Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Simon Jakobson frå Nordfjord, d i Bergen 1702

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Kveldens nøtt er eigentleg ei kriminalsak, og eg vil gjerne ha vurdering av det eg har funne.

 

I dette skiftet, etter Jakob Pederson Aske i Gloppen, 1699, finn vi ei litt spesiell liste over arvingar. Det er sonen Anders i Bergen, dottera Susanne med mann, og dottera Kari med formyndar. I tillegg er det sonen Simon, men han er "bortrømbt", og den "henrettede datter" Kari (to døtre Kari, altså) - og i deira stad arvar fellesbarnet Brite SImonsdtr.

 

Simon kom altså i skade for å avle barn med syster si i 1697, og Kari måtte bøte med livet, medan han "rømde landet". Kari var omlag 18 år då ho vart avretta, og Simon kanskje på nokolunde same alder.

 

Eg har rekna med at det ville vere vanskeleg å finne han att, men i kveld gjorde eg eit søk og kom over personen i overskrifta som er gravlagd i Bergen, 24 år gammal.

 

Kan "å røme landet" vere å reise til Bergen?

 

Det finst ein annan kandidat og - Simon Jakobson Fossheim frå Breim er i 1701-manntalet oppført å vere 20 år og tienende i Bergen; dermed litt for ung til å døy 24 år gammal året etterpå, men alder er ein relativ storleik på denne tida. Kan nokon med litt innsikt i gammalt retts-stell svare meg på dette spørsmålet? Er Bergen langt nok vekk viss du har ein dødsdom hengande over deg?

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.