Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ingeborg Olsdotter, fødd i Årdal 1716, gift i Lærdal etter 1742 - lagnaden hennar?


Recommended Posts

Dette emnet er ein "avleggjar" av emnet om Clemmet Nilsson (http://forum.arkivverket.no/topic/196021-clemmet-nilsson-sj%C3%B8thun-1631-1710-og-huslyden-hans-i-hafslo-%C3%A5rdal-og-bergen-ei-p%C3%A5sken%C3%B8tt-av-dimensjonar/) som so langt ikkje har vore spesielt drøfta:

 

Ingeborg Olsdotter, døypt i Årdal 24.8.1716 som einaste barn av kopparverksarbeidar Ole Clemmetson og kona Britha Johnsdotter, vert i eit skifte frå 1742 oppgjevi vera "tenestejente i Lærdal".

 

Eg har finne TRE alternativ for denne Ingeborg:

 

* Ingeborg Olsdotter gift i Lærdal 1.12.1743 med "husmann" Anders Andersson

 

* Ingeborg Olsdotter gift i Lærdal 14.10.1745 med Anders Johnson

 

* Ingeborg Olsdotter gift i Lærdal kring 1750 med Anders Knutson Fodnes.  Denne Ingeborg døydde i Lærdal 24.1.1785, 70 år gamal.  Anders Knutson vart døypt i Lærdal 28.10.1724 og døydde i Lærdal 7.1.1799.  Foreldri var Knut Olson og Martha Andersdotter.  Ingeborg og Anders fekk fire born: Knut (1751), Ragnhild (1753), Anna (1756) og Anna (1757), og desse namni vitnar knapt om oppkalling...

 

Kan eg få hjelp til å identifisera dei to andre "kandidatane" i Lærdal?  Kanskje ei av dei kalla opp att mor si Britha?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.