Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Karl Johan alias Charles John Gudmundsen, fødd i Bergen 1892, døydde i Brooklyn, NY etter 1942 - er det mogeleg å finna ein dødsdato?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Karl Johan alias Charles John GUDMUNDSEN, fødd i Bergen 2.9.1892, utvandra til Amerika i 1911 og gifte seg i Bronx Co., NY 4.6.1921 med Ruth Christensdotter Landaas, fødd i Mandal 24.9.1891.  Ho utvandra til Amerika i 1909.  Charles var sjømann, og han og Ruth busette seg i Brooklyn, Kings C., NY der Charles framleis levde i 1942.

 

Charles skal vera avliden i Brooklyn, NY før 1968, men er det mogeleg å finna ut kva dato?

 

Ruth flytte som enkje til Bethel, Sullivan Co., NY, men døydde i Cheshire, CT 25.11.1980.  Dei fekk tre born, Karl, Gerd og Børre.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips i samband med dødsfallet til Charles Gudmundsen!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag studert passasjerlistene hjå ancestry.com noko nærare og ser at Charles Gudmundsen opptrer MANGE gongar, først som "mate", sidan som "chief offer" og frå kring 1940 som "master".  Han er i ein avisartikkel frå 1946 omskriven som "skipper".

 

Eg har ikkje særleg peiling på desse ulike sjømannstitlane, men kanskje nokon kan hjelpa her?  "Mate" er matros, men kva er "chief offer" og "master"?

 

Siste gongen han er nemnd, er i 1953 då han siglde til Bremerhaven i Tyskland, men i 1954 er han òg rekna mellom passasjerane på eit SAS-fly frå Oslo til New York!

 

Soleis kan me avgrensa søket egter dødsfallet hans til perioden 1954 til 1968, men er det mogelegå finna denne dødsdatoen?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag studert passasjerlistene hjå ancestry.com noko nærare og ser at Charles Gudmundsen opptrer MANGE gongar, først som "mate", sidan som "chief offer" og frå kring 1940 som "master".  Han er i ein avisartikkel frå 1946 omskriven som "skipper".

 

Eg har ikkje særleg peiling på desse ulike sjømannstitlane, men kanskje nokon kan hjelpa her?  "Mate" er matros, men kva er "chief offer" og "master"?

 

Siste gongen han er nemnd, er i 1953 då han siglde til Bremerhaven i Tyskland, men i 1954 er han òg rekna mellom passasjerane på eit SAS-fly frå Oslo til New York!

 

Soleis kan me avgrensa søket egter dødsfallet hans til perioden 1954 til 1968, men er det mogelegå finna denne dødsdatoen?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

Chief Officer (også kalla Chief Mate) i handelsflåten - a merchant marine officer = Overstyrmann. Frå Wikipedia:

 

"The Chief Mate, who is the second in command of the vessel, is often equated, in corporate terms, to a senior manager for the operations on board, as the Mate is in charge of a number of departmental functions. In modern cargo vessels, the Mate holds appointments like Head of Deck Department, Head of Cargo/ Stowage Operations, Head of Safety/ Fire Fighting, Head of On-Board Security (Ship Security Officer), Head of Environment and Quality, and so forth.

 

As cargo officer, a chief mate oversees the loading, stowage, securing and unloading of cargoes. Moreover the chief mate is accountable for the care of cargo during the voyage. This includes a general responsibility for the ship's stability and special care for cargoes that are dangerous, hazardous or harmful."

 

A Master, ShipMaster eller Sea Captain = Kapteinen, Skipper'n.  Øverstkommanderande ombord.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for ei grundig oppklaring av desse engelsk/amerikanske sjømannstitlane.  No forstår eg betre samanhangen!

 

Elles har eg i ettermiddag fått ei melding frå Amerika om følgjande dødsfall: http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db=deathsamericancitizenabroad&h=141285&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=6482

 

Her går det fram at Charles J. Gudmundsen døydde under opphald i Kristiansand 4.2.1960, men det går ikkje fram om han då var flytt til Kristiansand elle om han berre oppheldt seg der for kortare tid.  Alle borni budde i Amerika!

 

Uansett, problemet som eg stilte, er løyst, og eg er kjempenøgd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for spennande melding!

 

Då har me altso ei stadfesting av at Charles Gudmundsen ligg gravlagd i Kristiansand.  Kanskje var tanken deira verkeleg å flytta attende etter at Charles då hadde vorte pensjonist, men so døydde han kort etter at dei var komne over...

 

Men so mykje tyder ikkje dette for den store samanhangen...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.