å finna utvandringi...

 

Ein ny stor takk til deg, Grethe!

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne-Lise for spennande og utfordrsnde svar!

 

Her har me heilt klart å gjera med personar med same namn som dei eg leiter etter, og alderen til Ole høver òg godt.  MEN, er ikkje mori litt i eldste laget?

 

Og dessutan, "vår" Ole hadde talrike yngre søsken, ifølgje FamilySearch var det i alle fall Nils (1838), Anna (1841), Barbro (1844) og Inger Oline (1848), og det er vil urimeleg å tru at mor er reist ifrå alle desse borni til Amerika...?

 

Elles ville eg vel òg venta at "vår" Ole utvandra via Stavanger...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne-Lise Hansen

Ja, det er nok ikke dem..

.

Jeg fant han utflyttet i kirkeboka 3. mai 1862:

 

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Sauda i Sand, Ministerialbok nr. A 4 (1859-1880), Innflyttede 0, Utflyttede 1862, side 208.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6312&idx_id=6312&uid=ny&idx_side=-196
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070104310456.jpg

(Nr. 17)

 


Barken Hebe 13. mai 1862 fra Stavanger til Quebec 23. juni:

.

http://www.norwayheritage.com/p_ship.asp?sh=hebeb

.

1862 Captain Tønnes Olsen  from Stavanger May 13 to Quebec June 23 

1862 Most of them were from Sands, Vigdals, Hjelmeland and Strand parish. A few was from Stavanger and sounding areas. They carried some 4000 Spd in cash.%5Cimages%5CBlank.gif

.

Passasjerlistene i Quebec starter først i 1865:

Search: Passenger Lists for the Port of Quebec City, 1865-1900 - Library and Archives Canada

Endret av Anne-Lise Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne-Lise for kjempeflott innlegg!

 

Jau, han er det, utvandra i 1862, same året som jenta frå Luster han i 1864 gifte seg med.  Kan henda vart dei kjende undervegs...?

 

Då kan me vel seia at problemet er løyst, og eg takkar på ny for god innsats!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.