Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Gloppen SFj: Kvar vart det av Brite Kristofferdtr Høylo/Grov og borna hennar etter ca 1750?


Recommended Posts

Det hender eg set meg ned med gamle hugselappar og ser om det er muleg å kome vidare. I kveld er det denne.

 

Brite Kristofferdtr Høylo var fødd i Breim i 1705, av foreldra Kristoffer Pålson og Eli Andersdtr.

 

Ho gifte seg med Jon Pålson Grov frå Gloppen i 1724, og dei fekk mange born.

 

Eg trur at ho blei enkje i 1745 - grunnen til at eg skriv "trur", er at personen som døyr er innført som Pål Pålson Grov; som er namnet til far hans, som på det tidspunktet allereie hadde vore i jorda i omlag 40 år.

 

I alle fall er Brite enkje når ho neste gong figurerer i kyrkjeboka - i 1746. Då må ho stå offentleg skrifte for leiermål med ein gift mann. Resultatet av dette leiermålet er Johanne Andersdtr som er døypt i 1746. Etter fadrane å døme er mora då busett på Hestenes.

 

Etter dette forsvinn Brite Kristofferdtr for meg. Eg er usikker på rettsreglane på denne tida - får ho anna straff enn publ abs for å ha fått barn med ein gift mann?

 

Det er ikkje berre Brite som forsvinn, men fleire av borna og.

 

1. Pål - er nemnd siste gong i 1748, då han har gløymt mykje av barnelærdommen sin og må undervisast på nytt, ca 24 år gammal (han var konfirmert 2 år før, 22 år gammal).

 

2. Ola 1726 - har eg følgt til Hunvik i Eid, der han er gift og har familie.

 

3. Gjertrud 1728 - er konfirmert i 1746, og nemnd siste gong som fadder på Grov i 1749.

 

4. Kristoffer 1732 - ser eg ikkje att; han kan t.d. vere død i lakuna 1736-38.

 

5. Elias 1735 - han er konfirmert så seint som i 1763, 28 år gammal, og ikkje sett seinare.

 

6. Nils ca 1738 (lakune) - død 12 år gammal i 1750.

 

7. Anne 1740 - ikkje sett seinare.

 

8. Dorte 1744 - død same år.

 

Leiermålsbarnet Johanne kan kanskje vere identisk med Johanne Andersdtr Hyenes som er konfirmert i 1761 - det er i alle fall ikkje andre med tilknyting til Hyenes som kan passe i denne handlinga. Hyenes ligg rett over fjorden for Hestenes.

 

Eg tek med takk i mot tips om kvar det kan ha blitt av desse personane.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.